Kommunistar må studera teknologi! (debatt)

Av Leiv Olsen

2006-02

Når me diskuterer sosialismen, er det greitt å ta utgangspunkt i tre spørsmål:

1. Kva er sosialisme? – og kommunisme?
2. Kva problem i verda i dag ropar på andre løysingar enn dagens?
3. Er sosialisme og kommunisme mulig?

Leiv Olsen er leiar for Rogaland RV og medlem av AKP


1) Kva er sosialisme?

Rødt! nr 4, 2005 har fleire artiklar om sosialisme. Mímir Kristjánsson skriv at sosialisme er ei vidareføring av det borgarlege demokratiet. Meir og betre demokrati. I tillegg nemner han ordningar for å sikra at folk får sleppa til i media, og at det trengst deltakande demokrati à la Porto Alegre. Men kva som er den store forskjellen på sosialisme og kapitalisme, bortsett frå at ingen skal eiga andres arbeid, ser eg ikkje at han tar opp. Sosialisme blir meir av (det beste ved) dagens samfunn.

Ingrid Baltzersen skriv at sosialisme er arbeidarklassen ved makta. Det har me sagt i alle år i AKP, og det får fram ein tydeleg forskjell på sosialisme og kapitalisme. Men ser me på samfunn me har oppfatta som sosialistiske, kan ein med god grunn spørra om arbeidarklassen hadde makt. Faktisk var dei temmeleg undertrykte. Blir "arbeidarklassen ved makta" ein floskel, eller seier det noko reelt?

Og er det bare arbeidarklassen som skal ha makt? Kva med andre: bønder, "middelklassen", sjølvstendige næringsdrivande – og for den skuld, direktørar; dei skal då delta i det politiske livet på like fot med arbeidarane? Og kven er "arbeidarklassen"? Alle som mottar lønn? Tilmed professorar og lønna overingeniørar og direktørar? Eller bare folk i klart underordna stillingar som utfører manuelt eller rutineprega arbeid? Her er me mildt sagt uklare.

Me kan seia at sosialisme er "den organiserte arbeidarbevegelsen" ved makta. Då stemmer definisjonen med virkeligheten i Sovjet etter 1917 og Kina etter 1949, sjølv om arbeidsfolk flest ikkje hadde stort dei skulle ha sagt. Men når slutta dei erklærte leiarane å representera arbeidarklassen? Så kan me seia at Sovjet og Kina ikkje var sosialistiske. Eller at desse landa var sosialistiske – ein stund, i alle fall, så lenge dei faktisk representerte klassen, og kor lenge det var, avhenger av den politiske dommen, eller rettare: av det politiske synet til den som fell dommen. Så tøyelege definisjonar, som står og fell med det politiske standpunktet til kvar enkelt, er lite brukande. Då endar det gjerne med at samfunn me liker, kallar me sosialisme – så lenge me liker dei. Blir kritikken for krass, seier me at landa ikkje var sosialistiske likevel.

Me må prøva å komma lenger, nå fram til ei oppfatning av begrepet "sosialisme" som ikkje er avhengig av det politiske standpunktet til den enkelte. Pål Steigan foreslår følgjande økonomiske definisjon på sosialismen:

Produksjonsmidlene er eid av samfunnet og blir utnyttet på en planmessig måte, der profitten ikke lenger er drivkrafta i samfunnsøkonomien, og der det samfunnsmessige overskuddet kommer folket til gode. (Rødt! nr 4, 2005, side 35.)

Dette er i alle fall ein definisjon som er nokså eintydig. Skjønt – kva vil det seia at profitten ikkje lenger er drivkraft, og kva vil det seia at det samfunnsmessige overskotet kjem folket til gode? Kanskje me heller skal setta punktum ved det fyrste kommaet og stryka resten.

2) Og kva er kommunisme?

Sosialismen skal vera det fyrste steget på veg mot kommunismen. Marx skreiv at kommunismen slik den framstod frå det kapitalistiske samfunnet, enno prega av samfunnet den hadde utvikla seg frå, måtte bli forskjellig frå den meir utvikla kommunismen. Kommunistar skilde seinare mellom sosialismen: samfunnet slik det var utvikla frå kapitalismen, og enno prega av dette; og kommunismen: det utvikla, framtidige klasselause samfunnet. Sosialisme blei oppfatta som eit "overgangssamfunn", mellom kapitalisme og kommunisme, eit samfunn som enno kan utvikla seg i begge retningar. Men kva er i så fall kommunisme – bortsett frå at me håper at klassane då vil forsvinna?

Når me skil mellom jeger- og samlarsamfunn, slavesamfunn, føydalsamfunn og kapitalisme, skil me mellom samfunn der dei mellommenneskelege forholda er ulike fordi samfunna har ulik teknologi. Steinaldersamfunna var ikkje kapitalistiske, og kunne ikkje vera det, fordi (stor)industrien ikkje var oppfunne. Forskjellen på dagens kapitalisme og framtidas kommunisme er ikkje fyrst og fremst politisk eller økonomisk, sjølv om den også er det. Og det er ikkje fyrst og fremst spørsmål om kva for ein klasse som har makta, sjølv om det også er det. Spartacus-oppstanden i Romarriket var storslått, men dømt til nederlag så lenge det ikkje fanst ein teknologi som gjorde slaveøkonomien underlegen. Kapitalisme og kommunisme må vera to samfunn med ulikt materielt grunnlag; bygde på ulik teknologi. Marx sa ein gong at handteina gav eit føydalt samfunn, dampmaskinen eit kapitalistisk. Men Marx trudde at storindustrien, som frambrakte kapitalismen, også skulle frambringa kommunismen. Det var hans største feilslutning. Min påstand er at samfunn som bygger på storindustrien, blir nøydde til å gjenskapa mange av kapitalismens trekk. Og det er dét historia har vist.

Me kan ønska oss sosialisme så mykje me orkar. Så lenge samfunnet bygger på den same teknologien som har frambrakt kapitalismen, må det nødvendigvis dra med seg mange trekk frå dagens kapitalistiske samfunn. Kapitalismens problem (klasseforskjellar, lønnsforskjellar, vekstpolitikk, rovdrift på naturen osb.) følgjer med på lasset. Politiske viljeserklæringar hjelper fint lite.

Kapitalismen vil bukka under når den private eigedomsretten og marknadsøkonomien blir ei tvangstrøye på utviklinga av teknologien. Til no har kapitalismen vore utruleg progressiv, og utvikla ny teknologi i eit tempo som tar pusten frå ein. Men me har fått visse forvarslar om at det ikkje treng vera slik i all framtid. Rettssaka mot DVD-Jon og forsøka på å forby gratis omsetting av åndsprodukt (idear, kunstverk, vitskap, alle former for informasjon) viser ei klart reaksjonær side ved kapitalismen.

Vil datateknologien legga grunnlaget for produksjonsforhold som vil bli kapitalismen overlegen? Og skjer det på andre område ei teknologisk utvikling som vil gjera samfunnsendringar nødvendige? Det kan me bare uttala oss om dersom me studerer teknologien, og set oss inn i kva muligheter og utfordringar den stiller. Inntil me kan seia noko fornuftig om kva slags teknologiske endringar som eventuelt kan bana vegen for nye måtar å organsiera samfunnet på, blir alle forestillingar om kommunismen vage og usikre. Men inntil den teknologiske utviklinga gjer eit klasselaust samfunn mulig, blir kommunismen bare ein utopi.

Me må studera teknologi!

3) Andre løysingar

Kva problem i verda i dag ropar på andre løysingar enn dagens? – som ikkje nødvendigvis er sosialisme, men i alle fall at me må vekk frå dagens løysingar?

Rovdrifta på jordas ressursar er i ferd med å skapa klimaendringar som ikkje lar seg reversera. Utbyttinga av den tredje verda, spesielt Afrika, tar livsgrunnlaget frå ein stor del av verdas befolkning. Dei er "overflødige" – utan livets rett.

Dette er kanskje dei to mest himmelropande problema. Men det er mange andre:

  • Den stadige vekslinga mellom oppgangstider og kriser – skjønt det er kanskje noko verda kan leva med i generasjonar, så lenge ei krise før eller sidan blir følgt av ny oppgang.
  • Velferdssamfunnet blir undergravd. Om ikkje denne undergravinga gjer det tvingande nødvendig å finna andre løysingar – andre enn kapitalisme -, så er i alle fall velferdssamfunnet noko som er verdt å forsvara.
  • Kvinnene blir utnytta – det er dei som skal stilla opp, helst gratis, for å ta seg av alt arbeidet som samfunnet ikkje organiserer på andre måtar, dei som må gjera mykje av det nødvendige arbeidet, gratis eller underbetalt, og som derfor blir verdas fattigaste. I tillegg kjem den ekstreme utnyttinga av kvinner som slavar i sexindustrien.
  • Den tredje verda skal levera billege råvarer og matvarer til Vesten, men får knapt produsera mat til seg sjølv.
  • Alt og alle her i verda får ein prislapp. Du blir verdsett – og verdien er marknadsverdien, det vil seia: kor mykje andre kan tjena på deg. Kan ingen tjena på deg, har du ingen verdi.

Før eller sidan må kapitalismen avløysast av noko anna, noko som kan løysa i alle fall nokre av desse problema. Eller vi undergrev vårt eige livsgrunnlag.

4) Er sosialisme og kommunisme mulig?

Her nyttar ikkje proklamasjonar. Faktum er at sosialismen både i Sovjet og Kina til slutt gjekk dukken. Så kva tilseier at det skal vera mulig i andre land, under andre forhold? Problema som knekte sosialismen i Sovjet og Kina, forsvinn ikkje av seg sjølv. I dag finst ingen mekanismar som regulerer forholdet mellom produksjon og forbruk betre enn marknaden gjer. Ingen. Kan me då i framtida klara oss utan marknad og pengeøkonomi?

Den suverene planlegginga som kan seia kva alle i samfunnet skal produsera for å dekka folks behov, har eg lita tru på. Me kan planlegga mykje, men me klarar aldri å få putta alt inn i planen.

Sosialismen skal planlegga ut frå "folks behov". Kva er folks behov? At kvart mannfolk har behov for to – tre – fem – åtte skjorter? med lange ermer, med korte ermer? av den eine eller andre fasongen? Har alle kvinnfolk behov for skjørt? kjoler? Kona mi bruker bare bukser. Kven kan påstå at damene har behov for det eine eller andre, og bare så-og-så mange av kvart slag? Kor mange feriereisar har kvar enkelt behov for? og til kva reisemål? Har alle "behov" for ein sydentur? til Gran Canaria, til Thailand, eller ein safari i Afrika? Då har vel alle kinesarar det same behovet? Om ein prøver å tenka så konkret, blir det heile ein parodi. Det er kort sagt massevis av behov som ikkje kan planleggast av ein samfunnssentral og deretter pådyttast folk.

På den andre sida blir produksjonen av sånne ting meir og meir verdilaus. Det går stadig fortare å produsera, og produksjonen legg beslag på stadig mindre menneskeleg arbeidskraft. Derfor kan me utan problem setta ned tida folk skal bruka til å produsera eller arbeida for andre, til seks timar dagen, og sikkert endå mindre, for eksempel til fire timar. I dag. Og kanskje endå mindre i framtida. Samt lange feriar og tidleg pensjonsalder. Det betyr at folk kan bruka mesteparten av livet sitt og tida si til å gjera det dei sjølv har lyst til og interesse for.

Og mange ting kan tas ut av marknaden og leverast gratis. Mesteparten av transporten kan like gjerne vera gratis. Flyreisar og bensin bør kosta, elles blir livsviktige ressursar sløst bort, men buss, båt, tog og trikk kan med fordel vera gratis (då betaler samfunnet for bensin, lønn, vedlikehald osb, og dekker kostnadene over skatteseddelen). Det er også mulig å gi folk gratis bensinkvoter der det ikkje finst eit brukbart kollektivtilbod. Kanskje kan også varetransport vera gratis? Barnehagar, skolar og helsevesen bør vera gratis. Og då meiner eg gratis. Offentlege tjenester bør i det heile tatt vera gratis, bort sett frå slike som bør prissettast for å unngå overforbruk. Tjenester som kostar, er ikkje offentleg tilgjengelege for alle. Kanskje kan visse basismatvarar tas ut av marknaden og leverast gratis? Me kan ha gratis kantinar. Kanskje gratis husvære, så lenge folk tar til takke med husvære av ein standard som samfunnet fastset?

Mange tjenester kan i dag leverast digitalt (og bør då vera gratis). I dag kjempar nokon ein beinhard kamp for å sikra opphavsrettar og patentrettar. Denne kampen trugar med å gjera all informasjon til eit monopol for dei som har stor nok lommebok. All informasjon og alle åndsverk bør vera gratis! Kva med dei som skapar musikk, litteratur, annan kunst, utviklar ny vitskap og teknologi? Dei bør på ein eller annan måte sikrast av samfunnet, ikkje av enkeltpersonars bruk.

Kva avgjer om ei yting kan tas ut av marknaden? Dersom den kan leverast vel så godt, og kanskje betre, som ei gratistjeneste, kan den med fordel tas ut av marknaden. Dersom slikt vil føra til kvalitetsfall, vil folk likevel betala for å få tak i betre ytingar, om nødvendig på ein svart marknad. God vilje eller politiske proklamasjonar hjelper ikkje.

Kort sagt: I dag bør det vera mulig å ta store delar av samfunnsverksemda ut av marknaden (noko av det var gratis for 20-30 år sidan). Det som ikkje kan tas ut av marknaden i overskueleg framtid, blir meir og meir verdilaust. Folk må ha kjøpekraft, det vil seia pengar, for å skaffa seg slike produkt, men betalinga treng ikkje vera skyhøg, og tida dei bruker i slik produksjon, kan vera kort. Så kan dei bruka mesteparten av livet sitt til aktivitetar dei gjer av lyst og interesse, og stort sett gratis. På den andre sida kan ingen nekta dei å ta betalt for ting dei gjer på fritida, dersom andre er villige til å betala for det. Så i overskueleg framtid ser eg ikkje for meg ein pengefri økonomi. Men kanskje i ei litt fjernare framtid?

Til no har eg tenkt ut frå dagens samfunn, og dagens teknologi. Men teknologien held på å forandra samfunnet. Då tenker eg spesielt på datateknologien. Kan det føra til at produksjonen ikkje bare blir meir verdilaus, men faktisk heilt verdilaus – gratis? Me vil i overskueleg framtid ha viktige hindre: energien er begrensa, råvarer er begrensa, matvarer er begrensa. Det siste er kanskje det minste problemet, for matvarer kan fordelast og ingen kan meir enn eta seg mette. Men enkeltpersonar kan utvikla eit vanvittig energiforbruk, for eksempel få for vane å reisa på helgeturar eller handleturar til den andre sida av kloden. "Kjeder meg sånn. Og er lei av dei 88 buksene i klesskapet. Såg at det var tilbod på concordeturar til Samoa. Tar ein handletur dit, er tilbake i kveld, må rekka raketten til New York, til partyet på Manhattan."

Me kan i alle fall ikkje gi forbruket frie tøylar. Til no har dette regulert seg sjølv via marknaden, det vil seia at dei pengesterke står fyrst i køen, mens dei pengelense står fritt til å sulta ihel. Marknaden set heller ikkje noko tak på forbruksveksten. Det blir me før eller sidan nøydde til å innføra, og det betyr samfunnsstyring. Eg ser for meg ein begrensa og regulert marknad, der samfunnet eig produksjonsmidlane, men der pengar framleis spelar ei rolle. Men marknad og pengar kan vekka kapitalismen til live på nytt. På sikt må me finna ein utveg til å avvikla heile marknaden, men det lar seg ikkje gjera før det er utvikla teknologi som opnar for det.

Eg oppfattar ikkje sosialisme som ein sjølvstendig samfunnsformasjon, på linje med for eksempel føydalsamfunn eller kapitalisme. Sosialisme er eit forsøk på å komma bort herifrå, og då helst i retning av kommunismen. Sosialisme vil eg spissformulera som seks timars arbeidsdag, gratis offentlege tjenester og samfunnseige til produksjonsmidlane. Kommunisme – framtidsdraumen: eit klasselaust samfunn bygd på datateknologi.

Oppgåvene

Om sosialisme nødvendigvis må likna på kapitalisme, og kommunisme bare er ein draum – ein framtidsvisjon – nyttar det då å kjempa? Ja, me må, uretten og problema i verda i dag kan ikkje halda fram. Eg vil skissera følgjande sentrale oppgåver for eit revolusjonært parti:

  • 1. Me må arbeida for at arbeidsfolk skal ha det godt i verda i dag. Det betyr: kjempa for seks timars normalarbeidsdag, gode offentlege og gratis tjenester, forsvara rettar folk har, slåst mot undertrykking og utbytting, mot imperialismen, berga naturen.
  • 2. Me må studera teknologi og diskutera kva muligheter og utfordringar den reiser.
  • 3. Me må søka makt som er uavhengig av det borgarlege maktapparatet – uavhengige folkelege bevegelser, partiuavhengig fagbevegelse osb.
  • 4. Me må støtta folk som gjer opprør, og delta i opprør når slikt skjer hos oss.

Og seirar revolusjonen under omstende som enno ikkje er "modna" for kommunismen, så får me gjera det beste ut av det og bygga samfunn så gode som det lar seg gjera.

Kapitalismen er det mest progressive samfunnssystemet verda har sett, med eit nær uuttømmeleg utviklingspotensiale. Og kapitalismen er eit umenneskeleg system som truger livsgrunnlaget til oss alle. Den er begge delar på same tid! Me kan ikkje leva med dette systemet i lengda. Og me kan inntil vidare ikkje kvitta oss med det.