Legning i Sør

Av Ingrid Baltzersen

2001-01

Ingrid Baltzersen er 20 år, studererer arabisk i Oslo, er sentralstyremedlem i AKP, med i AKPs kvinneutvalg og nestleiar i ungdomsgruppa til LLH i Oslo


Legning har ein tendens til å bli sett på med vestlege auge, spesielt av oss som har kulturbakgrunn i Vesten. Me reknar med at alle samfunn har organisert kjønn, seksualitet og legning på same måte som oss. Dette er eit problem for venstresida òg, spesielt når me jobbar med sakar som handlar om kjønnsrollar, kvinneundertrykking og legning.

Me dømmar andre kulturar med vår moral, og foreslår løysingar som ikkje passar problemet, fordi me ikkje veit korleis dei me skal argumentera for og mot tenkjer om desse spørsmåla.

I Europa er heller ikkje seksuell identitet gamal. Dei fleste reknar starten for dette til slutten av attenhundretalet, og då spesielt i Tyskland. Gjennom psykoanalysen og andre psykologiske og medisinske retningar fekk dei homofile ein identitet, og slett ikkje alle jobba for å «lækja» dei homofile!

Kjønn og seksualitet i sør

Menneska har ikkje berre laga ein måte å organisera kjønn legning og seksualitet på. I Vesten har me organisert oss i kjernefamilien med nokre utgrupper som er einslege, homofile, barnlause osb. Korleis har andre samfunn organisert dette? Eg kan komma med nokre eksempel.

Berdache

I mange av indianarsamfunna, spesielt før europeisk kultur gjorde sitt inntog, fanst det personar (som regel menn, men nokre gonger kvinner), som fekk ha ei kjønnsrolle som tilhøyrde det motsette kjønnet, eller ein mellomting. Desse vart kalla berdache av franskmennene og bardaje av spanjolane. Dei tok på seg klede, stammeoppgåver og kjønnsroller som tilhøyrde det motsette kjønnet, men vart ikkje definerte som det motsette kjønnet, ein mannlege berdache vart kalla ikkje-mann, heller enn kvinne. Berdacheane hadde som regel sex med personar av same kjønn, berre ikkje andre berdachear, og dei kunne gifta seg med ein person av same kjønn.

Homoseksualitet som overgangsrite

I mange samfunn er mannleg homoseksualitet ei overgangsrite. I det antikke Hellas var det normalt at gifte eldre menn hadde unge ugifte elskarar som dei lærte opp til å bli dugelege borgarar. Dette fanst også hos Samuraiane i Japan, og hos Mossi- og Azandesivilisasjonane i Sudan. Hos Siwanane i Libya fanst den same tradisjonen fram til 1950-åra. I Melanesia, ei stillehavsøygruppe nordaust for Australia, er sæd sett på som viktig for vekst og styrke for menn, og unge menn må få dette for at den mannlege linja skal overleva.

Enker som giftar seg

I Azandesamfunnet i Afrika kan kvinner inngå formelle forhold etter dei har fullført pliktene sine som koner. Desse forholda er ofte mellom medkoner til ein ektemann. I Kenya er det akseptert praksis at enker gifter seg med kvarandre, og nyleg vart to slike kvinner lovformeleg skilde.

Mannleg homoseksualitet i Sør

Mange samfunn i Sør er kjønnssegregerte, menn har mest kontakt med menn og kvinner med kvinner. Personar av det same kjønnet er dei ein kjenner best, og nære vennskap finst berre mellom personar av same kjønn. Menn beundrar kvarandre og har nære venskap. I slike samfunn har homoseksualitet ofte vore vanleg.

I mange samfunn er menn som har sex med menn ikkje rekna som mindre menn enn andre. «Ein mann knullar» og kjønnet til personen han har sex med er ikkje viktig. Dette er ofte tilfellet i til dømes Latin-Amerika. Den som er homo i dette forholdet er den passive, han kjem i ei feminisert kjønnsrolle, ein del stader er han ofte transvestitt.

Finst det homofile og lesbiske i Sør?

Den homofile og lesbiske identiteten som me kjenner her i Vesten, der folk identifiserer seg som homofile som ein motsetnad til heterofile, finst ikkje så ofte i Sør. Homoseksualitet har alltid eksistert, men utanom dei løysningane som berdache og liknande har gjeve for å leva heile livet som homoseksuell, har dei fleste med homoseksuelle erfaringar i Sør hatt dei i samband med overgangsritar, etter dei er ferdige med barneproduksjon, eller samtidig med at dei er gifte. Men det finst homofile og lesbiske òg. Dei har ofte vore kritisert av styresmaktene og religiøse personar i landa sine for å vera vestleg-inspirerte og landssvikarar. Men som me nettopp såg, har det vore lange tradisjonar for homoseksualitet overalt, og i til dømes Sør-Afrika og Latin-Amerika er dei som jobbar med homokamp ikkje dei som er vestleg innstilte og har utdanning, men ofte vanlege fattige folk som organiserer seg på grunn av legning og kjemper ein tøff kamp der dei vert utsette for seksuelle overgrep, vald og drap. I Sør-Afrika fekk dei lovgjeving som tar vare på homofile og lesbiske etter aphartaid, men framleis må dei kjempa mot vald og hat. I El Salvador og andre latinamerikanske land vert dei drepne av paramillitære dødsskvadronar.

Kvifor er dette viktig for oss?

I kampen for å oppløysa familien som sosial einleik, for kvinnefrigjering og frigjering frå den heterofile norma er det viktig å sjå at ikkje alle samfunn er organiserte på same måte, og at ikkje alle erfaringar kan utvekslas og brukast av andre. Det er viktig å sjå at samfunnet kan organiserast på utallige måtar, at det ikkje er anten kjernefamilien eller ein utopisk draum. Og det er viktig å sjå at Vesten ikkje berre har eksportert vårt syn på kjernefamilien og legning, me har òg eksportert heteroseksisme (homofobi). Dette var noko dei sørafrikanske aktivistane oppdaga då dei starta å sjå på fortida si, og fann ut at homoseksualitet hadde alltid vore i Afrika, men etter vestleg påverknad vart det no sett på som unaturleg.


Ordliste

Lesbisk: Kvinne som forelskar seg og som tenner seksuelt på kvinner.

Homofil: Mann som forelskar seg og som tenner seksuelt på menn.

Bifil: Person som forelskar seg i og som tenner seksuelt på personar av begge kjønn.

Transseksuell: Person som føler seg fysisk og sosialt i feil kjønn. Nokon av dei tar kjønnsskifteoperasjon. Dei kan vera heterofile, homofile, lesbiske eller bifile, akkurat som andre personar.

Transvestitt: Person som kler seg slik som norma er for det motsette kjønnet. Dei kan vera heterofile, homofile, lesbiske eller bifile, akkurat som andre personar.

Interseksuelle, hermafrodittar: Person som ikkje heilt er verken det eine eller det andre kjønnet.

Evnukkar: Personar som av ulike grunnar manglar testiklar, penis eller begge deler.

LGBT: Forkorting for «lesbian, gay, bisexual and transgender», ei forkorting dei fleste organisasjonar for seksuelle minoritetar no brukar på seg sjølv.

Viktige internettadresser

International Gay and Lesbian Human Rights Commission (IGLHRC): http://www.iglhrc.org

International Lesbian and Gay Association (ILGA): http://www.ilga.org

Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjering: http://www.llh.no

Referansar

Warren J. Blumenfeld og Diane Raymond: Looking at gay and lesbian life, oppdatert og utvida utgåve Boston, USA, 1993.

New Internationalist, nr 328, oktober 2000 – nettside: http://www.oneworld.org/ni/

Blikk, nr 3, mars 2000, nr 5, mai 2000 – nettside: http://www.blikk.no

Løvetann nr 2, 2000 – nettside: http://home.online.no/~lovetann/