Leder: Gambling om kvinnerettar for taburettar

Av Ingrid Baltzersen

2018-04

Det er uverdig at Høgre har gått med på å opna diskusjonen om abortlova for å få KrF med i regjering. Det er ekstra skammeleg at KrF og Høgre brukar den delen av abortlova som handlar om eit fåtal av sakene, rundt 300 abortar i fjor, men som har så store konsekvensar for dei det gjeld. Bak den mykje omtala paragraf 2c gøymer det seg mange skjebner som dei siste vekene har kjent seg tvungne til å stå fram med si private tragedie.

Ingrid Baltzersen er redaktør i Gnist

Tilbud til nye abonnenter: ETT ÅRS ABONNEMENT TIL 100 KR! Send kodeord gnist + e-postadresse til 2090. Obs! Husk e-postadresse!
Den generelle delen av abortlova gjelder alle som kan bli gravide og ikkje ønsker å bæra fram eit barn, og som har rett til å velga det bort innan tolvte svangerskapsveke. Men punkta som kjem under, som no er oppe til debatt, handlar om val som er vanskelegare. Og KrF og Høgre vil gjera det endå meir vanskeleg.

Paragraf 2c handlar om at fosteret ein bærer på, ganske truleg ikkje vil leva fram til fødselen. Og viss det gjer det, så vil det kanskje ha eit liv i nokre få år som er prega av smerter. Det kan også handla om at fosteret har andre anlegg som fører til funksjonsnedsettingar, ofte fleire samtidig, og vil kanskje vera pleietrengande heile livet. KrF og Høgre ønsker at berre tilfelle der fosteret ikkje er levedyktig skal kunna føra til abort. Men kor går grensa for levedyktig? Er det å leva eit par år med ein familie i krise og gjentatte sjukehusopphald levedyktig?

Argumentasjonen for å flytta dei andre tilfella ut av paragrafen og over i 2b der det går på livssituasjonen til kvinna, er at ein ikkje ønsker eit sorteringssamfunn. Vil det komma til å bety at viss ein er ressurssterk, skal ein kunna tola konsekvensane av å bæra fram barnet, men viss ein ikkje er det så kan ein få abort? Stortingsrepresentant Marianne Marthinsen frå Ap spurte Erna Solberg om definisjonen, men fekk svar frå helseminister Bent Høie om at dette høyrer til i regjeringsforhandlingane.

Me må møta denne debatten med eit motkrav om å heva abortgrensa og kutta nemndene. Ingen ønsker å ta seinabort, noko også aborttala viser, dei fleste svangerskapsavbrudda blir tatt lenge før grensa på tolv veker. Når kvinner gjer det, har dei gode nok grunner, som ikkje trenger å prøvast av ei nemnd av framande.
 
Ingrid Baltzersen
Redaktør