Kor viktig er Kurdistan i kampen mot imperialismen i Midtausten?

Av Erling Folkvord

2020-02A

Dei imperialistiske stormaktene slåst om å ta mest mogleg kontroll over naturressursane i Midt-Østen. Midt i dette er Kurdistan delt mellom Iran, Irak, Syria og Tyrkia omgitt av statsterror og krig. Kan denne nasjonen gje håp for kampen mot imperialismen i Midtausten?


Erling Folkvord, stortingsrepresentant for RV (Rød Valgallianse) frå 1993–1997. Han sat mange år i bystyret i Oslo og er aktiv i solidaritetsarbeidet med kurdarane. Har blant anna skrive boka Kurdistan – om fortid, folk og framtid.
Foto: Chris De Bruyn


 

Et stort land i det vestlige Asia. Den største delen av det ligger innafor Det osmanske riket og resten i Iran. Det har fått sitt navn etter det kurdiske folket som utgjør flertallet av dets innbyggere.1

Slik starta artikkelen om Kurdistan i eit oppslagsverk som vart utgitt i Konstantinopel (Istanbul) på 1890-talet.2 Det fanst ikkje nasjonalstatar i Det osmanske riket. 25 år seinare dikterte England og Frankrike den delinga som gjeld i dag: Iran, Irak, Syria og Tyrkia har kvar sin del av Kurdistan.3

Storbritannia – som framleis var stort – og Frankrike delte Midtausten mellom seg etter den første verdskrigen. Diplomatar la linjalen på kartet. Dei laga kunstige grenser og nye statar ut frå styrkeforholdet mellom regjeringane i London og Paris. Statane Israel (oppretta i 1948) og Kuwait (uavhengig frå Storbritannia i 1961) er to av dei nyare resultata.

Etter den dikterte delinga har det ikkje vori eit einaste år utan krig i ein eller fleire av statane i Midtausten. Krigane som øydelegg Jemen og Syria blir ikkje dei siste. Folka i Midtausten har nye krigsår framfor seg. «Når elefantar slåst, er det graset det går ut over.»

 

Kulturell og religiøs mosaikk

Kurdistan, slik det er definert i det 125 år gamle oppslagsverket, er litt større enn Spania. Kurdistan er, som resten av Midtausten, ein kulturell, språkleg og religiøs mosaikk. Andre folk er minoritetar i Kurdistan. Kurdarar er minoritet i andre delar av Midtausten.

Om vi berre ser på folketal, er Istanbul største «kurdarbyen» i Tyrkia, slik som Oslo er største «samebyen» i Norge. Reiser du til Damaskus, kan du besøke bydelen Hay al-Akrad. Det arabiske ordet betyr kurdarbyen. Den muslimske hærføraren Saladdin som frigjorde Al Quds (Jerusalem) i 1187, var kurdar. Han verva kurdiske leigesoldatar og ga dei jord slik at dei og familiane kunne busette seg i det som no er Syria. Slik starta Hay al-Akrad.

Lenger nord i Syria kan du besøke Korsfararfestninga – Krak des Chevalliers – som ein del Midtausten-kjennarar skriv. Ei turistbrosjyre som eg fekk da eg var der, fortel ei anna historie: Den første festninga vart bygd i 1031 og fekk det arabiske namnet Hissn al-Akrad, kurdarfestninga.4

Vatn, korn og olje

Tigris, Eufrat og andre store elver startar i dei kurdiske fjella. Kurdistan var vasskjelda for nordlege del av Midtausten i tusentals år før olja og gassen. Og vil vere det når oljekjeldene er tømt. Det kurdiske slettelandet er Syrias og Iraks kornkammer. Byane i Tyrkia, vest for den kurdiske landsdelen, får straum frå kraftverka ved Eufrat og Tigris.

Eg syns det ofte blir misvisande å snakke om kurdarane som om alle står for det same. Kurdarane er ein nasjon. Dei har felles interesse av å forsvare kurdisk språk, kultur og identitet mot undertrykking og terror. Elles er dei delt på mange vis, slik alle nasjonar er. Religiøse minoritetar blir undertrykt. Svært ulike politiske parti arbeider i dei kurdiske delane av Iran, Irak, Syria og Tyrkia, legalt og illegalt. Kurdistan er klassedelte samfunn som fleire stader er prega av føydale maktforhold. Føydale tradisjonar står sterkast i Den kurdiske ­regionen i Irak.

Statsterror med og utan stormaktsstøtte

Dei fire statane si undertrykking har omfatta krig og statsterror mot den kurdiske befolkninga. Saddam Husseins Anfal-kampanje i nordlege Irak i 1988 var verst, om vi reknar dødsoffer. Saddam Hussein var da alliert med USA. Tyrkia vart med i NATO i 1952. Etter dette har NATO levert våpen og gitt politisk støtte til statsterror og anna forfølging av alt og alle som er kurdisk.

Byen Cizre i februar 2016 er eitt eksempel. Tyrkisk TV viste tyrkiske soldatar som tømte bensin ned i kjellarane under tre samanraste hus og tente på. 177 forbrente kroppar vart henta ut etterpå. Da hadde soldatar eller politi partert fleire av dei døde.

Iransk politi og soldatar skyt i dag kurdiske grensearbeidarar som livnærer seg ved å bære varer over grensefjella mellom Iran og Irak. 53 vart drepne i 2018 og 24 i 2019.5

Dei fleste kurdarar har familiemedlemmar eller slektningar som har opplevd statleg tortur eller terror.

Ulike kampar. Ulike interesser

Om eg forenklar og ser stort på det, vil eg seie at PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet) og Kurdistans demokratiske parti (KDP) er dei politiske ytterpunkta. Den legendariske klanleiaren og fridomshelten Mullah Mustafa Barzani (1903–1979) stifta sitt KDP i 1946. Han var frå den kurdiske delen av Irak, men tok partinamnet frå det KDP som vart oppretta i Iran i 1945.

Mesud Barzani (73), ein av sønene hans, vart klan- og partileiar etter at faren døydde. Han har, som far sin, bygd eiga makt på støtte frå utlandet. Eit kurdisk sjølvstyre vart oppretta i Nord-Irak etter eit folkeopprør mot Saddam Hussein i 1991. Mesud Barzani og KDP delte da makta med klan- og partileiaren Jelal Talebani frå Patriotisk Union Kurdistan (PUK). Dette sjølvstyret var avhengig av USA. Det likna eit protektorat med amerikansk overstyring.6

2003: Barzani og Talebani på parti med USA

Både KDP og PUK støtta den amerikanske invasjonen i Irak i 2003. Den irakiske grunnlova frå 2005, som vart skrivi under amerikansk overoppsyn, gir Den kurdiske regionen indre sjølvstyre, med regional regjering og parlament. Kurdarar ser derfor på Den kurdiske regionen i Irak som eit førebilete, sjølv om dei mislikar korrupsjonen i både politikk og administrasjon.

Barzani og Den kurdiske regionale regjeringa (KRG) er tett knytta til USA. Kanskje den mest trufaste allierte USA har i Midtausten, etter Israel og Saudi Arabia. Samtidig har Barzani og KDP utvikla tett samarbeid med president Erdogan i Tyrkia. Ein hemmeleg avtale om oljesal til Tyrkia i 50 år, er ein del av dette. Tyrkia har permanente militærbasar i Den kurdiske regionen. Da president Erdogan i 2017 ville delta i frigjeringa av Mosul, den nest største byen i Irak, ga Barzani fritt leide for tyrkiske tanks og infanteri gjennom Den kurdiske regionen.

For alle folka i Midtausten

PKK-aktivistar i Rojava, den kurdiske delen av Syria, oppretta i 2003 PYD (Det demokratiske einskapspartiet). Året etter lanserte leiinga i PKK det politiske begrepet demokratisk konføderalisme, som fleire enn eg syns er vanskeleg. Cemil Bayik, som no er medleiar i PKK, forklarte det slik da eg møtte han i 1994:

USA har sitt prosjekt for et nytt amerikansk århundre i Midt-Austen. Vi ønsker i stedet å utvikle demokratisk konføderalisme. Det betyr at folka i Midt-Austen kan bygge opp sine egne styringssystemer i hver sine land. Disse to framtidsprosjektene for Midt-Austen er uforenlige. Vi taper viss USA vinner fram. Viss vi og den demokratiske konføderalismen lykkes, betyr det nederlag for USA.

I 2012 greip PYD dagen og timen

PYD slutta seg ikkje til opprøret mot president Assad i 2011. PYD greip dagen og timen i juli 2012. Assad hadde da flytta det meste av regjeringsstyrkane i Rojava til andre delar av Syria. PYD starta bygginga av ein ny type demokratisk samfunnsordning. Tre av hovudpunkta:

  • Flytting av makt frå menn til kvinner. Delt leiarskap i styrande organ.

  • Alle folka har same rett og plikt til å delta i styringa av samfunnet.

  • Rojava skal ikkje bryte ut av Syria og bli ein ny stat.
    Væpna islamistgrupper, med våpen og pengar frå Tyrkia, prøvde raskt å knuse det uvanlege demokratieksperimentet. Saman med tre andre Rødt-medlemmar snakka eg med nokre av dei i grensebyen Sere Khaniye i mars 2013. Nokre månader etterpå trekte dei seg tilbake til Tyrkia. Dei klarte ikkje stå i mot dei kurdiske ­forsvarsstyrkane.
    I 2014 satsa Tyrkia massivt på Islamsk Stat (IS), som i løpet av få månader erobra storparten av nordlege og austlege Syria, bortsett frå Rojava. Utpå hausten klarte IS nesten å erobre Kobanê, den midtre delen av det sjølvstyrte Rojava. IS hadde tatt Kobanê om ikkje PYD og forsvarsstyrkane hadde inngått ein militær allianse med USA.
    Dei politiske og militære leiarane i Rojava såg dette som ein nødvendig allianse med ein fiende mot ein annan fiende. Politikaren Ercan Ayboga, som er kjend som miljøaktivist i den kurdiske delen av Tyrkia, skreiv i 2017 at dei revolusjonære frå første dag såg risikoen i det militære samarbeidet med USA. Og dei snakka opent om denne risikoen. Både i eigne miljø og offentleg.
    Ayboga understreka at USA ikkje er for demokrati og at USAs interesser står i motsetning til kurdarane og dei andre folka sine interesser i Midtausten. Han hevda at PYD sitt syn på USA heilt frå oktober 2014 gjorde at dei ikkje ville bli «skuffa» når samarbeidet tok slutt.

Mange fiendar


Statsleiarane i Iran, Irak, Syria og Tyrkia har ein ting felles med dei imperialistiske stormaktene som slåst for å ta mest mogleg av naturrikdommane i Midtausten: Dei ønskjer alle å knuse det nye, fleirkulturelle folkestyret som PYD bygger opp. Det er innført i Rojava og blir gradvis bygd opp nord og aust for Eufrat. Den demokratiske føderasjonen Nord-Aust Syria, kan bli ein modell for folka i andre delar av Syria og i andre land i Midtausten.
Den nye typen folkestyre kan overleve viss dei utnyttar motsetningane mellom alle dei kreftene som fører krig i Syria. Det vil vere god hjelp om antiimperialistar i Norge trår til. Solidaritetsarbeid er like viktig no som da frigjeringsrørsla i Vietnam kasta ut USA i 1975.


Noter

1 Artikkelen om Kurdistan står i Bind 5 av oppslagsverket Qâmusul a’lâm som vart gitt ut i Konstantinopel (Istanbul) i 1896. Shirin Bozarslan har omsett artikkelen til svensk i tidsskriftet Multiethnica nr. 26–27 utgitt i juli 2000. Multiethnica, ISSN 0284-396X.

2 Sultanen, herskaren i Det osmanske riket, hadde bestilt seksbindsverket som skulle samle all tilgjengeleg historisk og geografisk kunnskap.

3 Britiske og franske diplomatar skreiv under Sykes Picot-avtalen i 1916. Dette var utgangspunktet for fredsslutninga etter den første verdskrigen i Lausanne i 1923.

4 Frå turistbrosjyra eg fekk i 2002: «It was first built in 1031 by a certain governor of Homs, who left a Kurdish garrison in the castle for defence against enemy attacks across the Tripoli – Homs – Hama road. The castle came to be known as the castle of the kurds (…).»

5 Her kan du lese meir:

Kolbar, Irans ukjente arbeiderklasse

6 Wikipedia: «Et protektorat er en stat som har avstått deler av sin suverenitet til en annen stat.»