Dette er kapittel 5 i Rødt!s norske utgave av Martin Hart-Landsberg og Paul Burkett: Sosialismen i Kina – hvor blei den av?
Me har argumentert mot å halde fram Kina som ein økonomisk suksess eller eit utviklingsførebilete. Men korfor er det så viktig korleis sosialistar og andre progressive vurderer Kina? Er det bare eit akademisk ønske om å tolke den kinesiske modellen på rett vis, eller er det politisk sekterisme grunna på ei a priori oppfatning av "rein" sosialisme? Svaret er nei; vi vil meine at det er særs viktige saker som står på spel.
For det første: Å halde fram Kina som ein suksess, drar merksemda bort frå den ujamne og samansette utviklinga av kapitalismen. Når ein jaktar på land som kan vere førebilete ut frå nasjonale økonomiske og konkurransemessige kriterium, seier ein samstundes at fleire land samtidig kan oppnå Kina-liknande økonomisk suksess på grunnlag av ein Kina-liknande politikk. Men det er ei misoppfatning i den forstand at veksten i Kina har bakgrunn i særlege historiske vilkår, som har latt landet trekke til seg rikeleg med utanlandske investeringar og oppretthalde svært låge lønningar – vilkår som forutset den motsette utviklinga i kapitalismen i andre land.
Veksten i Kina både skuldast og er skuld i dei stadig større problema i Aust-Asia og Mexico når det gjeld vekst basert på utanlandske investeringar og eksport. Det same gjeld motsetningane i den kapitalistiske "modninga" i dei utvikla landa, særleg Japan og USA. Kinas nasjonale konkurransekraft må ikkje gjøre oss blinde for at den raske industrialiseringa har vore uløyseleg knyta til ujamn utvikling og overproduksjon av kapital på verdsbasis. Når progressive går saman med nyliberalarar om å finne nasjonaløkonomiske suksessar (og fiaskoar), fører det diverre til at dei ender opp med å vurdere enkeltland, isolerte frå den djupare logikken og utviklinga i kapitalismen. Eller at dei ukritisk tar kapitalismen som naturgitt. Tilfellet Kina syner korleis ei slik tilnærming kan føre til at progressive stør politikk og regime som er øydeleggjande for interessene til arbeidsfolk.
For det andre viser dei kinesiske erfaringane at marknadsreformer har sin eigen dynamikk. Omforminga av Kina frå desentralisering til vekst basert på utanlandske investeringar og eksport er drive fram av indre krefter. Nokon har hevda at Kina viser at marknadssosialismen er levedyktig og attråverdig. Men dei kinesiske erfaringane avslører i røynda at marknadssosialismen er ein ustabil skipnad med ein indre logikk som marginaliserer sosialismen til fordel for marknaden og full gjenoppbygging av kapitalismen.
Dette fører oss til eit tredje punkt; det at ein ser på Kina som ein suksess, betyr at ein godtar eksportbasert utvikling som ein "sunn" og til og med "progressiv" utviklingsstrategi. Men å hylle Kina si svært konkurransedyktige eksportorientering og dei utanlandske investeringane og den innanlandske marknadsrettinga som skapte ho, er å legitimere nyliberale suksesskriterium. Denne tendensen til å bruke gjengs suksessomgrep når ein skal vurdere om noko er progressivt, har sin parallell i den opportunistiske måten dei kinesiske leiarane manipulerer med marxismen på. Eit døme er den stegvise omforminga av sosialismen i kinesisk praksis – frå risbollen av jern og folkekommunane, til den sentrale rolla til statlege selskap, til den vedvarande vekta på "offentleg sektor" (medrekna kvasi-kollektive selskap), og til sist den leiande rolla til kommunistpartiet sjølv (særleg til partifunksjonærane), uavhengig av dei reelle kapitalistiske tilhøva i økonomien.
Slik ideologisk manipulasjon fjernar konkret klasseanalyse frå marxismen og gjør han om til ei kjelde til overhistorisk "visdom" til bruk for elitane. (1) Marx sjølv åtvara russiske sosialistar mot dei som ville forvrenge metoden hans til ein "hovudnøkkel", dvs. "ein generell historisk-filosofisk teori, som har som si høgste dygd at han er overhistorisk". (2)
For det fjerde, ved å måle "framsteg" ut frå vanlege suksesskriterium, tenderer venstreorienterte til å gjere ulike samfunnsmessige sider ved kinesisk politikk uviktige. Veksande arbeidsløyse, ulikskap og manglande tryggleik; nedskjeringar i helsestell og utdanning på lokalnivå; aukande undertrykking av kvinner; marginalisering av jordbruket; eit mangfald av miljøkriser. Alt dette vil ein sjå som uvesentlege bieffektar, ikkje som vesentlege vilkår for og uunngåelege resultat av den kapitalistiske utviklinga i Kina.
Det er ein grunnleggjande marxistisk observasjon at ei kapitalistisk utvikling inneber å skilje arbeidarane samfunnsmessig frå produksjonsvilkåra, medrekna naturen, og å gjere desse vilkåra og arbeidskrafta om til reiskapar for å produsere varer for profitt. I freistnadene på å vere meir nyliberale enn dei nyliberale, mistar progressive lett dette av syne. Med andre ord ser dei ikkje det faktum at kapitalistisk produksjon er klasse-framandgjørande og klasse-utbyttande produksjon. Ein konsekvens er at dei glømmer eit viktig spørsmål. Vi veit at den moderne kapitalismen er svært samfunnsmessig organisert, han er ressursintensiv, og han både nyttar og verker sterkt inn på naturen kring oss. Utfrå dette, kan denne kapitalismen på nokon måte lykkest når det gjeld berekraftig utvikling av produktivkreftene (dei menneskelege, sosiale og økologiske) i global skala? Og glømmer ein dette spørsmålet, vil ein i sin tur sjå bort frå det faktum at det skapande elementet i kapitalismens "skapande øydelegging" no blir heilt overskygga av det øydeleggjande elementet, særleg når ein tar med i reknestykket dei globale sosioøkonomiske og økologiske "bieffektane" av nasjonale kapitalistiske suksessar. Når ein jaktar på land ein kan bruke som utviklingspolitiske fyrtårn, så er ikkje dette nøytralt, men noko som heller sterkt i favør av nyliberalismen.
For det femte undergrev tendensen til å godta kapitalistiske utviklingskriterium internasjonal solidaritet. La oss tenkje oss at kinesiske arbeidarar og lokalsamfunn på ein meir effektiv måte skulle ta til å utfordre ikkje bare den politiske undertrykkinga, men au omdanninga av samfunnet mot marknad og kapitalisme, – noko me bør håpe dei gjør. Om kampen blir ført mot eit system som ikkje-kinesiske venstreorienterte har omfamna som sosialistisk og progressivt, vil ikkje dei same venstreorienterte da ha vanskar med å by kinesiske arbeidarar si støtte?
Når ein på den eine sida har den kinesiske regjeringa si eliteorienterte tolking av sosialismen, og på den andre sida har utanlandske radikale som omfamnar landets "sosialistiske marknadsøkonomi", er det lett å skjønne at kinesiske arbeidaraktivistar kunne komme til å avvise sosialismen i det heile. I det minste kan ein vente spenningar og forvirring mellom desse aktivistane og ei internasjonal venstreintellektuell rørsle, som har motvilje mot (eller problem med å godta) kampen, fordi han undergrev førebiletet dei har valt. Dette er den politiske kostnaden ved å velje ein progressiv utviklingsmodell som baserer seg på ein elite sitt ønskje om å bli ein vellykka del av det kapitalistiske verdssystemet.
David McNally legg vekt på dette: "Revolusjonær politikk byrjar … med det sunne folkevettet til arbeidarklassen." Politikken må "freiste å skissere og systematisere det verdssynet som ein finn i motstandspraksisen [til arbeidarklassen]", særleg når han viser fram "folkelege verdiar som solidaritet, samarbeid og likskap". (3) I staden for å bygge modellar for progressiv kapitalisme ut frå erfaringane til dei nyaste fyrtårna, bør venstreorienterte intellektuelle aktivistar vere "krafta som allmenngjør motstandserfaringane til eit stadig meir systematisk program; krafta som utfordrar dei tradisjonelle og dominerande tankane arbeidarane har arva (patriotisme, sexisme, rasisme osv), ved å vise korleis dei er i konflikt med interessene og måla som motstanden mot utbytting og undertrykking inneber". (4)
Utviklingsvisjonar og politikk rotfesta i kampen til arbeidarrørsla vil ikkje fjerne all usemje (så langt i frå!), men er meir truande å kunne bli ein solidarisk strategi som finn gjenklang i folket enn det leitinga etter progressive nasjonalkapitalistiske suksessar vil. Særleg det å rope hurra for den vellykka veksten i Kina, er å omfamne ein utviklingsmodell som set kinesiske arbeidarar opp mot arbeidarar i andre land i ei tevling mot botnen, og det har ingenting å gjøre med noka form for progressiv utvikling av produktivkreftene om ein ser heilskapleg på det. Dette kan ikkje vere grunnlag for å bygge sosialisme eller for å fremme sosialistiske verdiar som berekraft, likskap, solidaritet og demokrati.
For betre å illustrere kva slags val me står framfor, skal me avslutte denne teksten med å sette søkelyset på nokre grunnprinsipp i ei alternativ tilnærming til utviklingsvisjonar. Me startar med å minne om at såvel krisa i Aust-Asia som Kinas retur til kapitalismen har fått arbeidsfolk til i nokså stort monn å kjempe mot at dei skal bere hovudbyrda av krisa og kostnadene ved restruktureringa, noko kapitalen og styresmaktene strevar hardt for å få til. Jamvel om desse kampane så langt i hovudsak har vore oppstykka forsvarskampar, har dei hindra at liberaliseringa og innstrammingspolitikken i Asean-landa og Sør-Korea heilt har fulgt Pengefondet si oppskrift. Dei har vidare slått beina under det brutale Suharto-diktaturet i Indonesia, og tvinga den kinesiske regjeringa til i det minste å bry seg noko med den veksande helse- og velferdskrisa i landet. Det ligg i alle desse kampane ein allmenn motstand mot at marknads- og profittkriterium, og ikkje menneskelege behov, skal avgjøre arbeids- og levekåra.
Om det skulle vere noko håp for ei meir progressiv utvikling og samvirke i Kina-Aust-Asia-regionen, så ligg det i desse militante tendensane som industrialiseringa i regionen har skapt. Målt kvar for seg er det sant at arbeidarrørslene i desse landa står etter måten svakt, når det gjeld å kunne tvinge gjennom forandringar i samsvar med folkelege krav. Men om dei maktar å sameine seg, vil dei stå mykje sterkare når det gjeld å sjå for seg og å kjempe for ei regional utvikling tufta på menneskelege behov. Vi ser at utviklinga i Kina fører til ein meir regionalt fundert kapitalisme, slik at arbeidarane i regionen vert utsetne for mykje godt det samme konkurransepresset. Dette betyr at dei kan finne eit felles grunnlag for nasjonale kampar, og av dette ser vi at det også er mogleg å utvikle ein meir regionalisert klassekamp.
Frå ein slik synsstad er ikkje problemet arbeidarane står framfor, eksportproduksjon i seg sjølv, men heller at det ikkje er noko alternativ til profittstyrt eksport – alternativ som stør oppunder ei menneskeleg utvikling. Med andre ord er ikkje handel i seg sjølv problemet. Ein strategi som er fast forankra i menneskelege grunnbehov, og som gradvis går vidare til meir sekundære behov, vil utan tvil kreve import og føre til produksjon av varer og tjenester for eksport. Derfor er det råd å sjå for seg ein alternativ måte å eksportere på, og det er mogleg å tenkje seg eit regionalt økonomisk samvirke basert på behov, etterspørsel og ressursbruk i kvart einskilt land. (5) Dette i motsetnad til ein kapitalistisk eksportbasert utviklingspolitikk, som den som skapte dei austasiatiske "mirakla" og endringane i Kinas økonomi. Denne fører til nasjonal innordning i transnasjonalt dominerte produksjonsnettverk, hardare konkurranse arbeidarane imellom, og omdanning av innanlandske samfunnsinstitusjonar (utdanning, helsestell, lovverk, miljøkrav osv) i tråd med krava til lønsemd og konkurranseevne.
Til dømes vil oppbygging av eit nasjonalt helsestell kreve ein byggeindustri som kan sette opp klinikkar og sjukehus, ein legemiddelindustri for å behandle sjukdom, ein maskinvareindustri som kan lage utstyr, ein programvareindustri til journalføring og dokumentasjon, eit utdanningssystem for å utdanne legar og sjukepleiarar osv. Dette vil verte forma av behova og evnene til folket på lokalt, nasjonalt og regionalt plan – behov og evner som endrar seg med tida. Det vil vere behov for å mobilisere store ressursar og utvikle ny teknologi og ny organisering, og alt dette vil vere avhengig av stor folkeleg entusiasme for og deltaking i utviklingsprosessen.
Oppnår ein dette, er det truleg at nokre delar av eit slikt folkeleg basert helsestell kan utvikle stor eksportevne. Det å halde ved like og utvikle eit slikt helsestell vil på same vis kreve noko import og investeringsavtalar med utanlandske selskap for å unngå ressursmessige og teknologiske flaskehalsar. Slik handel og investeringar vil hjelpe til å utvikle lokale produkt og prosessar, grunna i helsebehova og kompetansen på grasrota, framfor bare heilt enkelt å bygge opp ein økonomi basert på produkt og prosessar utvikla av transnasjonal kapital. Cubas helsestell, bioteknologi og farmasøytiske sektor, utvikla under USA-blokaden, illustrerer dei praktiske moglegheitene og problema på detta området. (6)
Helsestell er bare eit eksempel på at ein utviklingsstrategi som er rotfesta i behova og kompetansen til arbeidsfolk, ikkje treng å vere ein uoppnåeleg draum. Så lenge eksport og import veks ut av ressurstildeling og investeringar styrt av folkelege og menneskelege utviklingsbehov, treng ikkje internasjonal handel redusere folk og samfunn til bare å vere element i profittbasert vareproduksjon. Det viktige er at produksjonen er basert på bruksverdiar det er sosial semje om, ikkje på krav frå klasseutbyttande pengeakkumulasjon.
Sjølvsagt vil dei menneskelege og naturgitte ressursane i eit land vere med å forme det særeigne utviklingsmønsteret der. Det gjør det ennå viktigare at den behovsbaserte strategien blir sett ut i livet i eit mangfald av land. Desse kan så utvikle samhandel og -investeringar mellom seg som eit naturleg resultat av utviklinga av produksjonskreftene, rotfesta i kvart einskild land sine særlege historiske, kulturelle og ressursmessige vilkår (og i klassekampen der).
Ein slik felles og utfyllande utviklingsprosess ville vere noko heilt anna enn aktivitetane og tilhøva som vert skapt gjennom ein nyliberal eksportbasert utviklingsstrategi. Den nyliberale metoden utelukkar folkeleg mobilisering og deltaking i investerings- og ressurstildeling, og han fører til øydeleggande konkurranse mellom arbeidsfolk og nasjonar – noko som framhevar kapitalismens innebygde tendens til ujamn utvikling, overproduksjon og kriser. (7)
Marxismen har kraft i seg til å avsløre kor motsetnadsfylt og utbyttande den globale kapitalismen er. Men at det er ein stor jobb som må gjørast for å attreise marxismen, skjøner vi i og med at det faktisk er naudsynt å føre ein debatt blant progressive om kva som ligg i dei kinesiske økonomierfaringane, og at ein også må argumentere for at ein ny utviklingsmodell må basere seg på prinsippa vi har nemnt ovanfor.
Som me har sett, å halde fram med å hylle den kinesiske økonomiske modellen har verkelege politiske konsekvensar. Desse konsekvensane gjør det smerteleg klart at det vi no driv med ikkje berre er eit abstrakt-teoretisk arbeid, men ei avgjørande og konkret oppgåve for dei av oss som freistar bygge ei ny og betre verd.
Noter:
1. Robert Well: "On 'Emancipating the Mind'", Socialism and Democracy 15, nr 2 (hausten 2001); Barbara Foley: "From Situational Dialectics to Pseudo-Dialectics: Mao, Jiang, and Capitalist Transition", Cultural Logic 2002. [Tilbake]
2. Marx' brev til redaksjonen i Otechestvenniye Zapiski, november 1877, i Karl Marx og Frederick Engels: Selected Correspondence (Moskva: Progress Publishers, 1975), side 294. [Tilbake]
3. David McNally: "Language, History, and Class Struggle", Monthly Review 47, nr 3 (juli/august 1995): side 26- 27. [Tilbake]
4. Ibid, side 26. [Tilbake]
5. Clive Y Thomas: Dependence and Transformation: The Economics of the Transition to Socialism (New York: Monthly Review Press, 1974). [Tilbake]
6. Sjå til dømes Sergio Diaz-Briquets: The Health Revolution in Cuba (Austin: University of Texas Press, 1983); Julie Margot Feinsilver: Healing the Masses: Cuban Health Politics at Home and Abroad (Berkeley: University of California Press, 1993); Kamran Nayeri: "The Cuban Health Care System and Factors Currently Undermining It", Journal of Community Health 20, nr 4 (august 1995); Amina Aitsiselme: "Despite U.S. Embargo, Cuban Biotech Booms", NACLA Report on the Americas, 35, nr 5 (mars – april 2002); Mark Ingebretsen: "A Biotechnology Powerhouse Is Emerging Off Our Shores", The Daily Scan (Wall Street Journals nettutgave) 25. november 2003; Ernesto López Mola, Boris F Acevedo, Ricardo Silva, Bianca Tormo, Ricardo Montero og Luis Herrera: "Development of Cuban Biotechnology", Journal of Commercial Biotechnology 9, nr 2 (januar 2003); Reuters: "Cuban Vaccine to Help Poor Kids", 23. november 2003. [Tilbake]
7. Paul Burkett og Martin Hart-Landsberg: Development, Crisis and Class Struggle: Learning from Japan and East Asia (New York: St. Martin's Press, 2000), kapittel 11 og 12. [Tilbake]