av Erling Folkvord
Viss noen trur det er lite vi kan oppnå når det gjelder krav om innsyn i de hemmelege tenester, vil eg minne om at verken Lund-kommisjonen eller dei tenestelojale – men likevel interessante – historiebøkene til Bergh/Eriksen aldri hadde vorti noko av viss det ikkje var for det avsløringsarbeidet Klassekampen og ein del personar i rørsla vår har drivi, særleg på 80- og 90-talet. Særleg har det journalistiske gravearbeidet til Finn Sjue spelt ei viktig rolle.
Boka De visste alt av Bye, Jacobsen og Sjue (hausten 1993), var den direkte årsaka til at Lund-kommisjonen vart oppretta. Men dette gravearbeidet hadde det vorti lite av viss ikkje svært mange hadde gitt tips og anna hjelp. Vi bør derfor våge å stille oss høge mål på nytt.
Det er delte meiningar i borgarskapet sin leir om det innsynsforslaget RV fremma i Stortinget i mai 1996. Mange enkeltpersonar som tar borgarleg-demokratiske rettar på alvor, er samde med oss. Men det er ingen av dagens stortingsparti som går inn for reellt innsyn.
Partitoppane veit at reellt innsyn vil avsløre borgarskapet sitt maktapparat. Det vil avsløre korleis dei har brukt politistatsmetoder av mange slag.
Ein kort gjennomgang av det som har skjedd sia Lund-kommisjonen la fram rapporten sin kan vere nyttig for den komande kampen om innsynsrett.
Stortingssensur – mai 1996
«Ein rettsstat har offentleg kjende reglar om kva slags handlingar som gir politiet rett til å gripe inn mot den enkelte. Promillegrensa på 0,5 er eitt eksempel på dette. Vil regjeringa foreslå reglar som viser kva for organisasjonar, handlingar og meiningar nordmenn må halde seg unna viss dei skal sleppe å bli forfølgt av regjeringa sine hemmelege tenester?» (1) Stortingspresidenten la ned forbod mot at dette spørsmålet vart stillt til statsminister Harlem Brundtland.
Innsynsforslaget som vart fremma
RV foreslo i Stortinget ein rett til innsyn i eiga sak «for dei personane som har vori eller i dag er registrert i Overvakingspolitiet sine arkiv». I dette framlegget sa vi ifrå at «det må vere ein føresetnad at ingen får opplysningar om andre enn seg sjølv. Det betyr at ein del dokument må bli delvis sladda dersom dei inneheld opplysningar om fleire personar.» Ut over dette vil RV berre gjere to unnatak frå innsynsretten. Det eine gjeld dei sakene der det er «skjellig grunn til å mistenkje ein person for brotsverk mot statens sikkerhet og sjølstendighet (straffelovas kapitel 8) eller brotsverk mot statsforfatninga eller Kongen (straffelovas kapitel 9)». Det andre tilfellet er tilsvarande mistanke om «politisk motivert sabotasje eller vald (terrorisme)». Viss Overvakingspolitiet faktisk er på sporet av ein verkeleg spion eller ein verkeleg bombemann, da skal dei, etter RV-framlegget, få lov til å jobbe i fred på det sporet dersom dei kan overtyde ein domstol om at det er «skjellig grunn til mistanke». (2)
Dei andre partia sa nei
Stortingsfleirtalet sa i juni 1997 at «innsynsspørsmålet må løses ut fra en skjønnsom og forsvarlig avveining av hensynet til personvern og den enkeltes rettssikkerhet på den ene side, og hensynet til fellesskapets interesser og rikets sikkerhet på den annen side». Dette politiske tåkesnakket er resultat av nesten 13 månaders arbeid i Stortinget sin Kontroll- og konstitusjons(!)-komite, med komitehøyringar, korridorprat, pressedebatt og til slutt diskre avgjerder bak stengte dører. For å fjerne eventuell tvil hos dei som frykta at stortingsfleirtalet skulle opne for verkeleg innsyn, slo dei same partia fast at «et begrenset innsyn under disse forutsetninger vil være i samsvar med sikkerhetsinstruksen og beskyttelsesinstruksen«. Ettersom begge instruksane, til skilnad frå kontrollkomiteen si innstilling, er skrivne i presist juridisk språk for å sikre omfattande hemmeleghald, betyr denne formuleringa at innsynsretten ikkje skal gå lenger enn dei to instruksane.
For at ingen gjenlevande skal kunne krevje innsyn i den omfattande kommunistregistreringa som London-regjeringa var ansvarleg for frå 8. oktober 1942 til frigjeringa i 1945, sa stortingsfleirtalet at «innsyn bør begrenses til opplysninger nedtegnet innenfor tidsrommet for granskingen» (3), det vil seie frå 8. mai 1945 til 8. mai 1996.
Første steget: Lovutkast i januar
Justisminister Aud-Inger Aure har gått fram steg for steg for å lage ein innsynslov som er «i samsvar med sikkerhetsinstruksen og beskyttelsesinstruksen».
I det første lovutkastet i januar vart resultatet ein svært snirklete paragraf 1 med overskrifta rett til innsyn.. Ved rask gjennomlesing kan det sjå lovande ut: «Norsk borger eller person hjemmehørende i Norge har, hvis ikke annet følger av loven her, rett til innsyn i opplysning om vedkommende i overvåkingspolitiets arkiver og registre som er innhentet ved en ulovlig metode eller registrert eller brukt i strid med den til enhver tid gjeldende overvåkingsinstruks.»
Andre steget: Ta omsyn til viktig kritikk
Det var mange som kritiserte dette, bl.a. fordi det ikkje går an å lage eit konkret skilje i dag mellom det instruksstridige og det øvrige når Overvakingspolitiet aldri har operert med dette til dagleg.
Lovavdelinga i Justisdepartementet brukte ikkje lang tid på godta denne kritikken. Lovforfattarane hadde nemleg lagt inn ei dobbelt sikring i utkastet til lovtekst, slik at dei kan godta denne kritikken og samtidig oppnå akkurat den same nektinga av innsyn ved hjelp av ein annan paragraf. Lovavdelinga i Justisdepartementet slår fast at «vi har for vår del ikke noe i mot en slik utvidet innsynsrett, forutsatt at unntakene i paragraf 2 fortsatt vil gjelde». Ja, lovavdelinga meiner at ei slik endring «vil trolig i større grad enn den foreslåtte innsynsordning bidra til å ‘rense luften’». (4)
«Hvis ikke annet følger av loven …»
Kva betyr så den pussige, innskotne setninga «hvis ikke annet følger av loven her». Poenget er at akkurat like mange personar kan bli nekta innsyn, fordi unntaka i lovas paragraf 2 – med overskrifta, «Unntak fra innsynsretten», er så vidt formulert at dei kan brukast til kva som helst:
«Det skal ikke gis innsyn i et dokument eller en opplysning i et dokument når sikkerhetsmessige eller personvernmessige hensyn tilsier at det gjøres unntak fra innsynsretten. Innsyn skal alltid nektes hvis slikt innsyn vil gi kjennskap til kilder eller navn på tjenestemenn i overvåkingspolitiet, kan skade forholdet til samarbeidende tjenester eller forøvrig gi kjennskap til overvåkingspolitiets lovlige metoder på en måte som kan forhindre gjennomføringen av overvåkingstjenestens oppgaver.»
Dette er ein gjennomtenkt lovtekst. «Sikkerhetsmessige hensyn» er eit vidare og enda meir tøyeleg begrep enn «rikets sikkerhet», og himmelvidt forskjellig frå «rikets sikkerhet i dag». Når innsyn skal nektast der «sikkerhetsmessige eller personvernmessige hensyn tilsier» avslag, og det ikkje er meininga å ha domstolskontroll med korleis dette blir praktisert, anna enn når dei som får avslag, går til søksmål mot staten på eiga rekning og eigen risiko, da er det lagt opp til ein flytande og glidande rettstilstand. Det er ei nemnd på tre personar – oppnemnd av regjeringa – som skal seie ja eller nei til kvart innsynskrav.
Korleis staten blir styrt
Og når innsyn alltid skal nektast viss det kan skade forholdet til samarbeidende tenester, da betyr det alle kriminelle handlingar og overgrep kan haldast skjult, med dette påskotet. I ytste konsekvens er dette ei slags legalisering av «license to kill».
Dette handlar om at statsmakta i etterkrigstida har vori bygd på eit overvakings- og angivarsystem, der herskarklassen har vori heva over eikvar lov når dei har vald metodane dei bruker mot opposisjonelle. Kampen for reell innsynsrett er ein kamp for å avdekke flik for flik det diktatoriske maktapparat bakom fasaden på etterkrigstida parlamentariske demokrati. Vi veit at dette maktapparatet er der, men vi kjenner ikkje omfanget. Kampen for innsyn kjem til å gi ny kunnskap om korleis borgarskapet sin stat styrer Norge.
Fotnoter
- 1) Spørsmålet vart levert i brev frå RVs stortingsgruppe til stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl 10. mai 1996.
- 2) Heile framlegget er trykt i Stortingets Dokument nr.8:93 (1995-96). Kontrollkomiteen sine kommentarar finst i Innstilling S.nr.240 (1996-97). Stortinget debatterte forslaget 16. juni.
- 3) Alle sitata er frå side 107 i Kontrollkomiteen si innstilling om Lund-rapporten og om mappeinnsyn. Innsynsspørsmåla er i hovudsak behandla på sidene 104 til 108 i Innst.nr.240 (1996-97).
- 4) Notat frå lovavdelinga i Justisdepartementet, datert 31. mars 1998.