Masker og motstand – Diskré homoliv i Norge 1920–1970 (bokomtale)

Av Ingrid Baltzersen

2009-01

Hans W. Kristiansen: Masker og motstand – Diskré homoliv i Norge 1920–1970, Unipub 2008

Korleis levde dei ein no ville ha kalla homofile for snart hundre år sidan? Kunne ein driva gård med nokon av same kjønn når alt var delt i kvinnfolk- og mannfolkarbeid? Korleis var den tidlege homorørsla i Noreg?

Hans W. Kristiansen har gjort eit viktig arbeid i å dokumentera homoliv i Noreg i perioden 1920–1970. Dette er ein ganske ukjent del av historia, sjølv om det ikkje er lenge sidan. Kristiansen har i fleire forskningsprosjekt intervjua eldre menneske, både homofile og heterofile, for å få kunnskap om eit tabubelagt område, mens det enno finst munnlege kjeldar. Prosjektet til Kristiansen er også eit oppgjer med todelinga av homohistoria, at fram til 70-talet levde homofile og lesbiske i forestillelse, fortielse og fornektelse, mens etter homoopprøret lever ein synleg og fritt.

Boka er delt i tre perioder. Den første delen er om homoliv på landsbygda i mellom- og etterkrigstida, og kva sanksjonar dei kunne frykta. Den andre delen er om småbyhomofile og byhomofile i etterkrigstida, og om starten på homokampen i Noreg på 50-talet. Den siste delen handlar om arbeidet i Det Norske Forbundet av 1948 (DNF-48) dei første femten åra.

Historiene frå mellom- og etterkrigstida er spanande, for dei viser at sjølv om homoseksualitet ikkje var noko ein snakka om, så har likevel folk levd på andre måtar enn det som var normen. Dei forholda som har vore enklast å dokumentera i ettertid, er dei forholda som blei anmeldt eller skapa skandaler som blei omtala i pressa. Men Kristiansen dokumenterer at det fanst par av same kjønn som alle visste om, og som blei stillteiande akseptert. Frå innlandsbygdene fortel Kristiansen historia om Trygve og Jon, som alle «visste» at hadde eit forhold til kvarandre fordi dei var mykje saman. Kari og Jorunn budde saman i femti år, og dreiv gård saman. Jorunn kom til Kari som tenestejente, og sjølv om Kari blei satt pris på i bygda for ureddheiten og den kjappe tunga si, så lyktes ho ikkje som bonde. Kanskje var det fordi paret ikkje blei heilt tatt inn i fellsskapet i bygdesamfunnet på grunn av at dei øt med normene. Frå ein småby kjem historia om «de tre musketerer », tre homofile menn som ikkje levde i faste parforhold, men som hadde forhold til forskjellige menn i lokalsamfunnet. Dei tre mennene såg ut til å vera sosialt akseptert, men var også kjappe i kjeften når dei møtte verbale angrep retta mot levesettet sitt.

I Oslo fanst det større variasjon i homolivet, og nettverka og miljøa var grunnlaget for danninga av DNF-48 i 1950. Pissoara fungerte som erotiske frirom for menn som møttes der. Informantane fortel at ein gjekk faste runder, til dømes «Edvard», som vanlegvis etter å ha kome heim frå jobben og spist middag, sov ein ettermiddagslur, og så gjekk frå pissoar til pissoar på Frogner og St. Hans Haugen. Det var ikkje ein ufarlig kveldstur, han risikerte at politiet hadde razzia og pågreip alle i urinala. Urinala var ein stad for korte erotiske møte, men også ein inngangspunkt til sosiale nettverk, viss dei ein møtte synst ein passa inn. Kristiansen finn klasseforskjellar i homoseksuelle sine sosiale liv: middelklassemenn han har forska på, levde i større grad ugift og hadde homofile nettverk, mens arbeiderklassemenn hadde homoseksuelle erfaringar tidlegare i livet, dei kombinerte ofte homoseksualiteten med ekteskap, og viss dei haldt seg ugifte og ikkje reiste på sjøen, så budde dei ofte i barndomsheimen saman med mor. Dei homofile sosiale nettverka var altså ofte menn frå middelklassen. Desse nettverka bestod av menn som møttes hos kvarandre i leiligheter på Vestkanten i Oslo, gjerne under dekke av å høyra på klassisk musikk i såkalla hi-fi-klubber.

Initiativet til DNF-48 kom frå den danske organisasjonen Forbundet af 1948. Styret i forbundet tok kontakt med norske abonnentar på tidsskriftet Vennen, og fekk sett i stand eit møte i Oslo i mai 1950. Rolf Løvås, som blei den første leiaren av den norske organisasjonen, var ein av dei danskane hadde kontakta. Det første møtet var besøkt av 20–25 mennesker, eit overveldande tal for den nye organisasjonen. Dei var spente på korleis myndigheitene ville reagera på den nye organisasjonen. Det viktigste politiske arbeidet dei første åra var å få oppheva straffelovas paragraf 213, som sette ei straff for utuktig omgang mellom personar av hannkjønn. Arbeidet var vanskeleg, Løvås ville ikkje stå fram med fullt navn fordi han var redd for å mista jobb og inntekt. Danskane kritiserte den forsiktige og hemmelighetsfulle oppførselen til nordmennene, og lurte på kva dei var så redde for. Dei synst også nordmenne mangla initiativ. Etter kvart øyt Det norske forbundet med det danske, og med Vennen, delvis fordi dei var leie av å bli overstyrt frå København, og delvis fordi dei var usamde med danskane sit ukritiske syn på pedofili. Publiseringa av bilete med svært unge menn i Vennen førte til ein stor skandale i Danmark, og straffesaker. I Sverige var det også skandalar rundt rykter om homoseksuelle hemmelige nettverk. Sjølv om skandalene ikkje hadde nokon direkte innverknad på det norske forbundet, så argumenter Kristiansen overbevisande for at skandalene i nabolandet bekrefta leiarane i DNF-48 sitt syn på at strategien med diskré nettverksbygging og allianseskaping var rektig.

Diskresjonspolitikken til DNF-48 førte til siling av nye medlemmer. For å få med seg fleire frå dei lukka middelklassenettverka måtte ein sikra at dei ikkje risikerte å bli eksponert. Arbeidarklassemennene som jobba i restaurantar og som frisørar, eller dei som var kjente frå pissoara og barer og dermed blei sett på som openlyse homoseksuelle, var ikkje så velkomne. Folk som hadde henvendt seg til forbundet blei møtt av to medlemmer av styet, som møtte søkaren i Oslo sentrum. Viss personen såg ut til å vera «diskré, edru og proper», gjekk dei på restaurant Håndverkeren, i andre tilfelle gjekk dei til Kaffistova. I boka står det at ein kjent billedkunstnar blei avvist, fordi han stilte i arbeidsklær, hadde skitt under neglene, og snøvla på grunn av talefeil.

Den siste delen av boka nyanserer og utfordrer historieskrivinga om den tidlege homokampen i Noreg. Dette har vore ein til tider sår debatt, som mellom anna gjekk i Blikk i 2004/2005. Debatten handlar om kven som var sentrale dei første åra av homorørsla, og har spesielt vore ein debatt om Arne Heli som har blitt symbolet på diskresjonskulturen og Kim Friele som representerer dei som ville stå fram. Og kven sto eigentleg opent fram først? Debatten kjem av politiske og personlege usemjer i DNF- 48, men til tider har det blitt i overkant personleg debatt som er uinteressant for dei som ikkje deltok, og knapt nok for dei.

Boka sluttar før dei store konfliktene i homorørsla på 70-talet. Kristiansen seier at tidsavgrensinga av boka er gjort for å ikkje bli frista til å dømma fortida ut frå samtida sine verdier. Han kritiserer det han kallar frigjeringsideologien frå 70-talet, som var eit oppgjer med den tidlegare diskresjonskulturen. Han skriv: «Den utvetydige og nyanseløse forkastelsen av det jeg har kalt mellom- og etterkrigstidens «diskresjonskultur», har bidratt til en kraftig innskrenkning og ensidiggjøring av homobevegelsens eget fortellings- og motstandsrepertoar. » Forfattaren argumenterer for at når ein forkastar alt ein gjorde før 70-talet, så er det vanskeleg å læra av strategiane folk uka. Det meiner han er spesielt skadeleg i forhold til samarbeid med personar og grupper frå samfunn med repressivt lovverk.

Det er interessant å lesa korleis folk har levd relativt opent i lang tid, så lenge me har munnlege kjelder. Og det er interessant å lesa om korleis den tidlege homorørsla organiserte seg og arbeidde. Eg kan vera samd med forfattaren at ein ikkje kan dømma fortida ut frå notida, og at eit notidsfilter øydelegg for å læra av fortida. Men eg meiner samtidig det var eit vikig opprør ein gjorde på 70-talet. Eg vil ha ei homorørsle i Noreg som seier at det er same om me er født sånn, eller om me har vald det sjølv, me krevjer respekt for dei me er. Og eg vil ha ei homorørsle der skruller og transer og SMerar og butcher blir respektert, på lik linje med dei som vil sjå ut som alle andre. Diskresjonskulturen fungerte, men kravet om å få lov til å vera synleg kom fordi hemmeleghaldet blei for trangt og ekskluderande.

Ingrid Baltzersen