Bokomtale ved Ingrid Baltzersen
Dei siste åra har Egil Fossum jobba med ei bok om dei kristne i Midtausten. Resultatet er ei spanande bok som eg vil tru er nybrottsarbeid på dette feltet i Noreg.
Boka startar med tre innleiande kapittel som set oss inn i situasjonen til dei kristne i Midtausten, gjennom 2.000 år med splittingar fram til no. Etter det er det kapittel om dei enkelte landa han har vitja, det er Egypt, Libanon, Syria, Jordan og De palestinske områdene og Israel. I tillegg skriv Fossum at han planla å ha med Irak, men at det ikke vart mogleg på grunn av situasjonen.
Det er ei komplisert historie Fossum fortel, i og med at det finst mange splittingar, kjerker og paver å halda styr på. Skildringa av kjerkegården i Alexandria er eit godt eksempel på det. Her er kjerkegården delt i ti for å kunna skilja kristne av ulik konfesjon og etnisitet, også når dei er daude.
Fossum skriv godt om situasjonen til dei kristne i Midtausten, og om kor viktig den religiøse identiteten er i området. Spørsmålet han har stilt alle han har intervjua er: «Er du araber?» og han har fått mange ulike svar. Maronittane i Libanon identifiserer seg med fønikarane, han får også som motsvar: «Er De viking herr Sossun?», og ein egyptar han snakker med seier at eigentleg er koptarane muslimar og vice versa. Gjennomgåande er også frykten for at det ikkje skal vera fleire kristne i Midtausten om nokre år, at dei kristne flyttar til vesten eller vert omvende til islam.
Fossum har beholdt engasjementet sitt for Palestina, og skriv om korleis dei kristne der føler seg forlatt av dei vestlege kristne, som ser ut til å identifisera seg meir med dei jødiske okkupantane. Men også i Palestina føler dei kristne seg pressa av muslimane, men dei han prater med fokuserer på problema med dei israelske okkupasjonen, og ser på opphevinga av den som einaste løysing også for dei kristne i Palestina.
Dei einaste innvendingane eg har mot boka er redaksjonelle. Eg skulle ynske at dei hadde bruka fleire av bileta Fossum har teke, som han også skriv om i boka. Eg skulle gjerne hatt ei tidslinje over viktige splittingar, og eit kart over dei største konsentrasjonane av kristne i Midtausten. Sjølv om det skal vera ei journalistisk bok og ikkje ei fagbok er slike tillegg til stor hjelp.