Gnist-samtalen: Charlotte Therkelsen Sætersdal

Av Ingrid Baltzersen

2020-01

Gnist får tak i Charlotte Therkelsen Sætersdal da ho akkurat har kome inn døra på hybelen i Oslo, etter å ha kjørt frå heimbyen. Ho sit i kommunestyret i Kragerø for Raudt, i førre periode var ho varaordførar.

Foto: Marius Sætersdal
Intervjuet av Ingrid Baltzersen, redaktør av Gnist

Kva driver du med for tida politisk?

Eg er vikar for Marie Sneve Martinussen, nestleiar i Raudt, som politisk rådgjevar for finanspolitikk i stortingsgruppa. Jobbar der femti prosent no, pendlar til Oslo, og bur på ein bitte liten hybel på Snarøya. Eg får med meg litt klasseperspektiv også når eg er her, Snarøya er jo ein rikmannsstad.

Eg er elles medeigar i ein liten bedrift i Kragerø. Har jobba der i mange år, fører rekneskap. Har også ein liten stilling på Raudt-kontoret i Oslo med kommunepolitikk og er leiar av eit nytt komunalpolitisk utval. Me skal ha første møte i morgon. Me håpar å bli ein god ressurs for folkevalde i Raudt. Ser for oss å bistå nye folkevalde i praktisk folkevaldarbeid. Vil også koordinera folkevaldarbeid rundt om i landet på ulike nivå, så me har ein gjenkjenneleg politikk over alt. Ønsker å formidla gode forslag og vedtak som er gjort ein stad, med folkevalde andre stadar. Som folkevald i Raudt i mange år har eg kjent på at Raudt har mangla eit nav for kommunearbeid.

Du er inne i din fjerde periode i kommunestyret no. Kva gjorde at du engasjerte deg i Raudt?

Det var veldig lokalpolitisk, det var grendeskular i Kragerø som var trua med nedlegging og stor utbygging i havnefronten midt i sentrum i Kragerø. Eg har alltid kjent på klassemøtet. Ein merkar det når ein veks opp i Kragerø med eit lokalsamfunn som har liten utdanningsgrad, låg gjennomsnittsinntekt og levekår som ikkje er så gode, i møtet med Oslos beste veskant som inntar oss kvar sommar. Kragerø har 50 000 turistar, går frå å vera 10 000 fastbuande til 60 000 totalt på sommarstid. Eg trur den krasjen er ein av grunnane til at Raudt og før det RV har vore store i Kragerø.

Ja, eg hadde tenkt å spør om det, kvifor er Raudt så populære i Kragerø?

Det eg nevnte er ein del av det, det andre er at ein har hatt tydelege personar over lang tid, som Ole Andre Engrav som har sete i kom- munestyre for RV og Raudt sidan 1987. Han har vore veldig flink til å vera i kontakt med forskjellige folkerørsler og bringa utfordringar frå lokalsamfunnet og inn i kommunestyresalen. Han har vore ein foregangsfigur og eit godt eksempel på kva ein solid Raudt-politikar kan vera. Etter å ha vore varaordførar i Kragerø i fire år, er det no Høgre, FrP og Senterpartiet som har inntatt kontora. Det var gøy å ha ein sånn posisjon, men eg tenkjer at no har eg gjort det, og det er heilt greit å ikkje ha det lengre også. Men me fekk 12,5 prosent i valet i 2019, så me gjorde vårt andre beste val nokon sinne, har gjennomgåande representasjon og sit i formannsskapet. Me er veldig fornøyd med den posisjonen me har fått etter valet.

Eg hugsar mitt første møte med budsjettarbeid då eg var nyvald representant i bystyret i Oslo i 2007, det var ganske overveldande, eg skjønte ingenting. Korleis var ditt første møte med budsjettarbeid i Kragerø?

Det var heilt forferdeleg, eg hugsar at etter me hadde vore på presentasjon av budsjettet og eg fekk med seg blekka heim, så sette eg meg berre rett ned og gret. Det var også 2007. Det er veldig overveldande, og eg har stor sympati for alle dei nye folkevalde som må forholda seg til det no.

Heldigvis har det skjedd noko med dei dokumenta i fleire kommunar og fylkeskommunar. Administrasjonen har forstått at politikarar ikkje er økonomar, så det er meir tekst enn tal no heldigvis. Ein tenkjer ikkje lenger at det skal vera verdens lengste og mest intrikate og uleselege dokument, men at det faktisk skal kunna gå an å komma seg gjennom for ein som ikkje har økonomisk utdanning eller politisk erfaring.

Det er faktisk mange gode prosessar i gang i kommunane rundt om kring, blant anna «klarspråk» der ein prøver å rydda opp i det forvaltningsmessige språket. Det er eit veldig bra prosjekt, og viktig for Raudt å foreslå denne typen prosjekt i kommunar og fylkes- kommunar. Det er mykje makt i framandord og forvaltningsmessig språk.

Kva er viktig når ein skal laga eit budsjett, når ein som parti ikkje står inne for fordelingsmodellen som gir kommunane for lite pengar?

Viss ein er heilt fersk i politikken, laget er ferskt og det er første gongen ein er representerte i kommunestyret, så tenkjer eg at ein skal prøva å gløyma dei tala som står der. Det er ein del prinsipp bak kommueøkonomi som ikkje nødvendigvis Raudt kan stilla seg bak, blant anna det at ein skal ha eit visst prosentmessig overskot. KS anbefaler 1,75 prosent mindre forbruk i driftsbudsjettet og at alt av overskot skal stuast bort på fond. Dette er prinsipp som er vanskeleg for Raudt å vera med på, at ein skal kutta i velferdstilbod med den eine handa, og så skal ein spara dei på fond med den andre.

Det å utfordra dei overordna prinsippa der kan godt vera like viktig som å flytta på nokre få millionar. Det vil seie å ha eit overordna ideologisk blikk på korleis kommunen vel å styra pengane til innbyggarane.

Korleis var det å laga budsjett saman med andre parti då dokker sat i posisjon?

Då sette me oss ned i alle dei fire partigruppene som samarbeidde og spikra ut nokre ting ein ville gjera med budsjettet, reint talmessig. Og så møttest me, og krangla om det. Då er det jo veldig lurt å på førehand bli einige internt i partigruppa om kva ein kan gi slepp på og ikkje. Men det med budsjett blei me fort einige om. Når ein styrer saman med Arbeidarpartiet, så er mi erfaring at dei er glade i å styra og ikkje så glad i politiske detaljar, så viss ein møter godt førebudde til budsjettmøte, så får ein ofte stort gjennomslag.

Fekk de nokon gong negative reaksjonar frå lokalbefolkninga på budsjettet?

Også når Raudt styrer i kommunen, så er det gitt kva ein får frå regjering og storting, og økonomien er stram. Så det er viktig å vera tydeleg heile tida til innbyggarane om kva som er dine krav, og ha openheit rundt det. Mange gongar når ein endar med å få kjeft, så er det fordi for eksempel fire parti som styrer sitter saman sit og kokkelerer, og så kjem dei ut med eit forlag som eigentleg ingen er nøgde med, og ingen veit korleis prosessen har foregått. Det er viktig å vera open med velgarane sine før ein budsjettprosess om at dette er det me vil oppnå i år. For oss var det viktigaste i år at barnetrygda skulle haldast utfor utrekninga av sosialhjelpa. Me har då opplevd at så lenge me har vore tydelege på det, så blir velgarane glade for det du får til, heller enn å bli sinte på det du ikkje får til.

Det er sant at det er alvorleg det ein gjer i eit budsjett, men i eit kommunalt budsjett så er det lite pengar ein flyttar på. Så lenge ein ikkje overser eit heilt forferdeleg forslag som er stikk i strid med politikken ein fører, så går det vel som regel greitt. Me haldt på å gå på ein kjempesmell andre året me sat i posisjon. Då hadde rådmannen ved ein feil gjort at den sida med eit forslag om nedlegging av ein barnehage hadde falt ut av budsjettforslaget. Forslaget var ikkje med på budsjettet som var på nettbretta til politikarane, men det fanst i ein versjon av budsjettforslaget. Det haldt på å gå alle politikarane hus forbi, og me skjønte ingenting då dei starta å skriva om det ein dag før budsjettet skulle vedtas.

Det er ei sjokkkjensle når ein havnar i posi- sjon når ein har vore mange år i opposisjon. Plutseleg har ein ikkje fridommen til å vera den som kritiserer og rabulerer rundt alt. Ein blir stilt til ansvar for mange ting ein ikkje meiner heilt ut sjølv. Men eg meiner det er ein viktig del av det å skulle vera eit tydeleg og faktisk reelt alternativ. Så dette er ei viktig øving for oss.

Korleis har det vore å jobba med budsjettarbeid på Stortinget?

Det har vore veldig travelt, men veldig gøy. Det som er fantastisk med å jobba med stortingsbudsjett heller enn lokalt budsjett, er at ein lagar sine eigne pengar! Det kan ein jo ikkje gjera på lokalt nivå, der det einaste ein eventuelt kan gjera, er at ein kan justera eigedomsskatt litt opp eller ned. Det har vore eit mykje meir givande poli tisk prosjekt å vera med på å laga stadsbudsjett, fordi då kan ein forma eit heilt økonomisk samfunn på nytt.

Men til forskjell frå då du var i posisjon lokalt, så lagar du jo no eit fantasibudsjett?

Ja, det gjer jo alle partia som er i opposisjon, også dei store partia. Men ein kan jo visa mykje tydelegare ei politisk retning i eit forslag til statsbudsjett. Raudt gjorde ein genial ting i forfjor då ein laga sitt første heilskaplege statsbudsjett. Det var å skru skattenivået opp til nivået under den siste raudgrøne regjeringa for å synleggjera kor mykje velferd regjeringa har kutta bort. Det er eit godt politisk poeng å visa kva dei tjuefem milliardane i året kunne gitt oss av velferdsreformar. Det ville vore innfasing av gratis tannhelse, gratis barnehage for femåringar, auke av barnetrygda og andre store velferdsreformar. Det er ingen politisk utopi å få det til, ein treng berre gå nokre få år tilbake, så hadde staten dei pengane.

Sjølv om me går tilbake til raudgrønt skattenivå, så viser me at me har ein annan omfordelingsmodell og skattemodell. Det me kallar dynastiskatt er mykje meir progressiv skattemodell, som blant anna inneber at dei som tener under 600 000 i året, ikkje får skatteauke. Me vil henta skatteinntektene hos dei som tener mest. Den omfordelingseffekten har ein eigenverdi ut over akkurat det budsjettet.

Når me ser det som er lagt fram i budsjettet frå regjeringa no med kutt i AAP, barnebriller og tannregulering, sånne smålege kutt som ein ikkje kan tru er sant, så er det ei viktig politisk øving å visa dei andre partia korleis ein skal fordela pengane motsett veg av det regjeringa gjer. Det er hovudbodskapen i budsjettet vårt. Det er ingen hemmelighet at Raudt har eit arbeidsprogram som er veldig dyrt. Arbeidsprogrammet er ikkje nødvendigvis eit operasjonalisert stortingsprogram, men etter landsmøtet i 2021 så må ein ha eit arbeidsprogram som har konkretisert politikk. Så me ikkje havnar i skvis mellom å laga eit realpolitisk budsjett som skal passa i 2020, og noko som skal passa vårt arbeidsprogram. Eg meiner ikkje at me skal fira på krava våre, men at krava må fasast inn. Me vil ein heilt annan stad til slutt, men no har ein vald å vera med på å søka parlamentarisk makt og delta i Storinget, så då må ein ha ein plan for å komma dit innfor det systemet som er no. Den balansen er morsom å jobba med, og blir gøy fram til landsmøtet i 2021. Det som er så fint med Raudt, er at me har vakse frå kommunen og inn på Stortinget. Det er ute i kommunane me har vakse og blitt større først, og der me har lært politikk, og så har me bragt inn dei erfaringane i Stortinget. Så det å knytta dei to nivåa saman og gjera politikken operasjonell, synst eg er gøy.

Kva oppnår ein med budsjettarbeidet på Stortinget?

Når ein stemmer over eit budsjett, så stemmer ein over ein pakke. Det er ikkje så mange moglegheitar å få gjennom pengemessige krav så lenge ein ikkje er i regjering eller støtteparti. Men me har sett at Raudt har bidratt til å aktu- alisera at barnetrygda skal stå utfor sosialhjelpsutrekninga, og pressa KrF på det. I Granvollenerklæringa og budsjettet kom det ei merkeleg mellomløysing på det, som sikkkert ikkje er verd papiret den er skriven på, men det er jo eit lite skritt.

Når det ikkje er valår, så er det ikkje så mange utfor organisasjonen vår som er opptatt å setta seg inn i vårt budsjett. Men det er ei kjempenyttig øving for stortingssekretariatet og partiet. Det er første gongen me skal operasjonalisera politikken vår og gjera den om til moglege politiske vedtak. Det er også eit nyttig dokument for folkevalde på andre nivå. Stortingsbudsjettet er ein grei ting å ha med seg inn i dei lokale budsjettdebattane, ein har blant anna oversikt over kor mykje meir kommunane hadde fått i frie overføringar viss Raudt hadde fått gjennom sitt budsjett på Stortinget. Ein har også brukt det for å laga eksempelbudsjett lokalt.

For andre år på rad heiter Raudts statsbudsjett «Det er mulig». Det synst eg er ein veldig fin tittel som gjenspeiler det me har snakka om no. Me skal vera det tydelegaste opposisjonspartiet og me skal villa noko heilt anna enn det som rår i dag. Men det er samtidig mange gode ting me kan gjera på vegen dit. Så det å laga stadsbudsjett gjer det vanskeleg for andre parti å avskriva oss som eit utopiparti.