Ukategorisert

«Giske-reforma» – ein kritisk kommentar

Av

AKP

av Paul Eriksen, NKS

Den sokalla Giske-reforma, eller kvalitetsreforma som ho òg har vorte omtala som, skal gradvis innførast ved universitet og høgskular frå hausten 2002, og har vore førebudd av Mjøs-utvalet og Giskes Stortingsmelding nr. 27 (2000-2001): «Gjør din plikt – Krev din rett!».

Alt i 2000 tona Kristin Clemet flagg og uttala i Universitas at sambandet mellom universitet og næringsliv var for dårleg. Arrogansen frå universitetshald sette kjelkar i vegen. Difor kjenner ho seg nok privilegert no som ho har teke over Trond Giskes reform. Det store samsvaret i meiningar om universitetspolitikken mellom DNA-statsråden og Høgre-statsråden, med rett nok eit visst retorisk avvik, stadfester at båe målber interessene til det styrande borgarskapet. Finansfyrstane ekspanderer no endå meir enn tidlegare, og nye jaktmarknader skal gjennomsøkjast. Etter Gats-avtala kan no utdaning gjerast til vare, med fri etableringsrett for nye høgskular og universitet. Kjell Roland ved «Econ senter for økonomisk analyse» spådde i 2000 at Harvard og Oxford vil oppretta filialar i Noreg og tilby nettbasert undervisning innan få år. Utdaningsmarknaden er interessant for kapital på utkikk etter nye investeringsprosjekt. Med Giske-reforma vert det klassiske universitetsidealet ofra på monopolkapitalen sitt altar, til skade for studentar og tilsette.

Ein annan observatør som fører fram synsmåtane til kapitalen, er Hans Geelmuyden, i firmaet «Geelmuyden.Kiese». Kommunikasjonsrådgjevaren meiner universitetet ber merke av «gjensidig navlebeskuing og beundring». Universitetet i Oslo er eit elfenbeinstårn som i altfor liten mon er ute etter å verta det beste i Europa. Vitskapleg tilsette ved norske universitet vinn for få internasjonale prisar, og han viser til resultata frå Harvard i USA med stor rikdom, stor fagleg spreiing og få studentar. Det er for lite resultatorientering i Noreg, og ressursbruken er ikkje streng nok. Den praktiske konsekvensen av oppskrifta til Geelmuyden ser me i USA: Staten ber mindre og mindre av kostnadene med universitetsforsking, støtta frå dei private aktørane aukar. Desse krev representasjon i styre, reklamelogoar på lærestaden, annonsar i lærebøker, einerett til ymse forsking m.m. Knut Kjeldstadli skildrar liknande tilhøve i Australia, der systemkritikarar får problem med å gje ut bøker og misser kontoret sitt av di halvparten av midlane til universitetet der dei arbeider, er finansiert av det private, som då set klåre råmer for kva som burde skrivast og publiserast.

ERT, kapitalen og «globaliseringa»

Den internasjonaliseringa som Geelmuyden tek til orde for, vil no koma i stor stil – det er nærmast som eit motto for tidsalderen me lever i. Som progressive ser me sjølvsagt positivt på tiltak som kan styrkja internasjonal solidaritet og kontakt mellom kulturar og folkeslag. Men internasjonaliseringa til kapitalen tyder straumlineforming og einsretting etter leisten til USA og/eller EU. Akademisk arbeidskraft skal flyta fritt og uhindra på den frie marknaden til liks med anna arbeidskraft, varer, kapital og tenester. Den mektige lobbyistklubben European Roundtable of Industrialists la i 1994 fram ein rapport som understreka kor viktig det var med koplingar, sokalla partnarskap, mellom industri på eine sida og universitet og høgskular på den andre. I omtalene av kvalitetsreforma frå departementet vert mobiliteten av studentar framheva spesielt, og difor lyt utdaninga harmoniserast til anna høgare utdaning i Europa, heiter det. Målet er altso at fleire skal taka ein del av utdaninga si ute, og i den forstand vert òg studium formidla på engelsk vektlagt.

Dekanen ved Mat.nat-fakultetet i Oslo har jamvel sagt at regelen om å halda førelesingane på norsk, er forhistorisk. I same gata er Janne Haaland Matlary som i Zoon Politikon nr 1, 2002 seier om bruk av engelsk: «Da slipper jeg problemet med å oversette de engelske fagtermene til norsk, og når man hele tiden leser faglitteratur på engelsk føles det mer naturlig også å forelese på engelsk.» No er òg universitetslova endra på dette punktet: Norsk treng ikkje lenger vera det vanlege universitetsspråket, endå det høgst sannsynleg vil halda fram å vera det endå ei stund. Engelsken kjem likevel til å vinna terreng fordi morsmålet vårt vantar prestisje, og trenden i tida er å etterlikna utlandet. Norsk husmannsånd er i dette stykket slett ikkje utrydda. Engelsk fossar fram i lag med den forserte kapitalismen – «globalisering» er løyndarnamnet til imperialismen i vår tid. Studiepoeng til avløysing for vekttala er ledd i den same trenden som framveksten av engelsk undervisningsmål. 60 studiepoeng svarar då til 20 vekttal. Endringa heng òg i hop med modulariseringa, som stykkjar opp faga i mindre einingar.

Kva er risikoen me tek ved å innføra fri flyt av akademikarar? Jau, me kan koma til å oppleva større flukt av høgt utdana arbeidskraft. Ein stipendiat i Wien tener like mykje som ein professor i Oslo, viser granskingane til Geir Høgsnes ved Universitetet i Oslo.

Akademikarar fær som regel betre løn på kontinentet enn her, og med dei sterke råvare- og energiressursane våre kan me forsterka den einsidige innrettinga av norsk økonomi og innsnevra spesialkompetansen vår til berre desse felta. Det er òg eit spørsmål i kampen for full sysselsetjing av akademikarar at den frie flyten fritek styresmaktene frå ansvaret sitt. Avstanden mellom akademikarar og folk flest kan auka dersom folk med høgare utdaning fartar på tvers av landegrensene, eit akademisk jetset, medan vanlege arbeidsfolk som oftast er nokso stadbundne. Fagleg utveksling internasjonalt er visseleg eit gode som må halda fram, men utviklinga ber med seg andre aspekt som me òg lyt taka med i reknestykket. Me bør ikkje innretta oss på ei framtid der Noreg vert einsidig energi- og råvareleverandør perifert i eit tyskdominert NEU(ropa).

Kunnskapssamfunnet?

Det har dei siste tiåra vorte skapt ein myte om at me lever i eit kunnskapssamfunn, hinsides industri- og klassesamfunnet. Denne myten er ikkje berre paradoksal på det planet at krøssusane i samtida vår har slege seg opp utan større formell kunnskap (jamfør Kjell Inge Røkke som rømde frå skulen og til sjøs), og at andre vanlege folk som stig til lønstoppen, ikkje gjer det takk vere langvarig kunnskapstileigning, men monopol- og masseforbruksbygginga rundt heilagdomen i vår samtid, fotballen. Over tjue av dei hundre rikaste svenskane er ishockeyspelarar, viser Mikael Nyberg i boka si Kapitalet.se. Desse er utvilsamt dugande handverkarar, men stor dugleik finst det òg mellom gartnarar og reingjeringspersonale utan at dei når inntektstoppen. Dette handlar om merkevarebygginga under kapitalismen.

Gjennom patentar, opphavsrett og ålmenn ressurstilgang syter kapitalen for å halda oppe dei grunnleggjande skilja i verda: Det er framleis pengar, og ikkje kunnskap, som styrer rike og land, og alle dei flinke indiske programmerarane i IT-industrien vert tannhjul i maskineriet til dei vestlege monopola. Det er ikkje slik som den amerikanske nasjonaløkonomen Robert Reich har sagt at dei sokalla symbolanalytikarane, høgt kvalifiserte arbeidarar og føretaksfolk, er dei som stig til himmels i verda i dag. Tvert om utviklar mykje tidlegare intellektuelt arbeid seg i retning av rutinar og faste, nærast mekaniske operasjonar. Unge som høyrer festtalene om kor viktig kunnskap og kompetanse er for framtida og tek høgre utdaning, risikerar å hamna i eit lågtlønt arbeid dei som regel er overkvalifiserte for. Ved eit museum i Oslo vart det kravt historie hovudfag for å kunna tasta inn opplysningar om dei tinga som fanst i gjenstandssamlinga.

Difor er det òg ein tendens i EU-land med klagemål frå styremaktene om at utbygginga av universitet og høgskular har gått for snøgt. Høgare avgifter og lukking av universitet vert planlagt. Det som European Roundtable of Industrialists no etterspør, er store mengder tilpassingsføre individ som er i stand til å hanskast med det meste. Fordjuping av studiet skal fyrst skje på forskarnivå, heilt i samsvar med planane i Giske-reforma. Når næringslivsleiarane vert spurde om kva dei legg mest vekt på hjå ein god arbeidstakar, er det den sosiale kompetansen som flest peikar på. 59 % svarar at arbeidaren skal vera triveleg, glad og open. 57 % svarar at ho eller han må lett kunna tilpassa seg til gjeldande reglar i organisasjonen. Meir kortvarige kurs som øver opp serskilde evner som dosar av IT-kunnskap, framande språk, teknisk kultur, entreprenørskap og sosiale ferdigheiter, framstår som meir aktuelle for næringslivet enn heilskaplege studium.

Det er i ljos av dette me lyt sjå framlegga om modularisering av faga i kvalitetsreforma. Diverre er det ikkje alle studentane som innser dette.

NSU i rolla som klakkør

Mottakinga hjå NSU av reforma har nemleg få element av kritikk i seg: «Dette blir tidenes utdanningsreform. Det blir store og dramatiske endringer, men de er sårt etterlengtede,» seier Kamil Azhar, leiar i Norsk studentunion (NSU) til Dagbladet 14. august 2002.

NSU har hylla den sokalla kvalitetsreforma nesten reservasjonslaust – dette er ikkje tilfeldig. Samrøret mellom departement, sosialdemokrati og studentparlament har utvikla seg frodig dei siste åra. NSU ynskjer seg tettare oppfylgjing av studenten, meir profesjonelt styre av universitetet (les: eksterne næringslivsfolk) og høgre tempo. NSU har òg vore eit tydeleg talerøyr for å oppretta eit eksternt akkrediteringssenter som skal vurdera prestasjonane ved dei ulike lærestadene. I det heile verkar det som om det statsfinansierte studentbyråkratiet i NSU har lovsunge sterkare grad av kontroll og overformynderi, endå det tvert motsette, større fridom og individuelt val, har stått høgt i kurs før. I røynda syner vel ikkje dette noka nemnande haldningsendring hjå borgarskapet, men heller det at ideologien – mytane kring det falske medvitet – pakkar inn og tilslører realitetane. Den månadsvise utbetalinga av lånet fører òg med seg meir oppassing av studentane og framdrifta deira. Datatilsynet gjev no Lånekassa rett til å kontrollera alle likningsoppgåver kvart år for å finna ut om studenten tener meir enn 100.000 kroner i året.

Ytre press og indre disiplin

Mykje tyder på at det vert meir tautrekking om relativt mindre midlar i åra som kjem: «Dess mer vi bruker på virksomheter som gir beskjedne inntekter, dess fattigere blir UiO som helhet,» sa Arild Underdal, rektor ved Universitetet i Oslo, i Universitas 10. april 2002. Underdals syn er typisk for dei som har gjeve opp kampen mot sjølve reforma, og heller prøver etter fattig evne å innretta seg med færre midlar. Det er ikkje lenger berre ei lita klo av marknadstenkjing som er karakteristisk – råmeverket i det store og heile vert lagt av tilbod og etterspurnad. Sviktar studentane eit fag ein periode, set universitetet snart kroken på døra for det breie fagtilbodet. Mindre tilskot frå det offentlege fører til dømes til ei stegvis nedbemanning og nedskjering av faga ved HF, der det serleg er mange språkfag som fær smaka sparekniven.

Rett nok er det få studentar som ville ha teke keltisk målvitskap, som vart lagt ned våren 2000, men det problematiske ligg i sparepolitikken generelt. Då dekan Even Hovdhaugen ved HF i Oslo og avdelingsdirektør Toril Johansson grunngav nedskjeringa av fag i 1998, var det for å tryggja driftsmidlar for forsking. Me kjem tvillaust til å oppleva fleire innhogg i fagtilbod etter kvart som det indre sjølvstyret utviklar seg og styresmaktene kjenner seg mindre bundne til å støtta eit breitt og allsidig universitet. Private aktørar er smått om senn på veg inn, litt svingande med konjunkturkurva. Statoil sponsar faga geologi og geofysikk med minst 2 millionar kr for å granska geologien på Svalbard og utvalde oljefelt. Det er grunn til å rekna med at dette prosjektet ikkje vil stella altfor mange spørjeteikn ved det litt problematiske i å opna for boring i den sårbare naturen på Svalbard.

Oppdragsgjevaren syter vel for å få so nokolunde dei svara han bed om. Då forskarar ved Universitetet i Århus påviste at V6 tyggjegummi ikkje motverkar hol i tennene, fekk dei problem og tyggjegummiprodusenten som hadde sponsa dei, ville gjerne gje dei munnkorg.

Farvel til hovudfagsoppgåva

Media har i denne saka som i mange andre gjort sitt ytste for å gjera makta til lags: «Nå starter Kristin Clemets utdanningsrevolusjon. Studentene skal bli raskere og dyktigere – eller så kan de finne seg noe annet å gjøre,» stod det i Dagbladet 14. august 2002. Men for å seia det med Anders Folkestad: Det er ein underleg logikk at me skal læra meir av å studera mindre. Cand.mag-graden og hovudfaget vert krympa samstundes som dei skifter namn til bachelor og master. Lågare grad, cand.mag, skal vera tre år mot fire i dag. Graden stiller òg nye krav om fagleg breidd – tre år på lågare grad oppfyller ikkje av seg sjølv krava til å få bachelor. Siste sjanse til å fullføra den gamle cand.magen er hausten 2005. Fyrste gongen bachelorgraden vert utdelt, er hausten 2003. Fag som derimot ikkje er naudsynlege for å få graden, vert ikkje godskrivne.

Hovudfagsoppgåva er den prøva på teoretisk fordjuping som studenten får i studiet sitt. Her kan ho eller han trengja lenger ned i materien og forska på eit sjølvvalt emne – dersom noko er utviklande og stimulerande for studentar, må vel det vera nettopp dette. Dei færraste som tek høgre utdaning, vert forskarar seinare i yrkeslivet, men hovudfagsoppgåva er eit einstaka, gylle høve til å gå forbi parafrasane over andre sine verk og seia noko originalt, som utfordrar paradigme og hegemoni i faget. No er det slett ikkje slik at studentane står i kø for å skriva oppgåver som verkar grenseoverskridande og samfunnskritiske. Likevel er det viktig å taka vare på dei verkemidla som har gjeve progressive eit visst armslag til å setja større problem under debatt, t.d. krigsavhandlingane til Terje Valen og Lars Borgersrud alias Ottar Strømme, som båe leverte sine seinare bokmanus på Oktober forlag som hovudfagsoppgåver.

I Uniforum 5. oktober 2000 leverer Arne Melberg, professor i ålmenn litteraturvitskap, eit forsvar for hovudfagsoppgåva. Han åtvarar mot amerikanisering og endring for endringa si skuld. Tilhøva i Sverige, som gjennomførde si Mjøsreform for 30 år sidan, skræmer. Hovudfaget er borte der, og vegen fram til seinare doktorgrad ser ut til å vera blokkert for minst ein generasjon svenskar. Eit studium med hovudfagsoppgåva har høg verdi av di det gjev tid til å tenkja, vera kritisk og øva seg i vitskapleg skriving på rimeleg høgt nivå. Det er ikkje luksus å tilby hovudfag, for denne typen forskarutdaning gjev kompetanse på mange viktige område. So langt Melberg. For oss som meiner ei fullverdig hovudfagsoppgåve høyrer med der det tradisjonelt har vore ein del av studiet, må målet vera å få flest mogeleg til å velja den forskingsbaserte masteroppgåva, som er ein av tre typar det skal vera tilbod om frå hausten 2003. Dei andre er den yrkesretta masteroppgåva og ein master som gjev kompetanse på andre område enn bachelorgraden.

Den gongen borgarskapet var progressivt …

Det humboldtske universitetsidealet rimar dårleg med den utviklinga me ser no, ja på sett og vis er det vel noko av negasjonen til dette som stig fram. Humboldt førde strid mot dei som berre ville ha praktiske utdaningssentra for teknologi og statsadministrasjon. Han ynskte heller å lyfta fram att dei gamle humanistiske ideala frå renessansen: Universitetsstudiet skulle nemleg tilby utvikling av heile personlegdomen. Profesjonaliseringa av forskinga gav betre vilkår for vitskapleg kvalitet. Viktige stikkord var daning (tysk Bildung) og fri forsking. Universiteta skulle systematisk produsera ny kunnskap. Det skulle ikkje byggjast opp noko skilje mellom forsking og undervisning; tvert om burde det vera intim kontakt mellom desse to. Fridomsideane frå Den franske revolusjonen og den tyske motstandskampen mot Napoleon gav inspirasjon til Humboldt for å skipa eit reformuniversitet i Berlin. Den einskapen mellom liv og lære som Humboldt forfekta, stod i kontrast til dei som ville ha ein rein yrkesførebuande skule.

Tanken var at studentane fritt skulle kunna leggja opp sitt eige studium utan for mykje tidspress. Studia skulle òg vera ein refleksjon over dei emna studenten tok føre seg og kva for ein kulturell tradisjon dei stod i. Nytteomsyn såg Humboldt reint bort ifrå. Serskilt var det typiske tekstlesingsfag som gresk og latin som fekk eit oppsving med denne tenkjinga. Humboldt var sjølv språkforskar, og seinare vart han prøyssisk utdaningsminister. Han var kjend for å vera liberal, men han vart pressa til å inngå kompromiss. Gradvis vart universiteta underlagde sterkare statskontroll – staten sat på pengesekken og utnemnde professorar. I eit visst tidsrom hadde likevel universiteta sopass fridom at dei gjorde store vitskaplege framsteg. Då Karl Marx tok doktorgraden sin i antikk filosofi, gjekk han ved eit universitet i Jena i Tyskland som var prega av humboldtske ideal.

No skal det i rettferds namn seiast at det ikkje er motstrid mellom Humboldt og Giske/ Clemet på alle punkt. Til dømes ynskte Humboldt større medverknad frå studentane i undervisninga med framføring av førebudde innlegg. Skilnaden her ligg vel då at dei norske reformatorane vil påby mapper og skriving, medan Humboldt såg det meir som friviljug. Planane til Humboldt er gode vitnemål om ambisjonane til det framstormande borgarskapet då det var progressivt.

Humboldt er historie, men ideala hans bør vera til inspirasjon for oss som ikkje ynskjer at universitetet skal hamna i marknaden si hole hand.

Meir kontroll over studiekvardagen

Tid og tempo er gjorde til avgudar innanfor turbokapitalismen. Management-by-stress- og just-in-time-prinsippa skal gjelda i utdaninga òg. Lever varene utan for mykje daudtid og lagring, investert kapital skal forrentast. Eit meir langvarig og intensivt studieår seiest vera svaret på innvendingar mot nedkorta studielaup, men er det so opplagt at dette løyser problemet? Litt pustehol mellom dei mest intense fasane trengst nok, jamvel om studia heretter jamt over skal vera meir bindande og forpliktande for studenten enn tidlegare.

Obligatorisk frammøte, mappeevaluering og deleksamenar vil knyta studenten fast til ein viss bestemt mal, med lærarkreftene i sentrum. Førelesarane er som regel betre enn ryktet sitt, men det spørst om samanblandinga av rollene som lærar og sensor kan føra til ulike typar smisk, godsnakking og eit karaktersnitt over det gamle for at lærestaden skal få økonomisk utteljing. Gode resultat og stor gjennomstrøyming er kriterium for å skaffa seg offentlege kroner. Som Gjert Vestrheim ved Universitetet i Bergen skreiv i Studvest 13. september 2000: «(Mjøs-)Utvalget ser heller ikke at friheten er en del av utdannelsen, og at lavere vekttallsproduksjon er prisen for å lære å bruke denne friheten.»

Modulariseringa av faga viser at dei herskande kreftene ikkje oppfattar faga som heilskapar med ein indre samanheng. Endringa kan koma av at ein vil tekkjast næringslivet, som kan senda medarbeidarar til påfylling på universitetet og då berre ta føre seg utvalde bolkar av faga. Visa om den livslange læringa, som botnar i den ofte tilbakevendande arbeidsløysa, er ein bakgrunnsmelodi for omforminga av universitetet. Rune Slagstad kalla det serviceuniversitetet i Klassekampen 14. september 2002, der yrkesinnretta kurs skreddarsydde for kundane, dvs. arbeidsgjevarane, vinn fram.

Studiekontrakten er eit kapittel for seg. All tale om fridom og fleksibilitet verkar påfallande hol og meiningslaus i denne samanhengen. Både fagkombinasjon og progresjon skal avtalast mellom student og studiestad på førehand, og avtala er bindande. Ein kan ikkje skjøna anna enn at fridomen vert innskrenka her.

Innvendingane frå studentane om at oppfylgjinga er mangelfull i dag, er sjølvsagt rettkomne. Det er fornuftig å få tilbakemeldingar og rettleiing undervegs i studieåret på det du skriv. Slike mapper kan sjølvsagt vera ei styrkjing her. Samstundes burde ikkje dette nedgradera ei heilskapleg gjennomprøving av pensum når studieåret er omme. Mappene kan verka meir pensumdisiplinerande, og andre sesongavhengige studentaktivitetar innanfor kultur, idrett og politikk kan koma til å lida med det. Fagkritikken kjem vel heller ikkje til å få gode vekstvilkår med dette systemet. Presset mot standardar og timeplanliknande studieopplegg verkar kjøvande på lysta til å prøva ut avstikkarar frå den slegne landevegen. Auka gjennomføringstakt og disiplin skal frigjera ung arbeidskraft der 50- og 60-åringar fell ifrå pga. eit meir brutalt arbeidsliv.

Til sjuande og sist er gjennomføringa av Giske-reforma eit ressursspørsmål der staten sit med jokeren i ermet. I Universitas 14. mars 2001 uttalar sosiologen Gunn Elisabeth Birkelund seg om reforma og seier at reforma vert pressa på ovanfrå. Dersom det ikkje kjem omframme løyvingar, er det uaktuelt med det nye evalueringsopplegget med mapper. Denne typen tettare oppfylgjing av kvar student er 20-25 % dyrare enn ordninga i dag.

Statsbudsjettet frå Bondevik II-regjeringa hausten 2002 gjev 220 millionar kroner; det er 580 millionar for lite i høve til utrekningane til Universitets- og høgskulerådet.

Kritiske røyster

Det finst altso kritiske røyster mot Giske-reforma, men dei er vonlaust trengde i bakgrunnen av høglydte hyllestbrøl frå velsmurde klakkørar. NKS, AKP og Raud Front i Oslo og Rosso i Bergen har flagga kritikk mot reforma, endå han ikkje har lukkast med å breia seg over so mange spaltemeter i universitetspressa. I tillegg ser me at profesjonsstudia stretar imot:

Arkitektstudentane i Oslo var tidleg ute med protestar med nedkorta studielaup. Musikkskulane som Griegakademiet i Bergen er skeptiske til å kutta på studielengda, som i deira tilfelle forringar utdaninga jamført med utlandet. I andre land er nemleg utdaninga på fire år, slik som det har vore til no i Noreg. Med Giske-reforma kjem den norske utdaninga ned i tre. Musikkfaga er mogningsfag som krev tid, og ingen har noka tru på at studiet kan intensiverast noko serleg. Individuell oppfylgjing er det frå før i musikkutdaninga. Rektor ved Musikkhøgskolen i Oslo tek bladet rett frå munnen: «Effektiviseringspresset er antikunstnerisk, antikulturelt og antimenneskeleg.» Ved lærarutdaninga er det slett ikkje alle som er bergfast overtydde om at kortare studielengd er tingen der heller. Jorunn Bjørgum held fram at dersom pedagogane skal undervisa, må dei ikkje berre ha ei god form, men òg eit påliteleg innhald. Dei må kunna stoffet sitt. På jussen, som i Oslo har prøvd ut bokstavkarakterar nokre år alt, er det utbreidd misnøye med skalaen av di han er for unyansert og omtrentleg. Arbeidsgjevarane steller seg undrande til karakterutskrifta og arrangerar i staden eigne opptaksprøver for å finna ut dugleiken til jobbsøkjaren. Fem av seks verksemder som var med i evalueringa av bokstavkarakterane, vende tommelen ned for den nye skalaen. Eit problem er det òg at kombinasjonen av tal- og bokstav-karakterar skaper forvirring og gjer det vanskeleg med utrekning av snittkarakterar. ECTS-systemet (European Credit Transfer System) etter Bologna-fråsegna føreskriv bruk av bokstavkarakterar, og ECTS vert hjelpt fram av integrasjonsprosessen i EU og den indre marknaden.

Karakterar er ein sorteringsmekanisme, og med det nye systemet for interne sensorar er det grunn til å ottast at premiering eller straff kan gjera seg meir gjeldande enn før. Karakterar speglar ofte sosial bakgrunn og politiske oppfatningar, og er slik sett uheldige. På hi sida er det òg etterspurnad mellom massane etter eit mål for fagleg framgang. Same om karakterar fungerar noko subjektivt ut ifrå dei rådande makttilhøva, viser dei òg til måling av resultat som folk er interesserte i. Det er ingen grunn til å tvihalda på den etablerte karakterskalaen, men han er likevel kjend i vide krinsar, fangar opp endringar lettare enn ein grovdelt skala og han hindrar kan henda dobbelprøving av kunnskapen gjennom harde opptaksprøver til jobbar. Illevarslande er det òg at det ikkje er utarbeidd felles retningsliner ved overgangen frå ein karakterskala til ein annan. Same om mange på venstresida med rette er skeptiske til karaktergjeving, er det i dag viktig å forsvara ein innarbeidd skala som vert rydda av vegen for at Noreg skal gli lettare inn i falden av EU- og USA-tilpassa samfunn.

Når skytset vert retta mot lærarkreftene

Eit gjennomgåande serdrag ved studentetablissementet er den sterkt eksponerte uviljen mot lærarkreftene, som ofte vert mistenkjeleggjorde. Sjølvsagt skal me ikkje stikka under stolen at det røynleg er visse motsetnader mellom studentar og førelesarar gjennom slike ting som bakgrunn og tilnærming til stoffet, men saman har dei som kjent ein felles hovudfiende i ein økonomisk meir og meir nøyereknande og påhalden stat. I Universitas 2. oktober 2002 kunne me lesa at studentparlamentsleiaren i Oslo, Torstein Lindstad, var rasande på professorar som skulka pedagogikkurset. For oss er det definitivt ingen grunn til å ta skulkarane i forsvar – dei hadde sikkert hatt godt av ein porsjon med innføring i pedagogikk. Endå det ikkje er noko mål at alle førelesarar skal ha same stil og framferd, er det klårt at ei meir felles forståing for kva ei førelesing går ut på, hadde vore tenleg. Den stendige masinga om den manglande motivasjonen tener likevel til å undergrava eit samhald som må kjempast fram mellom vitskapsfolk og studentar. Dei studenttillitsvalde må ta inn over seg at dersom undervisninga skal fornya seg, må ho vera forskingsbasert og godt underbygd. Det er serleg vanskeleg når det ikkje vert løyvt pengar til å løna fleire tilsette, og når tid som skulle vore nytta til førebuing av undervisning, går bort i å skriva søknader om å få støtte frå det private næringslivet.

Universitetet har aldri vore nokon freda oase der løyndomsfulle og betrevitande akademikarar kan søkja livd i elfenbeinstårna sine. Tvert om. Jarnlovene til kapitalismen har vore gjeldande ved akademia sidan den borgarlege revolusjonen. Likevel har universitetet og i nokon mon høgskulane note godt av ein relativ fridom til forsking, kritisk refleksjon og djupdykk i og utfordring av det herskande hegemoniet. Studentar har nokre gonger teke parti for det arbeidande folket og gjeve stønad til nasjonale frigjeringsrørsler og antiimperalistisk kamp. Både Ottosen-komiteen på slutten av 1960-talet og Mjøs-Giske-Clemet-reformismen i åra kring 2000 er steg på vegen mot å rigga ned denne relative fridomen.

Borgarskapet sviktar no i mange av dei gamle fanesakene det kjempa for då det var revolusjonært og likviderte føydalismen: Fri forsking og utdaning, folkerett, nasjonal suverenitet, ytrings-, prente- og organisasjonsfridom, det borgarlege demokratiet med parlamentarismen (den milde forma for det borgarlege diktaturet): i større og mindre mon vert dei alle trampa på. Kapitalen lyfter på maska si og syner sitt sanne andlet. Det er dei revolusjonære i dag, arbeidarklassa med sine forbundsfellar, som må lyfta desse kampsakene fram att. I einskildsaker kan og bør progressive gjera taktiske alliansar med småborgarlege krefter som tek like eller liknande standpunkt som me, t.d. Rune Slagstad, som med sterk verdikonservativ haldning bryt staven over Mjøs-utvalet. Målet vårt er ikkje å kjempa mot endringar for kvar pris, men å demma opp for den reaksjonære politikken som styresmaktene går i brodden for. Me må òg greia å fanga opp den motstanden mot reforma som finst spreidd og sporadisk innanfor akademia.

Oppsummering

I stutte drag: Kvifor bør progressive vera motstandarar av Giske-reforma?

1. Universitet og høgskular vert knytte nærmare opp til næringsliv og marknadskrefter gjennom sterkare fokus på eksterne (næringslivs-)representantar i styra, t.d. Paul Chaffey, som på stutt tid gjekk frå SV til NHO, gjennom meir vekt på oppdragsforsking, effektivitetsmål og produksjon av studiepoeng.

2. Under honnørordet «internasjonalisering» gøymer det seg i røynda tilmåting til USAs og EUs standardkrav for utdaning. Studielengd, fordjupingsgrad, karakterskala og gradsstruktur vert justerte for å høva med ECTS-systemet, som vart utforma i Bologna i Italia og som EU og ERT er aktive tilhengjarar av. «Kvalitetsreforma» er endå ein lekk i EU-ifiseringa av Noreg, tryggja av EØS-forsvararen Trond Giske. At engelsk no gjer sitt inntog for ålvor med medisin som pionerfag, høyrer med i den same råma.

3. Når lønsemd og økonomi vert lagt til grunn for universitet og høgskular, oppstår det snart ei klappjakt på sektorar som vert kalla «daudkjøt». Små fag, forsking, utforsking av tilvalspensum – saneringa som fylgjer i kjølvatnet av denne strukturasjonaliseringa, vil gripa vidt og djupt.

4. Gymnasliknande arbeidsmåtar med deleksamenar (tentamenar), innleveringsoppgåver og mappeevaluering fører til formynderi mot vaksne ungdomar som sjølve har ansvar for eiga læring. Målet med utdaninga er ikkje å samla opp flest mogeleg avlagde vekttal, men å verta gagns menneske gjennom faktisk kunnskap, kritisk refleksjon og større sannkjenning. Delprøver og mapper stimulerar pugg og smisk og vil ikkje gjeva noko påliteleg bilete av om studenten meistrar læreemnet sitt.

5. Studentøkonomien vert slusa inn i eit nytt system som skaper større skilje mellom vinnarar og taparar. Den som slit med studiet sitt og nyttar lengre tid, vert i tillegg straffa økonomisk på pungen, medan skuleljoset som med trygt økonomisk fundament lagt av ressurssterke overklasseforeldre fær toppkarakterar, vert påskjøna ekstra for det. I dette spursmålet viste dei opne småborgarpartia KrF og V større gangsyn enn SV, som i universitetspolitikken slo seg saman med FrP og DNA seinhausten 2001.

Når krubba er tom, bitst hestane. Det er ynskjedraumen for staten og borgarskapet at studentar og tilsette freistar klora augo ut på einannan og skulda kvarandre for at stoda er so ille ved universitet og høgskular. Staten vil no gradvis skru att kranene og overlata universitet og høgskular meir og meir til seg sjølve. Klassekompromissa frå midten av 1900-talet er no sagde opp, og me står venteleg andsynes ein tidbolk med sterkare konfrontasjon og hardare klassekamp. Progressive i norsk utdaning må velja rett side i den striden som kjem. Det er staten og kapitalkreftene som kampen vår må retta seg mot – det tener berre motstandaren vår at me sparkar sidelengs og nedover.

Framlegg til parolar
  • Forsvar eit fullverdig hovudfag!
  • Forsvar norsk undervisningsspråk!
  • Studentar og tilsette – saman i kamp for akademisk fridom!
  • Nei til effektivitetsjag og auka eksamenspress!
  • Nei til eit marknadsstyrt universitet!
Bakgrunnskjelder
  • Dagbladet
  • «Høgre om for norsk utdanning», flygebladet NKS 2001.
  • Klassekampen (den revolusjonære dagsavisa)
  • Kva må gjerast? (bladet åt Noregs Kommunistiske Studentforbund, NKS)
  • Studvest (studentavisa i Bergen)
  • Uniforum (universitetsavisa i Oslo)
  • Universitas (studentavisa i Oslo)
  • Zoon Politikon (bladet til statsvitskapsstudentane i Oslo)
  • Mikael Nyberg: kapitalet.se (Ordfront 2001)