Rettferdig kaffi og varefetisjisme: Grensene for markedsstyrt sosial rettferd

Av Gavin Fridell

2008-04

Artikkelen undersøker påstandane frå ulikt hald om at nettverket for rettferdig handel (Fair Trade) gir grunnlag for å utfordre varekarakteren til alle produkt under regimet til den globale kapitalismen.

Gavin Fridell er universitetslektor i statsvitenskap ved Trent University.

 


 

Rettferdig kaffi (Fair Trade Coffee) er ein av mange markedsdrivne prosjekt som har fått aukande merksemd dei siste to tiåra fordi sosiale aktivistar og utviklingsarbeidarar har freista sette søkelyset på global ulikskap på grunnlag av «politisk forbrukarmakt». (1) Den raske salsveksten nettverka har hatt det siste halvtanna tiåret har gitt auka merksemd frå kommentatorar som vurderer rettferdig handel frå ulike synsvinklar: som ei form for «etisk forretningsdrift», som NGO-prissubsidiar og «sosial kapital» for partnarar i sør, eller som eit alternativ til nyliberal politikk.(2) Trass i breidda i perspektiv i dei nye studiane, er dei fleste forfattarane samde om at hovudfordelen med rettferdig handel er at han representerer ei markant utfordring til at alle produkt får varekarakter under den globale kapitalismen. Her vil eg kritisk vurdere desse påstandane ved å undersøke rettferdig kaffi – «flaggskip»-varen og varen med det største salet i nettverket for rettferdig handel. Kaffi er den nest mest verdifulle lovlege eksportvaren frå sør, som gir levebrød for millionar av småbrukarar, og han har ei lang historie med røtter i kolonialisme, utbytting og manglande sosial rettferd. Det forklarer korfor kaffien har ein så stolt plass i nettverket for rettferdig handel. Eg hevdar at mens rettferdig kaffi kan gi eit grunnlag for ei viktig symbolsk utfordring for vareøkonomien, så blir utfordringa til sjuande og sist skarpt avgrensa av nettverkets markedsdrivne tilnærming. Prosjektet rettferdig handel er grunnleggande pakka inn i konvensjonelle normer og oppfatningar om «forbrukarmakt » og neo-smithiansk markedsoppførsel. Derfor har den symbolske utfordringa rettferdig handel gir vareøkonomien i seg sjølv blitt ein vare som kan bli kjøpt og selt på markeda i nord. Det avdekkar krafta i dei strukturelle krava til det globale kapitalistiske markedet, og reiser fundamentale spørsmål om grensene for å bruke markedsstrategiar for å overvinne dei.

Å forstå rettferdig handel og varekarakteren

Nettverket for rettferdig handel er eit formelt system knytt til NGO-ar som set bønder, arbeidarar og handverkarar i sør i kontakt med partnarar i nord gjennom eit system av reglar og prinsipp for «rettferdig handel». Nettverket vart først utvikla på 1940- og 1950-tallet på initiativ frå ATO-ar (Alternative Trade Organisations – alternative handelsorganisasjonar) som freista gi støtte til fattige produsentar i sør ved å skape eit alternativt handelssystem der prisane skulle fastsettast på grunnlag av sosial rettferd, ikkje innfalla på det internasjonale markedet. Mange av grunnleggarorganisasjonane, som Oxfam International, såg nettverket som ein del av ei breiare rørsle som arbeidde for ein ny internasjonal økonomisk orden basert på statlege inngrep på nasjonalt og internasjonalt nivå for å støtte utviklingstiltak i sør. På 1980-tallet endra nettverket seg vesentleg då rettferdig handel- aktivistar gjekk bort frå visjonen om eit alternativt handelssystem og i staden freista få tilgang til vanlege marked som dei håpa kunne reformere. (3) Denne reorienteringa spreidde seg med framveksten av initiativ for rettferdig handel-merking, samordna av paraplyorganisasjonen FLO (Fairtrade Labelling Organisations International) som freista sertifisere vanlege selskap som var villige til å følge FLOs kriterium for rettferdig handel. Etter FLO-standard er rettferdige varer produserte i sør etter prinsippet om «demokratisk organisering» (kooperativ eller samvirkeselskap ut frå vareslag), utan barnearbeid, og miljømessig berekraftig. Dei blir omsett på vilkår av garanterte minsteprisar med belønningstillegg til produksjonssamfunn som grunnlag for å skape sosial og økonomisk infrastruktur. (4)

Reorienteringa i nettverket som organisasjonane for rettferdig handel-merkinga initierte var delvis styrt av ønsket om å utvide omfanget av markeda for rettferdig handel som var for små til å dekke behova til partnarane i sør. (5) Men ei like viktig drivkraft var endra politiske, økonomiske og ideologiske vilkår som vart introduserte av neoliberale reformar. Dei gav nasjonal og internasjonal kapital kraftig auka kontroll over markedsreguleringa, og spora av krava om ein ny økonomisk verdsorden. Ut frå desse trendane tok folka i nettverket til seg ein ny markedsstyrt visjon for rettferdig handel, basert på ikkje-bindande, frivillige lovnader frå private selskap. Resultatet er ein finansiell suksess for nettverket for rettferdig handel som har hatt sin største vekst i perioden med neoliberal globalisering. (6) Veksten har vore styrt av aukande deltaking i nasjonale og internasjonale organ, slik som Verdsbanken, så vel som multinasjonale selskap (TNC-ar – Transnational Corporations) som ser på nettverket for rettferdig handel som eit frivillig alternativ til statleg regulering. (7)

Den globale styringa av kaffisektoren har i hovudsak følgt denne vegen frå statlege reguleringar til frivillige mekanismar. Dei fleste åra frå 1963 til 1989 var det globale kaffimarkedet regulert av International Coffee Agreement (ICA), som var oppretta for å gi høgare prisar for kaffibønnene i sør ved å halde overflødig produksjon utanfor markedet gjennom eit kvotesystem. Verknadene ICA fekk var blanda: mens dei klarte å halde tilbake ein større del av inntektene på kaffi i sør ved høgare pris, så vart resultatet av det markant ulikt ut frå politiske og sosiale skille i landa som var med. Land som Costa Rica, med ein stor middelklasse og velferdsstat, fordelte dei nye kaffiinntektene breiare og med mykje betre sosial verknad enn land som Guatemala og Brasil, med svært skeiv fordeling av jord og ressursar. (8) I alle tilfelle så kollapsa ICA i 1989 av presset frå neoliberale reformar. I kjølvatnet har rettferdig handel-rørsla freista oppnå høgare og meir stabile prisar på kaffibønner gjennom frivillig og markedsstyrt tilnærming. Til i dag har analytikarane bare vore i stand til å nå eit utval av kaffibøndene, men dei seier nettverket er eit forsøk på å føre meir avkasting i hendene på fattige produsentar ved å auke verdien på produkta gjennom strategiar for etisk markedsføring, og ved å oppmuntre kooperativ til å «utvikle seg vidare» til høgteknologiske og meirverdiskapande delar av kaffikjeden. (9)

Det har vakse fram kraftig diskusjon dei siste åra om i kva grad rettferdig handel er eit effektivt svar på bortfallet av statlege reguleringar, vilkåra for det kan ikkje oppsummerast her. (10) I staden vil eg fokusere på eit nøkkelspørsmål som stadig brukast som argument for at rettferdig handel går vidare enn dei statlege reguleringsmekanismane frå fortida: at nettverket ikkje bare dreier seg om å oppnå meir rettferdige prisar, men peikar mot ein start på å fjerne varekarakteren til produkt (initial decommodification of goods). Tydeleg i mest alle nye arbeid om rettferdig handel er oppfatninga om at rettferdig handel utfordrar at produkt blir gjort til varer – ein prosess der varer er utan samband til arbeidarane som faktisk har produsert dei. (11) Dei fleste forfattarane hevdar, på ulike måtar, at rettferdig handel er meir enn ei utfordring for sosial ulikskap i verdshandelen, men at dei etiske verdiane og opplæringseffekten er ei kraftig utfordring for kjerneverdiane i den globale kapitalismen og krava frå den om konkurranse, akkumulasjon og profittmaksimering. For nokre forfattarar er det slik at mens rettferdig handels evne til å utfordre det globale handelssystemet er avgrensa, så ligg det største potensialet i evnen til å skape medvit om global ulikskap hos konsumentane i nord ved å avdekke vilkåra varer blir produsert under i sør. (12)

Andre går lenger enn det og hevdar at rettferdig handel utfordrar sjølve karakteren til kapitalismens kultur, og atomiseringa, individualismen og det anonyme varebyttet på kapitalistiske marked. Her argumenterer Charles Simpson og Anita Rapone for at rettferdig handel utfordrar den kulturelle utarminga under kapitalismen – nedbrytinga av sosial solidaritet med materialistiske framfor idealistiske motivasjonsmekanismar. (13)

Laura Reynolds hevdar at nettverka for rettferdig handel omplasserer varer sosialt, slik at gjenstandar kjem til konsumenten fullproppa med informasjon om dei sosiale og miljømessige vilkåra dei vart produsert og selt under. (14)

Laura Waridel og Francis Moore Lappé og Anna Lappé står i sine respektive verk på at rettferdig handel frigjør konsumentane frå «mental kolonialisme» eller «tankefeller» som skjuler sanninga om korleis varer blir produserte i eit kapitalistisk system. (15)

Sjølv om dei fleste ikkje stør seg direkte på marxistiske idear i sine analysar, argumenterer dei i kjerna med at rettferdig handel er ein modell som er ein start på å motsette seg «varefetisjismen», der sosiale relasjonar mellom folk står fram som relasjonar mellom ting. (16) For Marx er varefetisjismen eit nødvendig resultat av dei sosiale relasjonane under kapitalismen. (17) Under kapitalismen må alle markedsaktørar (arbeidarar, småprodusentar, storkapitalistar) selje enten arbeidet sitt eller produkta sine som abstrakte varer på markedet i bytte for pengar som dei så brukar som konsumentar for å kjøpe andre abstrakte varer. Resultatet er at folk framfor å engasjere seg saman om produksjon og distribusjon av produkt, engasjerer seg i markedet som atomiserte aktørar fråtatt all infomasjon om korleis tinga blir produserte, ut frå eigne individuelle behov som einaste kriterium for å gjøre val. Denne prosessen er ikkje bare resultat av sosiale relasjonar under kapitalismen, men hjelper til med å bevare legitimiteten til desse relasjonane ved å tildekke den sosiale utbyttinga som skjer i vareproduksjonen og får dei til å framstå som «naturlege». (18)

Diane Elson, Ian Hudson og Mark Hudson beveger seg ut over eit marxistisk grunnsyn når dei argumenterer for at rettferdig handel er eit forsøk på å utfordre varefetisjismen. Elson framstiller jamvel rettferdig handel-merking, og andre liknande prosjekt, som nøkkelen til visjonen hennar om eit framtidig sosialistisk samfunn bygd på «sosialiserte marked». (19) Ut frå deira arbeid, og arbeida til andre nemnt ovanfor, kan ein dra ut to hovudargument. Først at rettferdig handel avdekkar dei sosiale og miljømessige tilhøva varer blir produsert under, og fører produsentar og konsumentar saman gjennom «etisk forbrukarmakt », som utfordrar at alt blir gjort til varer og gjør dei til gjenstandar med eit sjølvstendig eige liv. Dernest sikrar rettferdig handel ikkje-økonomiske verdiar som samarbeid og solidaritet som utfordrar dei kapitalistiske krava om konkurranse, akkumulasjon og profittmaksimering. (20)

 

Å fjerne varekarakteren med «etisk forbrukarmakt»

Det blir ofte hevda at ein av hovudmåtene rettferdig handel utfordrar at alt blir varer er ved å bygge bru over gapet mellom produsent og konsument, ved å avdekke forholda produkt frå rettferdig handel blir produserte under, og ved å fremme «etisk forbrukarmakt ». Vanlege konsumentar kjøper varer som framstår med eit eige liv, brukar sine eigne individuelle behov som einaste kriterium når dei handlar på markedet. I kontrast til det blir det hevda at konsumentar som handlar rettferdig, gjennom etiske markedsval basert på korleis varene blir produserte, kjøper ikkje bare ein handelsvare, men står i eit direkte tilhøve til produsentar i sør gjennom eit «assosiert» nettverk basert på felles verdiar om sosial rettferd. (21) Etisk handel blir framstilt som meir enn bare forbrukarmakt; som ei politisk solidaritetshandling som bidrar til å legge press på vanlege multinasjonale selskap om å delta i rettferdig handel, ikkje bare ut frå moralske krav, men ut frå ønsket om å tjene på krava frå etiske konsumentar. (22)

På grunnlag av desse argumenta meiner ein varekjøp på grunnlag av rettferdig handel vil kunne føre til ein start på å fjerne varekarakteren alt har fått, basert på skilnaden mellom etisk og vanleg forbrukarmakt – dei ulike motiva som ligg bak etisk handling og den avgjørande evna til å føre konsumentar og produsentar saman. Det er viktig å merke seg at majoriteten av etiske konsumentar ifølge markedsundersøkingar er kvinner som har leiar- eller administrative stillingar og i hovudsak kjem frå middeleller overklasse. (23) Klassetilknyttinga til fleirtallet av etiske konsumentar kjem mest sannsynleg av det enkle faktum at bare dei har inntekt nok til å betale meir for speielle matslag som rettferdig kaffi. (24) I Canada td brukte dei rikaste 16,2 % av kanadiske hushaldningar 56 % meir pengar på kaffi per person og var 46 % meir tilbøyelege til å handle mat i spesialforretningar enn dei fattigaste 43,2 % av kanadiske hushaldningar. (25) Resultatet er at mens rettferdig handel i sør er basert på klassesolidaritet mellom fattige arbeidarar og bønder, er rettferdig handel på verdsbasis grunnlagt på solidaritet på tvers av klasse, mellom fattige produsentar og rike konsumentar, for å møte krava frå markeda i nord. Denne solidariteten er ikkje basert på klassefellesskap mot ein felles undertrykkar (i dette tilfellet «urettferdige» multinasjonale selskap), men på moralske appellar frå produsentar i sør om hjelp mot sine undertrykkarar. Konsumentar i nord satsar ingenting direkte om rettferdig handel har suksess eller ikkje, anna enn sine eigne etiske motiv.

Gitt det faktum at etisk forbrukarmakt ikkje appellerer direkte til eigennyttige motiv, har mange kommentatorar meint at vekstpotensialet for etiske marked er svært avgrensa. T. d. har populærjournalisten Mark Pendergrast hevda at mens rettferdig handel kan appellere til nokre få «gode samaritanar», kan «jamvel dei til slutt skrike opp viss all produsert kaffi skulle sikre eit skikkeleg liv for dei som produserer avlingane». (26) I boka No logo gir journalisten og aktivisten Naomi Klein ei framifrå oppsummering av korleis massive annonsekampanjar frå storselskapa har vore i stand til å påverke konsumentane til å betale urimelege prisar for merkevarer – som å betale frå 100 til 180 US-dollar for eit par Nike-sko som kostar bare 5 US-dollar å produsere. (27) Men ho trur ikkje at etiske produkt vil ha same potensiale, og seier at ut over å appellere til ei relativt lita gruppe konsumentar, «vil alle rørsler som primært er baserte på å få folk til å føle skyld når dei går på supermarkedet dømt til å få eit tilbakeslag». (28)

Likevel er det ingen grunn til å tru at strategiar som har som mål å selje «etikk» ikkje kan appellere til eit breit sjikt av konsumentar, og oppblomstringa av tallause sosiale og økologiske produkt og program for «bedrifters samfunnsansvar» («corporate social responsibility») dei siste tiåra kan vise at det nok kan eksistere stort vekstpotensiale for etiske marked. (29) Men nettverket for rettferdig handel må ta denne påstanden med to viktige åtvaringar. For det første, om det er vekstpotensiale generelt for etiske marked, betyr det ikkje nødvendigvis vekstpotensiale for nettverket for rettferdig handel, som manglar markedsføringa, annonseringa og distribusjonsressursane som er nødvendige for ei kraftig utviding av sin nisje i markedet. Dei som mest sannsynleg vil dra fordel av framtidig vekst i etiske marked vil vere gigantiske multinasjonale selskap som i aukande grad følger nøye med sine eigne private «etiske» initiativ; eller andre næringslivvennlege tredje partar som ikkje har FLOs meir rigorøse sosiale standarder og høgare pristillegg. (30) Det utgjør ein kraftig trussel til framtida for sertifisert rettferdig handel som godt kan overvinnast av selskapsstøtta prosjekt med langt større markedsføringsressursar.

For det andre, jamvel om nettverket for rettferdig handel skulle vise seg betre i stand til å stå seg mot konkurranse frå næringslivet enn rekna med ovanfor, og om dei held fram med å vekse på grunnlag av etisk forbrukarmakt, står spørsmålet framleis opent: Har slik forbrukarmakt potensiale til å føre produsentar og konsumentar saman på den måten rettferdig handel trur? Gir forbrukarmakt basert på rettferdig handel verkeleg ein alternativ veg der varer kan byrje miste sin varekarakter? Korfor kjøper konsumentar i nord rettferdige varer, og når dei gjør det, kva betyr det for den typen internasjonal solidaritet som rettferdig handel står for? Mens rettferdig handel generelt legg vekt på dei sidene ved rettferdig handel som utfordrar konvensjonell forbrukarmakt, som informasjonen om korleis varene blir produsert, er det bare den eine sida av etisk forbrukarmakt. Den andre sida er faktisk på mange måtar lik konvensjonell forbrukarmakt og reproduserer mange av dei negative verknadene han har.

Som med konvensjonell forbrukarmakt, blir forbrukarmakt bygd på rettferdig handel fundamentert på oppfatninga om «forbrukarsuverenitet ». Ideen er at industrien bare reagerer på krav frå forbrukarane, og at mangelen på sosialt og økologisk rette produksjonsmetodar, til sist er eit resultat av etiske avgjerder hos konsumentane som har «forbrukarmakt». Dette synet har heilt korrekt vore kritisert for å neglisjere det faktum at forbrukarane ikkje har tilnærma perfekt eller jamvel tilstrekkeleg informasjon som dei kan bygge markedsvala sine på. (31) I staden må dei ut i markedet under tvangen og manipulasjonen til massive annonsekampanjar som er utforma for å skape forbrukarbehov – i USA aleine brukar dei store selskapa aleine no over ein billion dollar i året på markedsføring. (32)

Mens rettferdig handel utfordrar oppfatninga om at forbrukarane har tilstrekkeleg informasjon dei kan bygge markedsvala sine på, heng dei framleis fast i trua på at dei same forbrukarane skal ha siste ord om korleis varer blir produsert og distribuert på verdsbasis. Som når det gjeld konvensjonell forbrukarmakt, godtar forbrukarmakt bygd på rettferdig handel at behova til fattige produsentar i sør i siste instans er underordna krava til forbrukarane i nord. Slik sett, når det gjeld å fremme demokrati og sosial rettferd, er det ingen gyldig grunn til å meine at forbrukarane skal vere «suverene » og at personlege krav som forbrukar skal gå foran dei personlege behova andre har som produsentar. (33) Som Ernest Mandel effektivt argumenterer i sin kritikk av grensene for det kapitalistiske markedet: kva for prinsipp for «rettferd», «demokrati» eller «humanitet» er lagt til grunn for at den suverene retten til å avgjøre tidsbruk og arbeid som skal leggast i å tilfredsstille forbrukaren, blir tatt ut av hendene på produsentane sjølve? (34)

Vidare, ved å godta kjerneargumenta om den suverene forbrukaren, tar rettferdig handel for gitt det noverande svært ulike og økologisk destruktive globale forbruksmønsteret. I nord er forbrukarane som rettferdig handel liter på sett saman av relativt rike forbrukarar som bygger rikdommen sin på ei svært ulik fordeling av inntekt. Internasjonalt avheng rettferdig handel av eksisterande forbrukarmønster som er karakterisert av eit «overforbruk» i nord som truar med å utrydde naturressursar, og som sementerer den eksisterande svært ulike fordelinga av global rikdom. (35) Slik søker rettferdig handel større global rettferd på grunnlag av svært urettferdige globale forbruksmønster. Ifølge Michael Maniates er det stadig tilfelle med «berekraftige» utviklingsprosjekt som alt for ofte ser bort frå det faktum at om dei fire milliardane eller meir som underkonsumerer skulle auke forbruket sitt til eit minstemål av trygge levekår, må først dei ein milliard eller meire med globale overforbukarar stanse og så redusere sitt totale forbruk for å gi økologisk rom for det. (36)

Innanfor eit konvensjonelt forbruksmønster kjøper mange etiske forbrukarar likeins rettferdige varer av same grunn som dei eller andre kjøper «urettferdige» varer produsert av konvensjonelle selskap for å skaffe seg betre samvit. Medvit om slike psykologiske motiv er kjerna i dagens annonsekampanjar og blir ofte framstilt av markedsføringsekspertar frå næringslivet som å bygge på folks påståtte «naturlege» hang til å vere «egoistar». (37) Men det gir eit feilaktig og overflatisk syn på menneskeleg oppførsel og drar merksemd bort frå markedsføringsekspertane sjølve som brukar subtile teknikkar for å manipulere forbrukarane sine «naturlege» behov for å auke fortjenesta til selskapa. (38)

Å bruke den psykoanalytiske ideen om «narsissisme» til å forklare strevet etter sjølvrespekt gir langt større meining for å undersøke maulege psykologiske motiv bak forbruk bygd på rettferdig handel. I psykoanalytisk teori er ikkje narsissisme styrt av egoisme eller eigen-kjærleik, men av djup angst og sjølvhat som fører til desperate ønske om å bli verdsett av andre. (39) Som Christopher Lasch har argumentert i verket The Culture of Narcissism, tenderer det kapitalistiske samfunnet til å fremme narsissistiske impulsar ved å fremmendgjøre arbeidarane frå det dei produserer og frå einannan, og kvernar dei mot einannan i eit brutalt konkurransemiljø på leit etter arbeid og verdsetting. For å imponere dei høgare oppe i bedriftshierarkiet, må arbeidarane selje personlegdommen sin som om det var ein vare på markedet, det fører til intens angst, dei blir sjølvopptatte og narsissistiske. På same tid blir folk frigjort frå tradisjonelle band til familie og institusjonar (som kjerka), slik vil mange kjenne seg isolerte og aleine. (40)

Ifølge Lasch tilbyr kapitalismen forbruk som kur for narssistisk angst, einsemd og fremmendgjøring. Forbruk blir gitt både som alternativ til protest eller opprør (arbeidarane blir opptatt av straks å bli tilfredsstilte ved å konsumere nye varer) og som eit botemiddel for åndeleg misere og manglande status. Overtydde om at dei er for makteslause til å påverke livet på meiningsfullt vis, vender folk seg til personlege forbetringar og til å skape ein utvendig identitet bygd på ting levert av annonsar og massekultur, tema frå populære filmar og bøker, og fragment frå eit breitt utval av kulturelle tradisjonar. (41)

Her ser Lasch ein retrett frå politikken og ei vending mot psykisk sjølvforbetring: komme i kontakt med eigne kjensler, ete sunn mat, ta kurs i ballett eller magedans, fordjupe seg i visdommen frå aust, jogging, lære sjå seg sjølv i samanheng med verda, overvinne «frykta for glede». (42)

Til denne lista kunne ein kanskje legge til rettferdige produkt. Med kjensle av maktesløyse, og angstridde, kan etiske forbrukarar kjøpe rettferdige produkt på markedet, både for å mildne litt på kjensla av maktesløyse og for å skape seg ein identitet som eit «etisk» menneske. Rettferdig handel inneber inst inne at sosial rettferd får varekarakter og lar konsumentane kanalisere ønska om ei meir rettvis verd til å kjøpe varer på markedet for å løfte sitt eige sjølvbilete. (43)

Likevel, om narsissistisk sjølvvurdering er ein sannsynleg nøkkelfaktor for å forklare kva som driv enkelte forbrukarar til å kjøpe rettferdige varer, er det framleis fundamentale skilnader mellom rettferdig handel og andre former for «sjølvforbetrande» forbruk. Den første krev ein viss grad av personlege offer, sjølv om det kan vere marginalt, for å betre liva til andre. Vidare er mange rettferdige konsumentar utan tvil aktivistar i ulike sosiale rørsler som ikkje ser på rettferdig handel som tilbaketrekking frå politikken, men som ein del av eit breiare politisk engasjement. I ein slik samanheng peikar Moore Lappé og Lappé på, ut frå arbeida til Eric Fromm, at rettferdig handel og andre alternative prosjekt representerer forsøk frå forbrukarane på å finne seg litt «positiv fridom» («fridom til») i ei verd der dei er bydd lite anna enn «negativ fridom» («fridom frå») og overvelda av ei kjensle av individuell maktesløyse framfor storselskap og statsbyråkrati som dei lite kan påverke eller kontrollere. (44)

Fromm argumenterte for at folk for å komme frå negativ fridom til positiv fridom må arbeide solidarisk saman for eit felles mål. Det krev at samfunnet overvinn varefetisjismen som får folk til å samhandle som fremmendgjorte individ i relasjonar bygde bare på «instrumentalitet» og individuell vinst. I staden må markedsstyrte relasjonar bli erstatta av demokratisk planlagte prosessar der individa kan samhandle i solidaritet og «dele ansvar» for samfunnsutviklinga som eit heile. (45) Mens Moore Lappé og Lappé ikkje hevdar at rettferdig handel representerer slike utvida politiske prosessar som Fromm gir resept på, så seier dei at han gir konsumentar i nord eit viktig symbolsk verktøy til å kunne «le av kariktaturen » av seg sjølve som egoistiske, atomiserte nyttejegarar. (46) I ein slik samanheng kan rettferdig handel vere ein kanal der forbrukarane kan lette på sosial angst ved å «gjøre det rette», og kan tjene som ei folkeleg form for ei «symbolsk ombytting» som for ei kort stund lar folk uttrykke ønsket sitt om ei annleis verd. (47)

Mens forbruk bygd på rettferdig handel gir eit symbolsk verktøy til å kritisere konvensjonell handel – som har potensiale til å oppdra til og heve politisk medvit – så er graden av faktiske vinstar for etiske forbrukarar i form av positiv fridom og solidaritet betydeleg avgrensa. Etiske forbrukarar vil vere isolerte individ med fremste ansvar å handle rettferdig (å kjøpe rettferdig kaffi). Forbrukarane er ikkje knytt saman med produsentane eller andre forbrukarar i ein demokratisk prosess og innverknaden dei har på rettferdig handel (og på dei vidare strukturane i den globale kapitalismen) er avgrensa til «kjøpekrafta» dei har som isolerte individ. Kunnskapen dei har om rettferdig handel og livet i samfunna som produserer i sør er i hovudsak avgrensa til kommersielle medium, og er ikkje basert på direkte og personlege band, men blir formidla av markedet. (48) I den samanhengen er solidariteten bygd på individuelle moralske appellar og ikkje på delt ansvar. Rike etiske konsumentar deltar ikkje i ein felles kamp saman med produsentar i sør, og viktigare, har ikkje eit delt ansvar for resultatet av vala dei gjør som konsumentar. Avgjerder som er svært alvorlege for produsentane i sør er bare eit spørsmål om individuelle kjøpspreferansar for etiske konsumentar. Som fremmendgjorte, isolerte individ vil etiske konsumentar halde fram med å vere fråkopla og skjerma frå det direkte resultatet av markedsvala sine. I den samanhengen vil rettferdige varer halde fram med å vere sjølvstendige varer med sitt eige liv, bortsett frå eit symbolsk knytting til produsentane ved eit «etisk avgift» som konsumentane kan vere villige til å betale eller ikkje.

Likevel, mens relasjonane mellom produsentar og konsumentar vil halde fram med å bli formidla av markedet, har enkelte scenario større potensiale enn andre for utviklinga av ei fellesskapskjensle og band gjennom etisk forbruk. Småskala ATO-ar gir langt større høve til å bygge solidaritetsband mellom produsentar og konsumentar enn dei store konvensjonelle multinasjonale selskapa som aukar dominansen sin innanfor nettverket. Planet Bean, eit lite arbeidareigd kooperativt kaffibrenneri i Guelph i Ontario, Canada, kan tjene som eksempel på korleis det er tilfelle. Planet Bean sel 100 % av kaffien sin gjennom rettferdig handel, ser opplæring av forbrukarane om det urettvise i det noverande globale systemet som ei sentral oppgave, og som eit lite ATO, syt dei for vilkår der konsumentane kan utvikle personlege band til medlemmene i kooperativet som i sin tur har direkte kontaktar til partnarane i sør. For å fremme læringa, har medlemmer av Planet Bean halde offentlege foredrag og har vore vertskap for partnarar frå sør som har besøkt lokalsamfunn i Canada. Ifølge Bill Barrett, direktør og markedssjef på Planet Bean, har desse tiltaka potensiale til å heve medvitet om liva til produsentane i sør. Det kan ein sjå av ein visitt nyleg frå partnarar i sør til eit supermarked i Toronto som sel Planet Bean-kaffi. Styraren i butikken sa etter å ha møtt kaffibøndene at det var einaste og første gongen han hadde møtt nokon av dei som produserte varene som blir selde i butikken hans. (49) Denne historia syner potensialet som Planet Bean har til å korte ned «avstanden» mellom produsent og konsument, som i konvensjonell internasjonal handel stadig fører til stopp i tilbakemeldingar og ansvar for dei sosiale verknadene av markedsavgjerder. (50)

I skarp kontrast til Planet Bean står store konvensjonelle multinasjonale selskap som Starbucks Coffee Company, ein enorm hierarisk organisasjon med tusenvis for det meste lågtlønna, uorganiserte, fremmendgjorte arbeidarar. Framfor å vere engasjerte i det moralske oppdraget til rettferdig handel byrja Starbucks tilby begrensa kvanta rettferdig kaffi i butikkane sine i 2000 etter intenst press frå sosiale aktivistar. Dei sel bare ein eller to % bønner som er sertifiserte som rettferdig handel. Starbucks vil først og fremst unngå dårleg publisitet og har brukt mykje meir merksemd på å fremme bedriftsvennlege alternativ til rettferdig handel, som Conservation International (CI)-sertifisert skyggedyrka kaffi (51) («Shade grown»-kaffi har tradisjonelt vore dyrka under høgare tre og vekster; det skal gi seinare vekst og høgare kvalitet. Men frå 1970-tallet har dyrkinga skjedd på rydda område, noko som mellom anna truar regnskogen. Oversetters anm.) Samanlikna med FLO-standardar, har CI-standardar lågare standard på sosiale avgifter, og arbeidsvilkår som er meir ulne og mindre strenge. (52) Vidare kan ein i høg grad stille spørsmål ved CIs lovnader som etisk partnar. Mellom anna har dei vore skulda for å grønnvaske biletet av sponsorane sine, og agere som «det vennlege fjeset til biokolonialismen» ved aktiv støtte til dei store farmasøytiske selskapa, ved å samle kunnskapen urfolk har om plantar og insekter for å ta patent på dei. (53)

Trass i at dei freister dekke seg bak sosialt ansvar, kastar Starbucks historie i nord lange skyggar over deira etiske på-standar. Selskapet har slåst aggressivt mot fagorganisering blant dei tilsette i tjenestesektoren – ein rett som er garantert dei sertifiserte i rettferdig handel i sør. I julestria får selskapet pakka varene sine av Signature Packaging Solution, eit selskap som tilsett lågtlønna innsette frå fengsla i staten Washington. (54) Det betyr at rettferdig kaffi hos Starbucks kan vere pakka av fengselsarbeidskraft og selt av lågtlønna uorganisert arbeidskraft, noko som verkeleg utfordrar ideen om at kaffien skal vere «rettferdig». Vidare – når ein handlar rettferdig kaffi hos Starbucks, blir det handla frå fremmendgjorte arbeidarar, hovuddelen av dei har ingen knyttingar til produsentane i sør. Slik er etiske konsumentar i kjerna like fråkopla dei faktiske produsentane og dei verkelege liva deira (både i sør og nord) som dei er når dei handlar vanlege varer på markedet i nord. (55) Slik sett kan neppe rettferdig handel på Starbucks minske avstanden mellom produsent og konsument og på meiningsfullt vis utfordre at alt blir varer. Den veksande deltakinga til multinasjonale selskap betyr heller ei undergraving av nettverkets evne til å utfordre at alt får varekarakter.

Til sjuande og sist må ein ta oppfatninga om at rettferdig handel knytter internasjonale solidaritetsband mellom produsentar og konsumentar med ei klype salt. Ønska folk har om positiv fridom, solidaritet og deltaking er nødvendige for utløyse forbrukarkrav, men evnen rettferdig handel har til å møte desse ønska er avgrensa: positiv fridom er avgrensa til å kjøpe etiske varer; solidaritet er basert på moralske appellar i motsetning til allmenne prinsipp; og band mellom konsumentar og og produsentar er formidla av markedet, som skjermar konsumentane frå ansvaret for handlingane sine. Verkeleg brot med varefetisjismen medfører ikkje bare informasjon om korleis varene blir gjort tilgjengelege for konsumentane, men det krev produksjon på ein demokratisk og medviten regulert måte der både produsentane og konsumentane er involverte, og er ansvarlege for vala dei gjør. (56)

Samarbeid og solidaritet

Det blir hevda at nettverket for rettferdig handel ikkje bare lager bru over gapet mellom konsumentar og produsentar, men at dei ikkje-økonomiske verdiane som samarbeid og solidaritet er ei utfordring til konkurransekrava, akkumulasjonen og profittmaksimeringa i det kapitalistiske markedet. Sant nok er det mange prov på at rettferdig handel, som alle demokratiske kooperative prosjekt, utfordrar dei kapitalistiske prinsippa. Ein del av profitten som tilkjem kooperativ i rettferdig handel blir brukt til å skape nødvendig sosial infrastruktur på lokalnivå framfor å bli reinvestert til meir kapitalakkumulasjon eller fordelt til private lommer. Produsentar og importørar i rettferdig handel samarbeider for å oppnå mest mauleg rettferdig handelssamband, og store produsentkooperativ gir innimellom hjelp til andre mindre kooperativ i nettverket. (57) Desse handlingane kan ein best tolke som starten på ein internasjonal etisk økonomi, som freistar gjennomføre retten folk har til å ta erstatte kapitalismens konkurranseverdiar og utarma etiske prinsipp. (58)

Etikken i økonomien til rettferdig handel har gitt viktige utviklingsfordelar til spesifikke grupper i sør. Dei har fått tilgang til markedet til rettferdig handel. I kaffisektoren var det td 670.000 familiar med kaffibønder i registeret til FLO i 2003, av totalt 25 millionar på verdsbasis. Utviklingspotensialet til nettverket er mest tydeleg i tilfellet med Unión de Comunidades Indígenas del Región del Istmo (Sambandet for urfolksamfunn i Isthmus-regionen, UCIRI), eit rettferdig handel-kooperattiv i Oaxaca, Mexico. Dei har over 2.500 familiar som medlemmer. UCIRI har spelt ei nøkkelrolle i å skape rettferdig handel-merket, og er oppfatta som eit av dei mest framgangsrike kooperativa i verda. Ved å delta i nettverket har medlemmene skaffa seg høgare inntekt og betydeleg betre sosialvesen ved kooperative tiltak innanfor helse, utdanning og opplæring. UCIRI har au laga sin eigen økonomiske infrastruktur, som omfattar kaffibrenneri og transportopplegg. Dei har gitt medlemmene sine betre tilgang til kreditt, teknologi og markedskunnskap. Det har gjort medlemmene betre i stand til å stå mot ekstrem fattigdom, feilernæring og miljøproblem, og evnen til å overleve og tevle på det internasjonale markedet. (59)

I tillegg har UCIRI-medlemmene utvikla viktige solidaritetsband med partnarar i nord, og dei har fått sterkare kollektiv identitet på grunn av dei organisatoriske og administrative krava ved å drive kooperativ knytt til rettferdig handel. Det har styrka evna deira til å støtte initiativ lokalt og lobbyverksemd mot regjeringa for å forsvare interessene sine saman med andre landbruksprodusentar i Mexico. Gjennom åra har UCIRI spelt ei nøkkelrolle i å skape eit utall lokale og regionale organisasjonar, medrekna rettferdig handel og økologiske sertifiseringsgrupper og organisasjonar med breiare formål, som stør småprodusentar generelt. (60)

Mens samarbeids- og solidaritetsverdiane i nettverket for rettferdig handel har gitt viktige framsteg for partnarane i sør, er det til sjuande og sist ikkje slik at konkurranse og utbytting under kapitalismen er eit resultat av manglande etikk. Det er eit resultat av strukturelle krav i det kapitalistiske markedet som tvingar alle produsentane til å konkurrere, akkumulere og maksimere profitt for å vere konkurransedyktige og overleve. Dei fleste i nettverket for rettferdig handel har likevel ein tendens til å tone ned desse krava og fokusere på markedet som ein stad der dei som er villige og i stand til det har sjansar. Dei framstiller kapitalismen mindre som eit særleg sett av sosiale relasjonar enn ei spesifikk haldning til kommersiell byttehandel. (61) Ein ser ikkje på utbytting som eit resultat av det kapitalistiske markedet, men som ei forvrenging av markedet pga handlingane til «skruppellause» markedsaktørar. (62) For dei fleste i nettverket for rettferdig handel er målet å rette på desse forvrengingane ved å fremme meir etiske handelsverdiar som dei håper vil gi alle, rik som fattig, høve til å hauste i markedet. Denne moralske innfallsvinkelen risikerer å oversjå tyngda i strukturelle krav. Ifølge aktivisten og teoretikaren David McNally, som freistar kjempe mot utbyttinga under den globale kapitalismen:

Sant nok er moralsk harme nødvendig og høgverdig. Men eit reint moralsk svar ser bort frå det faktum at kapitalismen krev at dei store aktørane er utbyttande og destruktive. Verken moralpreikar eller opplysning vil endre oppførselen til kapitalistane, ettersom dei bare kan overleve som kapitalistar om dei oppfører seg som dei gjør. Om dei ikkje utbyttar dei fattige, stjel land og ressursar, gjør alt til varer, og er økologisk destruktive, kan dei ikkje halde fram i den kapitalistiske konkurransekrigen. Krava om kostnadsminimering og profittmaksimering tvingar kapitalistane til å handle slik. (63)

Når rettferdig handel ser bort frå strukturelle krav kjem det av deira «neo-smithianske» oppfatning av kapitalismen, felles for dei fleste utviklingsmiljø, som historiske materialistar lenge har kritisert for å legge vekt på markedsendingar framfor dei sosiale produksjonstilhøva som ligg til grunn for markedsrelasjonane under kapitalismen. (64) Dei fleste i rettferdig handel og analytikarar av rettferdig handel har fokusert på markedet som den primære kamparenaen, men har neglisjert krava frå det kapitalistiske markedet som stammar frå dei historisk spesifikke sosiale relasjonane som ligg til grunn for det. Ifølge den marxistiske teoretikaren Ellen Meiksins Wood, involverer det spesifikke følgande:

for det første, at det materielle livet og den sosiale reproduksjonen under kapitalismen allmennt sett er formidla av markedet, slik at alle individ på ein eller annan måte må inn i markedsrelasjonar for å få tilgang til levelege vilkår; og for det andre at diktatet frå det kapitalistiske markedet – krava om konkurranse, akkumulasjon, profittmaksimering, og auka arbeidsproduktivitet – regulerer ikkje bare alle økonomiske transaksjonar men sosiale forhold generelt. På same vis som forhold mellom menneska blir formidla av varebyttet, framstår sosiale forhold mellom menneska som forhold mellom ting, «varefetisjismen», med det berømte uttrykket til Marx. (65)

Karakterdraga til det kapitalistiske markedet slik Wood framstiller dei er kjerna i utbyttinga som det kapitalistiske systemet skaper. Alle markedsaktørar – arbeidarar, småbrukarar, eller store multinasjonale selskap – må konkurrere i eit vinn-eller-forsvinn-miljø der dei kontinuerleg må utbytte einannan (slik multinasjonale selskap tvingar ned lønningane) eller seg sjølve (som småbrukarar som sel avlingane sine nær svelteprisar) for å kunne konkurrere og overleve. Mens det etiske strevet til rettferdig handel har kunna mildne litt av dei verste verknadene av desse krava, har ikkje rettferdig handel vore i stand til å sleppe unna makta til det kapitalistiske markedet som har tvunge på dei strenge grenser for utviklingsprosjekta.

Tyngda av strukturelle krav på rettferdig handel er tydeleg i UCIRI. Trass i framgangar har det vist seg tydelege grenser. Eit teikn på desse grensene er fattigdomen og den utilstrekkelege inntekta som framleis eksisterer blant UCIRI-medlemmene. Årsaka er prisen i rettferdig handel, som sjølv om han er høgare vanlege prisar, ikkje kan bli så høg at han skremmer bort «etiske konsumentar». (66) Slik er prisen på rettferdig kaffi, framfor å bli fastsett primært av sosial rettferd og behova til produsentane i sør, bestemt som ein pris som er «(så) rettferdig (som mauleg)» ut frå krava i markedet. (67) Resultatet er ifølge ein UCIRI-rapport at mens høgare inntekt pga rettferdig handel har fjerna ekstremt elende blant medlemmene, «kan ein ikkje seie at desse inntektene er i stand til å sikre familiane til produsentane». (68) I 2002 tvinga det rundt eit hundre og femti medlemmer til å forlate gardane på leit etter midlertidig arbeid i byane, ein vanleg overlevingsstrategi i fattige landområde i regionen. (69)

Eit anna teikn på grensene for UCIRIprosjektet er fiaskoen med klesfabrikken som skulle gi alternative inntekter for medlemmene ved sida av kaffiproduksjonen. Fabrikken vart opna i 1997 og så lagt ned i 2004 pga forsyningsproblem, dei høge kostnadene med «rettferdige» sosiale ordningar til tilsette, og brutal konkurranse frå låglønnsfabrikkar i Kina som har ramma klesindustrien på verdsbasis. Det viser vanskane med å spreie UCIRIs prinsipp for rettferdig handel utanfor det etablerte nettverket for rettferdig handel. (70)

Til sist er grensene for UCIRI-prosjektet tydelege i i det aukande behovet dei har for å gi store konsesjonar til selskapspartnarar for å utvide markedstilgangen for medlemmene sine. Det viktigaste eksemplet kom i 2002 då UCIRI underteikna ein avtale med Carrefour, den nest største matkjeda i verda, for å selje eit uspesifisert kvantum kaffi til rettferdige prisar, men utan sertifisering frå FLO. Denne handlinga, driven fram av markedskrav, dannar presedens for nettverket som truar med at selskapa skal opne døra enno meir for eigne alternativ til rettferdig handel. Representantar for FLO har kritisert avtalen for at han kompromitterer integriteten til den uavhengige sertifiseringa som er nøkkelen som skal trygge at standarden til rettferdig handel blir handtert kontrollerbart og opent. (71)

Ei langt viktigare vurdering av rettferdig handel er ikkje grensene for UCIRI-modellen, som trass i feil har gitt viktige utviklingsfordelar for medlemmene, men at det er usannsynleg at fordelane kan kopierast i større skala. På grunn av si spesielle historie som ein av grunnleggarane av rettferdig handel-merkinga har UCIRI vore ein særleg vellykka organisasjon i nettverket for rettferdig handel, som har vore i stand til å selje nær 100 % av kaffibønnene sine i nettverket. Slik har det ikkje vore for majoriteten av partnarane i rettferdig kaffi, som i snitt bare kan selje rundt 20 % av bønnene sine her. Grunnen er grensene for markedet for rettferdig kaffi som sjølv om det har vakse markant det siste halvtanna tiåret, aldri har vore i stand til å dekke behova til partnarane i sør. (72) Vidare, mens vekstraten i relativt nye marked som USA og Canada har vore høg dei siste åra, så har salstalla for rettferdig kaffi i etablerte marked stagnert. Det tyder på at nettverket vil møte eit tak i opparbeidde marked. I viktige konsumentland for rettferdig kaffi stagnerte kaffisalet frå 1999 til 2001 i Nederland, og sank med 2 % i både Tyskland og Sveits. (73)

Når markedet for rettferdig kaffi viser avgrensa vekstpotensiale, trur enkelte kommentatorar og folk i rettferdig handel at konkurranse mellom kooperativa er aukande og truar med å undergrave solidariteten og samarbeidet i nettverket. Det blir stadig vanskelegare for nye og mindre utvikla kooperativ å få ein del av markedet, og ekstremt vanskeleg for nye grupper å plass i registeret til FLO. Dess meir, donorar og långivarar tenderer å favorisere veletablerte kooperativ som er tydeleg til stades i marked for rettferdig handel og økologiske varer. Det gir ytterlegare fordelar til grupper som alt gjør det etter måten bra. (74) Under slike tilhøve er det dei sterkaste og mest veletablerte kooperativa, som UCIRI, som får størst fordelar av rettferdig handel, mens svakare grupper i aukande grad blir pressa ut. Td tok det FLO-sertifiserte Tzotzilotic Tzobolotic Coffee-kooperativet i Chiapas, Mexico åtte år å finne kjøpar til den første sendinga med rettferdig kaffi i 2001. (75) I eit anna tilfelle vart Unión de La Selva-kooperativet i Chiapas desertifisert i 2000 etter seks år i FLO-systemet. Dei klarte ikkje oppfylle ein kontrakt. I ein kommentar hevdar La Selva-rådgivaren José E. Juárez Valera:

Den noverande strukturen i rettferdig handelsystemet er avhengig av eliten og politiske toppar (caciques) blant produsentane … Eg meiner rettferdig handel skulle fremme ikkje bare deltaking frå veletablerte kooperativ men au dei mindre heldigstilte og priviligerte. (76)

Gitt dei sannsynlege grensene for stadig ekspansjon i salet av rettferdig kaffi på lengre sikt, er det mauleg at press i markedet vil føre til aukande konkurranse blant kooperativ i nettverket for rettferdig handel som slik vil freiste utvide sin markedsdel, og blant usertifiserte kooperativ som vil inn i markedet. Slik set globale markedskrav endelege grenser for utviklinga av samarbeids- og solidaritetsverdiane til nettverket for rettferdig handel.

 

Konklusjon: Grensene for markedsstyrt sosial rettferd

Mens solidaritetsbanda rettferdig handel har skapt mellom nord og sør i sanning er positive og representerer ei utfordring for prinsippa for markedsbytte under den globale kapitalismen, er utfordringa strengt avgrensa av eksisterande kapitalistiske forhold med omsyn til eigedom og arbeid, og av den markedsstyrte tilnærminga nettverket for rettferdig handel står for. Rettferdig handel har i kjerna freista fjerne varekarakteren til produkt gjennom den same mekanismen som gjorde dei til varer i første omgang – det kapitalistiske markedet. Dei har freista det ved å fremme ei anna haldning til markedsbytte, mens dei har neglisjert at det ikkje er ei haldning men eit spesifikt sett av sosiale produksjonsforhold som fører til krava frå det kapitalistiske markedet. Det var av den grunn Marx hevda at den einaste måten ein kunne fjerne at arbeid og produkt blir varer, var ved å utfordre dei sosiale forholda som opna vegen for dei. Det kunne ein gjøre, hevda han, gjennom utviklinga av en sammenslutning av frie mennesker. De arbeider med felles produksjonsmidler og forbruker sine mange individuelle arbeidskrefter bevisst, som en samfunnsmessig arbeidskraft. (77)

Ifølge McNally uttrykker påstanden til Marx tri hovudprinsipp: arbeidarane sitt sjølvstyre og kontroll over produksjonsprosessen; samfunnsmessig eige og kollektiv fordeling av ressursane; og sosial samordning av det økonomiske livet i ein demokratisk og deltakande prosess. (78) Mens Marx såg føre seg ei breiare omdanning enn dei meir smålåtne måla til rettferdig handel, er det nyttig å tenke over desse forholda når det gjeld nettverkets strev for å utfordre at alt blir gjort til varer. Nettverket er eit forsøk på å utvikle ein modell som fører oss i retning dei to første prinsippa, men med viktige motsetningar. Sjølvstyre for arbeidarar eksisterer i kooperativa i sør, og offentleg eige og regulering av felles eigedom finst au, jamvel om småprodusentane ofte individuelt er sjølveigarar. Men i nord finst ikkje noko av slike prinsipp, lisensiatar i nord kan vere alt frå små ATO-ar til gigantiske multinasjonale selskap, der dei siste blir stadig meir dominerande i nettverket.

Viktigast for å vurdere korleis nettverket er i stand til å fjerne varekarakteren alt får er det tredje prinsippet, den sosiale samordninga av det økonomiske livet. I denne samanhengen kjem det markedsstyrte nettverksprosjektet tydeleg til kort når det gjeld å knytte den deltakande arbeidskrafta «bevisst, som en samfunnsmessig arbeidskraft». Med rettferdig handel held markedet fram med å vere den endelege samordnaren av det økonomiske livet, og rettferdig handel-standard for produsentane i sør er til sjuande og sist fullstendig avhengig av avgjerdene til konsumentar i nord som framleis er atomiserte og individuelle konsumentar direkte upåverka av dei sosiale resultata av markedsoppførselen sin. Så sjølv om varer blir utveksla mellom produsentar i sør og konsumentar i nord, er ikkje dei berørte partane engasjert i bevisste, demokratiske, deltakande prosessar der alle – som medlemmar av eit samfunn – er likeverdig ansvarlege for og berørte av vedtak som regulerer produksjon og konsumpsjon. Mens individuelle konsumentar i nord kan ha ei kjensle av moralsk ansvar for produsentar i sør, er det framleis markedet som avgjør kven som vinn eller forsvinn i nettverket for rettferdig handel.

Her kom ICA med eit meir handfast grunnlag å bygge ei langsiktig utfordring til varekarakteren, sjølv om det offisielt ikkje var eit mål med avtalen. ICA sette fram ideen om at prisane internasjonalt og ei meir rettferdig fordeling av global rikdom skulle vere ei statleg oppgave og gjennomførast overalt for å sikre litt rettferd for alle produsentar og konsumentar. Trass i manglar i praksis, gav det grunnlag for ein byrjande diskusjon om korleis ein genuin modell for ein demokratisk, deltakande prosess for å regulere produksjon og konsumpsjon skulle sjå ut på internasjonalt nivå. Det betyr ikkje at ICA faktisk står for ein slik modell. Men det peika på retninga bort frå markedet og mot tanken om meir bevisste og universelt regulerte politiske prosessar. I kontrast til det peikar nettverket for rettferdig handel i ei anna retning, mot ein modell som er frivillig, medlemsspesifikk og avhengig av uføreseielege innfall i det internasjonale markedet.

Mens rettferdig handel til sjuande og sist faktisk representerer ei viktig symbolsk utfordring til prinsippa for markedsbytte under kapitalismen, er det usannsynleg at rettferdig handel kan fungere som grunnlag for å sjå for seg eit prosjekt som går frå det symbolske til ei langsiktig utfordring til kjerna i at alt blir omgjort til varer. Det er slik både på grunn av den mektige og vedvarande nedbrytinga frå dei strukturelle krava i det internasjonale markedet, og pga nettverkets eigen markedsstyrte tilnærming, grunnfesta i konvensjonelle normar og oppfatningar om forbrukaren først og neo-smithiansk oppførsel i markedet. For å selje si symbolske utfordring til at alt blir varer, har rettferdig handel måtta pakke utfordringa si som vare på same vis som konvensjonelle varer og som føremål for liknande krav. Mens rettferdige varer formelt avdekkar dei sosiale og miljømessige vilkåra varene blir produsert under, så er konsumentar i nord framleis fremmendgjorte individ som er fråkopla produsentane og som ikkje står til ansvar for dei vedtaka dei gjør i markedet. Mens rettferdig handel faktisk sikrar ikkje-økonomiske verdiar som samarbeid og solidaritet, så vil til slutt kapitalistiske krav om konkurranse, akkumulasjon og profittmaksimering ikkje vere eit spørsmål om å velje, men dei er naudsynte for alle selskap som vil overleve i det globale kapitalistiske markedet. For å gå ut over den symbolske utfordringa frå nettverket til verkeleg å sprenge varefetisjismen vil det i siste instans kreve eit prosjekt retta ikkje bare mot uetisk oppførsel i markedet, men mot dei sosiale forholda som ligg til grunn for det.

(Artikkelen sto i Historical Materialism nummer 4/2007. Artikkelen trykkes med tillatelse fra forfatteren, og er oversatt av Gunnar Danielsen. Red.)

Notar:

1. Eg vil takke Social Science and Humanities Research Council of Canada (SSHR C) for å ha finansiert forskinga, så vel som to anonyme lesarar og redaksjonen i Historical Materialism for nyttige forslag. Særleg takk til Gregory Albo, Donald Carveth, David Friesen, Mark Gabbert, Samuel Knafo, Martijn Konings, Liisa North, Viviana Patroni, og framfor alt Kate Ervine, for kritiske råd, oppmuntring og vennskap.

2. O m rettferdig handel som «etisk forretning», sjå Blowfield 1999 ; om prissubsidiar sjå LeClair 2002; om «sosial kapital» sjå Simpson og Rapone 2000; om alternativ til nyliberalismen sjå Waridel 2002. For å lese meir om «politisk forbrukarmakt», sjå Bernstein og Campling 2006b; Guthman 2002; og Micheletti 2004.

3. Fridell 2004 og 2007.

4. FLO 2003.

5. Bolscher, intervju 2002; Renard 1999 ; Simpson og Rapone 2000; Waridel 2002, pp. 93-6.

6. Salet av FLO -serifiserte varer voks med trettifem prosent frå 1997 til 2000. Totalt detaljsal av FLO – sertifiserte varer i 2000 var verd over 196 millionar US-dollar, der meir enn 49 millionar US-dollar gjekk direkte til produsentane, rundt førti prosent meir enn det som ville vore tilfelle med konvensjonelle prisar. FLO 2001.

7. Fridell 2004 og 2007.

8. Meir om ICA sjå Talbot 2004 og Fridell 2007. Ein gjennomgang av nøkkeldiskusjonar om «varestudiar» generelt hos Bernstein og Campling 2006a og 2006b.

9. Guthman 2002; Raynolds 2002a; Renard 2005; Taylor 2005.

10. For meir om andre spørsmål og debattar om rettferdig handel, sjå Fridell 2006 og 2007.

11. Sjå Elson 2002; Hudson og Hudson 2003.

12. Bird og Hughes 1997 ; Blowfield 1999 ; Fisher 2004; LeClair 2002; Simpson og Rapone 2000.

13. Simpson og Rapone 2000, s 55 .

14. Raynolds 2002a, s 415. Sjå au Jaffee, Kloppenburg og Monroy 2004, s 170.

15. Moore Lappé og Lappé 2002, pp 27-31; Waridel 2002, s 23.

16. Guthman (2002) peikar på at den implisitte kritikken av at alt blir gjort til varer under kapitalismen er vanleg i dei fleste individuelle varestudiane (commodity studies).

17. Marx 1983, pp 85-100. (pp 319-29.)

18. Bernstein og Campling 2006b, pp 423-6; Elson 1998; Guthman 2002; Hudson og Hudson 2003; Marx 1983, pp 85-100 (pp 319-29); McNally 199 3, pp 199 -200 og 214-17.

19. Elson 1988 og 2002.

20. Elson 1988 og 2002; Fisher 2004; Moore Lappé og Lappé 2002, pp 199 -203, 293-6; Raynolds 2002a, pp 415-20; Simpson og Rapone 2000, pp 47 -55 ; Waridel 2002, pp 24-7, 100-13.

21. Elson 2002.

22. Waridel 2002, pp 106-9. 23. Bird og Hughes 1997 . Kvinnelege kjøparar er meir opne for å handle etisk pga sosialt skapte kjønnsskille mellom maskuline og feminine roller. Den «sosiale kvinna» er meir på linje med etisk forbruk enn den «økonomiske mannen» (Gidengil 1995 ). På ein seminardiskusjon kommenterte Mary Frey (direktør/CEO i Ten Thousand Villages i Canada) det faktum at nær åtti prosent av kundane til TTV var kvinner og at rettferdig handel i nord på mange måtar derfor var ei «kvinnerørsle» (Frey 2004). Ei analyse av kjønn og politisk forbrukarmakt finn du hos Micheletti 2004.

24. Som ein lesar korrekt peikar på, betyr det at mens forbrukarar frå arbeidarklassen ikkje prosentvis kjøper mest rettferdig kaffi, så brukar desse forbrukarane ein mykje større del av inntekta si i namnet til solidariteten.

25. Statistics Canada 2003.

26. Pendergast 199 , p 395 .

27. Klein 2000, p 372.

28. Klein 2000, p 429.

29. Bird og Hughes 1997 , p 160; Blowfield 1999 , pp 76 0-1; Seligman 2002.

30. Fridell 2007; Giovannucci 2003, pp 21-2, 55 -9; Renard 2005, pp 426-30.

31. Dawson 2003; Princen, Maniates og Conca 2002.

32. Dawson 2003.

33. Hudson og Hudson 2003, s 426.

34. Mandel 1986, s 22. Mandels artikkel var ein kritikk av oppfatninga til Alex Nove om «gjennomførbar sosialisme» og var ein del av ein interessant debatt om utsiktene for sosialistisk planlegging som starta i New Left Review på 1980-tallet. Sjå Auerbach, Desai og Shamsavar 1988; Elson 1988, og 2002; Mandel 1986 og 1988; McNally 199 3, pp 214-17; Murray 1987; Nove 1987 og 1991.

35. D awson 2003; Hudson og Hudson 2003, s 426; Princen, Maniates og Conca 2002.

36. Maniates 2002, s 206.

37. Sjå td Seligman 2002.

38. Dawson 2003, pp 132-54 .

39. Lasch 1979 , pp 72-5.

40. Lasch 1979 .

41. Lasch 1979 , s 166 .

42. Lasch 1979 , s 29. 43. Bernstein og Campling 2006b, pp 423-34; Guthman 2002.

44 . Moore Lappé og Lappé 2002, pp. 27–31 og 291–3.

45 . Fromm 194 1, pp 32-78, 119, og 273.

46 . Moore Lappé og Lappé 2002, pp 291–3.

47 . Featherstone 199 0, pp 14-15; Guthman 2002, s 305. Sjå ein kritikk av bidrag frå kulturforskarar omkring varestudiar hos Bernstein og Campling 2006b.

48. Lyon 2003.

49 . Barrett, intervju 2004; Fridell 2007.

50. Princen 2002.

51. Fridell 2004 og 2007; Rogers 2004.

52. Fridell 2007. Ifølge Starbucks fekk gardbrukarane i CI-programmet i 2001 betalt ein premie på seksti prosent over «lokale prisar». (Starbucks 2004.) Mens det er uklart kva det betyr, er det sannsynlegvis godt under 1 US-dollar per pund då verdsprisen for kaffislag dyrka i Brasil låg mellom 0,60 US-dollar og 0,40 det året (UNCTAD 2004). Det er vesentleg lågare enn minsteprisen i nettverket til rettferdig handel på 1,26 US-dollar per pund.

53. Choudry 2003.

54 . Barnett 2002; Fridell 2007.

55 . Princen 2002, s 116.

56 . Bernstein og Campling 2006b, pp 423-34.

57 . Simpson og Rapone 2000, s 53; Taylor 2002, s 7.

58. Fridell 2007; Simpson og Rapone 2000.

59 . Fridell 2007; Simpson og Rapone 2000; VanderHoff Boersma, intervju 2002, og 2002.

60. Fridell 2007; Taylor 2002; VanderHoff Boersma 2002. 61. McNally 199 3 og 2002; Wood 1999 .

62. FLO 2001, s 2.

63. McNally 2002, s 86.

64 . Brenner 197 og 1985; Brewer 1990; Kay 1975 ; Leys 1996 ; McNally 199 3 og 2002; Wood 199 .

65 . Wood 199 , pp 6-7.

66 . Blowfield 1999 ; LeClair 2002.

67 . Renard 199 , s 496 .

68. VanderHoff Boersma 2002, s 20.

69 . VanderHoff Boersma, intervju 2002.

70. Fridell 2007; samtale med Roy, 2004.

71. Fridell 2007; VanderHoff Boersma, intervju 2002.

72. R aynolds 2002b, s 11; Renard 1999 , s 498.

73. EFTA 2001, pp 33-6; FLO 2001; Giovannuci 2003.

74 . Raynolds, Murray og Taylor 2004; Taylor 2002, pp 7, 25-6.

75 . Martinez 2002.

76 . Sitert frå Gonzalez Cabanas 2002, s 32.

77 . Marx 1983, p 94 . (197 8, p 326.)

78. McNally 2002, pp 233-4.  

<br />

Referansar:

– Auerbach, Paul, Meghnad Desai og Ali Shamsavari 1988, ‘The Transition from Actually Existing Capitalism’, New Left Review, I, 170: 61–78.

– Barnett, Erica C. 2002, ‘Prison Coffee’, Organic Consumers Association, 27. desember – 2. januar.

-Barrett, Bill 2004, telefonintervju med forfattaren, Guelph, Ontario.

– Bernstein, Henry og Liam Campling 2006a, ‘Commodity Studies and Commodity Fetishism I: Trading Down’, Journal of Agrarian Change, 6, 2: 239–64. – 2006b, ‘Commodity Studies and Commodity Fetishism II: “Profits with Principles”?’, Journal of Agrarian Change, 6, 3: 414–47.

– Bird, Kate og David R. Hughes 1997, ‘Ethical Consumerism: The Case of “Fairly-Traded” Coffee’, Business Ethics: A European Review, 6, 3: 159–67.

– Blowfield, Mick 1999, ‘Ethical Trade: A Review of Developments and Issues’, Third World Quarterly, 20, 4: 753–70.

– Bolscher, Hans 2002, intervju med forfattaren, Utrecht.

– Brenner, Robert 1977, ‘The Origins of Capitalist Development: A Critique of Neo-Smithian Marxism’, New Left Review, I, 104: 25–93.

– 1985, ‘The Social Basis of Economic Development’ i Analytical Marxism, redigert av J. Roemer, Cambridge: Cambridge University Press.

– Brewer, Anthony 1990, Marxist Theories of Imperialism: A Critical Survey, andre utgave, London: Routledge.

– Choudry, Aziz 2003, ‘Beware the Wolf at the Door’, Seedling (GRAIN), October.

– Dawson, Michael 2003, The Consumer Trap: Big Business Marketing in American Life, Urbana: University of Illinois Press.

– EFTA 2001, EFTA Yearbook: Challenges of Fair Trade 2001–2003, Maastricht: European Fair Trade Association (EFTA).

– Elson, Diane 1988, ‘Market Socialism or Socialization of the Market?’ New Left Review, I, 172: 1–44.

– 2002, ‘Socializing Markets, Not Market Socialism’ i Socialist Register 2002: Necessary and Unnecessary Utopias, redigert av Leo Panitch og Colin Leys, Black Point: Fernwood Books.

– Featherstone, Mike 1990, ‘Perspectives on Consumer Culture’, Sociology, 24, 1: 5–22.

– Fisher, Carolyn 2004, ‘Report from the Field: Fair Trade and the Idea of the Market’, North American Dialogue, 7, 2: 15–18.

– FLO 2001, Report 2000–2001: Developing Fairtrade’s Labelling, Bonn: Fairtrade Labelling Organisations International (FLO).

-2003, Fairtrade Standards in General, Bonn: Fairtrade Labelling Organisations International (FLO).

– Frey, Marv 2004, ‘Presentation on Ten Thousand Villages’, i Fair Trade Workshop For Academic and Fair Trade/No Sweat Practitioners. Toronto: York University.

– Fridell, Gavin 2004, ‘The Fair Trade Network in Historical Perspective’, Canadian Journal of Development Studies, 25, 3: 411–28.

– 2006, ‘Fair Trade and Neoliberalism: Assessing Emerging Perspectives,’ Latin American Perspectives, 33, 6: 8–28.

– 2007, Fair Trade Coffee: The Prospects and Pitfalls of Market-Driven Social Justice, Toronto: University of Toronto Press.

– Fromm, Erich: Flukten fra friheten, Pax, 1965.

– Gidengil, Elisabeth 1995, ‘Economic Man – Social Woman? The Case of the Gender Gap in Support for the Canada-United States Free Trade Agreement’, Comparative Political Studies, 28, 3: 384–408.

– Giovannucci, Daniele 2003, The State of Sustainable Coffee: A Study of Twelve Major Markets, International Coffee Organisation/International Institute for Sustainable Development/United Nations Conference on Trade and Development/World Bank.

– Gonzalez Cabanas, Alma Amalia 2002, Evaluation of the Current and Potential Poverty Alleviation Benefits of Participation in the Fair Trade Market: The Case of Unión La Selva, Chiapas, Mexico,

– San Cristóbal de las Casas, Chiapas: Union of Societies of La Selva/Federation of Social Solidarity Societies.

– Guthman, Julie 2002, ‘Commodified Meanings, Meaningful Commodities: Re-Thinking Production-Consumption Links through the Organic System of Provision’, Sociologia Ruralis, 42, 4: 295–311.

– Hudson, Ian and Mark Hudson 2003, ‘Removing the Veil?: Commodity Fetishism, Fair Trade, and the Environment’, Organisation & Environment, 16, 10: 413–30.

– Jaffee, Daniel, Jack R. Kloppenburg, Jr. og Mario B. Monroy 2004, ‘Bringing the “Moral Charge” Home: Fair Trade within the North and within the South’, Rural Sociology, 69, 2: 169–96.

– Kay, Geoffrey 1975, Development and Underdevelopment: A Marxist Analysis, New York: St. Martin’s Press.

– Klein, Naomi 2000, No Logo: Taking Aim at the Brand Bullies, Toronto: Vintage Canada.

– Lasch, Christopher 1979, The Culture of Narcissism: American Life in an Age of Diminishing Expectations, New York: W.W. Norton & Company

– LeClair, Mark S. 2002, ‘Fighting the Tide: Alternative Trade Organizations in the Era of Global Free Trade’, World Development, 30, 6: 949–58.

– Leys, Colin 1996, The Rise and Fall of Development Theory, Bloomington: Indiana University Press.

– Lyon, Sarah 2003, ‘Fantasies of Social Justice and Equality: Market Relations and the Future of Fair Trade’, på 2003-møtet til Latin American Studies Association (LASA), Dallas, Texas.

– Mandel, Ernest 1986, ‘In Defense of Socialist Planning’, New Left Review, I, 159: 5–37.

-1988, ‘The Myth of Market Socialism’, New Left Review, I, 169: 108–20.

– Maniates, Michael 2002, ‘In Search of Consumptive Resistance: The Voluntary Simplicity Movement’, i Confronting Consumption, redigert av Thomas Princen, Michael Maniates og Ken Conca, Boston: MIT Press.

– Martinez, Maria Elena 2002, Poverty Alleviation through Participation in Fair Trade Coffee Networks: The Case of the Tzotzilotic Tzobolotic Coffee Coop, Chiapas, Mexico, New York: Fair Trade Research Group/Colorado State University/Ford Foundation

– Marx, Karl, Kapitalen, første bok, del 1, Oktober 1983 (1978 (1867), Capital, Volume One, i The Marx-Engels Reader, redigert av Robert C. Tucker, New York: W.W. Norton & Company.)

– McNally, David 1993, Against the Market: Political Economy, Market Socialism and the Marxist Critique, London: Verso.

– 2002, Another World Is Possible: Globalization and Anti-Capitalism, Winnipeg: Arbeiter Ring Publishing.

– Micheletti, Michele 2004, ‘Why More Women? Issues of Gender and Political Consumerism’ in Politics, Products, and Markets: Exploring Ethical Consumerism Past and Present, redigert av Michele Micheletti, Andreas Follesdal og Dietlind Stolle, New Brunswick: Transaction Publishers.

– Moore Lappé, Frances og Anna Lappé 2002, Hope’s Edge: The Next Diet for a Small Planet, New York: Jeremy P. Tarcher/Putnam.

– Murray, Robin 1987, ‘Ownership, Control and the Market’, New Left Review, I, 164: 87–112.

– Nove, Alec 1987, ‘Markets and Socialism’, New Left Review, I, 161: 98–104.

– 1991, The Economics of Feasible Socialism: Revisited. 2. utgave, London: Unwin Hyman.

– Pendergrast, Mark 1999, Uncommon Grounds: The History of Coffee and How It Transformed Our World, New York: Basic Books.

– Princen, Thomas 2002, ‘Distancing: Consumption and the Severing of Feedback’, i Confronting Consumption, redigert av Thomas Princen, Michael Maniates og Ken Conca, Boston: MIT Press.

– Princen, Thomas, Michael Maniates og Ken Conca (red.) 2002, Confronting Consumption, Boston: MIT Press.

– Raynolds, Laura T. 2002a, ‘Consumer/Producer Links in Fair Trade Coffee Networks’, Sociologia Ruralis, 42, 4: 404–24.

– 2002b, Poverty Alleviation through Participation in Fair Trade Coffee Networks: Existing Research and Critical Issues, New York: Fair Trade Research Group/Colorado State University/Ford Foundation.

– Raynolds, Laura T., Douglas Murray og Peter Leigh Taylor 2004, ‘Fair Trade Coffee: Building Producer Capacity Via Global Networks’, Journal of International Development, 16: 1109–21.

– Renard, Marie-Christine 1999, ‘The Interstices of Globalisation: The Example of Fair Coffee’, Sociologia Ruralis, 39, 4: 484–500.

– 2005, ‘Quality Certification, Regulation and Power in Fair Trade’, Journal of Rural Studies, 21: 419–31.

– Rogers, Tim 2004, ‘Small Coffee Brewers Try to Redefine Fair Trade’, The Christian Science Monitor, 13 April.

– Samtale med Roy, Normand 2004, Oaxaca, Mexico.

– Seligman, Paul 2002, ‘Protestors Can Tell You the Next Consumer Trend’, Marketing, 11. juli.

– Simpson, Charles R. og Anita Rapone 2000, ‘Community Development from the Ground Up: Social-Justice Coffee’, Human Ecology Review, 7, 1: 46–57.

– Starbucks 2004, Corporate Social Responsibility. Lest 12. mars 2004. Tilgjengeleg frå http://www.starbucks.com/aboutus/csr.asp.

– Statistics Canada 2003, Food Expenditure in Canada 2001, Ottawa: Minister of Industry.

– Talbot, John M. 2004, Grounds for Agreement: The Political Economy of the Coffee Commodity Chain, Oxford: Rowman & Littlefield.

– Taylor, Peter Leigh 2002, Poverty Alleviation through Participation in Fair Trade Coffee Networks: Synthesis of Case Study Research Question Findings, New York: Fair Trade Research Group/Colorado State University/Ford Foundation.

– 2005, ‘In the Market but Not of It: Fair Trade Coffee and Forest Stewardship Council Certification as Market-Based Social Change’, World Development, 33: 129–47.

– UNCTAD 2004, Unctad Handbook of Statistics on-Line: United Nations Conference on Trade and Development (UNCTAD).

– VanderHoff Boersma, Francisco 2002, intervju med forfattaren, San José el Paraíso, Oaxaca, Mexico.

– 2002, Poverty Alleviation through Participation in Fair Trade Coffee Networks: The Case of Uciri, Oaxaca, Mexico, New York: Fair Trade Research Group/Colorado State University/Ford Foundation.

– Waridel, Laure 2002, Coffee with Pleasure: Just Java and World Trade, Montreal: Black Rose Books.

– Wood, Ellen Meiksins 1999, The Origin of Capitalism, New York: Monthly Review Press.