Den første som snakka om det korrupte Norge (bokomtale)

Av Erling Folkvord

2006-04 Bokomtaler

For 21 år sia heldt professor dr. juris Carl August Fleischer foredrag i Politisk forum om eit tema ingen andre snakka høgt om: Det korrupte Norge. Den gongen leverte han ein presis definisjon på korrupsjon som framleis er like gangbar:

"Samlet sett kan vi si at det korrupte Norge – i forhold til offentlige stillinger, tillitsverv og posisjoner – består i at det finnes personer som opptrer slik at de ivaretar egne eller andres spesielle interesser. Disse interessene ivaretas istedenfor samfunnets interesser eller i større grad enn det er grunnlag for eller rettslig adgang til."

Carl August Fleischer: Korrupsjonskultur, kameraderi og tillitssvikt i Norge

Carl August Fleischer: Korrupsjonskultur, kameraderi og tillitssvikt i Norge
Koloritt forlag, 2006 466 sider


Definisjonen omfattar både handlingar som ikkje er straffbare og lovstridige handlinger som påtalemakta ikkje reagerer på. Eg syntest den gongen det var befriande at ein jussprofessor brukte fellesskapet sine interesser som målestokk, istadenfor å avgrense fenomenet korrupsjon ved hjelp av lovparagrafane. Den gongen fanst ikkje ordet korrupsjon i straffelova.

I den nye boka går Fleischer i 18 kapitel til dels djupt og detaljert inn på enkeltsaker han har arbeidd med og har solid kunnskap om. Med arbeidsplass både i Utanriksdepartementet og på det juridiske fakultetet på Universitetet i Oslo i meire enn 45 år, har han levd nært innpå mange samfunnsaktørar. Delar av framstillinga har ei personleg form som kanskje vil irritere enkelte av dei han har møtt.

Fleischer begynte å arbeide i Rettsavdelinga i Utanriksdepartementet i november 1960, eit drygt halvår før Jens Evensen vart ekspedisjonssjef der. På forværelset arbeidde Gunvor Haavik, som gjennom 28 år hadde 259 møte med oppdragsgivarane sine i KGB utan at Overvakingspolitiet oppdaga det. Dei konsentrerte seg jo om å arrestere den uskyldige Ingeborg Lygren.

Fleischer gjengir ei ordveksling på forværelset mellom Haavik og ekspedisjonssjef Evensen rett før jul 1961. Da hadde Norge nettopp utvida fiskerigrensa frå 4 til 12 nautiske mil, og Evensen hadde vori leiar for delegasjonen som forhandla med Sovjetunionen. Etter åpninga av ei julegåve frå den sovjetiske ambassaden (to vodkaflasker og russiske sigarettar) til delegasjonsleiar Jens Evensen, ga ho dette rådet: "Stabell (som var ekspedisjonssjef før Evensen) ville sendt det tilbake." Fleischers kommentar: "Den da for lengst rekrutterte KGB-agent Haavik satt altså og ville belære Jens Evensen om at man ikke skal motta bestikkelser fra en fremmed makt eller dens representanter." Evensen var usamd med henne. Fleischer skriv at dette "også kunne ha sammenheng med vanlig høflighet og godt diplomati overfor Sovjetunionen", men gjengir og Evensen sin svarreplikk til KGB-agenten: "Min pris er dog en helt annen." (Side 122/123.) Det han så skriv om korleis KGB kan ha prøvd å utnytte Jens Evensen sine svake sider, ga i alle fall meg litt nye innspel til å forstå meire om dei ulike aktørane som var aktive rundt det som drygt 22 år seinare eksploderte som "Treholt-saka" i norske media. I 1984 vart Evensens nære medarbeidar Arne Treholt arrestert og seinare dømt for spionasje.

Fleischer skriv ikkje om korrupsjon i seg sjølv. Han skildrar faktiske hendingar frå dei siste 45 åra og gir konkrete eksempel på institusjonar og personar "som opptrer slik at de ivaretar egne eller andres spesielle interesser. Disse interessene ivaretas istedenfor samfunnets interesser eller i større grad enn det er grunnlag for eller rettslig adgang til." Dette gjer at framstillinga hans blir konkret og forståeleg.

Skal eg nemne nokre delar av boka særskild, må det bli kapitla "Den moderne havretten og dens betydning" og "Norges oljehistorie – og forsøkene på å ødelegge denne". Her gir Fleischer oss viktig innsyn i drakampen som har stått om korleis Norge kan ta vare på nokre av dei største naturressursane vi har.

Fleischer omtalar Sjørettsinstituttet ved Universitetet i Oslo så grundig og kritisk, at instituttet bør svare for seg:

"Her har man en lang tradisjon for felles skryt av faglig innsats, for pengebidrag til instituttet, for betydelige ekstrainntekter for den enkelte ansatte, for skjeve standpunkter i rederinæringens og andre særinteressers favør, og for faglig meget dårlig juss." (Side 184.)

Han skriv at instituttet "har prestert en serie uholdbare standpunkter til skade for den norske styring av oljevirksomheten, og med et betydelig kvantum av uholdbar forsknings- og undervisningspraksis i denne forbindelse". (Side 185.)

For meg er mange av dei omtalte personane berre namn. Nokre gongar synst eg som lesar at det kan bli vanskeleg å skilje mellom det som må ha vori til dels bitter strid mellom ulike professorar på det juridiske fakultetet i Oslo, og det som faktisk er viktige samfunnsspørsmål. Men Fleischer skriv konkret og tydeleg, slik at lesaren kan gjere seg opp ei meining sjølv.

Boka er ein liten murstein. Men inndelinga i kapitel med klart avgrensa tema gjer at det går an å lese bit for bit. Her er det mykje å hente for lesarar som vil ha nye innfallsvinklar på viktige sider av samfunnsutviklinga etter 1960. Og det er massevis av nyttig bakgrunnsstoff som er viktig å ha for handa, når påtalemakt og rettsvesen i dei komande åra skal avgjere kva som skal bli det verkelege innhaldet i korrupsjonsparagrafane som kom inn i straffelova i 2003.

Erling Folkvord