Om å forstå klasse – mot ein integrert analytisk metode

Av Erik Olin Wright

2010-02

Då eg byrja skrive om klasser midt på 1970-tallet, såg eg på marxistisk og positivistisk (erfaringsbasert) samfunnsvitskap som klart avgrensa og i strid med andre tankeretningar.
Eg hevda at marxismen hadde klare epistemologiske (erkjenningsmessige) premiss og metodiske tilnærmingar som stod fundamentalt i motstrid til rådande samfunnsvitskap.

I tida som har gått, har eg mange gonger tenkt gjennom den underliggande logikken i tilnærminga mi til klasseanalyse.1 Eg arbeider framleis innanfor den marxistiske tradisjonen, men eg ser ikkje lenger på marxismen som eit altomfattande tenkesett som grunnleggande er i strid med «borgarleg» sosiologi.2

 

Mens eg tidlegare hevda at den marxistiske klasseanalysen var fullstendig overlegen hovudrivalane – særleg weberianske metodar og dei som blir nytta av rådande lagdelingsforsking – så meiner eg no at alle desse ulike klasseanalysemetodane kan bidra til ei meir fullstendig forståing ved å klarlegge korleis ulike årsakssamanhengar formar mikro- og makrosidene ved ulikskap i kapitalistiske samfunn. Den marxistiske tradisjonen er ei verdfull samling idear fordi han på vellykka vis klarlegg verkelege mekanismar som er vesentlege for ei rad viktige problem, men det betyr ikkje at han har monopol på å klarlegge slike mekanismar. I praksis skulle då sosiologiske undersøkingar gjennomført av marxistar sameine dei spesifikke marxistidentifiserte mekanismane med alle andre kausalprosessar som måtte vere relevante for oppgava du skal gjøre.3 Det ein kunne kalle «pragmatisk realisme» har erstatta «den store kampen mellom tenkesett».

 

For å gjøre det enkelt skal eg i det følgande konsentrere meg om tri årsaksprosessar som er relevante i klasseanalyse, alle knytt til ulike sosiologiske teoriar. Den første definerer klasse som eigenskapar og materielle levekår knytt til enkeltpersonar. Den andre fokuserer på korleis sosiale posisjonar gir enkelte kontroll over økonomiske ressursar og ekskluderer andre – han definerer klasse ut frå «oppsamla fordelar». Den tredje måten ser klasser bestemt av dominans- og utbyttingsmekanismar, der økonomiske posisjonar gir enkelte personar makt over liva og handlingane til andre. Den første er metoden til lagdelingsforskarane, den andre er det weberianske perspektivet, og det tredje er knytt til den marxistiske tradisjonen.

 

Eigenskapar og vilkår

 

Både blant sosiologar og lekfolk blir klasse først og fremst forstått som individuelle eigenskapar og levekår. Eigenskapar som kjønn, alder, rase, religion, intelligens, utdanning, geografisk plassering og så vidare, blir sett som avgjørande for mange ting me kan ønske å forklare, frå helse til røysting i val til oppseding av barn. Enkelte av desse eigenskapane får ein ved fødselen, andre seinare i livet; enkelte er stabile, andre ganske avhengige av den spesifikke personlege sosiale situasjonen, og kan derfor endre seg over tid. I lagdelingsforsking kan folk òg bli kategoriserte ut frå dei materielle levekåra sine: elendige bustader, hyggelege forstadshus eller palass i avstengte bustadområde; skremmande fattigdom, rimeleg inntekt eller overdådig rikdom, og så vidare. «Klasse» identifiserer slik dei økonomisk viktige eigenskapane som formar folks sjansar og val i ein marknadsøkonomi, og dermed deira materielle levekår. Klasse må ikkje bli forstått bare ut frå folks individuelle eigenskapar eller deira materielle levekår, men som ein måte å forklare det innbyrdes tilhøvet mellom desse to.

 

Innanfor denne tilnærmingsmåten er utdanning nøkkeleigenskapen i økonomisk utvikla samfunn, men ein del sosiologar inkluderer òg meir uklare eigenskapar som kulturelle ressursar, sosiale knyttingar og jamvel individuell motivasjon.4 Når desse ulike eigenskapane og livsvilkåra blir samla, blir desse samlingane kalla «klasser». «Middelklassen» er her folk som har nok utdanning og pengar til fullt ut å leve ein noko vagt definert «vanleg» levemåte (som til dømes kan inkludere spesielle forbruksmønster). «Overklassen» er folk med rikdom, høg inntekt og sosiale knyttingar som gjør dei i stand til å leve atskilt frå «vanlege» menneske, mens den «lågare klassen» viser til dei som manglar nødvendig utdanning og kulturelle ressursar til å leve trygt over fattigdomsgrensa. Til sist, «underklassen» er dei som lever i ekstrem fattigdom, marginaliserte i samfunnet gjennom mangel på grunnutdanning og evner som er naudsynte for å få varig arbeid.

 

I «personlege eigenskapar»-måten å forstå klasse på er sosiologane mest opptatt av å forstå korleis folk tileignar seg dei karakterdraga som plasserer dei i den eine eller andre klassen. Gitt at dei fleste folk i dei landa der sosiologane lever, skaffar seg økonomisk status og belønning gjennom lønnsarbeid, så har brennpunktet for forsking i denne tradisjonen vore den prosessen der folk skaffar seg dei kulturelle, motivasjonsmessige og utdanningsressursane som betyr noko for deira tilknytting til arbeidsmarknaden. Fordi levekåra i barndommen heilt klart betyr ganske mykje i desse prosessane, så brukar denne retninga mykje tid på det som innimellom blir kalla «klassebakgrunn» – familiesituasjonen der ein tileignar seg desse nøkkeleigenskapane. Årsakssamanhengen i denne typen klasseprosessar er framstilt i forenkla form i figur 1.

 

 

Kunnskap, utdanning og motivasjon er sjølvsagt svært avgjørande for personlege økonomiske utsikter. Men det som manglar i denne metoden for klasseanalyse, er seriøs behandling av ulikskap i sosial plassering, eller av den relasjonelle naturen slik plassering har. Utdanning formar kva type jobbar folk får, men korfor er nokre jobbar «betre» enn andre? Korfor medfører enkelte jobbar ganske mykje makt, mens andre ikkje gjør det? Og er det noko samband mellom makta og rikdommen enkelte kan glede seg over, og det at andre manglar det same? Framfor å fokusere bare på den prosessen som sorterer folk inn i ulike posisjonar, startar dei to andre metodane klasseanalyse med å undersøke karakteren til desse posisjonane.

 

Oppsamling av fordelar

 

Den andre tilnærmingsmåten, der klasser blir definerte gjennom tilgang til og utestenging frå bestemte økonomiske sjansar, fokuserer på «oppsamling av fordelar» – eit konsept nært knytta til arbeidet til Max Weber.5 For at bestemte jobbar skal gi høg inntekt og særlege fordelar, er det viktig for innehavarane å ha ulike metodar for å stenge andre ute frå dei. Det blir òg innimellom referert til som ein sosial innelukkingsprosess, der tilgangen til posisjonar blir innskrenka. Ein måte å gjøre det på, er å lage krav det er svært kostbart å oppfylle. Utdanningsbevis har ofte slik karakter: høgt utdanningsnivå genererer høg inntekt delvis fordi det er betydelege restriksjonar på tilgangen på høgt utdanna folk. Opptaksprosedyrar, skolepengar, motvilje mot høge lån hos folk med låg inntekt osv tenderer alt til å hindre tilgang til høgare utdanning, til fordel for dei som har jobbar som krev slike kvalifikasjonar. Om det vart gjennomført massive tiltak for å forbetre utdanningsnivået til dei med låg utdanning, ville det i seg sjølv senke verdien av utdanninga til dei som har meir, ettersom verdien i stor utstrekning er avhengig av at det er knapp tilgang på han. Mekanismen i oppsamling av fordelar er skjematisk framstilt i figur 2.

 

 

Enkelte vil protestere mot å framstille utdanning slik. Økonomar hevdar til dømes at utdanning skaper «human kapital» som gjør folk meir produktive, og det er grunnen til at arbeidsgivarane er villige til å betale dei høgare lønn. Men mens den høgare lønna som følger høgare utdanning enkelte gonger speglar produktivitetsskilnader, er det bare ein del av forklaringa. Like viktig er dei ulike mekanismane som stenger folk ute frå høgare utdanning og slik avgrensar tilgangen på folk til desse jobbane. Eit enkelt tankeeksperiment viser korleis det fungerer: tenk no at USA hadde opne grenser og slapp inn alle som hadde medisinsk, ingeniør- eller høgare datautdanning og lot dei praktisere, uansett kor dei kom frå. Den voldsomme auken i tilgang på folk med slike kvalifikasjonar ville undergrave lønnsnivået til dei som alt var i landet, sjølv om den faktiske kunnskapen deira ikkje ville minke. Statsborgarskap er ei svært spesiell og potent form for «lisens» til å selje arbeidskrafta i ein spesifikt arbeidsmarknad.

 

Fullmakter og lisensar er særleg viktige når det gjeld å samle fordelar, men mange andre institusjonelle reiskapar har vore brukte til ulike tider og stader for å verne om privilega og fordelane til spesielle grupper: rasereglar stengte ute minoritetsgrupper frå mange jobbar i USA, spesielt (men ikkje bare) i sør opp til 1960-tallet; ekteskaps- og kjønnsreglar innskrenka kvinners tilgang til visse jobbar til langt ute på 1900-tallet i dei fleste utvikla kapitalistiske land; religion, kulturelle kriteria, oppførsel, dialekt – alt dette har vore utestengingsmekanismar. Kanskje er den viktigaste utestengingsmekanismen privat eigedomsrett til produksjonsmiddel. Privat eigedomsrett er det som gir tilgang på «jobben» som arbeidsgivar. Om arbeidarane skulle prøve ta over og drive ein fabrikk sjølve, måtte dei utfordre at dei er utestengte frå kontroll over produksjonsmidla; mens evnen eigarane har til å oppnå profitt avheng av at dei forsvarer slik utestenging. Det viktigaste som skil kapitalist- og arbeidarklassen – felles for både den weberianske og marxistiske tradisjonen – kan derfor frå weberiansk synsstad sjåast som å reflektere ei spesifikk form for oppsamling av fordelar tvunge fram av lovreglar om privat eigedomsrett.

 

Utestengingsmekanismane som formar klassestrukturen innanfor metoden med oppsamling av fordelar, fungerer ikkje bare i dei mest privilegerte sjikta. Fagforeiningar kan òg fungere som ei utestengingsmekanisme ved å beskytte medlemmene frå konkurranse frå dei utanfor. Det betyr ikkje at fagforeiningar bidrar til større ulikskap, ettersom dei òg kan handle politisk for å minske ulikskap skapt av andre utestengingsmekanismar – spesielt dei knytt til privat eigedomsrett til produksjonsmiddel. Likevel, i den grad fagforeiningar skaper stengsel til visse jobbar, så skaper dei eit slags samfunnsmessig avlukke som forbetrar dei materielle levekåra for dei som er på innsida.

 

Sosiologar som nyttar metoden med oppsamling av fordelar ser tri store kategoriar i USA: kapitalistar, definert gjennom privat eigedomsrett til produksjonsmidla; middelklassen, definert gjennom utestengingsmekanismar for tilgang til utdanning og kunnskap; og arbeidarklassen, definert gjennom å vere utestengt både frå høgare utdanning og kapital. Den delen av arbeidarklassen som er verna av fagforeiningar, blir enten sett som eit privilegert sjikt innanfor arbeidarklassen, eller enkelte gonger som ein del av middelklassen.

 

Den avgjørande skilnaden mellom å vurdere klasse ut frå oppsamling av fordelar og ut frå individuelle eigenskapar er denne: I den første blir økonomiske fordelar oppnådd gjennom å vere i ein privilegert klasseposisjon, og det heng nøye saman med at andre er utestengte og manglar slike fordelar. I individ–eigenskapsmetoden er slike fordelar og ulemper ganske enkelt resultat av individuelle føresetnader: dei rike er rike fordi dei har fordelaktige eigenskapar, dei fattige fattige fordi dei manglar dei; det finst ingen systematisk årsakssamanheng mellom desse faktorane. Å eliminere fattig-dom ved å forbetre relevante eigenskapar hos fattige – utdanning, kulturelt nivå, human kapital – vil ikkje på nokon måte skade dei rike. Med oppsamling av fordelar er dei rike rike delvis fordi dei fattige er fattige, og gjennom at det dei rike gjør for å halde på rikdommen sin, bidrar til elendet dei fattige må sjå i auga. Her vil tiltak for å fjerne fattigdom gjennom å fjerne utestengingsmekanismar undergrave fordelane til dei rike.

 

Utbytting og dominans

 

Klasseanalyse som fokuserer på utbyttingsog dominansmekanismar er nærast knytt til den marxistiske tradisjonen, jamvel om enkelte sosiologar som er meir influerte av Weber. òg tar slike mekanismar med i si oppfatning av klasse.6 Men dei fleste sosiologar ignorerer dei; enkelte nektar eksplisitt for at dei har relevans. «Dominans» og særleg «utbytting» er kontroversielle uttrykk fordi dei har ein tendens til å innehalde ein moralsk dom og ikkje ei nøytral framstilling. Mange sosiologar freistar unngå slike uttrykk på grunn av dette normative innhaldet. Men eg meiner dei er viktige, og presist identifiserer visse kjernespørsmål om ein skal forstå klasse. «Dominans» viser til evnen til å kontrollere handlingane til andre; «utbytting» viser til tileigninga av økonomiske fordelar frå arbeidet til dei som er dominert. All utbytting involverer derfor visse typar dominans, men ikkje all dominans inneber utbytting.

 

I utbyttings- og dominansrelasjonar er det ikkje bare tilfellet at ei gruppe får fordelar ved å styre tilgangen til visse typar ressursar eller posisjonar; i tillegg er den utbyttande/dominerande gruppa i stand til å kontrollere arbeidet til ei anna gruppe til eigen fordel. Tenk dykk følgande klassiske tilfelle: i det første tar store landeigarar kontroll over felles beitejord og hindrar bøndene i å få tilgang til ho, og haustar økonomiske fordelar av å ha eksklusiv kontroll over jorda til eige bruk. I det andre hentar dei same landeigarane som har tatt kontroll over beitelandet og stengt ute bøndene inn, ein del bønder som jordbruksarbeidarar. I det andre tilfellet tjener ikkje bare landeigarane på å ha tilgang til jorda (oppsamling av fordelar), dei dominerer gårdsarbeidarane og utnyttar arbeidskrafta deira. Det er ei sterkare form for relasjonell gjensidig binding enn om det bare gjeld utestenging, for her er det ei varig knytting ikkje bare mellom føresetnadene, men og handlingane til dei med og dei utan fordelar. Utbytting og dominans er former for strukturert ulikskap som krev kontinuerleg aktivt samarbeid mellom utbyttarane og utbytta, herskarane og dei som blir herska over.

 

Me kan då oppsummere motsetninga mellom rolla dei sosiale knyttingane har i kvar av dei tri tilnærmingane til klasseanalyse som følger. I sjiktdelingstilnærminga er verken dei økonomiske vilkåra folk lever under eller handlingane deira oppfatta som direkte spegling av sosiale relasjonar; det er den minst relasjonelle av dei tri. Den weberianske tilnærminga ser dei økonomiske vilkåra til folk som forma av utestengingsrelasjonar, men spesifiserer ikkje at klasse inneber relasjonar mellom handlingar. Den marxistiske tradisjonen er relasjonell på begge måtar, legg vekt på den strukturerande effekten av utbytting og dominans på både økonomiske vilkår og handlingar.

 

Det marxistiske synet på klasse er framstilt i figur 3. Som i den weberianske tradisjonen er makt og lovreglar som framtvingar sosiale avlukke, viktige for å definere den grunnleggande strukturen i sosiale posisjonar – særleg privat eigarskap til produksjonsmiddel. Men her er det avgjørande resultatet av oppsamla fordelar dominans og utbytting, ikkje bare marknadsfordelar.

 

 

Innanfor denne tilnærmingsmåten ligg det sentrale klasseskillet mellom dei som eig og kontrollerer produksjonsmiddel – kapitalistane – og dei som blir leigd inn for å bruke desse produksjonsmidla – arbeidarane. Innanfor dette rammeverket utbyttar og dominerer kapitalistane arbeidarane. Andre posisjonar innanfor klassestrukturen får sin spesifikke karakter frå sambandet dei har til dette grunnleggande skillet. Direktørar har til dømes stor makt til å dominere, men er og underordna kapitalistane. Konserndirektørar og toppleiarar i selskap utviklar ofte betydelege aksjepostar i selskapa sine, og blir slik meir som kapitalistar å rekne. Høgt utdanna spesialistar og enkelte kategoriar teknisk personale har tilstrekkeleg kontroll over dugleik og kunnskap – ein kritisk ressurs i økonomien i dag – så dei kan oppretthalde stor autonomi i arbeidet og i stor grad redusere, eller jamvel nøytralisere, graden av utbytting.

 

Både i weberiansk og marxistisk tilnærming speler makt ei viktig rolle. I begge er ulik inntekt og rikdom knytt til klassestrukturen halde ved like gjennom utøving av makt, ikkje bare ved individuelle handlingar. Ulikskap skapt gjennom oppsamling av fordelar krev makt for å tvinge gjennom utelukking; ulikskap knytt til utbytting krev overvaking, oppsikt med arbeidet, og sanksjonar for å skape disiplin. I begge tilfelle vil samfunnsmessig kamp for å utfordre desse maktformene potensielt true privilega til dei med fordelaktige klasseposisjonar.

 

Samansmelting av tri mekanismar

 

Mens sosiologar generelt har tendert mot å basere arbeidet sitt på den eine eller andre av desse tri tilnærmingane til klasse, er det i røynda ingen grunn til å sjå på dei som gjensidig utelukkande. Ein måte å kombinere dei på er å sjå at kvar av dei identifiserer ein nøkkelprosess som formar ulike sider i klassestrukturen:

 

Den marxistiske tradisjonen identifiserer utbytting og dominans i den grunnleggande klassedelinga i det kapitalistiske samfunnet: den mellom kapitalistar og arbeidarar.

 

Den weberianske tilnærminga identifiserer oppsamling av fordelar som den sentrale mekanismen som skil «middelklasse»-jobbar frå arbeidarklassen ved å skape hindringar for tilgangen på folk i ettertrakta yrke. Nøkkelspørsmålet her er ikkje kven som blir stengt ute, men ganske enkelt det faktum at det er utestengingsmekanismar som held ved like privilega til dei i middelklasseposisjonar.

 

Sjiktdelingsmetoden fokuserer på prosessen der enkeltindivid blir sorterte inn i ulike posisjonar i klassestrukturen eller totalt marginaliserte. Der oppsamling av fordelar legg vekt på utestengingsmekanismar knytt til middelklassejobbar, er sjiktdelingsmetoden nyttig for å spesifisere individuelle eigenskapar som forklarer kva for folk som får tilgang til desse jobbane, og kven som blir utelukka frå stabile arbeidarklassejobbar.

 

Desse tri prosessane opererer i alle kapitalistiske samfunn. Skilnaden i klassestruktur landa mellom er skapt av varierande samhandling mellom desse mekanismane. Den teoretiske oppgava er å tenke gjennom dei ulike måtane dei blir lenka saman og kombinerte på, den empiriske oppgava er å utvikle måtar for å studere den enkelte mekanismen og sambandet mellom dei.

 

 

Ein mauleg samanknytt mikro–makromodell er illustrert skjematisk i figur 4. I denne modellen skaper maktrelasjonane og lovene som gir folk effektiv kontroll over økonomiske ressursar – produksjonsmiddel, kapital, human kapital – strukturar med sosiale avlukke og oppsamling av fordelar knytt til sosiale posisjonar. Oppsamling av fordelar skaper så tri straumar av kausale effektar: først formar det prosessane på mikronivå som individ skaffar seg klasserelevante eigenskapar gjennom; for det andre formar det plasseringsstrukturen i marknaden – yrke og jobbar – og fordelingskonfliktar knytt til det; og for det tredje formar det relasjonsstrukturen innan-for produksjonen, særleg utbyttings- og dominansrelasjonar, og tilknytta konfliktar i den sfæren. Den første av dei tri kausalstraumane sender i sin tur ein straum av folk inn i klasseposisjonar innanfor marknad og produksjon. Saman påverkar dei individuelle klasseeigenskapane og klasseplassering det individuelle økonomiske velværet.

 

Eit siste element i den breie syntesa er naudsynt. Figur 4 behandlar maktrelasjonar og institusjonelle reglar som eksogene (ytre) strukturar, mens dei i røynda sjølve er forma av klasseprosessar og klassekonfliktar. Det er viktig fordi strukturar med ulikskap er dynamiske system, og individuelle lagnader avheng ikkje bare av prosessane på mikronivå som menneska støyter på i livet, eller på dei sosiale strukturane dei lever innanfor, men på retninga på systemet som eit heile. Å behandle dei underliggande maktrelasjonane som underbygger ein gitt klasseplasseringsstruktur som låste parameter, er djupt misvisande, og bidrar til eit feilaktig syn om at individuelle lagnader ganske enkelt er ein funksjon av eigenskapane deira og individuelle tilhøve. Det me treng, er derfor ein dynamisk (recursive) makromodell der sosial kamp bidrar til endringar i utviklingsretninga for relasjonane sjølve, framstilt svært forenkla i figur 5. Ein fullt utvikla klasseanalyse vil då kombinere denne typen makromodell for konfliktar og endringar med makro-/mikro- og multinivåmodellen for klasseprosessar og individuelle liv. I ein slik modell kan ein kombinere nøkkelinnsiktene til lagdelingsmetoden, og dei weberianske og marxistiske metodane.

 

[FIGUR 5: Den dynamiske makromodellen]

 

Klasse i USA

 

Sosioøkonomiske system er ulike gjennom grensene dei set for rettar og makt som følger med privat eigedomsrett til produksjonsmiddel, og gjennom det karakteren til klasseskillet mellom kapitalistar og arbeidarar. Offentlege reguleringar av kapitalistisk eigedom i USA har lenge vore blant dei svakaste i verda. Det ser ein gjennom ei rad viktige kjennemerke: den svært låge minstelønna, som tillet høgare utbyttingsgrad enn det som elles ville vore råd; låg skatt på høge inntekter, som gjør dei rikaste sjikta av kapitalistklassen i stand til å leve på ekstraordinært ekstravagante måtar; svake fagforeiningar og andre former for arbeidarorganisering som kunne vere ei motvekt til dominansen i arbeidslivet. Resultatet er at USA kanskje har den mest polariserte klassedelinga i utvikla kapitalistiske land, langs ein akse for utbytting og dominans.

 

Ser ein på middelklassen og korleis han blir forma gjennom oppsamling av fordelar – særleg dei knytt til utdanning – så har USA historisk hatt ein av dei største middelklassene blant avanserte kapitalistiske statar. Det var det første landet som gjennomførte massiv utviding av høgare utdanning, og i lang tid var tilgangen til slike kvalifikasjonar svært open og relativt rimeleg, det tillot folk med få ressursar å gå på universitet. USA har òg eit mangfaldig system for høgare utdanning – med høgskolar på lokal- og regionalt nivå, høgskolar for humaniora, offentlege og private institusjonar – som gjorde det mauleg for folk å ta høgare utdanning seinare i livet, skaffe seg utdanningsbevis og få middelklassejobbar. Dette store og mangfaldige systemet bidrog til å skape eit stort antall middelklassejobbar. I tiåra etter andre verdskrigen vart det utfylt av ei relativ sterk arbeidarrørsle som var i stand til å hindre konkurranse om kjernejobbane i økonomien som ikkje kravde høgare utdanning. Det sette fagorganiserte i slike jobbar i stand til å sikre seg inntekt og trygge vilkår på linje med den formelt kvalifiserte middelklassen.

 

Men i motsetning til populære oppfatningar var det aldri slik at USA i stor grad var eit «middelklassesamfunn». Dei fleste jobbane i næringslivsstrukturen i USA medførte ikkje fordelar på grunnlag av utestengande kvalifikasjonar, og arbeidarrørsla organiserte aldri meir enn rundt 35 prosent av vanlege arbeidarar. Dessutan har det dei siste tiåra skjedd ei oppsmuldring av iallfall ein del av utestengingsmekanismane middelklassen har hatt fordel av: arbeidarrørsla har hatt ein brå tilbakegang sidan 1970-tallet, mange typar middelklassejobbar er blitt mindre trygge og mindre beskytta av kvalifikasjonsbevis som tradisjonelt har vore knytta til dei, og den noverande økonomiske krisa har intensivert farekjensla blant mange som framleis ser på jobbane sine som middelklassejobbar. Derfor, mens det framleis er tilfelle at høgare utdanning og i aukande grad akademiske papir speler ei sentral rolle for å få tilgang til mange av dei beste jobbane i den amerikanske økonomien, så er utsiktene for ein stor og stabil middelklasse langt mindre sikre.7

 

Til sist, klassestrukturen i USA har vore prega av at særleg brutale prosessar har forma eigenskapane som avgjør individuelle lagnader. Utdanningssystemet i USA er organisert slik at kvaliteten på utdanninga som er tilgjengeleg for barn i fattige familiar, er svært dårleg samanlikna med den som blir bydd barn frå middelklasse- og rike familiar. Denne svikten i offentleg utdanning for dei fattige blir forsterka av manglande tryggingsnett og støtte til fattige familiar. Den raske avindustrialiseringa av økonomien i USA, og fråveret av omfattande arbeidstreningsprogram for dei som blir kasta ut av jobbane i nedlagte fabrikkar, betyr at eit stort antall folk står utan nødvendige kunnskapar i arbeidslivet i dag. Resultatet er at klassestrukturen i USA er prega av høgare del av fattige og økonomisk marginaliserte enn alle andre land ein kan samanlikne med.

 

Slår ein alle desse prosessane saman, gir det følgande generelle bilete av klassestrukturen i USA ved byrjinga av det 21. hundreåret:

 

På toppen ein ekstremt rik kapitalistklasse og konserndirektørklasse, som har ekstra-ordinært høg forbruksstandard, med relativt veike stengsel for utøving av økonomisk makt.

 

Ein historisk stor og relativt stabil middelklasse, forankra i eit ekspansivt og fleksibelt system for høgare utdanning og teknisk opplæring knytt til jobbar som krev kvalifikasjonsbevis av ulikt slag, men som har uvisse framtidsutsikter og tryggleik.

 

Ein arbeidarklasse ein gong kjenneteikna av relativt høg grad av fagorganisering, med ein levestandard og tryggleik lik den til middelklassen, men som i dag i hovudsak manglar slik sikring.

 

Eit fattig og risikoutsett sjikt av arbeidarklassen, kjenneteikna av låg lønn og relativt utrygg sysselsetting, utsett for uavgrensa konkurranse om jobbane i arbeidsmarknaden, og med minimalt vern frå staten.

 

Ein marginalisert, utarma del av befolkninga, utan kunnskapen og utdanninga som krevst i jobbar som kunne sette dei i stand til å leve over fattigdomsgrensa, og med levekår som gjør det ekstremt vanskeleg å skaffe seg slik kunnskap.

 

Ei vekselvirkning mellom rase og klasse der arbeidande fattige og den marginaliserte delen av befolkninga i uforholdsmessig grad er raseminoritetar.

 

Mot syntese

 

Tillempar ein det integrerte rammeverket for klasseanalyse eg legg fram, stiller det opp ulike utfordringar for dei som jobbar i den marxistiske tradisjonen og dei som jobbar etter lagdelingstradisjonen eller den weberianske metoden. For marxistane er hovudutfordringa å erkjenne at det som er styrken til marxistisk samfunnsvitskap er eit spesifikt sett av årsaksmekanismar, framfor ambisjonen om å vere eit altomfattande tenkesett. I fortida forsvarte ein relevansen til desse mekanismane med ein retorikk som la vekt på at marxismen var i strid med andre teoriar, og argumenterte for at den marxistiske epistemologien og metodologien skilte seg skarpt frå sine rivalar. Slike argument overtyder ikkje. Marxismen er ein kraftfull tradisjon i samfunnsvitskapen fordi han gir langtrekkande forklaringar på ei rekke viktige fenomen, ikkje fordi han har enkelte spesielle metodar som skil han frå alle andre teoretiske retningar. Sjølvsagt er det alltids mauleg at framtidige forsøk på å utforme marxismen som eit distinkt, altomfattande tenkesett kan lykkast. Men i dag ser det ut til å vere meir nyttig å sjå marxismen som eit forskingsprogram definert ved vekt på spesifikke problem, mekanismar og provisoriske forklaringsteoriar.

 

Utfordringa i ei integrert klasseanalyse kan bli endå større for sosiologar innanfor lagdelings-tradisjonen. Trass i alt har marxistiske klasseanalytikarar alltid i praksis inkludert drøftingar av individuelle eigenskapar og materielle levekår for folk innanfor ein økonomisk struktur, og oppsamling av fordelar er ein integrert del av tenkinga om sosiale tilhøve i produksjonen. Sjiktdelingsteoretikarar på andre sida har totalt ignorert utbyttinga, på det meste snakka om «ulemper», og jamvel dominans er fråverande i tilnærminga deira. Å erkjenne utbytting og dominans som sentrale aksar i klasseanalyse, er å erkjenne at ein struktur for sosiale posisjonar er distinkt annleis enn personane som fyller desse posisjonane, og også dette er stort sett fremmendt for sjiktdelingsmetoden.

 

På eit vis er det weberianarane som kan ha den lettaste oppgava. På den eine sida har dei fleste weberianarane ikkje hatt ambisjonar om å skape eit altomfattande tenkesett, og har vore fornøgde med ein teoretisk tradisjon som gav eit breitt spekter av laust samanknytte konsept for å ta opp spesifikke empiriske og historiske problem. Det har gitt weberiansk sosiologi stor tiltrekkingskraft: han er grunnleggande open for å inkorporere nesten alle idear frå andre retningar innanfor samfunnsvitskapen. På andre sida har weberianarane alltid lagt vekt på makt innanfor sosiale strukturar, og har ingen problem med å skille mellom personar og strukturelle posisjonar. Mens utbytting ikkje har stått sentralt i weberiansk klasseanalyse, så legg logikken i weberianske kategoriar ingen hindringar for å inkludere utbytting.

 

Ut frå denne vurderinga kan det sjå ut som me alle til sjuande og sist heilt enkelt burde erklære oss som weberianarar. Det var ei av skuldingane retta mot arbeidet mitt og til andre marxistar for tretti år sidan av den britiske sosiologen Frank Parkin då han skreiv: «i alle ny-marxistar ser det ut til å vere ein weberianar som kjempar for å komme fram.»8 Eg trur ikkje det følger av den typen pragmatisk realisme eg tar til orde for her. Marxismen vil framleis vere ein distinkt tradisjon innanfor samfunnsvitskapen på grunn av sitt spesifikke sett av problemstillingar, sitt normative grunnlag og den distinkte lista med konsept og mekanismar han har utvikla.

 

(Denne artikkelen, Class Analysis, History and Emancipation, sto første gang i New Left Review I/202, og trykkes med tidsskriftets tillatelse. Den er oversatt av Gunnar Danielsen.)

 

Notar:

  1. Ei tidleg utgave av synet mitt på marxisme og rådande samfunnsvitskap finn ein i innleiinga til Class, Crisis and State, London 1978. Dei viktigaste verka etterpå der eg har drøfta desse spørsmåla er Classes, London og New York 1985; The Debate on Classes, London og New York 1989; Class Counts: Comparative Studies in Class Analysis, Cambridge 1997; og Approaches to Class Analysis, Cambridge 2005. Ei tidlegare utgave av essayet vart lagt fram på konferansen «Forstå klasse» (Comprehending Class) på universitetet i Johannesburg, juni 2009.
  2. Eg likar best uttrykket «marxistisk tradisjon» framfor «marxisme» nettopp fordi det siste antydar noko i retning av eit altomfattande tenkesett.
  3. Denne haldninga til marxistisk tradisjon betyr ikkje å løyse opp marxisme til ein eller annan formlaus «sosiologi» eller samfunnsvitskap. Marxismen er framleis distinkt gjennom måten han organiserer seg rundt eit sett grunnleggande spørsmål eller problem som andre teoretiske tradisjonar enten ignorerer eller marginaliserer, og ved å identifisere eit distinkt sett med samanknytte årsaksprosessar som er relevante for desse spørsmåla.
  4. Pierre Bordieu var den leiande sosiologen i vår tid som systematisk inkluderte ei rad kulturelle element i ei utvida liste over klasserelevante individuelle eigenskapar.
  5. Blant sosiologar i USA er uttrykket «oppsamling av fordelar» brukt mest eksplisitt av Charles Tilly, særleg i boka Durable Inequality, Berkeley 1999. Bordieus arbeid på område og former for kapital dreier seg au om prosessar for oppsamling av fordelar.
  6. Weber har sjølvsagt ei gjennomtenkt drøfting av dominans, makt og autoritet, men for det meste i samanheng med analysane sine om organisasjonar og staten, ikkje når han spesifiserer omgrepet klasse.
  7. Ei drøfting av mønster i jobbpolarisering dei siste tiåra finn ein i Wright og Rachel Dryer «The pattern of job expansion in the USA: a comparison of the 1960s and 1990», Socio-economic Review, vol. 1, no. 3, 2003, pp. 289–325.
  8. Frank Parkin, Marxism and Class Theory: A Bourgeois Critique, New York 1979, p. 25.