Det oppstigande landet

Av Samir Amin

2014-02A

Er Kina kapitalistisk eller sosialistisk?

Spørsmålet er dårleg stilt, for generelt og abstrakt til å gi eit fornuftig svar på slike absolutte alternativ.

Kina har følgt sin eigen veg sidan 1950, kanskje heilt frå Taiping-revolusjonen* på 1800-tallet.

Eg skal prøve avklare kva denne eigne vegen har vore og er, på alle stadier frå 1950 og til i dag – 2012.

Samir Amin er egyptisk marxist og økonom, busett i Senegal. Han har skrive meir enn 30 bøker. Blant dei viktigaste er: Imperialism and Unequal Development, Accumulation on a World Scale, Delinking og Obsolecent Capitalism. På norsk finst boka Eurosentrismen. Sjå også referansar til andre bøker bakerst i artikkelen. Teksten her er eit kapittel frå boka The implosion of capitalism (Pluto Press, 2013).
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Takk

Dette kapittelet er stor takk skyldig til debattane organisert i Kina (november–desember 2012) av Lau Kin Chi (Linjang Universitet, Hong Kong) i samarbeid med Sør-vestuniversitetet i Chongqing (Wen Tiejun), Renmin og Xinhua Universitet i Beijing (Dai Jinhua, Wang Hui), CASS (Huan Ping), og til møter med aktivistgrupper frå landsbygda i provinsane Shanxi, Shaanxi, Hubei, Hunan og Chongqing. Eg rettar ei takk til dei alle, og håper artikkelen vil vere nyttig i dei vidare diskusjonane deira. Kapittelet bygger au mykje på lesing av Wen Tiejun og Wang Hui.

Samir Amin

Diskusjonane om Kina i notid og framtid – ei «oppstigande» makt – overbeviser meg aldri. Somme hevdar at Kina ein gong for alle har valt «den kapitalistiske vegen», og jamvel ønskar å akselerere integrasjonen i den globaliserte kapitalismen. Dei er svært fornøgde med det, og håper bare at denne «tilbakevendinga til det normale» – kapitalismen er «historias slutt» – fører med seg demokrati etter vestleg mønster (fleirpartisystem, val, menneskerettar). Dei trur – eller treng å tru – at Kina på den måten skal «ta igjen», gradvis, dei velståande samfunna i Vesten i per capita-inntekt, noko eg ikkje trur er mauleg. Høgresida i Kina deler synet deira. Andre gret over eit slikt «forræderi mot sosialismen». Somme knyttar seg til dei dominerande vurderingane frå Kina-fordømmarane i Vesten. Andre igjen – dei med makta i Beijing – kallar den valte vegen for «sosialisme på kinesisk», utan å vere meir presise. Men særtrekka går fram om ein les offisielle tekstar nøye, særleg femårsplanane, som er nøyaktige, og som blir tatt svært alvorleg.

Bondespørsmålet

Mao kalla revolusjonen kommunistpartiet gjennomførte i Kina ein anti-imperialistisk og anti-føydal revolusjon med blikket retta mot sosialismen. Mao meinte aldri at det kinesiske folket etter oppgjøret med imperialismen og føydalismen hadde «bygd» eit sosialistisk samfunn. Han kalte alltid dette byggverket for det første steget på den lange vegen til sosialismen.

Eg må understreke den særeigne måten den kinesiske revolusjonen handterte bonde-spørsmålet på. Den fordelte (jordbruks)jorda vart ikkje privatisert; den var framleis nasjonens eige gjennom landsbykommunane, med bruksrett bare for familiar på landsbygda. Det var ikkje tilfellet i Russland, der Lenin, framfor eit eksisterande bondeopprør i 1917, godkjente privat eigedomsrett for dei som fekk tildelt jord.

Korleis var det mauleg å følge prinsippet om at jord ikkje er ein vare i Kina (og Vietnam)? Det blir stadig gjentatt at bønder verda over vil ha eigedomsrett, og bare det. Om det hadde vore tilfelle i Kina, ville avgjerda om nasjonalisering av jorda ha ført til ein endelaus bondekrig, slik det var i Sovjetunionen då Stalin tvinga gjennom kollektiviseringa.

Haldninga til bøndene i Kina og Vietnam (og ingen andre stader) kan ikkje forklarast med ein antatt «tradisjon» der dei ikkje kjente til privat eigedom. Det er resultatet av ein intelligent og uvanleg politikk frå kommunistpartia i desse to landa.

Den andre internasjonalen tok bøndenes uunngåelege ambisjon om eigedom for gitt, noko som var reelt nok i Europa på 1800-tallet. Gjennom den lange omdanninga av Europa frå føydalisme til kapitalisme (1500–1800), vart tidlegare føydale former for tilgang til jord gradvis oppløyst, som rettar delt mellom kongar, jordeigarar og trellar. Dei vart erstatta av moderne borgarleg eigedomsrett, der jorda blir sett som ein vare – eit gode eigaren kan disponere fritt (kjøpe og selje). Sosialistane i Den andre internasjonalen godtok dette resultatet av den borgarlege revolusjonen, sjølv om dei beklaga det djupt.

Dei meinte au at småbruk ikkje hadde noka framtid; framtida tilhøyrte store mekaniserte bruk med konsentrasjon av eigedommar for å utnytte jorda effektivt (sjå Kautskys artiklar om emnet). Historia viste at dei tok feil. Bondebruka rydda vegen for kapitalistiske familiebruk i dobbel forstand: eit som produserer for marknaden (eige forbruk på garden var blitt minimalt), og eit som gjør bruk av moderne utstyr, industrielle innsatsmiddel og bankkredittar. Og ikkje minst har dette kapitalistiske familie-jordbruket vist seg vere ganske effektivt samanlikna med store bruk når det gjeld produksjon per mål per arbeidar og år. Det utelukkar ikkje det faktum at den moderne kapitalistiske bonden blir utbytta av monopolkapitalen, som kontrollerer tilgangen på innsatsmiddel og kreditt, og marknadsføringa av produkta. Bøndene har blitt underkontraktørar for storkapitalen.

(Feilaktig) overtydde om at store selskap alltid er meir effektive enn små på alle område – industri, sørvis og jordbruk – gjekk dei radikale sosialistane i Den andre internasjonalen ut frå at opphevinga av eigedomsrett til jord (nasjonalisering) la grunnlaget for store sosialistiske bruk (som dei framtidige sovjetiske sovkosane og kolkosane). Men dei var ikkje i stand til å prøve ut slike tiltak ettersom revolusjonen ikkje stod på sakslista i deira land, dei imperialistiske sentra.

Kina-fordømmarane (The practitioners of China bashing)

Uttrykket viser til favorittsporten i vestlege media av alle slag – uheldigvis er venstresida medrekna – som inneber systematisk nedrakking, jamvel kriminalisering av alt om skjer i Kina. Kina eksporterer billig søppel til fattige marknader i tredje verda (det er sant), eit forferdeleg brotsverk. Men landet produserer au lyntog, fly, satellittar med fantastisk teknologisk kvalitet som blir hylla i Vesten. Kina-fordømmarane ser ut til å meine at masseutbygginga av bustader for arbeidarklassen ikkje er anna enn slum, og set skilnader i Kina (arbeidarklassebustader er ikkje overdådige villaer) lik dei i India (overdådige villaer side om side med slummen) og så vidare. Kina-fordømmarane appellerer til den infantile haldninga i enkelte retningar av den makteslause «venstresida» i Vesten: om det ikkje er kommunisme for det 21. hundreåret er det forræderi! Kina-fordømmarane er med i ei systematisk fiendtleg kampanje mot Kina, i tilfelle eit mauleg militært åtak. Det er ikkje mindre enn eit spørsmål om å øydelegge sjansen for ei ekte oppstiging for eit stort folk i Sør.

S.A

Bolsjevikane godtok desse tesane fram til 1917. Dei vurderte nasjonalisering av storgodsa til det russiske aristokratiet, og å overlate allmenningsjorda til bøndene. Men det kom uventa på dei at bøndene gjorde opprør og tok dei store godsa.

Mao drog lærdommar av denne historia og utvikla ei heilt anna linje. Frå 1930-tallet i det sørlege Kina, og gjennom den lange frigjørings- og borgarkrigen, bygde Mao eit stadig sterkare kommunistparti på ein solid allianse med fattige og jordlause bønder (fleirtallet), hadde vennlegsinna tilhøve til middelklassen av bøndene, og isolerte rikbøndene (kulakkane) på alle stadier i krigen, utan nødvendigvis å gjøre dei til fiendar. Det gode resultatet av denne linja førebudde det store fleirtallet av folket på landsbygda på å godta ei løysing på problema deira som ikkje innebar privat eigedomsrett til fordelte jordlappar. Eg trur ideane til Mao og den vellykka gjennomføringa av dei har rot i det Taiping-opprøret på 1800-tallet ikkje klarte: etablere ein solid allianse med fleirtallet på landsbygda. I Russland eliminerte det fullbyrda faktumet frå sommaren 1917 seinare høve til å danne ein allianse med fattig- og middelklassebønder mot dei rike (kulakkane), fordi dei førstnemnde var opptatte av å forsvare den nyvunne eigedommen sin, og derfor valte å følge kulakkane framfor bolsjevikane.

Desse «kinesiske særdraga» – med store og viktige konsekvensar – gjør at me absolutt ikkje kan kalle vår tids Kina (jamvel i dag) «kapitalistisk», fordi den kapitalistiske vegen er basert på at jorda er omgjort til ein vare.

Småproduksjon i dag og i framtida

Når først eit slikt prinsipp er godtatt, kan bruksformene for eit slikt felles gode (jorda i landsbyane) vere varierte. For å forstå det må me skille mellom småproduksjon og småeigedom. Småprodusentar – bønder og handverkarar – dominerte produksjonen i alle tidlegare samfunn. Det har beholdt ein viktig plass i moderne kapitalisme, no knytta til småeigedom – i landbruk, sørvis, og jamvel visse delar av industrien. Det går klart tilbake innanfor den dominerande triaden i vår tid (USA, Europa og Japan). Eit eksempel på det er at småbutikkar forsvinn og blir erstatta av store butikkjedar. Det betyr ikkje at desse endringane er «progressive», heller ikkje meir effektive, slett ikkje om ein tar med sosiale, kulturelle og sivilisasjonsmessige sider. Det er faktisk eit eksempel på korleis dominerande og profitthungrig monopolkapital gjør ting vanskelegare. Så kanskje småproduksjon kan få tilbake ei viktig rolle under sosialismen i framtida. I Kina i dag har småproduksjon – utan nødvendigvis å vere knytta til småeigedom – framleis ein viktig plass i den nasjonale produksjonen, ikkje bare innanfor landbruket, men au på viktige livsområde i byane.

Kina har hatt ganske ulik og jamvel kontrastfylt bruk av jord som eit felles gode. På den eine sida må me drøfte effektivitet – produksjonsvolum per hektar per arbeidar i året – og på den andre dynamikken endringane fører med seg. Desse formene kan styrke tendensane i kapitalistisk retning, som vil ende opp i at det blir stilt spørsmål ved korfor jorda ikkje skal ha varestatus, eller dei kan vere del av ei utvikling i sosialistisk retning. Desse spørsmåla kan ein bare finne svar på ved å undersøke desse formene konkret, slik dei vart tatt i bruk steg for steg frå 1950 til i dag.

Frå starten på 1950-tallet var forma små familiebruk kombinert med enkle former for samarbeid om vatning, visse typar felles arbeidsoppgaver og bruk av visse typar utstyr. Og slike små familiebruk vart ein del av den statlege økonomien, der staten hadde monopol på kjøp av avlinga som skulle til marknaden, og kreditt og innsatsmiddel, alt på grunnlag av planlagte prisar bestemte av sentrale planleggarar.

Lærdommane frå innføringa av kommunane etter etableringa av produksjonskollektiv på 1970-tallet er mange. Det var ikkje nødvendigvis eit spørsmål om å gå frå småproduksjon til store bruk, sjølv om mange som støtta dette vart inspirerte av ideen om den overlegne storproduksjonen. Initiativet til å opprette kommunar hadde opphav i ønsket om eit desentralisert sosialistisk samfunn. Kommunane hadde ikkje bare ansvar for å styre landbruksproduksjonen i ein stor landsby, eller i eit kollektiv av landsbyar og grender (som i seg sjølv var ein miks av små familiebruk og meir ambisiøs spesialisert produksjon). Dei gav au eit rammeverk for industriverksemd som sysselsette sesongledige bønder; økonomisk aktivitet knytt til styringa av sosiale tjenester (utdanning, helse, husvære); og byrja desentraliseringa av den politiske administrasjonen av samfunnet. Nettopp slik Pariskommunen hadde som intensjon, skulle den sosialistiske staten, iallfall delvis, bli ein føderasjon av sosialistiske kommunar. Utan tvil var kommunane på mange måtar føre si tid, og dialektikken mellom desentralisering av beslutningsmakt, og sentraliseringa det allstadverande kommunistpartiet tok for gitt, gjekk ikkje alltid smertefritt. Likevel er resultata langt frå katastrofale, slik høgre-sida vil ha oss til å tru. Ein kommune i Beijing-regionen, som sette seg mot ordren om å oppløyse systemet, held fram med å levere framifrå økonomiske resultat knytta saman med standhaftige politiske diskusjonar av høg kvalitet, noko som forsvann dei andre stadene. Dagens (2012) prosjekt for «gjenoppbygging av landsbygda», sett i verk av kommunar på landsbygda i mange regionar i Kina er inspirerte av erfaringane frå folkekommunane.

Deng Xiaopings avgjerd om å oppløyse kommunane i 1980 styrka familiebasert småproduksjon, som vart den dominerande forma dei tri tiåra etter avgjerda (1980–2012). Men lista over brukarrettar (for landsbykommunar og familieeiningar) er atskillig lengre. Det er blitt mauleg for dei som har brukarrett, å «leige» ut jorda (men aldri «selje» ho) enten til andre småprodusentar – noko som legg til rette for migrasjon til byane, spesielt utdanna ungdom som ikkje vil bu på landsbygda. Eller det kan vere til selskap som organiserer mykje større moderniserte bruk (aldri storgods, det eksisterer ikkje i Kina, men likefullt vesentleg større enn familiebruka). Denne forma er meint å oppmuntre til spesialisert produksjon (som kvalitetsvin, der Kina har henta inn ekspertise frå Bourgogne), eller utprøving av nye vitskaplege metodar (GMO og andre).

Etter mitt skjønn har det inga meining å «bifalle» eller «fordømme» desse ulike systema a priori. Nok ein gong er det viktig å analysere dei kvar for seg, både innhaldet og måten dei er sett ut i livet på. Det er eit faktum at oppfinnsame og mangfaldige måtar å bruke felleseigd jord på har gitt fenomenale resultat. For det første i form av økonomisk effektivitet, sjølv om bybefolkninga har auka frå 20 til 50 prosent av totalen. Kina har klart å auke landbruksproduksjonen til å halde tritt med dei gigantiske behova urbaniseringa fører med seg. Det er eit påfallande og uvanleg resultat, utan like i landa i det «kapitalistiske» Sør. Det har tatt vare på og styrka landets matsuverenitet, sjølv om dei har ein stor hemsko: landbruket før 22 prosent av befolkninga i verda sjølv om dei bare har 6 prosent av verdas dyrkbare jord. I tillegg, når det gjeld levemåte (og levekår) på landsbygda, har kinesiske landsbyar ikkje lenger noko til felles med det som framleis dominerer i den kapitalistiske tredje verda. Komfortable og godt utstyrte permanente byggverk står i slåande kontrast ikkje bare til tidlegare svolt og ekstrem fattigdom i Kina, men også den ekstreme fattigdomen som framleis dominerer landsbygda i India eller Afrika.

Politikken og prinsippa som er følgt (felleseige av jorda, støtte til småproduksjon utan småeigedom) er årsaka til desse makelause resultata. Dei har opna for ein relativt kontrollert migrasjon frå landsbygda til byane. Samanlikn det med den kapitalistiske vegen i Brasil, for eksempel. Privat eigedomsrett til jorda har tømt landsbygda i Brasil – i dag representerer den bare 11 prosent av befolkninga. Men minst 50 prosent av bybuarane bur i slum (favelas), og overlever bare på grunn av den «uformelle økonomien» (medrekna organisert kriminalitet). Det er ikkje noko liknande i Kina, der bybuarane som eit heile har skikkeleg arbeid og husvære, sjølv samanlikna med mange «utvikla land», utan ein gong å nemne dei som har BNP per capita på kinesisk nivå.

Folkeflyttinga frå den tett befolka kinesiske landsbygda (bare Vietnam, Bangladesh og Egypt er samanliknbare) var nødvendig. Den forbetra kåra for småproduksjon på landsbygda ved å gjøre meir jord tilgjengeleg. Denne flyttinga, sjølv om den var relativt kontrollert (igjen, ingenting er perfekt i menneska si historie, verken i Kina eller elles), truar kanskje med å bli for rask. Det blir diskutert i Kina.

Kinesisk statskapitalisme

Den første merkelappen som dukkar opp for å beskrive Kina, er «statskapitalisme». Greit nok, men merkelappen er vag og overflatisk så lenge det særeigne innhaldet ikkje blir analysert.

Det er kapitalisme i den forstand at forholda som arbeidaren blir utsett for av dei overordna som organiserer produksjonen, er lik dei som kjenneteiknar kapitalisme: underordna og fremmendgjort arbeid, utvinning av meirverdi. Brutale former for ekstrem utbytting eksisterer i Kina for eksempel i kolgruvene, og i det vanvittige tempoet på kvinnearbeidsplassar. Det er skandaløst i eit land som hevdar dei går på vegen til sosialisme. Like fullt er etableringa av statskapitalisme uunngåeleg, og vil vere det over alt. Dei utvikla kapitalistiske landa vil ikkje vere i stand til å slå inn på ein sosialistisk veg (det står ikkje på sakslista i dag) utan å gå gjennom denne første fasen. Det er det innleiande stadiet for alle samfunn som vil frigjøre seg frå den historiske kapitalismen, på den lange vegen fram mot sosialisme/kommunisme. Sosialisering og reorganisering av økonomien på alle nivå, frå bedrifta (grunnivået), til nasjonen og verda, krev ein langvarig kamp gjennom ein historisk tidsperiode som ikkje kan forkortast.

Ut over desse innleiande refleksjonane, må me konkret beskrive statskapitalismen ved å sjå på karakteren og prosjektet til landet det dreier seg om. Det finst ikkje ein type statskapitalisme, men mange ulike. Statskapitalismen i den femte republikken i Frankrike frå 1958 til 1975 var utforma for å tjene og styrke private franske monopol, ikkje for å sende landet på vegen til sosialismen.

Kinesisk statskapitalisme vart skipa for å nå tri mål:

1) Bygge eit integrert og sjølvstendig moderne industrielt system.

2) Styre forholdet mellom dette systemet og småproduksjonen på landsbygda.

3) Kontrollere måten Kina vart integrert i eit verdssystem dominert av dei store monopola i den imperialistiske triaden.

Desse tri måla er uunngåelege. Resultatet er at det opnar for å gå framover på den lange vegen mot sosialismen, men samtidig styrkar ein tendens til å forlate denne vegen til fordel for ei rein og skjær kapitalistisk utvikling. Ein må godta at denne konflikten både er uunngåeleg, og at den alltid vil vere der. Spørsmålet blir då: Favoriserer Kinas konkrete val ein av dei to vegane?

Kinesisk statskapitalisme kravde i sin første fase (1954–1980) nasjonalisering av alle selskap (saman med nasjonalisering av landbruksjorda), stort og smått. Så følgte ei opning mot private føretak, nasjonale eller utanlandske, og liberalisert småproduksjon på landsbygda og i byane (små selskap, handel, sørvis). Men store kjerneindustriar og kredittsystemet oppretta i maoisttida vart ikkje avnasjonaliserte, sjølv om måten dei inngjekk i ein «marknadsøkonomi» på vart modifisert. Desse vala gjekk hand i hand med etableringa av kontrollmekanismar for privat drift og potensielle partnarskap med utanlandsk kapital. Det står att å sjå i kva grad desse tiltaka fyller oppgava si, eller om dei tvert imot ikkje har blitt tomme skall, når maskepi med privat kapital (ved «korrupsjon» av leiinga) har fått overtaket.

Like fullt har kinesisk statskapitalisme oppnådd ganske utrulege framgangar mellom 1950 og 2012. Dei har klart å bygge eit sjølvstendig og samordna moderne produksjonssystem tilpassa dette gigantiske landet, som ikkje kan samanliknast med det i USA. Dei har lagt bak seg den tette teknologiske avhengigheita dei starta med (import av sovjetiske, så vestlege modellar) ved å utvikle evne til teknologiske oppfinningar sjølve. Men dei har ikkje (enno?) byrja reorganisere styringa av arbeidet ut frå eit sosialistisk perspektiv. Planen – og ikkje «opninga» – er stadig det sentrale middelet for å utvikle dette systematiske byggverket.

I maoistperioden var Planen tvingande i alle detaljar: innhald og plassering for alle nyetableringar, produksjonsmål, prisar. På det stadiet var det ikkje tenkeleg med alternativ. Eg vil nemne her, utan å trekke det lenger, den interessante debatten rundt kva slag verditeori som låg til grunn for planlegginga på denne tida. Det var suksessen – ikkje fiaskoen – i denne første fasen som kravde endra metodar i intensiverte utviklingsprosjekt. «Opninga» for private initiativ – med start i 1980, men framfor alt frå 1990 – var nødvendig for å unngå stillstanden som vart fatal for Sovjetunionen. Trass i at denne opninga fall saman med at liberalismen triumferte globalt – og alle negative effektar av samanfallet, noko eg kjem tilbake til – valet av ein «marknadssosialisme», eller betre ein «sosialisme med marknaden» som grunnlag, for denne andre fasen intensivert utvikling, er det etter mi meining forsvarleg.

Nok ein gong, resultata av dette valet er ganske enkelt utrulege. På få tiår har Kina bygd opp eit produktivt urbant industrisystem der 600 millionar menneske er ført saman, to tredjedelar av dei vart urbaniserte dei siste to tiåra (nesten tilsvarande befolkninga i Europa!). Det er på grunn av Planen og ikkje marknaden. Ingen andre land i Sør (unntatt Korea og Taiwan) har klart det. I India og Brasil er det bare få spreidde element av slike sjølvstendige prosjekt, ingenting anna.

Metodane som er brukt for å utforme og gjennomføre Planen, er forandra under dei nye vilkåra. Planen er framleis tvingande for dei store investeringane i infrastruktur prosjektet krev: for å huse 400 millionar nye byinnbyggarar på god måte, og for å bygge eit makelaust nettverk med motorvegar, vegar, jernbanar, dammar og kraftverk; for å opne mest heile den kinesiske landsbygda; og for å flytte utviklingstyngdepunktet frå kystregionane til innlandsområda i vest. Planen er framleis tvingande – i det minste delvis – for måla og finansieringa av offentlege eigde selskap (stats-, provins- og kommunalt eigde). For det utanom peikar planen på maulege og tenkbare mål, både for små urbane vareprodusentar og for industri og annan privat aktivitet. Desse måla blir tatt alvorleg, og dei politiske og økonomiske ressursane dei krev er spesifisert. Som eit heile avvik ikkje resultata mykje frå dei «planlagte» måla.

Kinesisk statskapitalisme har tatt tydelege sosiale (eg seier ikkje «sosialistiske») dimensjonar inn i utviklingsprosjektet sitt. Desse måla var alt til stades i maoistæraen: utrydding av analfabetismen, grunnleggande helsestell for alle og så vidare. Den første delen av tida etter Mao (1990-åra) var tendensen utan tvil å sette til sides arbeidet med desse måla. Men ein må merke seg at den sosiale dimensjonen i prosjektet seinare har vunne tilbake plassen sin, og som svar på aktive og kraftfulle folkerørsler er det venta at arbeidet vil skyte fart. Den nye urbaniseringa er utan sidestykke i andre land i Sør. Visst er det «stilige» bukvarter, mens andre absolutt ikkje er velståande. Men det finst ikkje slum, noko som framleis brer seg i byane elles i den tredje verda.

Kinas integrasjon i den kapitalistiske globaliseringa

Me kan ikkje analysere den kinesiske statskapitalismen – kalla « marknadssosialisme» av regjeringa – utan å sjå på korleis han blir integrert i globaliseringa.

Sovjet såg føre seg å kople seg frå det kapitalistiske verdssystemet, og komplettere fråkoplinga med å bygge eit integrert sosialistisk system som omfatta Sovjet og Aust-Europa. Sovjetunionen klarte langt på veg denne fråkoplinga, ikkje minst på grunn av eit fiendtleg Vesten, som jamvel skulda blokaden for isolasjonen. Men prosjektet med å integrere Aust-Europa kom aldri langt, trass i initiativ frå Comecon. Nasjonane i Aust-Europa blei i utrygge og sårbare situasjonar, delvis fråkopla – på strikt nasjonal basis – og delvis opne for Vest-Europa frå 1970-tallet. Det var aldri på tale med integrasjon mellom Sovjet og Kina, ikkje bare fordi kinesisk nasjonalisme ikkje ville godtatt det, men mest fordi det ikkje var ein del av Kinas prioriterte oppgaver. Maoist-Kina praktiserte si eiga fråkopling. Har landet med å re-integrere seg i globaliseringa frå starten av 1990-tallet fullt og heilt gitt opp fråkoplinga?

Kina gjekk inn i globaliseringa på 1990-tallet med å auke industrieksport av varer som passa produksjonssystemet, og gav førsteprioritet til produkt med vekst-ratar over veksten i BNP. Den triumferande nyliberalismen hylla framgangen for dette valet i femten år (frå 1990 til 2005). Dette valet er diskutabelt, ikkje bare på grunn av dei politiske og sosiale verknadene, men au fordi det er trua av samanbrotet til den globaliserte kapitalismen, som starta i 2007. Den kinesiske regjeringa ser ut til å vere klar over det, og byrja tidleg å korrigere ved å legge større vekt på marknaden heime, og utvikling av den vestlege delen av landet.

Å seie, slik ein høyrer til det kjedsommelege, at Kinas suksess skyldast at dei forlot maoismen (som var ein tydeleg «fiasko»), opninga mot omverda og utanlandsk kapital, er rett og slett idioti. Utan det fundamentet det maoistiske byggverket la, ville ikkje opninga blitt den velkjente suksessen. Samanliknar ein med India som ikkje har gjennomført ein tilsvarande revolusjon, ser ein det. Å seie at Kinas suksess i hovudsak, til og med «fullstendig» skyldast initiativ frå utanlandsk kapital, er ikkje mindre idioti. Det er ikkje fleirnasjonal kapital som bygde det kinesiske industrisystemet og gjennomførte urbaniseringa og bygde infrastrukturen. Suksessen skyldast 90 prosent det sjølvstendige kinesiske prosjektet. Opninga for internasjonal kapital har opplagt vore nyttig: ho har auka importen av moderne teknologi. Men på grunn av sine partnarskapsmetodar har Kina sugd til seg desse teknologiane, og har no forbetra dei. Det finst ikkje tilsvarande andre stader, heller ikkje i India og Brasil, langt mindre i Thailand, Malaysia, Sør-Afrika eller andre stader.

Kinas integrasjon i globaliseringa har dessutan vore delvis og kontrollert (eller i det minste kontrollerbar, om ein ønskar det). Kina står framleis på utsida av den finansielle globaliseringa. Banksystemet er fullt ut nasjonalt, og konsentrert om kreditt-marknaden heime. Kina styrer framleis yuanen sjølv. Yuanen blir ikkje utsett for dei lunefulle vekslingskursane finansiell globalisering fører til. Beijing kan seie til Washington: «Yuanen er våre pengar og dykkar problem», nettopp slik Washington sa til europearane i 1971: «Dollaren er våre pengar og dykkar problem.» Dessutan har Kina ein stor reserve til bruk i det offentlege kredittsystemet. Den offentlege gjelda er minimal samanlikna med gjelda som blir sett utoleleg i USA, Europa, Japan og mange av landa i Sør. Dermed kan Kina auke den offentlege pengebruken utan alvorleg fare for inflasjon.

Den utanlandske kapitalen i Kina, som dei har hatt fordel av, står ikkje bak suksessen. Tvert imot er det suksessen til det kinesiske prosjektet som har gjort investeringar i Kina attraktive for vestlege selskap. Landa i Sør, som opna dørene mykje vidare enn Kina og godtok å underlegge seg globaliseringa utan vilkår, har ikkje vore tilsvarande attraktive. Kina drar ikkje til seg utanlandsk kapital for at dei skal plyndre landets naturressursar, heller ikkje utan overføring av teknologi få etablere industri og ta fordel av låge lønningar; heller ikkje dra fordel av opplæring og integrasjon av avdelingar utanlands utan band til ikkje-eksisterande nasjonale produksjonssystem, som i Marokko og Tunisia. Heller ikkje for å gjennomføre finansielle raid slik det skjedde i Mexico, Argentina og Søraust-Asia. I Kina derimot, kan utanlandsinvesteringar sjølvsagt dra fordel av låge lønningar og gjøre gode profittar så lenge planane deira passar inn i Kinas, og tillet teknologioverføring. I sum er det «normale» profittar, men dei kan få meir om dei samarbeider med kinesiske styresmakter.

Kina, oppstigande makt

Ingen tviler på at Kina er ei oppstigande makt. Ein påstand er at Kina bare prøver ta tilbake plassen landet hadde i hundrevis av år og mista på 1800-tallet. Men ideen – ganske korrekt og ikkje minst smigrande – er ikkje til stor hjelp for å forstå karakteren til denne oppstiginga, og kva det betyr for verda i dag. Elles har dei som står for denne vage og allmenne ideen, ingen interesse av å drøfte om Kina vil stige opp ved å slutte seg til dei allmenne kapitalistiske prinsippa (som dei trur kanskje er naudsynt), eller om landet vil ta på alvor prosjektet «sosialisme med kinesiske særdrag». For min del hevdar eg at om Kina verkeleg er ei oppstigande makt, er det nettopp fordi dei ikkje har valt den reine og enkle kapitalistiske utviklingsvegen. Og som ein konsekvens, om dei hadde valt å følgje den kapitalistiske vegen, ville oppstigingsprosjektet stått i fare for å slå feil.

Tesa eg støttar, inneber å forkaste ideen om at folk kan hoppe over nødvendige utviklingssekvensar; dermed må Kina gå gjennom ei kapitalistisk utvikling før dei går laus på spørsmålet om ei mauleg sosialistisk framtid. Debatten om dette spørsmålet mellom dei ulike marxistiske retningane vart aldri konkludert. Marx var heile tida nølande. Me veit at rett etter dei første europeiske åtaka (Opiumskrigen), skreiv han at neste gong du (England) sender hærane til Kina, vil dei bli møtt med banneret «Pass på, dere er ved grensa til den borgarlege republikken Kina». Dette er ein strålande innsikt, og viser tillit til det kinesiske folkets evne til å svare på utfordringa, men samtidig feil fordi banneret faktisk sa: «Dere er ved grensa til folkerepublikken Kina». Men me veit at Marx ikkje forkasta ideen om at Russland kunne hoppe over det kapitalistiske stadiet (sjå korrespondansen hans med Vera Zasulich). I dag kunne ein tru at den første Marx hadde rett, og at Kina verkeleg er på veg til kapitalismen.

Men Mao forstod – betre enn Lenin – at den kapitalistiske vegen ville føre ingenstads, og at bare kommunistane kunne attreise Kina. Qing-keisarane på slutten av 1800-tallet, og deretter Sun Yat Sen og Kuomintang, hadde alt førebudd eit svar på utfordringa frå Vesten. Men dei såg ikkje føre seg nokon annan veg enn den kapitalistiske, og hadde ikkje intellektuelle ressursar til å forstå kva kapitalismen verkeleg er, og korfor denne vegen var stengt for Kina. Og for alle land i periferien av det kapitalistiske verdssystemet for den del. Mao, sjølvstendig marxist, forstod det. Meir enn det forstod Mao at denne kampen ikkje var vunne på førehand – gjennom sigeren i 1949 – og at konflikten mellom lovnaden om den lange vegen til sosialismen, og tilbakevending til den kapitalistiske falden ville vare i overskueleg framtid.

Personleg har eg alltid delt Maos analyse, og eg skal komme tilbake til emnet med nokre tankar rundt Taiping-revolusjonen. Eg ser på den som det fjerne opphavet til maoismen, 1911-revolusjonen i Kina, og andre revolusjonar i Sør i byrjinga av 1900-tallet. Og til diskusjonane i starten av Bandung-perioden* og analysane av uføret dei såkalla oppstigande landa i Sør er i etter å ha bunde seg til den kapitalistiske vegen. Alt dette er naturlege følger av mi sentrale tese om polariseringa (det vil seie kontrasten mellom sentrum og periferi) som ligg innebygd i utviklinga til den historiske kapitalismen. Polariseringa eliminerer sjansen eit land i periferien har til «å nå igjen» innanfor ei kapitalistisk ramme. Me må trekke konklusjonen: om «å nå igjen» dei rike landa er umauleg, må ein gjøre noko anna; det er kalla å følge den sosialistiske vegen.

Kina har ikkje følgt ein eigen veg sidan 1980, men frå 1950, sjølv om denne vegen har gått gjennom fasar som på mange måtar er ulike. Kina har utvikla eit samanhengande sjølvstendig prosjekt tilpassa sine eigne behov. Det er slett ikkje kapitalisme, med ein logikk som krev at jorda skal vere ein vare. Dette prosjektet er sjølvstendig så lenge Kina blir utanfor den finansielle globaliseringa.

Det at det kinesiske prosjektet ikkje er kapitalistisk, betyr ikkje at det er sosialistisk, bare at det gjør det mauleg å gå framover på den lange vegen til sosialisme. Like fullt er Kina au trua av ei strømning som skyv det ut av den vegen, og ender opp med ganske enkelt å vende tilbake til kapitalisme.

Kinas suksess er fullt ut resultatet av dette sjølvstendige prosjektet. I den forstand er Kina det einaste ekte oppstigande landet (saman med Korea og Taiwan, som eg skal seie meir om seinare). Ingen av dei mange andre landa Verdsbanken har sertifisert som oppstigande, er verkeleg det, fordi ingen av desse landa har sitt eige samanhengande sjølvstendige prosjekt. Alle følger rett og slett dei grunnleggande prinsippa til kapitalismen, sjølv i eventuelle sektorar innanfor statskapitalismen deira. Alle har akseptert å underordne seg vår tids globalisering i alle sine former, medrekna finansielt. Russland og India er delvise unntak frå dette siste punktet, men ikkje Brasil, Sør-Afrika og andre. Innimellom er det bitar av ein «nasjonal industripolitikk», men ikkje noko som kan samanliknast med det systematiske kinesiske prosjektet der dei bygger eit komplett, integrert og sjølvstendig industrielt system (spesielt på området teknologisk ekspertise).

Av desse grunnane er alle desse alt for raskt kalla oppstigande landa sårbare, sjølvsagt i varierande grad, men alltid langt meir enn Kina. Av alle desse grunnane er kjenne-teikna på oppstiging – solide vekstratar, eksport av industrivarer – alltid knytta til utarmingsprosessar for fleirtallet av folket (spesielt bøndene). Det er ikkje tilfellet i Kina. Aukande forskjellar er absolutt tydeleg overalt, medrekna Kina, men det er ein overflatisk og villeiande observasjon. Ulik fordeling av goder i ein veksande økonomi som like fullt ikkje set nokon på utsida (og jamvel inneber reduserte fattigdomslommer – det er tilfelle i Kina) er ein ting; ulik fordeling av vekst der bare ein minoritet får noko (frå 5 til 30 prosent, avhengig av land) mens resten er desperate, er noko anna. Kina-fordømmarane er uvitande om – eller læst vere det – denne avgjørande skilnaden. Forskjellane som er synlege i form av luksuriøse villaer på den eine sida, og gode husvære for middel- og arbeidarklassen på den andre, er ikkje same ulikskap ein ser i velståande bustadområde for middelklassen og slum for fleirtallet.

Gini-koeffisienten* er nyttig for å måle endringar frå eit år til eit anna innanfor eit stabilt system. Men i samanlikningar mellom land med ulike system mistar den meining, som alle andre nasjonale makro-økonomiske mål. Dei oppstigande landa (utanom Kina) er verkeleg «kommande marknader», opne for at monopola i triaden kan trenge seg inn. Desse marknadene lar desse monopola dra ut ein vesentleg del av meirverdien som blir skapt i landet det dreier seg om. Kina er annleis: det er ein oppstigande nasjon der systemet gjør det mauleg å halde tilbake storparten av meirverdien som blir skapt.

Korea og Taiwan er dei einaste to autentiske eksempla på oppstiging i og med kapitalisme. Desse to landa hadde suksess av geostrategiske grunnar – USA lot dei gjøre det dei nekta andre å gjøre. Kontrasten mellom USAs støtte til statskapitalismen i desse to landa og den ekstremt valdelege motstanden mot kapitalismen i Nassers Egypt eller Boumediennes Algerie er ganske opplysande her.

Eg vil ikkje drøfte potensielle oppstigings-kandidatar her, som Vietnam eller Cuba, eller vilkåra for å ta fatt igjen på vegen som Russland. Heller ikkje vil eg drøfte strategiske mål for progressive krefter elles i det kapitalistiske Sør. Eller om India, Søraust-Asia, Latin-Amerika, den arabiske verda og Afrika kan komme ut av dødvatnet, og føre sjølvstendige prosjekt som bryt med logikken i den herskande kapitalismen.

Store framgangar, nye utfordringar

Kina har ikkje nettopp nådd vegskillet, dei har vore der kvar dag sidan 1950. Sosiale og politiske krefter frå høgre og venstre som er aktive i samfunnet og partiet har støytt saman heile tida.

Kor kjem det kinesiske høgre frå? Sjølvsagt vart det tidlegare komprador-* og byråkratborgarskapet fråtatt makta. Men under frigjøringskrigen nærma store delar av middelklassen, akademikarar, funksjonærar og industrifolk seg kommunistpartiet, jamvel melde seg inn, fordi dei var skuffa over Kuomintangs manglande effektivitet i krigen mot Japans aggresjon. Mange av dei – men ikkje alle – var bare nasjonalistar, ikkje meir. Med opninga for privat initiativ frå 1990-tallet dukka eit nytt og meir kraftfullt høgre opp. Det er ikkje avgrensa til «businessmen» som hadde gjort suksess og (innimellom kolossale) formuer gjennom kundane sine – medrekna personar i stats- og partiapparat. Dei blandar kontroll med maskepi og jamvel korrupsjon. Slik suksess oppmuntrar alltid til høgrestandpunkt i dei veksande utdanna mellomlaga. Det er i den samanhengen veksande forskjellar er ein stor politisk fare, sjølv om dei ikkje har noko til felles med ulikskap i andre land i Sør. Det er den som spreiar høgreidear, avpolitisering og naive illusjonar.

Her må eg komme med ei tilleggsvurdering eg meiner er viktig: småproduksjon, spesielt jordbruk, er ikkje grunna i høgre-idear slik Lenin meinte (sjølv om det var det i Russland). Stoda i Kina står i motsetning til det tidlegare Sovjet. Kinesiske bønder er som heilskap ikkje reaksjonære, fordi dei ikkje forsvarer prinsippet om privat eigedomsrett slik bøndene i Sovjet gjorde, og som kommunistane aldri klarte rive laus frå å støtte kulakkane og privat eigedomsrett. Tvert imot er dei småproduserande (og ikkje småeigande) kinesiske bøndene i dag ein klasse som ikkje står for høgreløysingar, men ein del av dei kreftene som går inn for dei modigaste samfunnsmessige og økologiske løysingane. Den kraftfulle rørsla for «fornying av landsbygda» vitnar om det. Dei kinesiske bøndene står i hovudsak på venstresida, saman med arbeidarklassen. Venstresida har sine eigne intellektuelle, og ein viss innflytelse på stats- og partiapparat.

Den evige konflikten mellom høgre og venstre i Kina har alltid vist seg i politikken som er sett ut i livet av leiinga i stat og parti. I maoisttida vann ikkje venstrelinja utan kamp. Då Mao vurderte at høgreideane i partiet og leiinga utvikla seg litt som i Sovjet, sleppte han laus kulturrevolusjonen for å slåst mot det. «Bombarder hovudkvarteret», det vil seie partileiinga, der det «nye borgarskapet» blir danna. Men sjølv om kulturevolusjonen svarte til Maos forventningar dei to første åra, så spora det deretter av i anarki då Mao og venstresida i partiet mista kontrollen over det som skjedde. Denne avsporinga førte til at stat og parti tok kontroll igjen, og det gav høgresida sjansen. Sidan då har høgresida stått sterkt i alle leiande organ. Men venstresida er til stades på grasrota, og syter for at leiinga må kompromisse med «sentrum» – men er det sentrum høgre eller sentrum venstre?

For å forstå kva slags utfordringar Kina står framfor i dag, er det viktig å forstå at konflikten mellom Kinas sjølvstendige prosjekt slik det eksisterer, og den nord-amerikanske imperialismen med sine underordna europeiske og japanske allierte, vil auke i intensitet så lenge Kinas suksess held fram. Det er mange konfliktområde: Kinas disposisjon over moderne teknologi, tilgang til ressursane på planeten, styrkinga av Kinas militære kapasitet. Og arbeidet for å bygge opp igjen internasjonalt samkvem på grunnlag av suverene nasjonar som kan velje sitt eige politiske og økonomiske system. Alt dette står i direkte konflikt med måla til den imperialistiske triaden.

USAs strategiske mål er militær kontroll over planeten, den einaste måten Washington kan halde på sine hegemoniske fordelar. Det skjer gjennom preventive krigar i Midtausten, og i den forstand er desse krigane forløparen til den preventive (kjernefysiske) krigen mot Kina. Ein krig den nordamerikanske herskarklassen kaldblodig ser for seg kan vere naudsynt «før det er for seint». Å fyre opp under fiendskap til Kina er ein uskilleleg del av denne globale strategien, slik den viser seg i støtte til slaveeigarane i Tibet og Sinkiang, styrkinga av den amerikanske marinen i Kinahavet, og i ubegrensa oppmuntring til at Japan skal bygge opp sine militære styrkar. Kina-fordømmarane bidrar til å holde dette fiendskapet i live.

Samtidig er Washington bestemt på å manipulere for å roe ned ambisjonane Kina og andre såkalla oppstigande land måtte ha. Opprettinga av G20 skal gi desse landa illusjonen at dei tjener på å vere fast knytta til globaliseringa. G2 (USA og Kina) er slik sett ei felle som ved å gjøre Kina medskyldig i USAs imperialistiske eventyr kan føre til at Kinas fredelege utanrikspolitikk mistar all truverde.

Det einaste maulege effektive svaret på denne strategien må gå på to nivå:

1) Styrke Kinas militære styrkar og utstyre dei til å avskrekke.

2) Hardnakka jobbe fram mot å gjenskape eit polysentrisk internasjonalt politisk system, med respekt for all nasjonal suverenitet, og derfor jobbe for å rehabilitere FN som no er marginalisert av NATO.

Det siste er heilt avgjørande, og inneber å prioritere gjenoppbygging av ein «Sør-front» (Bandung 2?) som kan bygge opp under dei sjølvstendige initiativa frå folka og statane i Sør. Det inneber dermed at Kina blir klar over at dei ikkje har midlar til noko så absurd som å komme på linje med rovdyrpraksisen til imperialismen (plyndre naturressursane på planeten), ettersom dei manglar ei militærmakt tilsvarande den til USA, som til sjuande og sist er det som kan garantere suksess for imperialistiske prosjekt. På den andre sida har Kina mykje å vinne på å utvikle tilboda sine om støtte til industrialisering av landa i Sør, som klubben av imperialistiske «givarar» prøver gjøre umauleg.

Språket kinesiske styresmakter bruker i internasjonale spørsmål, tilbakehaldent til det ekstreme (som er forståeleg), gjør det vanskeleg å vite i kva grad leiarane i landet er klar over utfordringane som er analysert ovanfor. Meir alvorleg er at dette ordvalet forsterkar naive illusjonar og avpolitisering i opinionen heime.

Den andre delen av utfordringa dreier seg om å demokratisere den politiske og sosiale styringa av landet.

Mao formulerte og sette ut i livet eit generelt prinsipp for den politiske styringa av det nye Kina som han oppsummerte slik: samle venstresida, nøytralisere (og ikkje eliminere) høgresida, styre frå sentrum venstre. Etter mitt syn er dette beste måten for å kunne gå fram stegvis på ein effektiv måte, som blir forstått og støtta av det store fleirtallet. På den måten gav Mao eit positivt innhald til demokratisering av samfunnet kombinert med sosiale framsteg, på den lange vegen til sosialisme. Han formulerte metoden for dette: «masselinja» – gå ut til massane, lær kampane deira, gå tilbake til makta på toppen. Lin Chun har gitt ein presis analyse av metoden og resultata som masselinja gjør mauleg.

Demokratiseringsspørsmålet knytt til sosial framgang – i kontrast til eit «demokrati» skilt frå sosial framgang, og jamvel ofte knytt til sosial tilbakegang – gjeld ikkje bare Kina, men alle folk i verda. Framgangsrike metodar kan ikkje summerast opp i enkle formlar som er gyldige til alle tider og stader. Uansett bør formelen som vestlege propagandamedier byr på – fleirpartisystem og val – ganske enkelt forkastast. Dessutan blir denne formen for «demokrati» til ein farse både i Vesten og ikkje minst andre stader. Masselinja var metoden som skapte semje om og rykka fram strategiske mål, steg for steg. Det står i kontrast til den «konsensus» ein oppnår i Vesten gjennom mediamanipulasjon og valfarsar, som ikkje er noko anna enn å rette seg etter krava frå kapitalen.

Men korleis skal Kina i dag skape noko tilsvarande ei ny masselinje, under nye sosiale vilkår? Det blir ikkje lett fordi makta i partileiinga for det meste har gått til høgre, og dei baserer stabilitet for styret sitt på avpolitisering og tilhøyrande naive illusjonar. Sjølve suksessen for politikken styrkar den spontane tendensen til å gå i den retninga. Det er ei vanleg oppfatning i middelklassen i Kina at kongsvegen til å ta igjen levemåten i dei rike landa er open, fri for hindringar; dei trur Triaden ikkje er mot dette; amerikanske metodar er like ukritiske beundra og så vidare. Det gjeld særleg den urbane middelklassen, som veks raskt og har fått levekåra sine heilt utruleg forbetra. Hjernevasken kinesiske studentar er utsette for i USA, særleg i samfunnsfaga, saman med forkastinga av den offisielle fantasilause og kjedsommelege framstillinga av marxismen, har bidradd til å snevre inn rommet for radikale og kritiske debattar.

Regjeringa i Kina er ikkje ufølsamme for det sosiale spørsmålet, ikkje bare på grunn av ein debattradisjon som bygger på marxismen, men au fordi det kinesiske folket som lærte seg slåst og framleis gjør det, styrer regjeringas hand. Om den sosiale dimensjonen vart tona ned på 1990-tallet på grunn av det umiddelbare behovet for auka vekst, så er det snudd heilt om i dag. Nøyaktig no som dei sosialdemokratiske velferdserobringane blir undergravd i det velståande Vesten, utvidar fattige Kina det sosiale sikringsnettverket på tri plan – helse, husvære, pensjonar. Den populære bustadpolitikken i Kina, rakka ned på av Kina-fordømmarane på høgre- og venstresida i Europa, er misunt, ikkje bare i India eller Brasil, men au i kriseramma område i Paris, London eller Chicago!

Trygdeordningar og pensjonssystem dekkar alt over 50 prosent av bybefolkninga (hugs dei har auka frå 200 til 600 millionar), og Planen (framleis i bruk i Kina) legg opp til å dekke 85 prosent av befolkninga dei neste åra. La Kina-fordømmande journalistar gi oss tilsvarande eksempel frå «landa som går den demokratiske vegen» som dei stadig hyllar. Men debatten om kva for metodar ein skal ta i bruk, er framleis open. Venstresida går inn for det franske systemet, basert på solidaritet mellom generasjonane – det legg til rette for innføring av sosialismen. Mens høgresida sjølvsagt går for det fråstøytande amerikanske systemet med pensjonsfond, som splittar arbeidarane og overfører risikoen frå kapital til arbeid.

Men å få sosiale velferdstiltak er utilstrekkeleg om dei ikkje er kombinerte med demokratisering av den politiske styringa av samfunnet, med repolitisering gjennom metodar som styrkar kreative og oppfinnsamme former for den sosialistiske/kommunistiske framtida.

Ei utvikling etter prinsippa om fleirpartisystem og val som vestlege media og Kina-fordømmarane tar opp att til det kjedsommelege, forsvart av «dissidentar» presenterte som ekte «demokratar», vil ikkje svare på utfordringa. Tvert om ville innføring av desse prinsippa i Kina bare føre til – slik alle erfaringar i dag demonstrerer (Russland, Aust-Europa, den arabiske verda) – at prosjektet for oppstiging og sosial fornying vart øydelagt. Og det er det faktiske målet for desse prinsippa, dekka av tom retorikk: «Det finst inga anna løysing enn fleirpartisystem og val.» Men det er ikkje nok å slå mot denne dårlege løysinga ved å falle attende på den stivbeinte haldinga med å forsvare partiprivilegium. Eit parti som sjølv er inntørka og forvandla til ein rekrutteringsinstitusjon for stillingar i statsadministrasjonen. Ein må finne opp noko nytt.

Ein kan ikkje skape repolitisering og vilkår for å finne nye svar gjennom propagandakampanjar. Det kan ein bare oppnå gjennom sosiale, politiske og ideologiske kampar. Det inneber at ein i utgangspunktet må sjå desse kampane som legitime, og eit lovverk bygd på kollektiv rett til å organisere seg, uttrykke seg og til å komme med lovframlegg. Det inneber i sin tur at partiet sjølv er involvert i desse kampane. Med andre ord, at den maoistiske masselinja blir gjenoppfunne. Repolitisering er utan meining om ho ikkje blir kombinert med metodar som fremmar at arbeidarane gradvis erobrar styringa av samfunnet på alle nivå – bedrift, lokalt, nasjonalt. Eit slikt program utelukkar ikkje at individuelle personlege rettar blir anerkjent. Tvert om inneber det at dei blir formaliserte. Når dei blir formaliserte, vil det vere mauleg å finne nye måtar å velje leiarar på.

* Taipingopprøret: bondeopprør frå 1850 til 1864 mot Qing-dynastiet i Kina. Opprørarane fekk kontroll over større område, men blei til slutt slått ned etter at Qing fekk hjelp frå vestlege land. (Wikipedia.)

* Bandung-konferansen: Ein konferanse i provinshovudstaden Bandung i Indonesia i april 1955 blir rekna som starten på samarbeidet mellom dei alliansefrie statane. Tjuetri asiatiske og seks afrikanske land var med på konferansen. (Wikipedia, Store Norske Leksikon.

* Gini-koeffisienten: eit mål for statistisk spreiing, vanlegvis brukt på forskjellar i inntekt eller formue i eit land. Koeffisienten har tallverdi frå 0 til 1, ved null har alle lik inntekt eller formue, på 1 eig ein person all inntekt eller formue. (Wikipedia.)

* Komprador: eit opprinneleg portugisisk omgrep, ein som knytte saman koloniale handelshus med import- og eksportmarknader i koloniane. Særleg viktig frå slutten av 1700-tallet i Kina. (Danske Wikipedia.)

Referansar:

Den kinesiske vegen og bondespørsmålet

Karl Kautsky:»On the Agrarian Question», 2 band (1899 ; repr., Winchester, MA: Zwan Publications, 1988).

Samir Amin: «À l’origine du monde contemporain: la Commune de Paris (1871), la révolution des Taipings (1851–1864)» (Opphavet til verda i dag: Pariskommunen (1871), Taiping-opprøret, 1851–1864), finst på http://www.samir-amin.com/rub3fr/communedeparisettaipings.pdf

Samir Amin: «The 1911 Revolution in a World Historical Perspective: A Comparison with the Meiji Restoration and the Revolutions in Mexico, Turkey and Egypt» (utgitt på kinesisk i 1990).

Samir Amin: «Ending the Crisis of Capitalism or Ending Capitalism?» (Oxford: Pambazuka Press, 2011), kap. 5, «The Agrarian Question. »

Globaliseringa og den imperialistiske utfordringa

Samir Amin: «A Life Looking Forward: Memoirs of An Independent Marxist» (London and New York: Zed Books, 2006), kap. 7, «Deployment and Erosion of the Bandung Project.»

Samir Amin: «The Law of Worldwide Value» (New York: Monthly Review Press, 2010), «Initiatives from the South,» seksjon 4, 121ff. Samir Amin, L’implosion du capitalisme contemporain: automne du capitalisme, printemps des peuples? (Samanbrotet i vår tids kapitalisme: Haust for kapitalismen, vår for folka?) (Paris: Éditions Delga, 2012), chap. 2, « Le Sud: émergence et lumpendéveloppement » (Sør: Oppstiging og filleproletarisering).

Samir Amin: «Beyond U.S. Hegemony» (London and New York: Zed Books, 2006), særleg «The Project of the American Ruling Class»; «China, Market Socialism?»; «Russia, Out of the Tunnel?»; «India, A Great Power?»; «Multipolarity in the 20th Century.»

Samir Amin: «Obsolescent Capitalism» (London and New York: Zed Books, 2003), kap. 5, «The Militarization of the New Collective Imperialism.»

André Gunder Frank: «ReOrient: Global Economy in the Asian Age» (Berkeley: University of California Press, 1998).

Yash Tandon: «Ending Aid Dependence», (Oxford: Fahamu, 2008).

Den demokratiske utfordringa

Samir Amin: «The Democratic Fraud and the Universalist Alternative,» Monthly Review 62/5 (Oktober 2011): 29–45.

Lin Chun: «The Transformation of Chinese Socialism» (Durham, NC: Duke University Press, 1996).