Det er nok nå. Hvordan nyliberalismen ødelegger mennesker og natur

Av Line Stalsberg

2019-04 Bokomtaler

Linn Stalsberg:
Det er nok nå. Hvordan nyliberalismen ødelegger mennesker og natur
Manifest, 2019, 192 s.

Lone Lunemann Jørgensen,leder av NTL Ung, har vært engasjert i LOs ungdomsarbeid i snart ti år. Hun studerer retorikk og språklig kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Det kjem til å gå til helvete, tenker eg, når eg har lest om lag halvparten av boka om nyliberalismen. Og eg må lese ho i porsjonar, ikkje fordi teksten er så vanskeleg og tunglest, men fordi den er inngripande i mitt eige liv og mi eiga tilnærming til eigen kvardag. 

Hadde eg lest denne boka som nyfrelst raddis hausten 2004, i staden for Barbara Ehrenreichs skildring frå den amerikanske arbeidarklassen, Kjøpt og underbetalt, hadde eg kanskje forstått det ideologiske hegemoniet vi lev i på ein annan måte. Og eg hadde kanskje gjort noko anna enn å føle meg som ein ideologisk lettvektar i møte med dei tilsynelatande velskulerte kommunistgutane eg møtte på sumarleir med Raud Ungdom på Utøya sumaren etter. På same måte som at eg kjente meg att i feminismen sitt språk og rammeverk i kampen mot patriarkatet, ville eg kanskje kjent meg att i skildringa av det å vere eit ekte barn av nyliberalismen. Og eg seier kanskje, for det å sjå seg sjølv i systemet, slik Linn Stalsberg manar til, er ei krevjande øving. Kanskje hadde eg ikkje reflektert over kjensla av å alltid måtte hevde meg, det smått absurde i det å skulle vere ein så flink kommunist som mogleg, og at eg ville sjå raddis ut på den rette måten. Kanskje ville 16 år gamle meg vore for ung for denne boka. Og kanskje var det for tidleg for denne boka, for oss som radikal rørsle, å skulle sei noko så altomfattande som det Linn Stalsberg gjer i dette kampskriftet, berre tjuefem år inn i nyliberalismens ideologiske herredømme. 

For det er eit kampskrift det er. Det er eit oppgjer med korleis nyliberalismen som ideologi har fått sive inn i både tankesett og styreform i vår del av verda dei siste førti åra. I heile mitt liv, og litt til, har nyliberalismen vore ein uttalt ideologi, om enn noko skjult i diverse elitistiske tankesmiers politikkutforming, fordekt som fornying og modernisering. Det som er aller best med Det er nok no, er å forstå at utviklinga er villa av høgresida – ho er ikkje vilkårleg, slik det kan synast at mange tenker om marknadskreftene eller politikken som blir ført. Det er berre å kaste eit blikk på den sittande regjeringa og deira politikk. Velferdsstaten skjerast inn til beinet, dei gjennomfører smålege kutt i velferdstilbod for dei svakaste blant oss, og førar ein relativ aggressiv arbeidsgjevarpolitikk mot dei tilsette i staten. Kapitalismen kjenner ingen grenser, og alle desse grepa gjev meining med dei nyliberalistiske brillene på. 

Det andre som er bra, er korleis boka verkar inn på meg som person. Linn Stalsberg skriv mykje om det å vere menneske i nyliberalismen, og det meste er truverdig og fengande. Refleksjonane kring psykisk helse og depresjon haltar derimot litt språkleg, og verker litt uferdig tenkt. Det er også eit veldig kort kapittel. Det er kanskje like greitt, for teksten elles bærast godt av dei mange kjeldene som underbygger poenga om politikkutvikling og økonomisk styring. Det er heile tida små drypp undervegs som gjer at eg blir overtydd av det forfattaren skriv om korleis nyliberalismen verkar inn på oss som menneske. Det er enda ein grunn til at eg måtte stoppe opp undervegs og faktisk kjenne etter: Kva delar av livet mitt er mest påverka av dei samfunnsøkonomiske høvene? Kor kjem denne kjensla etter å alltid vere på, frå? Det som er vanskeleg med denne delen av systemkritikken, er jo nettopp at vi alle konkurrerer med kvarandre som om vi er i ein marknad. Vi konkurrerer om jobbar, om likes, om dei beste minna frå ferier og opplevingar med familien, og vi konkurrerer om å vere den beste utgåva av oss sjølv. Heile tida. Å stå imot desse krava er vrient om ein ikkje ynskjer å vere ho der rare hippien som sakkar akterut – då er lettlesen systemkritikk som denne boka ein god start, tykkjer eg. 

Er det problematisk med ei slik heilskapleg tilnærming til verda? I Linn Stalsberg sitt høve er det nok ikkje skummelt. Dette er ikkje eit manifest i den forstand at det berre er dei reine og ranke som har alle svara. Og slik jobbar ikkje den solidariske rørsla i vår tid heller; vi i fagrørsla jobbar med å forsvare retten til verdige, ordna arbeidsforhold kvar dag. Folk i heile landet går saman for å bevare arbeidsplassar og lokalsjukehus. Unge organiserer seg i hopetal for eit leveleg miljø og klima – mot oljeboring og krav om profitt, og no er det dei som fornektar klimaendringane som har bevisbyrda mot seg. Det står meir på spel for dei unge enn arbeidsplassar, og alle veit det. Kampane er mange og metodane mangfaldige. Løysinga som Linn Stalsberg skisserer opp, er heller ikkje eit endeleg svar (så dette er ikkje ein spoiler alert), men det same som vi i fagrørsla alltid har sagt: organisering, organisering, organisering. 

Innleiingsvis skreiv eg at eg tenkte at dette kjem til å gå til helvete. Men det som er bra, er at alle politiske system og ideologiar er skapte av menneske. Det må tyde at det er mogleg å endre dei til det betre. Så det er berre å brette opp ermane.