Den liberale imperialismen og sivilisasjonsoppdraget

Av

2013-02


Richard Seymour (f 1977) er brite, marxist og forfattar. Han skriv på bloggen Lenin’s Tomb som han starta og driv. Han har skrive The Liberal Defence of Murder og andre bøker. Han var tidlegare medlem av Socialist Workers Party, men gjekk ut i mars i år. (Kjelde: Wikipedia)
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Eg vil starte med eit konkret eksempel.

Dere veit at USA med allierte på dette kritiske stadiet gjør intense forsøk på å få til ei omgruppering av den syriske opposisjonen. Av ein eller annan grunn stolte dei ikkje på det syriske nasjonalrådet (SNC), som er ein koalisjon av den sekulære liberale opposisjonen og den muslimske brorskapen – dei mest konservative og borgarlege elementa i opposisjonen. Dei ville i staden skape ein ny allianse bak sunnien og forretningsmannen Riad Seif.

Kva dreier dette seg om? Avkledd det ideologiske språket er det eit forsøk frå USA med allierte å få sterkare kontroll over den syriske revolusjonen. At ein slik kontroll blir framstilt som bra, er bare å vente. Men kva er det mest sannsynlege resultatet av dette? Det vil vere å styrke ein endå meir konservativ og borgarleg opposisjon, organisert rundt element frå det tidlegare styret. Mest sannsynleg vil det her bety at opposisjonen blir organisert på sekterisk grunnlag, ettersom den konservative logikken er å seie «det er lite galt med sjølve systemet; det er regimet som er feil, eller vondsinna; ei unasjonal og fremmend kraft; alle sanne syrarar står saman; det er ikkje ein herskande klasse, men ein fremmend kaste som må veltast, og namnet på kasten er alawittar.»

Me såg den logikken i Libya, særleg etter at USA med allierte tok over. Historisk har USA strevd for å ta over revolusjonar, på å styrke dei mest konservative elementa i den herskande klassen – eller sagt på anna vis, angripe og halde tilbake dei mest radikale og folkelege laga, og kontrollere dei mest ærgjerrige ambisjonane deira. Det er ein strategi som har sett djupe merke i historia, med ei lang rekke med kontrarevolusjonær vald frå USA, i det minste frå og med den meksikanske revolusjonen.

Liberal imperialisme

Og kva er så det eksempel på? Eg seier det er eit døme på ein spesiell type imperialistisk intervensjon, som eg vil klassifisere som liberal imperialisme – ein intervensjon som kan ha visse avgrensa liberale mål (meir marknad, modernisering av staten og så vidare), men viktigast at rammeverket er liberalt, blir rettferdiggjort med variantar av liberale verdiar bygde på Lockes samfunnskontrakt eller Mills humanisme.

Eg meiner det er svar på ei krise i kontrollsystemet USA skapte i Midtausten på seksti- og syttitalet, då den britiske marinen og pundet vart trekt ut, og monarkar innsette av britane vart kasta.

Eg meiner det er eit forsøk frå USA på å ta attende initiativet, og vere føre var – ikkje bare drive brannsløkking eller motarbeide prosessen som har ført til at to av undersåttane deira vart kasta (tri om ein tar med Gaddafi, men dei vendte seg mot han) – men aktivt fremme eigne løysingar, deira eigen modell som kan utfordre den uvanleg sterke tiltrekkingskrafta Tahrir-plassen har. Ved å intervenere i revolusjonsprosessen ønskar dei på ein eller annan måte å skape ein tiltrekkande pol rundt makta si, og starte på å attreise den ramponerte legitimiteten til USA.

Sjølvsagt er det mykje meir å seie enn denne skissa, som bare gir eit svakt omriss av emnet eg drøftar, liberal imperialisme.

Eg meiner me alltid må vere konkrete og interesserte i problema dagens hendingar byr på. The Liberal Defence of Murder som denne talen er basert på, er ei historiebok: ho dekkar rundt fem hundre år med humanitære intervensjonar. Men det var minst fem års liberal krigshissande støtte til president Bush som fekk meg til å skrive. Og boka vart sluttført på ei tid då dei liberale imperialistane som er tema for boka, dei som heia for krig i Irak, for fridom, demokrati og ulike liberalhumanitære idear, opplevde tilbakeslag. Dei hadde tallause nedturar. Tortur, kjemiske våpen, forureininga av byar frå Fallujah til Tal Afar, hemmelege bortføringar, valdtekt, vilkårlege drap, og heilt ekstrem valdsbruk mot opprørarane. Alt kasta lys på dei avskyelege realitetane bak humanitære intervensjonar. Jamvel den mest krigslystne, hovmodige og hatske i gjengen, Christopher Hitchens, byrja velte seg i navleskuande sjølvynk over at frigjøringskrigen hans i Irak hadde degenerert, ein krig han hadde innbilt seg var ein ny spansk borgarkrig, der han var George Orwell og Bush-administrasjonen POUM1 – eit oppblåst tilfelle av Godwins lov2 om slike i det heile finst.

Om dere ikkje har noko mot det, vil eg sitere meg sjølv – eg sa den gongen:

Dei proimperialistiske liberalarane som høglydt og samstemte forsvarte krigane til USA er i knipe … Denne ynkelege gruppa har aldri vore mindre levedyktig.

Ei kort stund i fjor undra eg på om eg hadde vore for raskt ute. Fordi eg såg framført i fri dressur mest alle tenkelege klisjear for krig. Denne gongen dreidde det seg om Libya, men på eit vis betydde ikkje landet noko – ikkje for dei liberale imperialistane. Det dreidde seg i røynda om eit høve til å attreise den moralske autoriteten til imperiet – eg skal komme attende til det. Trass i generell skepsis såg det ut til at dei vann diskusjonen. Eit forbløffande tilbakeslag etter månader med revolusjonær oppstand der USAs skremmande, dødelege oppfatning av «frigjøring» vart avslørt som ein farse. Korleis fortonte Firdosplassen – torget i Bagdad der statuen av Saddam Hussein vart rive ned etter invasjonen – seg ved sida av Tahrir-plassen? Eg var ikkje ved alt for godt mot, kameratar og venner.

Og så vart Jason Russell funne naken på gata i San Diego der han onanerte på dei som gjekk forbi.. Eg skal forklare for dere som er forvirra. Jason Russell leiar ein kampanje som er kalla «Stopp Kony», som organisasjonen Invisible Children driv. Han eksisterer for å protestere mot og freiste bøte på krigsbroteverka som blei utført av ei lita kristen-fundamentalistisk opprørsgruppe som stod for grusomme handlingar i Uganda. Men dei har støtta det ugandiske militæret, som har stått for sin del grusomme handlingar i kampen mot opprøret. Gruppa har au støtta USAs militære intervensjon til fordel for det ugandiske militæret, og jobba iherdig for å få presse Obama til å sende fleire pengar og soldatar til Uganda. Det pussige er at Kony ikkje er i Uganda lenger, krigarane hans er stort sett utsletta, og dei folka «Stopp Kony» seier seg å støtte, er ganske forbitra på dei. Kampanjen deira var sjølvsagt farleg, og kunne blitt ein seier for manipulering av sosiale medier om dei hadde vunne fram. Men pressa av kritikken knekte Jason Russell saman, og vart funne spradande naken rundt i San Diego, der han viste fram utstyret sitt til dei som passerte.

Og det var det. Sist eg var i USA heldt eg ein tale i Boston. På vegen dit såg eg og kjærasten ein Stop Kony-plakat som nokon hadde skrive «BULLSHIT PROPAGANDA!» på. Så i slike saker må dere innrømme amerikanarane litt dømmekraft – det er faktisk tema i den andre nye boka mi, American Insurgents, som kom samtidig som nyutgava av Liberal Defence.

Før eg går nærmare inn på stoda i dag, vil eg tilbake til temaet i boka, kjerna i argumentasjonen. Så vil eg sjå om det kan bidra til å forstå slike situasjonar me står framfor. Så kva meiner eg?

For det første at dagens liberale krigstilhengarar høyrer til ein tradisjon som grovt sett strekker seg over eit halvt millenium. Me har sett at deira humanitære støtte til imperialismen er bygd på dehumanisering av motstandarane, og dermed grip dei altfor lett til ein blodig og hevngjerrig retorikk, og ender med å støtte valdeleg undertrykking. Men alle mistaka til dagens liberale krigarar har eit genetisk opphav. Liberalismen kom til som ein av eit sett femlingar, og knytta saman kapitalismen, europeisk kolonialisme, slaveriet og «rase»-ideologien. Sjølv om han til ein viss grad stod for fridom og likeverd, har liberalismen like fullt brukt det Domenico Losurdo, (italiensk filosof, historikar, teoretikar og marxist fødd i 1941), kallar «utestengingsklausular», og er slik medskyldig i raseundertrykking, imperialisme og klassedominans.

Koloniideologiene

Tidlege representantar for den moderne liberalismen som Locke, Mill og Tocqueville forsvarte kolonialismen, vanlegvis på grunn av «forbetrande» eigenskapar og gunstige resultat for dei innfødde. Store delar av den tidlege venstresida og arbeidarrørsla, særleg dei som stod nærmast liberalismen, var påverka av slik kolonialistisk sjåvinisme. Det var heller ikkje ei rein europeisk sak, Woodrow Wilsons (president i USA frå 1913 til 1921) utgave var overmennesketenking på sitt beiskaste. Den russiske revolusjonen, seinare antikoloniale revolusjonar og borgarrettsrørsla i USA svekka grepet denne ideologien hadde. Men han blir kontinuerleg reprodusert, men modifisert og tilpassa.

Eg står fast på at ideologien er konsistent over tid på eit ganske abstrakt nivå. Eg kallar det ein «tradisjon» som med vilje er vag. Men det som sameiner desse svært ulike, men noko overlappande og likearta ideologiske formasjonane, er at liberal imperialisme har ei strukturell og systemisk rolle med å forklare, rettferdiggjøre og konsolidere eit liberalt verdssystem som nødvendigvis er eit imperialistisk system. Og det som fekk meg til å sjå på dette, var sjølvsagt det faktum at i «krigen mot terror» byrja dei liberale krigstilhengarane i uhyggeleg grad å lyde som kolonitilhengarane gjorde. Og eg lurte på grunnen.

Ein kan gå til dette på to måtar. Enten kan du seie at «koloniideologien er ei levning, ein rest etter tidlegare pinlege tiders uløyste motsetningar». Eller så kan du seie noko liknande det Stuart Hall seier om rasisme:

Rasisme er alltid historisk spesifikk. Sjølv om han kan bygge på det som har skjedd i tidlegare historiske fasar, tar han alltid ei spesifikk form. Han veks ut av forholda i dag, ikkje fortida. Han gir seg spesifikke utslag i dagens samfunnsskipnad, i måten dei politiske og kulturelle prosessane utviklar seg i dag, ikkje bare ei fortrengt fortid.

Dette er svært viktig, fordi rasisme ofte har blitt sett som ei levning etter tidlegare tiders uløyste motsetningar, at slik han framstår i dag bare er restar, og ikkje noko som aktivt er konstruert. Og det er freistande med eit liknande syn på koloniale ideologiar.

Eg vil seie at tilbakekomsten av liberal imperialistisk ideologi i sin nesten koloniale form på 2000-talet vaks ut av krisa i det som er kalla «Vesten» – meir nøkternt krise i utvikla kapitalistiske statar leia av USAimperialismen. For desse liberale forståsegpåarane og intellektuelle såg ei lita gruppe jihadistar faktisk ut til å vere ein dødeleg fare for det dei kalla «sivilisasjonen» på linje med – eg tøyser ikkje – det tredje riket. Det var ei kjensle av dommedag, men også ny styrke i utfordringa dei såg: mange intellektuelle og kommentatorar sa i røynda «dette er eit høve for USA til å komme over forfallet og lettsinnet det siste tiåret, til å gripe eit nytt alvor».

Det kan verke svært latterleg, men dere må huske at stoda i USA nettopp då hadde vist seg vere ekstremt utrygg: det var ei kapitalistisk krise, aksjeboblar som sprakk, legitimiteten til næringslivet drukna i Worldcom- og Enron-skandalar, Bushadminstrasjonen som kom til gjennom eit valkupp, presidenten var omgitt av ti – om ikkje hundretusenvis –med antikapitalistiske demonstrantar uansett kor han gjekk. Tallause problem øydela det liberale borgarskapet, og det såg ut til å vere ein viss tvil om den verdshistoriske oppgava til USAkapitalismen etter Berlinmurens fall. Her var det både ei personifisering av all redsel og uro, ikkje mindre enn ein sivilisasjonsmessig Nemesis, og eit perfekt høve til å gi ein serie samordna svar, og til å utvikle ein ideologi som i motsetning til dei antikapitalistiske protestantane i klartekst støtta og forsvarte det sosiale og institusjonelle systemet i dei utvikla kapitalistiske landa som det best maulege målet, det endelege utviklingsstadiet for menneskeslekta. Lista over venstreorienterte som blei imperialistar på denne tida, er i røynda ei liste over dei som alt hadde byrja å slutte fred med kapitalismen.

Og no blei desse intellektuelle langt mindre forsiktige med å definere denne sivilisasjonen som eit imperium – i tradisjonen etter romarane og britane, i tradisjonen etter det som vart definert som «Vesten», som historisk ikkje har vore eit reint geografisk område, men omfattar statar styrt av kvite: Sør-Afrika i apartheidtida, og Australia, vart til dømes begge sett som del av Vesten. Slik sett omfatta koloniprosjektet å definere ei grenselinje, ei grense rundt sivilisasjonen der pøbelen i verda ville inn i og øydelegge ideala til imperiet – fordi dei bare er sjalu og fordi me rike og frie og dei er det ikkje – og sa at «me som dei siviliserte har ansvar for å gå inn i barbariet sitt domene og bringe dei den orden og dei fordelar som sivilisasjonen gir, med makt, og utrydde dei som vil ha kaos.» Og dere vil sjå at den einaste måten liberale skribentar som Hitchens, Ignatieff, Bernard-Henri Lévy, Bermman, Sam Harris skil seg frå dei nykonservative – som aldri syntest imperiespråket var pinleg – er vekta dei la på å overbevise venstreorienterte og liberale om synet sitt.

Talerøyr inn i venstresida

Det bringer meg til ei anna side ved standpunktet mitt, at dei liberale krigstilhengarane fungerer som talerøyr for desse ideane inn i strategisk viktige miljø der det er lite sannsynleg at talspersonar for Pentagon eller Donald Rumsfeld vil lykkast. I det nye etterordet omskriv eg dette argumentet i gramscianske termar: Eg seier at dei liberale imperialistane omtalt i boka er del av ein familie intellektuelle og ideologiske produsentar som bidrar til å konsolidere styret til dei dominerande klassane. Dei er «organiske intellektuelle» for borgarskapet. Dette begrepet frå Gramsci var sentralt i tenkinga hans om «hegemoni».

Ein herskande klasse, sa han, arbeider kontinuerleg for å bygge hegemoni ved å ta med allierte klassar og delar av klassar i ei breiare blokk, som dominerer dei utestengte, underordna klassane. Einskapen i denne blokka er delvis sikra med ein hegemonisk diskurs skapt av intellektuelle som forklarer maktblokka kva for interesser dei har, korfor interessene deira er universelle, og korleis ein må kjempe for dei og forsvare dei. Innanfor ei slik blokk er det ingen klar, avgjørande enkeltinteresse som samlar alle, langt mindre semje om ein bestemt strategi. Det er grunnen til at det trengst organiske intellektuelle, med ulike spesialfelt som når ulike typar miljø, som gir moralsk og intellektuell leiarskap.

Dei liberale krigstilhengarane skil seg svært i måte å operere på, miljøet dei vender seg til, og spesialiseringsgraden. Somme, som Michael Ignatieff og Samantha Power, vekslar med hell mellom ulike felt som akademia, kommentarjournalistikk og arbeid i statsbyråkratiet. Bernard Kouchner har utan store vanskar migrert mellom menneskerettsindustrien, den franske staten og FN. Bernard-Henri Levy, med ressursarane frå det franske storborgarskapet til disposisjon, er alt frå filosof, dokumentarist, diplomat, forleggar, politikar, forretningsmann, journalist. Andre som Christopher Hitchens og Paul Berman nøyer seg med å vere journalistar, pamflettskribentar og polemikarar. Og mens Ignatieff, Kouchner og Power stort sett har konsentrert seg om menneskerettar og utanrikspolitikk, så har Hitchens, Berman og Levy breia seg trygt i eit mangfald av tema.

Det dei har felles, er at det dei jobbar med og freistar å løyse problem rundt, er dei internasjonale, imperialistiske sidene ved makta til dei herskande. Det dei au har felles er at dei ikkje opererer som isolerte individ, men som intellektuelle produsentar innanfor større system (mediakonglomerat, akademiske institusjonar, statsapparat) som spreier produkta sine til relativt privilegerte og mektige miljø. På den måten er dei ikkje ulike dei nykonservative som eg altså påstår dei deler vokabular med. No har dei saman med dei nykonservative lidd eit kraftig tap av prestisje og innverknad som følgje av flausa med «Operasjon fridom i Irak».

Men det interessante er at Obama ikkje såg dei heilt likeverdige. Han valte å bygge sin imperialistiske strategi på realistane som Bush hadde støtta seg på dei siste hjelpelause åra sine. Folk som Robert Gates, men au Zbigniew Brzezinski som hadde vore rådgivar for demokratane i lang tid. Men Det demokratiske partiet i USA skapte det som der blir kalla «liberal internasjonalisme» – som er liberal imperialisme etter mønsteret til Woodrow Wilson. Og institusjonar og personar i partiet har gitt sterk støtte til ein aggressiv utanrikspolitikk basert på ideen om at det kapitalistiske USA har ei historisk oppgave i å støtte eit liberalt verdssystem, eit system som naturlegvis må ha USA i leiinga.

Power and Slaughter

I denne leiren var folk som Susan Rice, Samantha Power og Anne-Marie Slaughter. Slaughter som er rektor ved Woodrow Wilson School of Public and International Affairs ved Princeton University fekk tilbud om ei stilling under utanriksminister Hillary Clinton. Susan Rice, tidlegare tryggingsrådgivar under Clinton, under vingane til Madeleine Albright og sterk tilhengar av intervensjon i Sudan, vart utpeika til ambassadør i FN. Rice spelte ei viktig rolle med støtte til delinga av Sudan. Samantha Power, som skal ha vore ein nøkkelperson for administrasjonen i samband med intervensjonen i Libya, vart tryggingsrådgivar.

Det var mange utanfor administrasjonen som pressa på for å få fornya fokus på humanitære intervensjonar. William Cohen og Madeleine Albright som tjenestegjorde under Clinton, leia Genocide Prevention Task Force som ba den kommande Obamaregjeringa opprette eit varslingsystem for folkemord, som skulle brukast til å utløyse intervensjonar i krisesituasjonar. Begge hadde vore med på å sette ut i livet folkemord-sanksjonspolitikken mot Irak. Ei slik samling av krefter i Obamaadministrasjonen peika ikkje mot fred, men mot eit skifte av strategi. USA skulle få gjenoppliva makta si ved å føre ein meir varsam og fleksibel politikk, med vekt på å få samtykke av allierte, ved å prate dei i senk om «forkjøpsåtak». USAs kolossale militære arsenal skulle brukast meir forsiktig – men det skulle brukast. Med det i tankane skal me sjå på revolusjonane i Midtausten, og spesielt Libya, og sjå kva me kan få ut av det.

Først, ein av forløparane til revolusjonane i Midtausten var ei veksande krise for Israel, med stadig minkande legitimitet, og faktisk, militær styrke – nederlaget for Hizbollah, tapet av omdømme internasjonalt etter Støpt bly, det uvanleg blodige og sjølvdestruktive åtaket på Mavi Marmara – alt peika mot at Israels tid som apartheidstaten du ikkje kan kritisere, var over. Naturlegvis viste ikkje dei liberale imperialistane som brauta om demokrati og menneskerettar i Irak anna enn forakt for palestinarane sine rettar – la dei svelte under blokaden, la dei dø i utbomba gettoar, jag dei gjennom gatene og utrydd dei som rotter, for dei har fornærma oss ved å røyste på Hamas, og ved ikkje å kapitulere for Israel, og ved å eksistere som folk, som politisk masse, og ikkje bare eit nedkjempa flyktningefolk spreidde over alle delar av Jorda.

Men jamvel liberale imperialistar må til ein viss grad handle i samsvar med sine høgt proklamerte ideal. Og då opprøra i Midtausten starta, trur eg nok ein må seie at dei freista hardt å vere glade for dei. I røynda var ambivalensen stor – vil dei no velje den muslimske brorskapen i Egypt? Vil tunisarane la Rachid Ghannouchi stille til val? Vil feil folk ta over makta? Det var eit særleg problem for folk som Hitchens, som bare eit par år før revolusjonen hadde lovprist det tunisiske diktaturet fordi det var så moderat – korfor hakke på snille Tunisia undra han? Dessutan, då revolusjonen var der, understreka han sterkt at det var bare fordi dei heldige borgarane visste dei ikkje ville bli drepne i gatene som dei grønne i Iran. (For ordens skyld, det tunisiske regimet drap fleire enn det iranske regimet gjorde i løpet av det grønne opprøret.) Men tru ikkje det var bare desse krigshissarane. Folk med reell politisk makt sa det same. Då Mubarak vart overfalt av revolusjonen, insisterte Tony Blair og visepresident Joseph Biden på at han var ein god mann for det egyptiske folket, ein av våre allierte, og at det ville bli eit vakuum om han vart kasta, og at det ville opne for ekstremistar.

Liberal ambivalens

Trass i ambivalensen, og trass i ei viss undertrykt kjensle av at dette kunne forstyrre deira imperialistiske overtyding om at demokrati i Midtausten måtte komme som resultat av USAs militærmakt, så var hovudtendensen blant liberale intellektuelle at dei støtta revolusjonane. Og i rettferdas namn skal dei ha kreditt for det, så langt. Men så spreidde revolusjonen seg til Libya i februar 2011. Det tok ikkje lang tid før mange av dei liberale intellektuelle såg sjansen. Eg meiner at trass i det pinlege maskepiet mellom den herskande klassen i USA og Storbritannia og Gaddafi-regimet sidan 2004, så var ikkje dette eit regime dei hadde investert så mykje i at dei ikkje kunne sleppe taket. Og dei intellektuelle i Det kvite huset, som Power og Slaughter – passande namn for imperialistar – sa at det som var i gang var eit opprør frå dei yngre generasjonane i Midtausten, ofte utdanna og kultiverte menneske, men som var utan framtid.

Og dei sa: Dette er framtida, desse folka vil avgjøre kva veg Midtausten går, og om USA ønskar å påverke det, må USA på ein eller annan måte bli sett som støttespelar for revolusjonen. Samtidig fiska Sarkozy – rett frå pinlege avsløringar av franske band til diktatorane – etter europeisk intervensjon for å forsvare EU-interesser. Det var altså ein viss konkurranse imperialistar imellom her, og det bidrog til at Hillary Clinton gjekk for intervensjon, og i sin tur til at Obama støtta ein begrensa krig og overkøyrde generalane. Sarkozy sendte sin fremste intellektuelle Bernard-Henri Levy for å menge seg med den libyske opposisjonen. Det er ikkje så fullstendig tåpeleg som det høyrest ut, då BHL tidlegare hadde dyrka samband med andre væpna grupper, som gruppa til Ahmed Shah Massoud i Afghanistan – han presenterte faktisk opposisjonsleiarar for Sarkozy som «libyske massoudar». Kva meir kan ein seie om BHL?

På det tidspunktet hadde han akkurat gitt ut On war in philosophy der han omtalte Immanuel Kant, som skapte teorien om «demokratisk fred», som ein sinnsforvirra «bløffmakar». Som støtte for ei slik vurdering siterte han i lange banar arbeidet til den kjente filosofen Jean-Baptiste Botul. Botul var ikkje bare biograf og kritikar av Kant, men grunnleggar av den intellektuelle tradisjonen som er kjent som «botulisme». Ulykkelegvis var han også ein oppdikta person, skapt av satirikaren Frédéric Pagès, som mellom anna skreiv Immanuel Kants seksualliv.

Jamahiriya

På det tidspunktet blei dei libyske opprørarane knust av styrkane til Gaddafi. Den militære reaksjonen frå regimet tvinga dei til væpna opprør, og mens delar av regimet braut ut og slutta seg til opprøret, var dei ikkje mange nok til å styrke opposisjonen militært. Dermed fann BHL seg som forhandlar med ei rørsle som i kampens hete hadde utvikla seg frå ei svært lita og uutvikla kjerne av akademikarar frå middelklassen, mennerettsaktivistar og så vidare – ingen permanente institusjonar fekk lov å utvikle seg under Jamahiriya («Staten til massene», eit begrep innført av Gaddafi). Men denne rørsla blei i aukande grad dominert av folk frå det gamle regimet, delar av borgarskapet, i hovudsak folk som alt hadde noko makt og prestisje, og som var vante til å forhandle med imperialistar. Og somme av dei jobba alt for ein allianse med imperialistane for å få kasta Gaddafi og fortsette på vegen med nyliberale reformar, fri frå den gamle og etablerte statskapitalistiske eliten. Og det var desse som meir eller mindre kom til å dominere det nasjonale overgangsrådet, saman med folk som truleg hadde band til CIA. Me veit kva som så skjedde: Den revolusjonære prosessen vart kapra. Og somme lite apetittvekkande trekk byrja dukke opp: Ein tendens til å gjøre konflikten til ein rasekonkonflikt, som då «afrikanske leigesoldatar» (som betydde svarte immigrantar i Libya) vart fanga og lynsja.

Det interessante er at då dei liberale krigstilhengarane starta å rope på intervensjon, hadde dei vanskeleg for å skjule at det for dei meir enn noko anna dreidde seg om USA, og det å styrke makta til landet igjen. Dei snakka ikkje om den indre dynamikken i det libyske opprøret fordi dei ikkje kjente den. Og korfor skulle dei, når det viktige var kor fort USAs helikopter og fly kunne vere der? Du hadde folk som Hitchens som sa at dette var eit høve til at USA kunne vinne attende noko av sitt tapte truverde etter nokre pinlege månader den første revolusjonstida.

Han påstod au at krigen i Irak hadde rydda vegen for desse revolusjonane. For Bernard Kouchner var dette eit høve til at Europa kunne definere seg sjølv, og for EU til å styrke sin autoritet. BHL la i skriftene sine mest vekt på at det strategisk viktigaste ved intervensjon (i tillegg til det humanitære mandatet, som han personleg ville ha ære for) var å få stadfesta «retten til intervensjon » som gyldig prinsipp.

Liberal imperialisme

Så for alle desse handla det om å ta tilbake tapt territorium etter den irakiske katastrofen. Og spørsmålet er: Klarte dei det? Er liberal imperialisme no fornya slik han til dømes vart gjennom Kosovokrigen? Eg vil konkludere med å svare nei. Revolusjonsprosessen er så uføreseieleg at USA ikkje kan kontrollere han, og USAs kontrarevolusjonære mål så tydelege at landet ikkje på ny kan stå som bærar av humanitære og demokratiske håp, ikkje ein gong i sin tidlegare avgrensa form. Det er enno ikkje teikn til at USAs tilbakegang har snudd, det er ein tilbakegang ikkje bare etter ein «geopolitisk» akse, det skjer midt i ei krise for det kapitalistiske verdssystemet.

Liberal imperialisme er som sterkast når venstresida, folkerørslene, arbeidarkampane er som svakast. Det er når maulege utviklingsvegar framstår som få og snevre, slik dei gjorde etter at Sovjetunionen kollapsa, at ideen om USA som forsvarar og frigjørar får luft under vingane. Men me er inne i ein epoke med oppstand og opprør, og slik me har sett i Occupy-rørsla og protestane mot NATO-toppmøtet i Chicago, vil dei spreie seg rett inn i hjertet og magen til imperiet sjølv.

Notar:

  1. Partido Obrero de Unificación Marxista, sosialistisk og revolusjonært parti under den spanske borgarkrigen 1936- 1939.
  2. Godwins lov er eit postulat som seier at «dess lenger ein diskusjon på internett går, dess meir sannsynleg er ei samanlikning som involverer nazisme eller Hitler».