Ukategorisert

Demokratisk konføderalisme – Løysinga på krisa i Syria?

Av

Ingrid Baltzersen

Frå 2012 har revolusjonen i Rojava (Vest-Kurdistan) pågått, etter starten i Kobanê 19. juni det året. Styrkane til Det demokratiske einskapspartiet (PYD) frigjorde Rojava frå Assad sine styrkar, og måtte etter kvart forsvara området mot mange og ulike fiendar: Assad-regimet, Tyrkia, Jabhat al-Nusra, IS og andre opprørsgrupper. Gnist har intervjua med-leiar for Føderasjonen som er oppretta i dei frigjorte områda i Nord-Syria.

Intervju og omsetting fra Arabisk: Ingrid Baltzersen, Redaktør for tidsskriftet Gnist
Intervju: Erling Folkvord, mangeårig aktivist for kurderane sine rettar
Foto: Erling Folkvord

– Kva er dei viktigaste spørsmåla for Føderasjonen Nord-Syria?

– Opprettinga av Føderasjonen Nord-Syria var på den eine sida for å kunna styra dei frigjorte områda i Nord-Syria, spesielt fordi opposisjonen og den noverande staten ikkje var interessert i prosjekt for å løysa den syriske krisa. Syria sit fast i krigen sine klør, spesielt terroristane som maltrakterer landet. På den andre sida, og den grunnleggande årsaka, var forholda i Syria: kurdar-saka, assyrar-saka og sakene til dei andre gruppene og mangelen på rettar og fridommar i Syria. Dette treng ei radial løysing. Syria-krisa er ei strukturell krise, og nasjonalstaten bidrog til å gjera problemet djupare med styret basert på eitt parti, ein nasjon, eitt flagg og eitt språk. Den syriske krisa trenger difor ei radikal løysing som må garantera rettane og fridommane til folkegruppene som formar det syriske samfunnet, for å komma til eit demokratisk samfunn basert på demokratisk sameksistens, brorskap mellom folka og likestilling. Eit føderalt system kan bidra til å løysa krisa, hindra oppsplitting av Syria og kan gjera samfunnet i stand til å forsvara seg og utvikla potensialet sitt. Ingen kan føresjå når den syriske krisa er over. Men føderalstyret baserer seg på sjølvstyre i regionane, og samlar ønska til alle regionane inn i Konferansen for dei demokratiske folkestyret.   

– Har Føderasjonen same politiske plattform som plattforma som vart vedtatt på konferansen i Rimelan 17. mars 2016? Viss det er viktige endringar, kva går dei ut på?

– Ja, Føderasjonen Nord-Syria har eit valprogram. Den andre konstituerande forsamlinga haldt møte 18. og 19. desember 2016 og støtta Den sosiale kontrakten som kan kallast Grunnlova for det føderale styret. Denne inneheld demokratisering av samfunnet. Møtet bestemte å starta ei valkampanje for å forma folkeforsamlinga som trengst for føderalstyret, og det blei bestemt å utferda lovar for val og administrativ oppdeling av Nord-Syria. Utkastet til desse lovane er ferdig, og dei skal leggast fram for den tredje konstituerande forsamlinga for å godkjennast der. Valkampanja skal førebus på offisielt, lovleg og fritt vis for å la folket gjennom val få eit styre, så fort som mogleg.

– Sør-Kurdistan har sjølvstyre i Irak etter opprøret mot Saddam I 1991. Kva trur du er grunnane til at Rojava har hatt ulik utvikling?
– Utviklinga til Rojava er forskjellig frå utviklinga i resten av den kurdiske regionen. Erfaringa til den kurdiske regionen i Irak er avhengig av forståinga av nasjonen. Difor gjorde dei opprør mot regimet til Saddam Hussein og kravde frå starten ein uavhengig stat. Dei har ei historie med ei revolusjonær rørsle basert på Barzani si tilnærming. Etter at situasjonen blei verre i Irak og regimet brukte kjemiske våpen mot det kurdiske folket og okkuperte Kuwait, kom ein til eit farleg nivå for området. Til slutt kom den militære intervensjonen og oppløyste regimet til Saddam Hussein, og irakarane aksepterte at Irak skulle vera ein føderalstat. Det var mange saker, spesielt den kurdiske saka, som gjorde at det blei bestemt at det skulle være eit føderalt styre av regionane. Og fordi situasjonen ikkje utvikla seg vidare og det ikkje blei laga andre delstatar i Irak, så er resten av Irak eit land delt i fylker. Det er ein delstat, styrt av Barzani-familien, og den er av nasjonalistisk karakter.

I Rojava er situasjonen forskjellig, kurdarane i Syria har alltid kravd demokratiske rettar for det kurdiske folket, og metoden er å bygga eit demokrati som anerkjenner rettane til dei ulike nasjonalitetane, språka og kulturane . For eksempel var det hundretusenvis av kurdarar som var syrarar, men som blei fråtatt statsborgarskapen sin og som ikkje har nokre rettar i Syria. Dei blei fråtatt jorda og rettane til utdanning og arbeid. Me krev rettane til folket vårt, og me krev ikkje å grunnlegga ein nasjonalstat for å bygga eit demokratisk samfunn og å anerkjenna rettane til dei ulike nasjonane.

Baath sin politikk var ein politikk for å utsletta folket og kulturen vår og forby språket vårt frå offisielle og offentlege samanhengar. Dei vil ta dei legale rettane frå folket vårt, la oss vera utan ytringsfridom, og la hundretusenvis av innbyggjarar bli annan rangs borgarar. Det var ein systematisk politikk som forbydde ei kvar politisk rørsle. Det blei bruka despotiske lovar mot folket vårt, og dei hadde ein politikk for arrestasjon, fengsling, tortur og deportasjon. Det var ein politikk for å svelta folk til å forlata forfedrane si jord. Når det gjeld det geografiske området Vest-Kurdistan, så er det lite, og det kurdiske området er oppsplitta. Det er resultatet av ein arabiseringsprosess (frå 1960-talet, red. anm.). Dei bygde eit arabisk belte langs heile grensa mot Tyrkia. Dei laga eit titals nye landsbyar i dei kurdiske områda og eit opplegg for at innflyttarar skulle overta jorda vår. Folket vårt har ikkje blitt knust av denne undertrykkande politikken sjølv om det har levd under den i mange år.

Alt dette innverka på forminga av dei politiske rørslene. Men etter at leiaren Abdullah Öcalan sto fram på den syriske scena, kom eit historisk vendepunkt i Rojava. Det kurdiske folket i Syria blei innlemma i den kurdiske frigjeringsrørsla som kjempa i Tyrkia. Tusenvis av unge kvinner og menn blei med. Dette påverka posisjonen til nasjonalismen blant det kurdiske folket. Det blei kjent med krav og tankar om samfunnsorganisering og praktisering av politikk. Ein ny periode med kamp begynte under vanskelege politiske forhold. Men me var i stand til å utvikla organisasjonsarbeidet og det hemmelege motstandsarbeidet mot Baath-politikken sine arrestasjonar, tortur, deportasjonar og svolt etter stiftinga av PYD og kvinneorganisasjonen Star. Då me kom til perioden med den syriske revolusjonen, sto me i ein god posisjon for å styrka oss organisatorisk, tankemessig og militært.

Med starten på den syriske revolusjonen i 2011 såg det ut som kurdarane skulle bygga staten sin og hemna seg på arabarane, men det motsette skjedde. Me utnytta ikkje situasjonen som kom til Syria, og me endra ikkje metoden vår for å bygga eit demokratisk samfunn som stør rettane til alle nasjonalitetane. Me stør spesielt ikkje konseptet med nasjonalstaten. Dette er ut frå tanken vår om at nasjonalstaten som er basert på ein nasjon, eit flagg, eit folk og eit språk er grunnlaget for alle problema som Midtausten har fått. Me stør oss på metoden til Öcalan som inviterer til ein demokratisk nasjonsfilosofi som møter nasjonalstaten og stør seg på det demokratiske samfunnet i motsetnad til statssamfunnet. På den måten spelte kurdarane i Rojava ein leiande rolle for å endra i Syria. Situasjonen har utvikla seg til solidaritet mellom kurdarane, arabarane, assyrarane, turkmenarane, tsjetsjenarane og dei andre nasjonane. No har me kome til ein fase med støtte til at Syria blir ein demokratisk konføderasjon, eit forsvar av Syria mot oppsplitting frå alle frontar, og støtte til den sosiale einskapen for det syriske samfunnet garantert av ein demokratisk grunnlov.

Me trur at Syria er vugga til kulturar og sivilisasjonar, ein mosaikk. Den sosiale og geografiske strukturen i Syria skil seg frå den sosiale og geografiske strukturen i Irak. I Syria er samfunnsgrupper på same geografiske område blanda. Eit nasjonalistisk prosjekt vil auka og intensivera konfliktar og føra til ei gjentaking av erfaringa med nasjonalstaten. På den måten vil det djupna krisa som fører til massakre og krigar i lengre periodar. Så løysinga til denne saka og problema er ei demokratisk løysing. På dette grunnlaget er forslaget vårt den føderale løysinga som avhenger av å leva saman på tvers av samfunnsgrupper, og å ta vare på rettar og fridommmar gjennom samfunnskontrakten som alle samfunnsgruppene i Nord-Syria har blitt samde om.

– Korleis ser du på sjansen til å utvikla fredelige relasjonar mellom Assad-regimet og Føderasjonen etter at krigen mot IS er ferdig?

– Sjølvsagt er relasjonane mellom det syriske regimet og Føderasjonen avhengig av demokratiske endringar og aksept av løysingane me har presentert. Mitt syn er at Assad og regimet hans si framtid er eit diskusjonstema mellom landa som er opptekne av Syria. Det syriske folket gjorde opprør mot dette regimet som undertrykte og knuste folket sitt. Difor trur eg ikkje Assad blir verande i Syria, fordi det syriske regimet fortsatte å insistera på å verna nasjonalstaten, og me er mot nasjonalstaten. Inga trygg løysing eller framtid omfattar nasjonalstaten, så eikvar løysing på krisa må basera seg på ei demokratisk løysing. Det blir arbeida med eit utkast til ein demokratisk grunnlov. Utkastet betyr at kurdarane får rettane deira på lik linje med andre nasjonale grupper.

Men etter at krigen med IS er over, blir det eit anna spørsmål. Den syriske krisa er ikkje berre tilstedeværelsen av terroristar. Det syriske folket gjorde opprør mot regimet og ropte på endring og fridom, no er dei spreidde over heile verda. Syria har blitt øydelagt, og me skal fortsetta saman i denne krisa etter IS.

Nord-Syria er den einaste som no klarer å halda på tryggleiken og rettane til det syriske folket. Det er presentert eit prosjekt for ei løysing, og den blir no sett ut i livet. Mesteparten av folket i Nord-Syria – kurdarar, arabarar, assyrarar, turkmenarar og andre – stør og tar del i denne erfaringa. Me har tidlegare sagt at når det syriske regimet opnar dialogen for ei løysing, så er me klare for å forhandla. Den syriske krisa er ikkje berre i Nord-Syria Me er klare til å setta i gong med dialog og forhandling og avviser dermed fiendtlege åtak på Føderasjonen.  Me vil ikkje dela Syria, men arbeider for å ta vare på den syriske konføeinskapen gjennom demokratisk konføderalisme.

– Føderalstaten er geografisk mykje større enn området Rojava eller området der fleirtalet er kurdisk. Kva er grunnen til det, og kvifor er det ikkje nok for YPK og YPG å frigjera berre Rojava?  

– Ja, områda i den demokratiske føderasjonen Nord-Syria er geografisk større enn Rojava og områda med kurdisk fleirtal. Me har tidlegare sagt at prosjektet vårt ikkje er eit nasjonalistisk kurdisk prosjekt. Prosjektet vårt er eit geografisk prosjekt for ein demokratisk nasjon bygd på eit demokratisk samfunn som baserer seg på sjølvstyre av den politiske administrasjonen. Målet er å samla områda i Nord-Syria. I den sosiale kontrakten som alle folka i dei tre frigjorte regionane blei samde om, står det at andre område, etter at dei er frigjorte frå terroristane, kan innlemma seg i områda til den demokratiske føderasjonen i Nord-Syria. Spesielt i den perioden som me er midt i no, er det ikkje nokon annan løysing. Føderasjonen er eit eksempel på løysinga på den syriske krisa og det er ein stor feil å begrensa aktivitetane til Folkets forsvarsstyrker og kvinnennes forsvarsstyrker til å frigjera berre Rojava-området. Målet vårt er ei løysing på krisa for heile Syria, og difor gir utvidinga i Nord-Syria momentum til prosjektet vårt. Det er vanskelig å trekka seg ut frå dei andre områda og la dei leva i klørne til terroristane mens me kan nyta fridom og tryggleik. Om me berre vil trygga våre område, så vil det øydelegga denne sanninga og det vil overbevisa dei andre om at prosjektet vårt berre er eit nasjonalistisk prosjekt og at det vil dela Syria. Difor er filosofien vår klår og stadfestar at me er ei syrisk nasjonal styrke, Denne demokratiske erfaringa gjorde oss i stand til å frigjera områda i nord, beskytta dei og stabilisera tryggleiken for å møta behova til folket som manglar økonomi, organisasjon, kulturliv, lærekrefter og andre ting.

– Kva er området som de meiner bør vera del av Føderasjonen?

– No har Føderasjonen Nord-Syria tatt over dei tre områda som har blitt frigjort tidlegare (Kobane-området, Jazira-området og Efrin-området). På grunnlag av dei har ein forma stiftingskongressen til Den demokratiske føderasjonen i Nord-Syria, men grensene til denne Føderasjonen er opne for andre område viss sjølvstyremyndigheitene deira vil innlemma seg i Føderasjonen Nord-Syria. Føderalrådet vil vera støttande til spørsmål om dette, me kan ikkje tvinga styret vårt på desse områda, men når det gjeld styrkane våre som frigjer områda frå terroristane, så arbeider dei for å opplysa folket om korleis organisera sjølvstyremyndigheiter som representerer ønska til folket. Styrkane våre arbeider dag og natt for å sikra tryggleiken i desse områda, svara på behova deira, og arbeida for utvikling av samfunnet. Dette påverkar overbevisinga om at ein demokratisk nasjon er løysinga for å komma seg ut av denne krisa.

– Skal Raqqa vera del av Føderasjonen etter at byen blir frigjort frå IS? Kva skal Føderasjonen og forsvarsstyrkane gjera viss folket i Raqqa føretrekker å vera del av området som Assad har kontroll over, i staden for å bli innlemma i Føderasjonen?

– Raqqa er framleis i frigjeringsperioden, og byen er enno ikkje fullstendig frigjort. Det er oppretta eit sivilt råd for Raqqa av folk frå Raqqa, og dei arbeider for å organisera folket, opplysa dei og arbeida for å svara på behova til folket som har reist frå kampområda. Det er for tidleg å diskutera om me skal innlemma Raqqa i Føderasjonen eller ikkje. Me trur på folket sitt ønske om sjølvstyre. Me har ingen krav til Raqqa, og me kjem ikkje til å tvinga byen til å innlemma seg. Folket i Raqqa avviste tidlegare å bli verande under kontrollen til regimet. Dei søkte etter ein annan veg, for å sikra eit eige styre. I mangel på godt og ærleg leiarskap blei Raqqa eit offer for dei væpna gruppene som følgjer ein utanlandsk agenda, og terroristar. Me forventar ikkje at dei kjem til å velja det syriske regimet, og spesielt ikkje etter all erfaringa som dei har fått. Avgjerdsla må komma ut frå kva folket i Raqqa ønsker.  

– Føderasjonen har delt leiarskap mellom ein mann og ei kvinne, og kvinner arbeider med like rettar som menn. Korleis kan Føderasjonen få menn og spesielt klansleiarar til å akseptera dette?

– Det er sikkert at kvinnefrigjeringssaka er ei stor utfordring i eit samfunn som baserer seg på klanstradisjonar. Me arbeider for å auka aktivitetane for pedagogisk opplysning for å heva nivået på medvitet i samfunnet som er basert på det demokratiske fellesskapet. Vårt samfunn er eit demokratisk samfunn som er bygd på likestilling mellom menn og kvinner og fridommen deira. Vår basis er både frigjering og demokratisering av samfunnet. Me møter vanskar i denne saka, men me stoppar ikkje. Dei kurdiske kvinna har gjort store ofre i krigen mot terrorismen på tross av klanstradisjonar. Her er samfunn som i ein har periode levd i klørne til terroristane og opplevd sal av kvinner på marknaden. Situasjonen påverkar forståinga i samfunnet om tema som ære. Og den kurdiske kvinna har med sine ofre brote denne grensa, spesielt i krigen mot terrorismen, og redninga dei har gjort av desse klanane. Dei har redda konene, sønene og døtrene deira frå den skammelege situasjonen dei levde i. Den arabiske, assyriske og turkmenske kvinna blei også påverka av den nye utviklinga. På trass av alt presset frå klanane begynte kvinner å visa ulydnad, noko som blei støtta av situasjonen som den kurdiske kvinna har skapa. Me arbeider for å overtyda samfunnet til å støtta kvinnerettar gjennom den sosiale kontrakten som er som grunnlova vår. Me vil verna kvinnerettar. For å sikra denne situasjonen har me endra pensum på skolane. Me har gått bort frå Baath-partiet sitt pensum og har innført pensum til den demokratiske nasjonen. I tillegg har me opna eit titals sosiale akademi for å utvikla mentaliteten til samfunnet og skapa leiande kadrar for å fremja utviklinga av kvinna og samfunnet. Og kvinneorganisasjonen vår, Star, arbeider for å leia denne kampen, og for å utforma Det Syriske Kvinnerådet som ein paraplyorganisasjon som samlar alle organisasjonane, partia og institusjonane til syriske kvinner under same tak.

– Kva er årsaka til at Rojava og Føderasjonen i dag samarbeider militært med USA i Syria?

– Me har kjempa for frigjeringa av regionane våre frå regime og terrorisme. Me har vist vår styrke i kampen og i administrasjonen av regionane våre. USA og den internasjonale koalisjonen var blant dei første styrkane som samarbeida med oss for å kjempa mot terrorismen. Det er ikkje nokon annan grunn. Dette har hatt stor innflyting på det internasjonale samfunnet. Revolusjonen i Rojava har kome på eit nytt nivå etter motstanden i Kôbane der millionar rundt om i verda stod opp for byen 1. desember 2014. Dette har skapa eit press på koalisjonen for å stø våre styrkar i kampen mot terrorisme. På grunn av dette utvikla forholdet seg, og desse partane var trendsettarar for å gi hjelp og støtte i kampen mot terroristane og utvikling av ein felles koalisjon for å kjempa mot terrorisme i heile Syria.