Clara Zetkin og kampen mot fascismen

Av John Ridell og Mike Taber

2018-02

Artikkelen er ein introduksjon til den nyleg utgitte Fighting Fascism: How to struggle and how to win av den tyske marxisten Clara Zetkin (Haymarket Boooks 2017, 86 s.). Omsett av Gunnar Danielsen.

Sjeldan har eit ord vore meir slengt ut og mindre forstått enn fascisme. For mange er merkelappen fascist ganske enkelt ei fornærming, retta mot særleg motbydelege og reaksjonære individ eller rørsler. Det blir au vanlegvis brukt som politisk forklaring på høgreorienterte diktatur. Ordet fekk ny vekt i presidentvalet i 2016 i USA, der vinnaren Donald Trump rutinemessig vart samanlikna med Benito Mussolini og andre fascistleiarar.

John Riddell er en kanadisk sosialist. Jobber med å dokumentere den internasjonale revolusjonære bevegelsen i perioden 1907-23 i bokform.
Mike Taber er en amerikansk sosialist. Har redigert engelskspråklige samlinger av skrifter av blant andre Fidel Castro og dokumenter fra Komintern
Foto: Ukjent

Tilbud til nye abonnenter: ETT ÅRS ABONNEMENT TIL 100 KR! Send kodeord gnist + e-postadresse til 2090. Obs! Husk e-postadresse!

«Å samanlikne med fascistar er ikkje nytt i amerikansk politikk», sa ein kommentator i New York Times 28.05.2016. «Men med Trump har slike samanlikningar gått over alle grenser og inn i daglegtalen både i USA og utanlands.»

Sjølv om desse samanlikningane er overdrivne og upresise, må alle skuldingane om fascisme undersøkast seriøst. Arbeidsfolk og undertrykte har all grunn til å frykte den innebygde rasismen, opphevinga av arbeids- og sivilrettar, den brutale undertrykkinga som kjenneteiknar fascismen.

Mens ein utan tvil kan finne likskap til dei fleste høgreorienterte rørsler og regime, så er fascismen i seg sjølv eit spesifikt fenomen med unike drag. Å forstå kjenneteikna og dynamikken til fascismen er ikkje bare ei akademisk øving. Det er ein føresetnad for å kunne kjempe mot han.

Denne korte boka inneheld ein rapport og ein resolusjon frå Clara Zetkins hand til eit leiarmøte i den kommunistiske internasjonalen i 1923, og gir ein omfattande analyse av det som den gongen var noko heilt nytt i verda.

Mange lesarar vil bli slått av klarsynet og framsynet i vurderingane til Zetkin, frå ei tid då den framveksande fascismen framleis var eit mysterium for dei fleste. Nesten eit hundreår seinare, må ein verdsette at ho så tidleg kunne skissere eit konsekvent marxistisk syn på fascismen og korleis ein måtte kjempe mot han.

Fascismen veks fram

Opphavet til fascismen finn ein i Italia i åra etter første verdskrig. I krisetidene i 1919 organiserte Benito Mussolini Fasci Itialiani di Combattimento som ein reaksjon mot den veksande proletære rørsla. Det vil seie den samfunnsmessige klassen til dei som må selje arbeidskrafta si for å overleve.

Inspirerte av sigeren i den russiske revolusjonen, og mishandla av kapitalismen i landet, gjekk dei italienske arbeidarane til militant kamp. I alle lag av det italienske samfunnet såg mange føre seg at det italienske sosialistpartiet – som var med i den kommunistiske internasjonalen – snart ville komme til makta.

Det proletære opprøret nådde eit høgdepunkt i september 1920. Den månaden tok meir enn ein halv million arbeidarar med metallarbeidarane i spissen over fabrikkar over heile landet. Dei byrja organisere produksjonen leia av fabrikkråd, og mange stader oppretta dei raude gardar for å forsvare fabrikkane som var okkuperte. Streikane spreidde seg til jernbanen og andre arbeidsplassar, og mange fattige bønder og landarbeidarar okkuperte jord. Det vart retta kraftfulle appellar til soldatane, som arbeidskameratar i uniform, om at dei måtte nekte å angripe fabrikkane. Framfor denne tilsynelatande ustoppelege bølgja var kapitalistane og deira regjering handlingslamma og fylte av frykt. Det var ein revolusjonær situasjon som utvikla seg, der erobringa av den politiske makta stod på dagsordenen.

Men det italienske sosialistpartiet, og den viktigaste fagforeininga som var knytt til partiet, avviste å sjå den månadslange revolusjonære kampen som noko anna enn rein fagleg kamp. Med eit slikt utgangspunkt instruerte dei faglege leiarane arbeidarane om å forlate fabrikkane i bytte mot ei pakke lokkande, men innhaldslause, løfte frå kapitalistane. På den tida var dei villige til å gå med på alt som gav dei fabrikkane tilbake. Arbeidsfolk i Italia, som hadde håpa på og venta at slutten på kapitalismen var nær, drog mismodige frå fabrikkane.

Dei mislykka fabrikkokkupasjonane demoraliserte store delar av arbeidarklassen. Fascistane sette fart i rekrutteringa, og gjennomførte ei bølgje åtak på arbeidarrørsla. Og dei fekk stadig meir pengestøtte frå leiande kapitalistar, og vern av politiet og andre delar av det italienske statsapparatet. I 1921 og 1922 vart mange tusen arbeidarar og bønder myrda i fascistiske «straffeekspedisjonar». Hundrevis av folkets hus og fagforeiningskontor vart øydelagde.

Det som raskt blei ei masserørsle sette fascistane i stand til å ta kontroll over regjeringa i slutten av oktober i 1922, med Mussolini som statsminister. Då dei først var komme til makta, gjekk fascistane inn for å knuse fagforeiningane fullstendig, saman med all anna sjølvstendig arbeidarorganisering.

Oppmuntra av den fascistiske sigeren i Italia vaks det fram liknande rørsler i andre europeiske land, den sterkaste i Tyskland. Fascistliknande organisasjonar kom au i Polen, Tsjekkoslovakia, Austerrike og elles.

Å forstå det nye

Som med det meste av nye samfunnsmessige fenomen var det ikkje straks klart kva som skjedde. Frå starten var det mange som putta fascismen i bås med anna kontrarevolusjonær vald og terror.

I åra etter første verdskrig var slik terror svært utbreidd. I 1919 var det ei revolusjonær regjering ein kort periode i Ungarn. Etterpå vart 5 000 avretta og 75 000 fengsla. Etter borgarkrigen i Finland vart 10 000 skotne og 100 000 sende i konsentrasjonsleir. Liknande tilfelle av det som vart kjent som «kvit terror» kunne ein sjå i andre land.

Valdsbruken til dei italienske fascistane var nok den same kontrarevolusjonære, men fascismen innebar noko meir. Oppgava med å avdekke fascismens sanne natur fall på den kommunistiske internasjonalen.

Den kommunistiske internasjonalen var noko heilt nytt då han vart grunnlagt i 1919, påverka av den russiske revolusjonen: ei rørsle vigd til å drøfte korleis arbeidarklassen kunne styrte kapitalismen, og så organisere seg for å gjøre det. Under Lenin vart kongressane og møta i Komintern undervisning i revolusjonær politikk.

Komintern hadde sine første organiserte diskusjonar om fascismen på den fjerde kongressen i november 1922. Men den var ikkje særleg fruktbar. Den italienske kommunisten Amadeo Bordiga tok for seg viktige sider ved Mussolinis italienske organisasjon, men hadde mindre suksess med å avdekke fascismens natur. Han la i staden vekt på like trekk hos fascismen og borgarleg demokrati, og spådde at den italienske fascismen ikkje ville leve lenge. Verken Bordigas rapport eller diskusjonen etterpå la særleg vekt på kampen mot fascismen.1

Dei forstod dei ikkje hadde komme til botnar i spørsmålet, og i juni 1923 tok leiarane i Komintern opp spørsmålet på ny. Møtet var tredje utvida plenum i eksekutivkomiteen i den kommunistiske internasjonalen. Nøkkelpersonen her var Clara Zetkin som innleia til diskusjonen, og skreiv resolusjonen som vart vedtatt.

Clara Zetkin

Clara Zetkin var sekstiseks år i 1923 og ein av dei mest framståande veteranane i Komintern. Ho var ein eineståande person i den internasjonale revolusjonære rørsla.

I 1878, 21 år gammal, slutta ho seg til den sosialistiske rørsla i Tyskland. Det var året dei anti-sosialistiske lovene vart vedtatt i Tyskland; dei gjorde det kriminelt å arbeide for sosialismen, og ulovleg å vere medlem i Det sosialdemokratiske partiet (SPD). Men Zetkin nekta å la seg skremme. Ho vart tvinga i eksil i mange år, og forsterka innsatsen sin i den revolusjonære rørsla, og vart ein leiande aktivist i partiet. I 1891 byrja ho redigere Die Gleichheit, SPDs avis retta til kvinner.

I 1907 var Zetkin den sentrale leiaren då den internasjonale sosialistiske kvinnerørsla vart danna. Eit av dei viktigaste initiativa frå dei var å etablere 8. mars som den internasjonale kvinnedagen, eit vedtak på konferansen deira i 1910.

Ho samarbeidde med Rosa Luxemburg og høyrde til venstrefløya i SPD. I 1914 sveik partiet sine sosialistiske prinsipp, med open støtte til den tyske krigføringa i første verdskrig, og partiet erklærte «borgfred» med den tyske kapitalismen så lenge krigen varte. Zetkin braut den linja og gjekk i aktiv opposisjon. Som del av den revolusjonære undergrunnsorganisasjonen Spartakusligaen vart ho arrestert mange gonger for antikrigsarbeid. I 1918 var ligaen med på å danne Tysklands kommunistiske parti (KPD), der Zetkin blei ein leiar.

Etter mordet på Luxemburg, Karl Liebknecht og andre tidleg i 1919, fekk Zetkin ei sentral rolle i leiinga i kommunistpartiet, slik ho hadde det Komintern.

Zetkin er mest kjent som sentral i den sosialistiske og kommunistiske kvinnerørsla gjennom mange tiår, men ho var mykje meir. Ho var ein dyktig politisk leiar, gjorde djupe analysar som ho trekte praktiske konsekvensar av, slik ho demonstrerte med innleiinga om fascismen i 1923.

Særdrag ved fascismen

I rapporten peika Zetkin på dei viktigaste trekka fascismen hadde:

  • Framveksten av fascismen er uløyseleg knytt til den økonomiske krisa i kapitalismen og dei svekka institusjonane hans. Krisa er kjenneteikna av opptrappa åtak på arbeidarklassen, og mellomlaga i samfunnet blir stadig meir pressa og drivne ned i proletariatet.

  • «Fascismen har rot i oppløysinga av den kapitalistiske økonomien og den borgarlege staten … Krigen raserte den kapitalistiske økonomien ned til grunnvollane. Det er tydeleg ikkje bare i den sjokkerande utarminga av proletariatet, men au i proletariseringa av svært breie lag av småborgarskapet og mellomsjikta.»

  • Framveksten av fascismen skjer fordi proletariatet ikkje klarte løyse den sosiale krisa i kapitalismen ved å ta makta og reorganisere samfunnet. Denne fiaskoen frå leiarane i arbeidarklassen spreier demoralisering hos arbeidarane og dei kreftene i samfunnet som har sett på proletariatet og sosialismen som ein veg ut av krisa.

  • Desse sosiale kreftene, peika Zetkin på, hadde håpt på at «sosialismen kunne føre til global endring. Dette håpet vart smerteleg knust … [D]ei mista trua ikkje bare på dei reformistiske leiarane, men au på sjølve sosialismen.»

  • Fascismen har massekarakter, med særleg appell til småborgarlege lag som er truga av forfallet under kapitalismen.

  • Forfallet under kapitalismen fører til «proletarisering av store delar småborgar- og mellomborgarskap, dei katastrofale tilhøva for småbøndene, og den dystre uroa i ‘intelligensiaen’ … Det som mest av alt tynger dei er manglande tryggleik for dei grunnleggande behova sine.»

  • For å vinne støtte frå desse laga, brukar fascismen anti-kapitalistisk demagogi.

  • «Massane strøymde i tusenvis til fascismen. Han blei ein fristad for alle som var politisk heimlause, dei som hadde fått dei sosiale røtene rive opp, dei utarma og desillusjonerte … Småborgarskapet og dei sosiale mellomlaga vakla først mellom dei mektige motpartane proletariat og borgarskap. Ut frå sine elendige liv er dei tilbøyelege til å sympatisere med proletariatet, dels ut frå åndeleg lengt og høge ideal, så lenge haldninga er revolusjonær og har utsikt til siger. Under presset frå massane og behova dei har, er jamvel dei fascistiske leiarane tvinga til i det minste å flørte med det revolusjonære proletariatet, sjølv om dei ikkje har sympati med dei.»

  • Fascistisk ideologi hevar nasjon og stat over alle klassemotsetningar og klasseinteresser.

  • «[D]et [massane] ikkje lenger hadde håp om frå det revolusjonære proletariatet og frå sosialismen, håpte dei no få med hjelp av dei dyktigaste, sterkaste, mest målretta og modige elementa frå alle sosiale klassar. Alle desse kreftene måtte kome saman i eit fellesskap. Og dette fellesskapet er nasjonen for fascistane … Reiskapen for å nå ideala til fascistane er staten. Ein sterk og autoritær stat som vil vere nettopp deira verk og lydige verktøy. Denne staten vil heve seg høgt over alle forskjellar mellom parti og klassar.»

  • Den nasjonale sjåvinismen blir brukt av dei fascistiske leiarane som eit dekke for å spore til militarisme og imperialistiske krigar.

  • «Dei væpna styrkane [til det fascistiske Italia] skulle bare forsvare fedrelandet. Det var løftet. Men den blomstrande veksten, og det enorme omfanget av krigsmateriell, er retta inn mot store imperialistiske eventyr … Hundrevis av millionar lire er løyvt til tungindustrien for å bygge dei mest moderne og mordariske dødsmaskinar.»

  • Eit hovudtrekk ved fascismen er bruken av organisert vald, med stormtroppar retta mot arbeidarklassen, med mål om å knuse all sjølvstendig proletær aktivitet.

  • Zetkin peika på at Mussolinis folk i Italia gjekk inn i «direkte, blodig terror». Først på landsbygda slo fascistane til «mot proletariatet der, organisasjonane deira rasert og lagt i oske, og leiarane deira myrda.» Seinare «breidde den fascistiske terroren seg til proletariatet i dei store byane.»

  • Rasistisk ideologi og bruk av syndebukkar står sentralt i fascismen. Sjølv om dette enno ikkje var heilt klart i 1923, peika likevel Zetkin på korleis det tyske «fascistiske programmet er metta med frasen ‘bank opp jødane’.»

  • På eit visst punkt byrjar viktige delar av kapitalistklassen å støtte og finansiere fascistrørsla, å sjå ho som ein måte å møte trusselen om proletarisk revolusjon.

  • «Borgarskapet kan ikkje lenger stole på dei vanlege reiskapane i statsapparatet sitt for å sikre klasseherredømmet. Til det treng dei eit utanom-rettsleg og ikkje-statleg maktmiddel. Det får dei i den blanda samlinga av dei som utgjør den fascistiske mobben.» Kapitalistane «støttar opent fascistisk terrorisme, med pengar og på andre måtar.»

  • Når dei først har fått makta, tenderer fascistane mot å bli byråkratisert og går bort frå tidlegare demagogiske appellar, og det fører til oppblomstring av klassemotsetningar og klassekamp.

«Det er ei skrikande motsetning mellom det fascistane lova, og det dei leverer til massane. Alt snakk om at fascistane vil sette interessene til nasjonen over alt anna, brest som såpebobler når dei blir utsette for røyndommens vind. ‘Nasjonen’ viser seg vere borgarskapet; den fascistiske idealstaten sjølv ein vulgær, skruppellaus borgarleg klassestat … Klassemotsetningar er mektigare enn all den ideologien som nektar for at dei finst.

Alternative analysar

Zetkins analyse av fascismen var radikalt annleis enn dei andre som vart lagt fram innanfor arbeidar- og sosialistrørsla.
Av desse tok Zetkin opp synet til dei reformistiske sosialdemokratane. «For dei er ikkje fascismen noko anna enn terror og vald», sa ho.
«Reformistane ser fascismen som eit uttrykk for den urokkelege og uovervinnelege makta og styrken i det borgarlege klassestyret. Proletariatet er ikkje i stand til å ta opp kampen mot fascismen – det ville vere overmodig og dømt til å mislykkast. Så proletariatet kan ikkje gjøre anna enn å trekke seg stille og roleg tilbake, og ikkje provosere tigrane og løvene i det borgarlege klasseherredømmet ved å kjempe for å frigjøre seg og for sitt herredømme.»
Zetkins analyse står au i sterk kontrast til dei analysane av fascismen som seinare blei sett fram av Stalin-leia kommunistparti i åra og tiåra etterpå. Det stalinistiske synet hadde to hovudtrekk som står mot Zetkins syn:

  1. Sosialfascisme. Tatt i bruk i Kominterns ultra-venstre «tredje periode» seint på 20-talet og tidleg 30-tal. Det sidestilte sosialdemokratane og fascistane, og rettferdiggjorde slik at KDP avviste felles front med det mektige SDP i kampen mot nazistane.
    Hadde ein slik front komme i stand, ville han hatt støtte frå ein overveldande majoritet av folket i Tyskland, og ville nesten sikkert vore sterk nok til å stå mot nazistane. Det er rett å seie at den ubøyelege avvisinga frå leiarane i begge parti opna døra for at Hitler kunne ta makta.

  2. Folkefront. Dette synet vart presentert i full breidde i ein rapport frå Georgi Dimitrov til den sjuande kongressen av det den gongen staliniserte Komintern i 1935. Dimitrov hevda at «fascismen var det opne terroristiske diktaturet til dei mest reaksjonære, mest sjåvinistiske og mest imperialistiske elementa i finanskapitalen.» Fascismen «handlar på vegner av interessene til dei ekstreme imperialistane», som han karakteriserte som «dei mest reaksjonære sirklane i borgarskapet.»2

Ut frå denne analysen var den sentrale oppgava å danne blokker – «folkefrontar» – med antatt mindre reaksjonære, mindre sjåvinistiske og mindre imperialistiske element i borgarskapet – den «anti-fascistiske fløya» deira. Vidare å underordne sjølvstendig klassekamp og politiske aksjonar denne oppgava. I praksis betydde eit slikt syn at stalinistiske parti generelt var mot sjølvstendig revolusjonær og proletær handling fordi dei var ei hindring for folkefronten. Det rettferdiggjorde også indirekte støtte til «anti-fascistiske» kapitalistar som Franklin D Roosevelt i USA, med påskot om at den republikanske motstandaren hans stod for «hovudfienden fascismen».3

Leon Trotskij tok føringa i å avvise desse stalinistiske standpunkta, og forsvarte hovudpunkta Zetkin la fram i 1923. Dei polemiske artiklane Trotskij skreiv om framveksten av fascismen i Tyskland og lærdommen frå nazi-sigeren, er noko av dei klarast framstilte marxistiske analysane av fascismen og kva som krevst for å sigre over han.4

Korleis slåst mot fascismen

Liberale pro-kapitalistiske krefter seier ofte at om ein bare overser fascistar, så vil dei forsvinne. Det var ikkje Zetkins syn. For ho var det eit spørsmål om liv eller død for arbeidarklassen med sine allierte å mobilisere fullt ut mot fascismen.

Zetkin la vekt på fleire punkt då ho drøfta kampen mot fascismen:

Det er avgjørande at arbeidarane har sjølvforsvar for å møte fascistiske terrorkampanjar. Framfor alt betyr det organiserte forsvars­grupper for å kjempe mot fascistiske åtak.

«No har proletariatet akutt behov for sjølvforsvar mot fascismen, og dette sjølvforsvaret må ikkje bli sett til sides det minste sekund. Det er proletarane sin personlege tryggleik og eksistens som står på spel, og eksistensen til organisasjonane deira. Proletariatet sitt sjølvforsvar er det akutte behovet. Me må ikkje kjempe mot fascismen på italiensk reformistisk vis – dei trygla «la meg vere, så lar eg deg vere.» Tvert om! Møt vald med vald. Men ikkje i form av individuell terror – det vil slå feil. Men med vald som maktutøvd organisert proletær klassekamp.»

Det er essensielt med felles front for å kjempe mot fascismen, få med alle organisasjonar og retningar i arbeidarklassen, uansett politiske skille.

«[P]roletær kamp og sjølvforsvar mot fascismen krev proletær einskapsfront. Fascismen spør ikkje om sjela til fabrikkarbeidaren er malt blått og kvitt som flagget i Bayern; svart, raudt og gull som i den borgarlege republikken; eller som det raude flagget med hammar og sigd. Han spør ikkje om arbeidaren vil ha tilbake Wittelsbach-dynastiet [frå Bayern], er tilhengar av [SPD-leiar og tysk president Friedrich] Ebert, eller ønsker sjå vår venn [KP-leiar Heinrich] Brandler som president for den tyske sovjetrepublikken. Alt som betyr noko for fascismen, er at dei treff på ein klassemedveten proletar, og så slår dei han i bakken. Det er grunnen til at arbeidarane må stå saman i kampen utan å sjå til band til parti eller ­fagforeining.»

I tillegg til fysisk kamp mot fascismen når det er nødvendig å forsvare seg, må arbeidarklassen føre politisk kamp mot masseappellen fascismen har, særleg innretta på mellomlaga.

«[D]et [italienske kommunist]partiet sjølvsagt gjorde feil var å sjå fascismen som eit reint militært fenomen, og såg bort frå den ideologiske og politiske sida. La oss ikkje gløyme at den italienske fascismen alt før han slo ned proletariatet med terror, hadde vunne ein ideologisk og politisk siger over arbeidarrørsla som la grunnlaget for triumfen. Det er svært farleg om ein ikkje ser det trengande behovet for å sigre over fascismen ideologisk og politisk.»
Slik kamp mot fascismen betyr framfor alt å vise den faste viljen det proletære leiarskapet har til å ta makta frå borgarskapet for å løyse den sosiale krisa i kapitalismen, og legge fram eit program som er retta inn mot å knytte saman dei alliansane som skal til for å gjøre det.

Zetkin trudde perspektivet om revolusjonær kamp for regjeringsmakt grunnlagt på ein allianse av dei utbytta og undertrykte klassane var avgjørande for å sigre over fascismen. Av den grunn la ho vekt at på ei regjeringsfråsegn om dette – ei bonde- og arbeidarregjering – «faktisk er eit vilkår for å kunne nedkjempe fascismen.»

Trusselen frå fascismen i dag

Å kunne forstå dagens fascisme er ikkje bare eit historisk spørsmål.

Ettersom det tjueførste hundreåret skrid fram, er kapitalismen komme i ei tid med sosial krise, prega av opptrappa åtak på rettane og levekåra til det arbeidande folket og alle undertrykte, og skjerpa sosial polarisering. Valet av milliardæren Donald Trump som president i USA i november 2016, etter ein valkamp kjenneteikna av brautande høgredemagogi og opne rasistiske utspel, var både ei spegling av og ei skjerping av denne sosiale krisa.

Som Zetkin såg føre seg for nesten hundre år sidan, er det nettopp situasjonar som dette som på eit gitt tidspunkt kan skape fascistiske rørsler.

Slike rørsler ser den sosiale krisa, men vil flytte ansvaret bort frå det kapitalistiske systemet, og ser etter syndebukkar: immigrantar, svarte, jødar, LGBT-folk, romfolk og andre. Merkelege konspirasjonsteoriar blir trylla fram for å leie merksemda bort frå det sosiale og økonomiske systemet som er ansvarleg for krisa.

For å samle støtte speler fascistiske rørsler på sinne. Dei appellerer til rasistiske, sjåvinistiske og anti-feministiske stemningar som ligg djupt i den såkalla populærkulturen under kapitalismen.

Den reaksjonære fascistiske appellen om å skille arbeidsfolk må møtast med behovet for felles kamp mellom dei undertrykte og utbytta uavhengig av nasjonalitet, etnisk bakgrunn eller kjønn for å kaste av seg kapitalistar og eigarar og starte bygginga av eit meir rettferdig og humant samfunn.

Men dette er ikkje bare ein kamp om idear.

Når den sosiale krisa blir djupare og arbeidsfolk byrjar reagere på ho, vil stadig fleire kapitalistar og deira tenarar ty til lovlege og ulovlege tiltak for å verne klasseherredømmet sitt.

Når desse åtaka eskalerer, må arbeidarar som forsvarer organisasjonane sine svare; dei som slåst mot rasisme, politibrutalitet, og politidrap; dei som slåst for kvinners rett til abort; dei som slåst mot åtaka på borgarrettane; dei som slåst mot kapitalismens miljøøydeleggingar; dei som slåst mot deportasjonar og vald mot innvandrarar – kort sagt alle dei som kjemper for interessene til dei undertrykte og utbytta.

Det er desse aktivistane og kjemparane som vil vere mest interessert i å studere fascismen og historia om kampen mot han.

Mange vil sjå at synet som først vart skissert av Zetkin, og så utvikla av Leon Trotskij, Antonio Gramsci og andre vil vere eit viktig våpen i kampen mot den fascistiske trusselen.

Mange arbeidsfolk og ungdom vil slutte seg til kampen for ei sosialistisk framtid.

Det trudde Clara Zetkin fullt og fast på.

Når ho drøfta fascismens appell til ungdom, peika ho på at «dei beste av dei prøver sleppe unna djup sjelekval. Dei lengtar etter nye og urokkelege ideal, og eit verdssyn som gjør dei i stand til å forstå natur, samfunn og sitt eige liv; eit verdssyn som ikkje er ein steril formel, men skapande og konstruktivt. La oss ikkje gløyme at valdelege fascistiske bandar ikkje bare er sett saman av krigarråskinn, utvalde leigesoldatar og korrupte og medvitslause som gler seg med terror. Blant dei finn me også dei mest handlekraftige frå desse sjikta, dei som er mest i stand til å utvikle seg. Me må møte dei med forståing for vilkåra deira og deira brennande lengt, arbeide blant dei, og vise dei ei løysing som ikkje fører tilbake, men framover til kommunismen. Det storslåtte synet på verda som kommunismen er, vil vinne deira sympati for oss.»

Fascisme er til sjuande og sist eit resultat av kapitalismen, hevda Zetkin. Trusselen frå fascismen vil først vere borte for godt når arbeidarklassen tar makta frå milliardærkapitalistane og startar bygge ei ny verd.

At ho var fast overtydd om det, kan ein sjå i Zetkins usvikelege tru på at arbeidarklassen har revolusjonært potensiale, slik ein kan sjå i konklusjonen på rapporten hennar i 1923:

«Kvar einaste proletar må kjenne seg som meir enn bare lønnsslave, eit leiketøy for vind og storm under kapitalismen og makthavarane. Proletarar må kjenne og forstå seg sjølve som delar av den revolusjonære klassen, som vil smi den gamle staten til eigarklassen om til ein ny stat av sovjettypen. Ført når me vekkar revolusjonært klassemedvit i alle arbeidarar, og tenner proletær handlekraft, kan me førebu og gjennomføre den nødvendige nedkjempinga av fascismen på militært vis. Same kor brutalt kapitalismen kan gå fram mot proletariatet i verda over ei tid, så vil proletariatet til slutt kjempe seg fram til siger.»

Zetkins modige appell om anti-fascistisk aksjon, mindre enn eitt år før ho døydde, står som eit høveleg prov på livet hennar med revolusjonær kamp, og som ei leiestjerne for kommande generasjonar.

Notar

1. Bordigas rapport finst i Riddell (red) Toward the United Front: Proceedings of the Fourth Congress of the Communist International, 1922 (Historical Materialism Book Series, Chicago: Haymarket Books, 2012), s. 402-23.
2. Dimitrovs rapport finst i VII Congress of the Communist International: Abridged Stenographic Report of Proceedings (Moscow: Foreign Languages Publishing House, 1939), s. 126–29. Han finst I tillegg på Marxists Internet Archive.
3. The communist, nr 6, juni 1936, s. 489.
4. Trotskijs opphavlege skrifter om framveksten av fascismen i Tyskland finst i The Struggle Against Fascism in Germany (New York: Pathfinder Press, 1971). Mykje av dette er au til­gjengeleg på Marxists Internet Archive.
5. Dei fire utgitte banda med Komintern-forhandlingar redigerte av John Riddell er: Founding the Communist International: Proceedings and Documents of the First Congress, March 1919 (New York: Pathfinder Press, 1987); Workers of the World and Oppressed Peoples, Unite! Proceedings of the Second Congress, 1920 (New York: Pathfinder Press, 1991); To the Masses: Proceedings of the Third Congress of the Communist International, 1921 (Historical Materialism Book Series, Chicago: Haymarket Books, 2016); and Toward the United Front. Dei tri tilleggsbanda er Lenin’s Struggle for a Revolutionary International 1907–1916 (New York: Pathfinder Press, 1984); The German Revolution and the Debate on Soviet Power (New York: Pathfinder Press, 1986); og To See the Dawn: Baku, 1920—First Congress of the Peoples of the East (New York: Pathfinder Press, 1993).