Ukategorisert

Bresjnev opnar dørene for amerikansk monopolkapital

Av

Ukjent forfatter

Bresjnev opnar dørene for amerikansk monopolkapital

I fjor sommar vitja generalsekretær Bresjnev USA. Reisa hadde to formål. For det første skulle det verdspolitiske samarbeidet mellom dei to supermaktene styrkast. Resultatet har vi sett mellom anna under og etter krigen i Mellomausten i fjor haust. På møtet vart Bresjnev og Nixon samde om ei «avtale om å unngå atomvåpenkrig». Dei lova kvarandre dessutan å møtest kvart år for å samrå om felles problem.

For det andre vart det slutta omfattande økonomiske avtalar mellom dei to landa. Handelen skulle utvidast, og USA skulle få høve til å hjelpe Sovjet med utvinninga av rikdomane i Sibir. Mellom anna vart dei samde om at amerikanske konsern skulle få byggje ein rørleidning for olje i området.

I den sovjet-vennlege pressa vart dette framstilt som ein siger for fredens krefter i verda. Dette kunne ikkje /vore galnare. Avtalen om å unngå atomvåpenkrig skal først og fremst tene til å dele verda opp i sfærar som dei to maktane fritt skal få ha kontrollen over. Dernest går den ut på å garantere ro og orden i desse sfærane. Her skal anten Sovjet eller USA få gripe inn som dei lystar, utan at den andre parten vil blande seg inn i det som hender. For å unngå mistydingar, gjeld det at dei held kvarandre informerte. Derfor så hyppige møte.

Dei økonomiske avtalene vart hylla som ein siger for den fredelege økonomiske kappestriden mellom dei to landa. Når USA no er viljug til å utvide handelen med Sovjet, og tilmed hjelpe dei med oppbygginga av Sibir, skulle det vere teikn på kor stort og sterkt Sovjet hadde vorte som økonomisk makt.

Zeri i Popullit, avisa til sentralkomiteen i det albanske kommunistpartiet, kommenterte møtet mellom Bresjnev og Nixon i to leiarartiklar i sommar. Vi prentar her den første av dei. Den tar opp dei økonomiske resultata av møtet, og syner kva dei har å seie om styrke tilhøvet mellom USA og Sovjet. Den fortel også korleis ein kan vente at avtalene blir mottekne i det sovjetiske folket.

Artikkelen er omsett frå tidsskriftet Albania today. Det kjem kvar annan månad, og inneheld eit vell av interessante artiklar om marxistisk teori og kommunistisk politikk. Det nummeret vi har henta desse artiklane frå, har t.d. stoff om kuppet i Chile og ansvaret som ligg på revisjonistane for det som skjedde der, om arbeidarklassen i Sovjetsamveldet som er blitt frarøva retten til produksjonsmidla, og om kjerna i den ny-freudianske læra som er så populær i mange krinsar i vest.

Det kan tingast frå Drejtoria e perhapjesse librit, Tirana.

 

Avtalen USA/Sovjet

Zeri i Popullit, juli 1973

«Da generalsekretæren i Sovjetunionens kommunistiske parti kom til USA, vart han motteken med seremoniar som elles berre blir kongar og keisarar til del. Korkje etiketten i USA eller i andre kapitalistiske land tillet at partileiarar blir mottekne med slike seremoniar – i sær ikkje når dei kallar seg kommunistar. Men som dei forretningsmennene amerikanarane er, tek dei det ikkje så tungt om dei bryt etiketten, så sant det er forretningsinteresser det går om.

Såleis var det 21 skot frå kanonar i hagen ved Det kvite hus som gav tilkjenne for Washington og resten av USA at no hadde herskaren for heile Russland kome for å gjeste presidenten i USA.

Den overdådige seremonien fekk likevel ikkje gjesten til å føle seg ille ved. Han godtok gjerne dette keisarlege ritualet, nett som han gjorde da han var i Paris og Bonn. Han vil gjerne få fortalt den vanlege amerikanaren – og McCarthys etterfølgjarar med – at dei ikkje treng bli redde for tittelen hans, for han står da ikkje for noko slag kommunisme. Nixon, det anti-kommunistiske USA og all reaksjon verda over må ikkje reddast for «sovjetkommunismen». Den er ikkje lenger leninistisk. Den er berre eit slag surrogat som fullt ut og i alle ting går i lag med USA.

Bresjnev for til USA som ein kjøpmann som har lyst alle dei viktigaste rikdommane i landet sitt ut til auksjon på den imperialistiske marknaden. Tilbodet var større enn jamvel dei sløgaste bankmennene i Wall Street hadde tenkt seg. Og kven kunne eigentleg ha trudd at Sovjetsamveldet ville falle så lågt at dei opna dørene for ein så stor og snøgg flod av amerikansk kapital, tilmed ein som overgår det som blir tillete i dei landa som er venlegast stemde mot dollaren? Men det som no skjer, det er rett og slett at revisjonistklikken som no herskar i Sovjetsamveldet held på å godta ein Marshall-plan for landet sitt. Dei sel landet, stykke for stykke, til amerikanske monopol. Dei legg dei underjordiske ressursane til Sovjet under kontroll frå trustane i Texas, Chicago og California.

Ein tvifeltring kring Kina

Det er folk som seier at Sovjetsamveldet er ein stor stat, derfor kan dei ta imot kreditt frå kven dei sjølv måtte ønskje, utan å frykte nokon ting. Dette er grunnlause og truskyldige påstander. USA-imperialismens historie skulle være prov nok på at den ikkje gir frå seg ein cent til nokon utan å vere heilt trygg på å få det att med renter. Det går også klart fram av alt det dei gjer til dagleg.

Det er dette som no vil hende med Sibir og. No strøymer det ei svær mengd med yankee-kapital inn i dette området. Det er laga omfattande planar for å nytte ut mineralførekomstane der ved hjelp av transatlantiske trustar. Dermed er alt duka for å gjere området til eit protektorat under USA. Men Bresjnev-klikken er villig til å godta dette. Dei siktar på å legge ein tvifelt ring omkring Kina, dels med sin eigen hær, som dei for lengst har konsentrert langs grensa mellom Sovjet og Kina, og dels ved å lite på amerikanarane etter kvart som dei får eit fast grep om Sibir.

Kvarhelst USA-imperialismen auser inn kapital, byggjer dei også opp militærbasar for å forsvare rikdommane sine. Det gjorde dei i Thailand, i Vietnam og i andre land i Asia. Det gjer dei i mange land i Europa. Der har dei ikkje berre hand om dei økonomiske nøkkelposisjonane. Dei har også hærstyrkar der for å forsvare desse posisjonane om det skulle bli turvande. Dei skal både tene som press overfor desse landa og som basar for åtak på andre land. –Kan ikkje dette kome til å hende med Sovjetsamveldet også?

Hauk over hauk

Bresjnev-klikken har late landet sitt bli hengande etter i utviklinga. No vil dei gje omfattande konsesjonar til USA og dei andre imperialistmaktene. Dei vil la dei få fullt spelerom til å investere milliardar av dollar i landet. Dermed vonar dei at Sovjetunionen skal greie å løyse dei teknologiske utviklingsproblema og kunne tevle på like fot med dei andre på den kapitalistiske verdsmarknaden. Medan utanlandsk kapital investerar på den «sivile» sektoren av økonomien, tenkjer så Bresjnev at han kan få investert nasjonalkapital på dei sektorane som først og fremst har med utviklinga av hæren og opprustninga å gjere. I første omgang kan det sjå ut til at planen til sovjet-revisjonistane er svært så sløg. Det kan sjå ut som om USA held på å gå i fella, som om USA med sine eigne hender no hjelper den staten som konkurrerer med dei om verdsherredømmet til å kome på fote økonomisk og militært. Enden på visa kan synest å vere at Sovjetsamveldet blir overlegen på område som avgjer kappløpet mellom dei.

Men i røynda er det helt annleis. USA-imperialismen reknar grundig etter og veit svært godt korleis dei skal bruke pengane sine og kvar dei skal bruke dei. USA har fullt oversyn over kva Sovjethæren er god for no og i framtida, og veit også kva deira eigen hær er god for. Det ville sjølvsagt vere gale å tru at dei ikkje har tanke for at investeringane i Sovjet-unionen vil verke inn på makt balansenmellom dei to landa. Dei bur seg utan tvil på at dette kan skape ein situasjon som kan gjere det lettare for Sovjet å utvikle våpen. Dei er merksame på desse ulempene. Men dei tar og med i rekninga kor viktig det er for dei å infiltrere Sovjet-unionen – både økonomien og livet elles der i landet. Dei svære kapitalinvesteringane vil føre til oppløysing på mange felt, og dette vil truleg også føre til at forsvarsevna vil bli svekka og øydelagd.

Magnatane kjem attende

Sovjethæren har lange revolusjonære o gpatriotiske tradisjonar, heilt frå Oktober-revolusjonen til Lenins og Stalins tider. Vil dei gå med på at ein degenerert klikk sel landet til USA-imperialismen? Vil det russiske folket og andre folk i Sovjet-unionen sitje med hendene i fanget når dei ser kva som no skjer? No kjem dei attende, dei utanlandske konsesjonshavarene og ågerkarane som vart hivne ut saman med tsarveldet i 1917. No kjem dei, magnatane frå New York, London, Tokyo, Berlin og Paris, som vart slegne ned saman med den utanlandske intervensjonen, – dei umettelege bankierane frå vestlege monopol, som organiserte hungerblokaden andsynes Sovjetrussland og freista å hindre hjelp til sjuke menneske i landet. No ser dei dei kome spaserande attende med stokken i handa, inn på dei fabrikkane og anlegga som dei vart drivne ut frå for 56 år sidan. Det hatet sovjethæren og sovjetfolket nører mot desse iglene og umettelege ulvane som har suge blodet av det russiske proletariatet i årtider, det vil aldri kunne sløkkast. Dei vil heller aldri gløyme den vanærande kapitulasjonspolitikken til dei gamle tsarane, når dei nye tsarane i Kreml no nyar den oppatt. Det er umogeleg å hindre at dei blir medvetne om kva for fårer som truar dei nasjonale interessane deira og deira framtid som eit stort land og ein stor stat.

Bresjnev sterk mann i sovjet?

USA-imperialistane trur dei kan gjere kva handel dei vil med Bresjnev, fordi dei ser han som den sterke mannen i Sovjetunionen. Dei trur at Bresjnev no har styrkt si stilling mykje og at makta hans ikkje er til å rokke, især no når han har fått Gretsjko, Gromyko og Antropov med i politbyrået. Dei sit i toppen av militærapparatet, i leiinga for utanrikspolitikken og politiet. Men dei som kjenner Sovjet-samveldet og sovjetfolket kan ikkje slå seg til ro med slike tankar. Korkje hæren eller folket vil nokon gong godta Bresjnevs eventyrlege planar, og dei vil i alle høve aldri stø dei. Ikkje nokon stat og ikkje nokon hær som er blitt gjennomtrengd av imperialismen sin ideologi og imperialismen sin kapital kan unngå å bli gnegen av den kapitalistiske ormen og ta til å forfalle og degenerere.

Bresjnevs maktstilling er veik. Det skuldest ikkje berre at det er motstand frå sovjetfolket mot politikken hans og at han ikkje får nokon stønad frå dei arbeidande massane for den opportunistiske og ufolkelege politikken sin. Det er velkjend nok at det også er valdsame motsetningar i den øvste sovjetiske leiinga og at det finst opposisjon der, sjølv om dei strever for å løyne det. Motsetningane grunnar seg på anti-marxisme og utviklar seg på grunnlag av kamp om makta. Derfor har dei og ein hang til å bli stadig djupare.

Etter at Khrustsjov vart kasta var det mykje snakk om den kollektive ånda som skulle rå blant sovjetleiarane. Dei tala og om Bresjnev som «ein likeman mellom likemenn». Men perioden da Khrustsjovs «subjektivisme» vart kritisert enda svært så snøgt. Bresjnev ende opp som leiar for alt. Han greip kontrollen over alle ting, frå økonomi til utanrikspolitikk. No syner det seg at han ikkje satte pris på Kosygins møte med Johnson i Glassboro.Før var Kosygin statsminister. Som regjeringssjef styrte han med utanrikssakene. No har Bresjnev pressa han ut. Det ser ut som om den populariteten han heldt på å vinne, la seg som ein skugge over den stråleglansen Bresjnev prøvde å omgje seg sjølv med, som eine innehavar av makta i Kreml. Bresjnev har tatt seletyet i sine eigne hender, men kollegane hans i den revisjonistiske leiinga er ikkje betre sjølve. Dei ville ha gått fram på same måten som han om dei hadde kunna.

Det som har hendt, syner at maktovertakinga til Khrustsjov-mennene var ei katastrofe for Sovjetsamveldet. Under deira styre har landet blitt så usselt at det må tigge om brød, maskinar og tekniske

«Magnatane kjem attende»

Hva går de økonomiske avtalene mellom Sovjet og USA ut på? Fra det sovjetiske pressebyrået Novosty i Oslo har vi fått en artikkel om toppmøtet mellom Bresjnev og Nixon i Moskva i mai som bl.a. nevner følgende resultat av forhandlingene de siste par åra:

– Avtale med Occidental Petroleum Corporation om gjensidige vareleveranser på 8 milliarder dollar over en 20-års-periode («den største kontrakt som er inngått i den internasjonale handelshistorie»). Avtalen omfatter levering av utstyr og materialer, utvinning og raffinering av olje og gass, produksjon av kunstgjødsel og landbrukskjemikalier, hjelp til reising av en kjemisk storbedrift for produksjon av 4 millioner tonn amoniakk og 1 million tonn urea i året, kreditt til utstyr til denne fabrikken, utarbeidelse av nye prosesser for bearbeidingav metall.

– Planer om levering av komprimert gass fra Sovjet til USA til en verdi av titalls milliarder dollar på lang sikt.

– Avtale med Swindell-Dreissler og andre firmaer om levering av utstyr til bygging av Kama bilfabrikk.

– Avtale med Joy Manufacturing for utstyr til utvinning av kull, med Arthur Andersen & Co. om informasjonssystemer for industri, forskning, handel.

– Tilbud til Westinghouse Electric Corp., Union Carbide og andre om konstruksjon av generatorer, transformatorer, gassturbiner osv.

– Amerikansk interesse for sovjetisk del-produksjon til utstyr som produseres i USA, og kjøp av sovjetiske verktøymaskiner, tankskip, tørrlasteskip og kulelagre.

– Representasjon i Moskva for Pullman, Occidental Petroleum Corp., General Electric, International Harvester, Caterpillar, Hewlett-Packard, Engelhart Minerals, Pan-American, American Express –og Chase Manhatten Bank, Bank of America, First National City Bank.

Det som har hendt, syner at maktovertakinga til Khrustsjov-mennene var ei katastrofe for Sovjetsamveldet. Under deira styre har landet blitt så usselt at det må tigge om brød, maskinar og tekniske patentar frå USA-imperialismen, frå verdsens folk sin svorne fiende. Det revisjonistiske Sovjetsamveldet har kome så langt ut på tiggarstigen at det ikkje eingong kan forsyne dei såkalla «sosialistiske» partnarane sine med råmateriale, enda dei har plikta seg til å gjere dette og jamvel bygd opp særlege mellomstatlege organ til å syte for slikt. Dette må Ungarn, Tsjekkoslovakia, Polen og ikkje minst DDR no li for økonomisk. Deire visjonistiske klikkane i desse landa har utvikla seg til reine leikedokker for sovjet-revisjonistane. No godtek dei på den mest servile måten den vanskelege stillinga Moskva har stilt dei i. Dei følgjer føredømet til sjefane sine og ønskjer no å finne seg utvegar ved å gå saman med USA-imperialismen og andre imperialistar sjølve.

Bresjnev kjem USA til hjelp

Den pseudo-revolusjonære klikken som herskar i Sovjetsamveldet i dag, kjem USA til hjelp på ei tid da USA-imperialismen går gjennom den mest alvorlege krisa i si historie. Dei hjelper USA-imperialismen til å kome over krisa i Vietnam og i NATO, Watergatekrisa og valutakrisene, ved å gje dei marknader, det vil seie dei reine energitilførslene når det gjeld kapitalinvesteringar. Samstundes hjelper dei USA politisk, ved å vere med på å løyne nederlaga i Vietnam, Indokina og andre stader og å kalke over dei nederlaga landet har lide i alle verdsdelar.

Det er ikkje noko slumpehøve at Bresjnev ikkje ønsker å tale med Nixon om Watergateskandalen. Sovjetpressa har og vore tyst om den. Kva skulle han seie når det kom for dagen at partnaren hans er ein førsteklasses gangstar? Men det er ein annan grunn også til at han ikkje kan seia noko: Bresjnev sjølv og klikken hans har ikkje berre sett nokre få personar, men heile folket, under oppsyn frå det hemmelege politiet.

Bresjnev si reise til USA og den foraktelege kjøpslåinga hans med Nixon og dei andre leiarane for USA-imperialismen, er ei fornærming mot alle bolsjevikane i Sovjetsamveldet. Desse hendingane har gjort dei rasande. Det er ikkje tvil om at dei vil reise seg og knuse Sovjets nye Krustsjov.

Sovjetfolket føler eit stort ansvar overfor seg sjølve og alle andre folk i verda. Dei vil ganske sikkert reise seg for å stogge handa til politiske eventyrarar som Bresjnev og kompani. Og Sovjetfolket er i rørsle. Ikkje sjeldan finn det stad demonstrasjonar og andre markeringar av motstanden. Meir enn ein gong har hæren blitt tilkalla for å slå dei ned. Herskarklikken prøver å brennemerke dei som tek del i slike demonstrasjonar som psykopatar og halvkriminelle. Dei prøver å sverte dei på alle måtar og set alle slag merkelappar på dei for å få opinionen i og utanfor landet til å tru at aksjonane deira er små og få og ikler betyr nokon ting politisk. Men sanninga er ei heilt anna. Det er stor motstand i Sovjetsamveldet mot Bresjnev- og Kosygin-klikken. Ein merkar lett misnøyen med den revisjonistiske politikken. Det dei gjer blir møtt med uttala hat, særleg det nære samarbeidet med USA-imperialismen. I spissen for denne motstanden står dei unge og eldre bolsjevikane.  Sovjetfolket blandar ikkje dei saman med slikt skrot som Solsjenitsyn og kompani.

Dei revolusjonære i Sovjet er heile tida i ein vanskeleg situasjon. Kampen dei må føre kjem ikkje til å bli av dei lettaste. Men dei vil utan tvil greie å overvinne hindringane. Dei har framifrå tradisjonar og ein rikdom av erfaringar frå revolusjonær kamp å sto seg på. Dei veit korleis dei skal kome gjennom dei offera som blir nødvendige.