Bokomtale: Målstrid er klassekamp

Av Jostein Mykletun

1974-01

E. Hansen og G. Wiggen (red):
Målstrid er klassekamp. Målpolitiske artikler.
Pax, 104 s., kr. 20,-

Ein hær utan kultur er ein sløv hær,
og ein sløv hær kan ikkje slå fienden.

Mao Tse tung

«I det sosialistiske strevet i Norge i dag viser det seg at det på mange felter i første omgang gjelder å gjenvinne det nivå i innsikt og erkjennelse som arbeiderrørsla hadde nådd for siste verdenskrig. Det gjelder også for målstrevet.»

Slik lyder programfråsegna i innleiingsorda til artikkelsamlinga «Målstrid er klassekamp», redigert av Eskil Hansen og Geirr Wiggen, Pax nr. 362. Gjennom artiklar av Koht, Kolltveit, Rytter, Nordby og Vogt får ein kjennskap til korleis leiande kulturarbeidarar i arbeidarrørsla såg på språkspørsmålet mellom 1921 og 1935.Hovudsynet i desse artiklane, der m.a. eit partirundskriv i DNA er med, er nett det boktittelen slår fast: Målstrid er klassekamp.

«Noko av det verste ein kan be mange vituge og gløgge menneske om er å skriva. Målet er teke frå folket, og dermed er folk flest vanhjelpte i mange livshøve. Dette går særleg utover vanlege arbeidsfolk. Måltilstanden i Noreg er såleis ei undertrykking av det store fleirtalet av folket.» Dette sa Anders M. Andersen i ein artikkel i 1972.

Og dette vart slik gjennom «dansketida», veit me. Men korleis og kvifor vart det slik? Dei to redaktørane peikar på at den boklege kulturen var dansk f.eks. på 1700-talet. Det var ein kultur av og for danske og dansk-venlege embetsmenn, som styrte kolonien Noreg og dei innfødde der. Det framveksande borgarskapet sto rundt førre århundreskiftet i opposisjon til embetsmannsklassa, men tok etter denne klassa i det kulturelle og språklege. Og her ligg teknikken: Då det nasjonale borgarskapet tok makta ved revolusjonen i 1814 hadde det teke fullstendig etter den danske embetsmannskulturen og stort sett overteke monopolet på bokleg kultur. Sidan den tid har storborgarskapet putta inn litt norsk uttale av danske ord, og norske ord og uttrykk innimellom, men den danske målbunaden har dei forsvart med nebb og klør. Attåt har dei kravd at dette framandmålet skulle vera det einaste rette morsmålet for oss alle.

Når Noreg ein dag kjem fri frå imperialismen vil alle folk få ei historieundervising som lærer dei ikkje berre at det var slik og slik, men og kvifor og korleis. Berre dette vesle dømet viser klårt at den rådande klassa i Noreg i dag ikkje kan vera interessert i å spreia historie og språkhistoriekunnskaper som gjer utviklinga og notidstilstanden skjønleg for vanlege folk.

Med sitat frå Aftenposten og Knut Hamsun syner Kolltveit og Rytter korleis den språklegereaksjonen er knytt saman med samfunnsmessig reaksjon. I «Arbeidarreising og målreising» underbyggjer dei kravet om full rett for folkemålet som ei demokratisk merkesak. Ei mål-reising på grunnlag av talemålet til det arbeidande folket vil «truge det faktiske kulturmonopol som overklassa har, og dermed heile hennar politiske maktstilling,» sa Hans Vogt i1935. Ein mannsalder seinare vart Vogt formann i «Språkfredkomiteen», og gav god hjelp til bakstrevet Aftenposten og andre mektige monopolkrinsar driv på det språklege omkvervet. Å ta opp striden for rett for folkemålet, det er å føra striden mot det gamle klassesamfunnet fram på ein ny kant. Det slo Halvdan Koht fast i 1921.

Men kvar vart det så av einskapen klassestridmålstrid? Tida då desse artiklane vart skrivne var ei tid med progressiv frammarsj i målrørsla, og klassestriden var i det minste ikkje heilt borte or det største arbeiderpartiet i landet. Målfolka gjennomførte skulemålsrøystingar, og krins etter krins vart vunnen for det nynorske folkemålet. Rettskrivinga i 1938 var eit hardt slag mot riksmålsreaksjonen, og mot dei målfolka som berre var opptekne av norrøne røter og nasjonal stordomstid i ein gullalder i fortida. Etter 1945 har riksmålsreaksjonen hatt ny framgang, og eit skred av skulekrinsar i alle landslutar har gått over til bokmålet. Høyr korleis Aspengren uttalar «arbeidsgiver» med g som i gås, «nu, frem til tarifforhandlingene».

Ei språkhistorie til opplæringsbruk forklarar ikkje desse tilhøva heller. Norsk språkhistorie i dette hundreåret framstår som ei meiningslaus oppramsing av rettskrivingsbrigde og målkomitear. Men ingen kan skjøna kvifor det har vorte slik, og ikkje slik. Innleiingskapitlet og etterordet til Arve Elvik set fingeren på mange uløyste kvifor i nyare norsk målsoge; rolla til klassesamarbeidspolitikken og dei reaksjonære elementa i målrørsla peikar seg særleg ut. Her ligg det mange oppgåver og ventar på ei demokratisk og samfunnsmedviten målgransking. Men først skal me lesa desse dokumenta frå arbeidarrørsla sine folk i ei avgjerande tid for norsk målstrev. Kommunistar, målfolk, progressive og alle som har det minste til overs for folkeleg kultur og språk: Ta og les!