Den jødiske lobbyen (bokomtale)

Av Arne Apold

2007-03 Bokomtaler

I forkant av denne bokmeldinga har redaksjonen i Rødt! sagt at dei ikkje ønskjer ein ny Brendberg-debatt. No er det å melde boka The power of Israel in the United States av James Petras sjølvsagt ikkje det same som å gå god for konklusjonen i boka: At det er den er den jødiske lobbyen og ikkje oljeinteresser som styrer amerikansk midtaustenpolitikk. Men dels trur eg at mange vil ha nytte av meir kunnskap om den jødiske lobbyen sin påverknad på amerikansk midtaustenpolitikk. Dinest meiner eg at i ein nødvendig grenseoppgang mot antisemittismen, må vi ikkje kome dit at det å bruke ordet jøde/jødisk i ein politisk samanhengar, skal vere bannlyst.

 

 
 
James Petras: The Power of Israel in the United States

James Petras:
The Power of Israel in the United States
Clarity Press (2006)

Petras er til tider meir polemisk enn eg set pris på i boka, til dømes i angrepa på kulturredaktøren i Jyllandsposten (ansvarleg for trykkinga av karikaturteikningane) eller i angrepa på ein Noam Chomsky som konkluderer annleis enn Petras med tanke på kva som styrer amerikansk midtaustenpolitikk. Men boka til Petras gjev og nyttig kunnskap. Og reiser spørsmål verd å tenkje over.

Den jødiske lobbyen

Ariel Sharon skal ha sagt, med adresse til Bush: «We have the US under our control.» Denne kontrollen vert i følgje Petras først og fremst utøvd gjennom den jødiske lobbyen ved organisasjonar som AIPAC (American Israel Public Affairs Committee), ein organisasjon som vart oppretta i 1953 og som no har 60.000 medlemmer, eit årleg budsjett på 60 millionar dollar og 150 tilsette på full tid. Sentralt i lobbyen er og organisasjonar som Conference of Presidents of major Jewish Organizations og ADL (Anti Defamation League).

I følgje Petras kjem 60 % av demokratane og 35 % av republikanarane sine valkampmiddel frå jødiske organisasjonar. Dei som måtte vente ei endring med det komande presidentvalet i USA, bør merke seg at Hillary Clinton er den senatoren som i dag mottar mest støtte frå lobbyen (Dag og Tid, 9/2-2007).

Den økonomiske støtta frå USA til Israel har i seinare år vore omlag 3 milliardar dollar i året. For kvar dollar den jødiske lobbyen brukar på å påverke amerikanske val og dermed amerikansk midtaustenpolitikk, får med andre ord staten Israel 50 dollar frå supermakta.

Men den jødiske lobbyen i USA femner ikkje alle jødar i landet. Undersøkingar viser at eit fleirtal (61 %) av jødane i USA nesten aldri snakkar om staten Israel, eller forsvarar staten ovanfor ikkje-jødar. Ein avstikkar til England illustrerer litt av det same: Sist vinter starta ei gruppe jødar med dramatikaren Harold Pinter som det mest kjente namnet organisasjonen Independent Jewish Voices, i protest mot det dei oppfatta som einsidig pro-israelske haldningar frå dei etablerte jødiske organisasjonane. Den pro-sionistiske delen av den jødiske offentlegheita er ofte mest synleg Men vi skal ikkje dermed setje likskapsteikn mellom det å vere jøde og det å vere sionist.

Olje ikkje avgjerande

Ein viktig tese for Petras er at det ikkje var oljeindustrien (Big Oil) som såg seg tent med USA sin invasjon i Irak, USA sin konfrontasjonspolitikk ovanfor Iran eller den USA-støtta israelske innmarsjen i Gaza for eit par år sidan. Tvert om har oljeindustrien sine interesser vorte ofra til fordel for staten Israel sine interesser. USA sin midtaustenpolitikk er med å destabilisere regionen, noko som igjen fører til ein trussel mot oljeleveransar, høgare oljepris i USA og skapar fiendar av arabiske investorar i USA.

Chomsky

Noam Chomsky er anerkjent som ein av dei fremste kritikarane av sionismen, skriv Petras innleiingsvis i ein polemikk mot den same Chomsky. Men Chomsky sviktar når det kjem til å kritisere jødisk lobbyverksemd. Eg kjenner ikkje Chomsky sin argumentasjon, men i følgje Petras meiner kort sagt Chomsky at den jødiske lobbyen ikkje er viktigare enn andre lobbyar, at det er oljeinteresser som primært ligg bak (styrer) USA sin midtaustenpolitikk. Dette synet er Petras grunnleggjande usamd i. Han trekk fram krigsretorikk frå lobbyen si side og at oljeselskap kjem betre ut av det med statar i området, som ikkje er i konflikt med USA.

Vidare viser han til at lobbyen brukar over 50 millionar dollar på dei politiske partia, kandidatar og propagandakampanjar og at lobbyen får gjennom 90 % av dei viktige sakene sine i Kongressen. Konklusjonen til Petras er klar: Oljeindustrien tapar på USA sin midtaustenpolitikk, Amerika tapar på den. Den jødiske lobbyen er tent med den.

Ei bok verd å lese

Å protestere mot Israel sine drap og øydeleggingar burde vere eit spørsmål om verdighet, skriv Petras ein stad. I dagens USA er det i staden vorte eit spørsmål om mot, seier han. For dei av oss som har stilt oss spørsmålet korleis verda stillteiande kan godta den uretten det palestinske folket vert utsett for, ligg mykje av svaret i USA. Og i boka til Petras. Så får vi bære over med at han til tider slår inn opne dører eller at retorikken tidvis tar overhand. Dei vel 180 sidene er verd å få med seg.

Arne Apold