av Erling Folkvord
Armenia blir i oppslagsverk omtala som eit fjellrikt område på om lag 400.000 kvadratkilometer mellom Svartehavet og Kaspihavet. Armenia er nesten like stort som Sverige. Men den elleve år gamle staten Armenia, som grovt sett er ei fortsetjing av sovjetrepublikken med same namn, er mindre enn 30.000 kvadratkilometer, dvs. omtrent jamstort med Hedmark fylke. Storparten av det opprinnelege Armenia er i dag delt mellom statane Iran og Tyrkia og dei fleste armenarane lever i eksil.
I det 9. hundreåret før vår tidsrekning vart landet samla til eit kongerike. Assyrarane kalte det for Urartu, mens jødane omtalte det som Ararat. I dei komande hundreåra tok ulike nabomakter kontroll og ulike folkeslag kom vandrande og sette sitt preg på både land og folk. Den indoeuropeiske innvandringa skaut fart frå omkring 700 f. Kr. Under herredømet til Tigran den store (94-56 f. Kr.) var Armenia ei stormakt som i ein kort periode hadde kontroll over både Lilleasia og Mesopotamia.
Den første kristne staten
Kristne misjonærar frå Syria kom til Armenia og oppretta dei første menighetene omkring år 250 e. Kr. Dei må ha lyktest godt. Da Gregor Lusavaretch klarte å kristne kongen, vart Armenia den første staten med kristendom som statsreligion, om lag 50 år før dei kristne misjonærane i Eritrea hadde same suksess. Gregor sjølv vart biskop i Armenia. Den formelle titelen har sia den gongen vori katolikos. Embetet eller vervet som katolikos gjekk i den første tida i arv i slekta til Gregor, og dei som styrte den nye kyrkja samla seg store rikdomar og stor verdsleg makt. Gregor og dei første etterkomarane vart fram til 374 e. Kr. vigde som katolikos av erkebiskopen i Cæsarea, og var på eitt vis underordna han. Men seinare vart katolikos «en helt uavhengig patriark som ikke sto under noen kirkelig myndighet i eller utenfor landet, og han fikk en mektig innflytelse i det hele folk og har holdt seg som dets åndelige overhode til vår tid». (1)
Den armenske kyrkja har nyleg feira 1700-årsjubileum som statskyrkje. Ikkje så lenge etter at kristendomen slo igjennom, innførte Armenia sitt eige alfabet med 36 bokstavar. Berre 29 er i bruk i dag. Han som laga bokstavane, studerte først andre alfabet som var i bruk. I dag er det reist ein alfabetstatue der både kongen og Katolikos tok i mot han da han kom heim til Armenia i år 451. Etter eit studieopphald i Aleksandria hadde han det ferdige alfabetet med seg. Satsinga på å skape eit eige armensk alfabet var eit ledd i arbeidet med å ta vare på armensk kultur og hindre at både Armenia og det armenske skulle bli slukt eller assimilert i det persiske eller det østromerske riket.
Opp gjennom mellomalderen fortsette tilgrensande stormakter å kivast om kontrollen over Armenia. Den mongolske erobraren Djengis Khan rykka inn og tok austdelen av landet i 1223. Midt på 1300-talet var det persarriket som tok det austlege Armenia. Den seljuktyrkiske fyrsten Osman I i Lilleasia tok titelen Sultan i 1301 og starta byggjing av det som seinare vart Det osmanske riket. Midt på 1300-talet la dei seljuktyrkiske stammane det vestlege Armenia under seg.
Sultanen som tok over etter Osman I, oppretta i 1329 ei ny type hæravdeling – janitsjarane. Dei vart etterkvart sett på som sjølve kjerna i den osmanske militærmakta. Dei kristne slapp å gjere krigsteneste for Allah, men sultanen sine skatteinnkrevarar tok kvart år fleire tusen gutar mellom 4 og 8 år for at dei skulle bli utdanna til janitsjarar. Kristne gutar vart røva frå foreldra, omskorne og gitt ein høveleg muslimsk oppvekst og militær trening. I det kristne Armenia vart rekrutteringa til janitsjarane omtala som «guteskatten». Fritjof Nansen skreiv at dei «i lang tid var tyrker-rikets uhyggeligste våpen mot de kristne» (2). Janitsjarane spela ei viktig rolle da den osmanske hæren tok Konstantinopel i 1453.
Delt mellom stormakter
I 1639 underteikna den persiske sjahen i Tabriz og den osmanske sultanen i Konstantinopel (i dag: Istanbul) ein grenseavtale. Dei vart samde om korleis dei skulle dele både Armenia og Kurdistan mellom seg. I 1829 førte ein ny stormaktsavtale til at Russland og fekk ein del av Armenia. Ut over resten av 1800-talet vart Armenia ein brikke i drakampen mellom den russiske tsaren og den osmanske sultanen. Tsaren flytta den russiske grensa sørover og tok ein større del av Armenia gjennom fredsavtalen i Berlin 1878. Samtidig gjorde Storbritannia ein hemmeleg avtale med sultan Abdul-Hamid. Storbritannia skulle yte militær hjelp viss Russland prøvde å ta meire armensk land enn det som var avtalt. Sultanen lova til gjengjeld å innføre reformar for armenarane. Han ga Storbritannia øya Kyros som eit slags pant på at han skulle oppfylle avtalen. Denne hestehandelen vart kritisert, tilmed i det britiske Overhuset: «I ingen verden har vår politikk vært diktert av så umoralske og så meningsløse beveggrunner,» sa hertugen av Argyle.
Rundt denne tida oppsto dei første spirane til nasjonale rørsler både i Armenia og i Kurdistan. Dei europeiske stormaktene oppfordra stundom til opprør, men det var mest for å svekke sultanen, sjahen eller tsaren sin posisjon. Dashnak-rørsla vart danna i 1990: Hai Heghapokhagan Dashnaktsutiune. Orda betyr Den armenske revolusjonære samanslutninga.
1890-talet: «De som ikke adlyder, er å anse som armenere og skal også drepes»
Da Dashnak-rørsla vart danna, var Det osmanske riket prega av tilbakegang og oppløysingstendensar. I eit forsøk på å stanse oppløysinga, oppretta sultan Abdul-Hamid ein ny type klantilknytta hæravdelingar. Dei fekk namnet til sultanen og vart kalla hamidiye alaylari, på norsk hamidiye-regimenta. Kurdiske klanleiarar vart sjef for kvart sitt regiment og fekk godt betalt både til seg sjølv og familien. Menn i klanen vart leigesoldatar for sultanen. Ei av dei første oppgåvene var å slå ned armenske opprør.
Den 30. september 1895 gjekk eit par tusen armenarar i tog gjennom gatene i Konstantinopel for å levere eit bønneskriv til storviziren. Nokre av demonstrantane kom i slagsmål med tyrkiske studentar. Politiet greip inn. Det vart løyst nokre skott. I løpet av kvelden og natta vart mange armenarar skotne, mens andre vart spidda av politiet sine bajonettar. Etter denne hendinga sette sultanens styresmakter i gang ei intens forfølgjing i armenske byar og landsbyar. Politiet, hamidiye-regimenta og andre soldatar delte arbeidet mellom seg.
Eit opprop frå styresmaktene i Arabkir ga klar beskjed:
«Alle som er Muhammeds barn, må nå gjøre sin plikt og drepe alle armenere, plyndre deres hus og brenne dem av. Ikke én armener må skånes. Sånn lyder sultanens befaling. De som ikke adlyder, er å anse som armenere og skal også drepes. Derfor skal hver muslim vise sin lydighet mot regjeringen ved først å drepe de kristne som har levd i vennskap med ham.» (3)
Det toppa seg i jula 1895. Da vart 1.200 armenarar brent levande i katedralen i Urfa, som ligg langt sør for Armenia. Kyrkja er seinare ombygd til moske.
Europeiske diplomatar, som samla opplysningar om det som skjedde, hevda i eit skriv til sultanen at mellom 70.000 og 90.000 armenarar vart myrda frå august 1895 til februar 1896.
26. august 1896 storma 26 unge armenarar Den osmanske bank i Konstantinopel og tok dei tilsette som gislar. Dei stilte krav til sultanen og truga med å sprenge banken i lufta. Med hjelp frå russisk diplomati fekk dei 26 fritt leide og kunne reise til Marseille. I dei neste dagane vart 7.000 armenarar myrda i Konstantinopel. Tyrkisk propaganda har seinare brukt denne nokså lausrivne bankokkupasjonen som eksempel på armensk terror.
Folkemordet i 1915
Etniske skiljer var ikkje viktige i Det osmanske riket: «Det muslimske samfunn både i det osmanske riket og Persia utgjorde en helhet av de troende, kalt for Ummah eller et trossamfunn under en Kalif (sjah i Persia). Nasjonalisme var derfor et fremmed og ukjent fenomen i hele den muslimske verden. En sentral oppgave for Ummah og de muslimske herskerne var å spre den sanne tro og samtidig forsvare muslimske territorier. Lojalitet i dette samfunnet innebar derfor å tjenestegjøre under en muslimsk hersker som ‘kunne forsvare muslimske territorier mot folk med andre religioner’.» (4)
Dette endra seg da Den ungtyrkiske rørsla (Komiteen for enighet og framsteg) fekk sentrale maktposisjonar i åra før sultanen i 1914 gjekk inn i første verdskrigen som alliert med Tyskland. Ein aggressiv tyrkisk nasjonalisme vart meir og meir dominerande. Armenarane hadde tidlegare vorti forfølgd fordi dei var kristne. Den ungtyrkiske rørsla, som var nokså likegyldig til religion, kombinerte sin eigen nasjonalisme med dei tidlegare muslimske herskarane sine idear om at forfølgjing av armenarane var nødvendig for å forsvare islam mot dei vantru.
Seint på vinteren 1915 starta ei systematisk massakrering og fordriving av armenarar som budde i Det osmanske riket, i eit omfang som ingen før hadde sett.
Eit medlem av sentralkomiteen i den ungtyrkiske rørsla, gjorde klart greie for det som no skulle skje. I eit brev til herskaren i Syria forklara han 18. februar 1915 at sentralkomiteen hadde «besluttet å befri fedrelandet for denne forbannede rases herskesyke og på sine patriotiske skuldre ta ansvaret for den skam som vil falle på den osmaniske historie av den grunn. Komiteen (…) har besluttet seg til å utrydde alle armenere som bor i Tyrkia, uten å la en levende sjel slippe, og har derfor gitt regjeringen stor fullmakt. Regjeringen vil gi valier og hærens førere de nødvendige vink om ordningen av massakrene.» (5)
Da massakrane, som for alvor skaut fart i april 1915, hadde vara ved i nokre månader, rapporterte den allierte tyske ambassadøren heim til Berlin at regjeringa ikkje let seg stanse «i utførelsen av sitt program for å løse det armenske spørsmål ved den armenske rases utrydding».
Tyske Dr. Johannes Lepsius laga ein grundig dokumentasjon, bygd på materiale som var tilgjengeleg for tyske diplomatar. Tyskland var alliert med sultanen og Det osmanske riket gjennom heile verdskrigen. Etter å ha studert dette materialet, oppsummerer Fridtjof Nansen slik:
«Fra alle landsbyer og byer i Kilikia, Anatolia, Mesopotamia, ble de kristne armeniere drevet ut på sin dødsmarsj; det ble gått metodisk fram, distrikt etter distrikt ble renset, enten de var nær krigsskueplassen eller hundrer av kilometer borte. Det skulle nå feies helt rent for armenisk liv.» (6)
Fleire hundretusenar vart fordrivi frå byane og landsbyane der dei budde og tvinga til å ta seg fram til fots mot ørkenområda i Syria. Dei fleste vart drepne eller døydde av svolt og utmatting på vegen. Sultanens menn arrangerte auksjonar undervegs og selde armenske kvinner. Prisen var gjerne 20 pjaster (3 kroner) for ei jente som ikkje var valdteken, og 5 pjaster (75 øre) for ei enke eller ei kvinne som var valdteken. (7)
Da den osmanske innanriksministeren, Tala’at Bey, møtte den tyske ambassadøren 31. august 1915, sa han kort og enkelt:
«La question armenienne n’existe plus. – Det armenske spørsmålet eksisterer ikkje meir.»
Fritjof Nansen skreiv nokre år seinare at han nok kunne ha dekning for orda sine, ettersom dei fleste deportasjonane var gjennomførde:
«Det vesentlige som nå sto tilbake var å få avlivet de ofre som måtte overleve dødstogene. De ble samlet i konsentrasjonsleire ved grensen av den arabiske ørken, men fikk omtrent ikke mat, og heller ikke leilighet til å finne livsopphold.» (8)
Innanriksminister Tala’at stadfesta to veker etter samtalen med den tyske ambassadøren at det nok var nokre delar av det armenske problemet som enda ikkje var løyst. I eit telegram til politisjefen i Aleppo ordla han seg slik 15. september 1915:
«Til politikontoret i Aleppo.
Det har tidligere vært meddelt at regjeringen på komiteens ordre har besluttet fullkomment å utrydde alle de armeniere som bor i Tyrkia. De som vil motsette seg denne befaling kan ikke regnes for å være regjeringens venner. Uten hensyn til kvinner, barn eller syke, hvor beklagelige enn ødeleggelsens midler kan synes, så skal det, uten å lytte til følelser eller samvittighet, gjøres ende på deres tilværelse.
Innenriksminister Tala’at» (9)
Den assyriske befolkninga i Det osmanske riket vart i 1915 stort sett behandla på same måte som armenarane, dvs. at dei vart systematisk utrydda.
Dashnak-republikken 1918-1921
Etter at folkemordet stilna av, vara verdskrigen i to-tre år til. Både dei armenske og dei kurdiske områda sør for Kaukasus var slagmark der snart den eine og snart den andre hæren rykka fram. Dei sivile tapa var svært store. I Armenia fortsette krigshandlingane etter at første verdskrigen vart avslutta med våpenkvile i oktober 1918.
Armenske utsendingar møtte fram på fredskonferansen i 1919 og kravde oppretting av eit «Stor-Armenia frå hav til hav», dvs. eit svært område frå Svartehavet og heilt til Middelhavet. Da den første fredsavtalen vart underskriven i Sèvres i august 1920 hadde dei armenske og kurdiske delegasjonane komi fram til eit kompromiss som både stormaktene og sultanen sine forhandlarar godtok. No skulle både Armenia og Kurdistan bli sjølvstendige statar. (Sjå kartet Provisions of Treaty of Sèvres for an independent Kurdistan; 1920.)
Kart: Det sjølvstendige Armenia og Kurdistan slik det vart fastsett i Sèvres-traktaten i 1920.
Grå felt = område med kurdisk majoritet i 1919
Men det fantest ingen stormaktsvilje til å setje Sèvres-avtalen ut i livet. Stormaktsspelet førte fram til Lausanne-avtalen som i 1923 kom i staden for fredsavtalen frå Sèvres. I Lausanne-avtalen er korkje Kurdistan eller Armenia nemnt.
Samtidig var det vedvarande krig i Armenia. Bolsjevikane som oppretta Sovjetunionen etter oktoberrevolusjonen i 1917, ga avkall på den tidlegare russiskkontrollerte delen av Armenia gjennom fredsavtalen i Brest-Litovsk i mars 1918. Osmanske styrkar rykka like etterpå nordover i Armenia. I mai kravde sultanen enda meire land enn det som var avtalt i Brest-Litovsk.
I slutten av mai 1918 erklærte så Dasnhnak-rørsla opprettinga av den uavhengige staten Armenia med hovudstad i Jerevan. Dei kontrollerte da berre eit svært lite område. Eitt år seinare (28. mai 1919) erklærte regjeringa i Jerevan seg som regjering for Den sameinte armenske republikken. På denne tida var delar av Kaukasus framleis kontrollert av dei «kvite» styrkane til general Denikin som førte krig for å knekke det nye bolsjevikregimet i Sovjetunionen. Den «kvite» hæren til Denikin braut saman tidleg i 1920.
Etter Denikin sitt nederlag og etter innfløkte krigsår der mange var innblanda, måtte Dashnak-republikken kaste korta og gi opp for godt 2. april 1921. I Jerevan står det framleis ein statue for å minnast den armenske kommunisten Aleksander Miasnikian som styrte gjenoppbyggjinga i sovjetrepublikken som vart oppretta. Vi merka at folk framleis omtalar Miasnikian – «den første sovjetkommisæren i Kaukasus» – med stor respekt. Fridtjof Nansen omtalte resultatet av dei første åra med bolsjevikstyre slik i 1927, etter at han på oppdrag frå Folkeforbundet hadde drivi omfattande humanitært arbeid i Kaukasus-regionen:
«Men i april 1921 rykket de røde tropper inn i Jerevan; armenieren Miasnikian ble satt i spissen for styret, som opptrådte med fornuftig måtehold; det ble gitt alminnelig amnesti, og landets dannede klasser ble kalt til å delta i oppbyggingsarbeidet, som så hardt trengtes. (…) Det ble tatt energisk fatt, og det er fast utrolig hva her er utrettet på få år med meget små midler. Hvor det var kaos, elendighet og hungersnød er det brakt orden, og endog en viss grad av trivsel, og samfunnet er i stadig utvikling med mange nyttige tiltak under et dyktig styre.»
Dashnak-rørsla har sia i hovudsak vori ei rørsle som er sterk i ein del av dei armenske eksilmiljøa. Nokre av Dashnak-leiarane var aktive på tysk side under andre verdskrigen. Sia 1996 har Dashnak-rørsla observatørstatus i den sosialdemokratiske internasjonalen. Dashnak-partiet har 6 representantar i parlamentet.
Noter
- 1) Side 236 i Fritjof Nansen: Gjennom Armenia, Oslo 1927. [Tilbake]
- 2) Side 250 i Gjennom Armenia. Nansen omtalar Det osmanske riket i mellomalderen som «tyrker-riket» og av og til som Tyrkia. Men både begrepet Tyrkia og staten Tyrkia var ukjende ord og begrep heilt fram til 1920-talet. Det var islam som var fellesnemnaren for det multietniske osmanske riket. Etnisk tilhørighet var ikkje viktig. [Tilbake]
- 3) Dokumentet er gjengitt på side 270 i Gjennom Armenia. [Tilbake]
- 4) Abdollah Hejab: Jakten på en egen identitet. Universitetet i Oslo 2001, side 45. [Tilbake]
- 5) Se nærmere omtale fra side 246 og utover i Åge M Benedictsen: Armenien, København 1925. [Tilbake]
- 6) Side 284/285 i Gjennom Armenia. [Tilbake]
- 7) Side 285 i Gjennom Armenia. [Tilbake]
- 8) Side 288 i Gjennom Armenia. [Tilbake]
- 9) Foto av dette siffer-telegrammet er gjengitt på side 259 i Åge M Benedictsen: Armenien, København 1925. Eg vet ikke korfor Benedictsen bruker ordet Tyrkia som statsnamn. Namnet på staten var Det osmanske riket. Tyrkia som stat vart først oppretta i 1923. [Tilbake]