Arbeidsbehovet i Norge

Av Olav Randen

2015-03

Denne artikkelen er eit forsøk på å vurdere arbeidsbehovet i Norge og difor om seks timars normalarbeidsdag er realistisk. Partiet Raudt og venstrefløya i Sosialistisk Venstreparti har fire kjernesaker, omsorg (ordet brukt i ei vid tyding), berekraftig miljøpolitikk, global solidaritet og seks timars arbeidsdag. Men dei legg ikkje fram materiale som viser korleis dei tenkjer at desse fire kjernesakene kan gjennomførast samtidig, og dei forklarar ikkje kva dei vil prioritere dersom dei fire omsyna strir mot kvarandre.

I det følgjande vil eg hevde at dei møter seg sjølve i døra.

Olav Randen er geitebonde og driv forlaget Boksmia.

Me kan ta eit tenkt døme: Ein plantesjukdom øydelegg om eit år eller fem mykje av soya-avlingane i Sør-Amerika. Om soya-eksporten til Norge skal halde fram, må ny regnskog ryddast, med dei klimafølgjer det har. Til Norge kjem årleg 500 000 tonn soya til dyre- og fiskefôr. Me kan fôre husdyra med utmarksgras i staden, men det vil krevje langt meir arbeid. Me kan kjøpe maten i utlandet, men det inneber like mykje miljøskadar, for også den maten er produsert på soya. Me kan fange villfisk i staden for oppdrettsfisken, men det også vil krevje langt meir arbeid. Kva vil då politikarane velje, berekraft eller sekstimarsdag?

Eit døme til: I helse- og omsorgssektoren blir det utført omtrent 560 000 årsverk. Forsøk med seks timars dag i helsevesenet tyder på at effektiviteten per arbeidstime ikkje eller i svært liten grad aukar om arbeidstida går ned. Om arbeidsdagen blir redusert med 20 prosent (frå 7,5 til 6 timar), vil det vere behov for rundt 112 000 fleire arbeidsfolk i sektoren. Eller kanskje ikkje fullt så mange, fordi ein del helse-arbeidarar har redusert arbeidstid frå før og med ein slik nedgang vil få full sysselsetjing. Men om behovet 80 000 i staden for 112 000, er spørsmålet det same: Kvar finn me dei?

I botnen

Nokre grunntankar først, der eg deler syn med sekstimarstilhengjarane i det meste. Det handlar om politikk innanfor kapitalismens rammer:

For det første ønskjer eg eit rasjonelt arbeids- og samfunnsliv. Det er ikkje rasjonelt å ha hundretals biltypar og delelager og reparasjonskunnskapar til alle, det er ikkje rasjonelt å selje brysthaldarar til ti år gamle jenter, å byggje bustadhus på 300 m2 eller å spy ut all reklamen som hamnar i postkassene våre. For å få eit betre samfunn må me skrelle vekk alt det unødvendige.

For det andre ønskjer eg å skjere vekk fåtalet sin profitt, mest mogeleg av profitten til Reitan og Hagen og Fredriksen og Thon og alle i divisjonen under dei.

For det tredje ønskjer eg at offentlege tilbod så langt råd skal vere der folk er. Når dagens og gårdagens regjeringar vil slå saman kommunar, lage få og store politidistrikt, leggje ned sjukehus og skolar, inneber det at dei får visse stordriftsfordelar og med det kan spare utgifter og arbeidsinnsats og redusere skatten. I staden for å betale skatt må folk bruke fritid og pengar for å delta på foreldremøte, ha kontakt med kommunen, gå på biblioteket, til legen eller til pasienten eller den eldre på aldersheim. Slik driv styresmaktene eit fritidsran. Og medan skatteprosent er målbar, er folks bruk av tid utanom arbeidet og av eigne pengar ikkje målbar på same måten og ikkje med i den politiske debatten.

For det fjerde ønskjer eg eit sjølvstendig og uavhengig Norge. Sjølvsagt må landet handle med andre, me treng kaffi og appelsinar som me ikkje kan produsere sjølve, og mikroprosessorar og støvsugarar som det er lite rasjonelt at blir laga i små einingar. Men me treng også ein så sjølvstendig økonomi at me i minst mogeleg grad blir ramma om internasjonalt varebytte blir mindre på grunn av økologiske eller økonomiske vanskar, opprør eller grensestenging.

På andre område deler eg ikkje grunntankane til sekstimarstilhengjarane:

Dei snakkar ofte om at når arbeidsdagen blir kortare, blir effektiviteten større og omfanget av arbeidet difor den same. Alle som har vore i arbeidslivet, veit at dette er eit unntak og ikkje ein normalsituasjon. Snikkaren arbeider ikkje mindre effektivt den sjuande timen enn den femte, sjåføren køyrer ikkje færre mil i timen, og hjelpepleiaren er i stand til å yte full innsats heile arbeidsdagen.

Vidare snakkar dei om datateknologiens enorme framsteg, til dømes om at snart kan ein robot erstatte arbeidarane i skoproduksjon. Men også robotar må produserast og vedlike-haldast. Eg som skriv, kjenner landbruket best. I Norge byggjer mjølkebønder fjøs til 120 eller 180 kyr – to eller tre robotar – og baserer arbeidslivet på å køyre høy inn og husdyrgjødsel vekk, ofte mange mil på traktoren for kvart høy- eller gjødsellass. Utan subsidiane hadde ikkje driftsmåten vore rekningssvarande. I Danmark, som har eit lågare lønnsnivå enn her, går utviklinga motsett veg. Mjølkebøndene erstattar robotar med mjølkemaskinar. Skjeringspunktet for lønnsemd med robotar ligg altså ein stad mellom dansk og norsk lønnsnivå.

Ei generell vurdering er at det høge lønns- og kostnadsnivået i dette landet har gjort at effektiviseringa av arbeidsoppgåver gjennom data- og annan teknologi i hovudsak alt er teken ut. Arbeidsintensive industriar, møbelproduksjon til dømes, er avvikla til fordel for import.

Ofte er det også slik at data- og annan teknologi er aktuell berre for store og miljø-skadelege produksjonar. Robotar kan produsere nye skor, men ikkje reparere skorne så dei held nokre år ekstra, og forbruket av lær og gummi og olje såleis går ned. Til det trengst skomakaren med leist og symaskin. Ein robot registrerer ikkje rifta på ein kuspene som fører til mastitt viss den ikkje blir behandla. Buskapen på 120 kyr er berre i stand til å trø ned beitet, ikkje til å hente derifrå den plantenæringa som gjer at dei produserer mjølk. Og prøver bonden å sleppe ut kyrne i éin flokk, blir området rundt fjøset så sølete og møkkete at roboten heller ikkje maktar å vaske jur og kukroppar.

I spørsmålet om privat forbruk er eg usikker på kva sekstimarstilhengjarane meiner, når dei både vil ha full lønnskompensasjon og argumenterer med at seks-timarsdagen reduserer privat forbruk. Privat forbruk bør ned, aller mest i over- og delar av middelklassen. Me bør ha færre bilar og skifte dei ut sjeldnare, luksusbåtar bør forbyast eller eigarane ileggjast enorme avgifter, me bør innføre ei maksimumsgrense på nye bustadhus på 150 m2 og på hytter på 80 m2, og sjeldnare Syden-reiser. Men med lønnskompensasjon vil neppe forbruket gå ned. Ser me i staden bort frå kravet om same lønn, blir det uklok politikk å bruke forbruksnedgang som argument for stuttare arbeidstid. Det er å gi signal om at venstrepartia via andre saker vil gi veljarane får mindre å rutte med.

Sektor for sektor

Eit årsverk blir vanlegvis rekna som 1695 timar, litt mindre for folk i turnus, skift- og helgearbeid. Det vart i 2014, det siste året me har tal for, utført 2 748 000 årsverk her i landet. I eit betre samfunn enn dette må det også finnast rom til arbeid for stordelen av dei arbeidsledige og ein del av dei som i dag blir utdefinerte som uføre. Legg me til 100 000 årsverk for desse, kjem me til at me har tilgang på 2 848 000 årsverk i alt.

Norsk landbruk produserer mindre enn halvdelen av maten og er basert på omfattande fôrimport og høgt bruk av kunstgjødsel, maskinar og drivstoff. Fleirtalet av yrkesutøvarane har lange arbeidsdagar og lite fritid. Eit tilleggsproblem er den store bruken av antibiotika til dyr og sprøyte-middel i planteproduksjon. I staden trengst meir tilsyn og individuell behandling av dyra og rovinsekt som tek knekken på skadeinsekt i fruktproduksjon. Alt dette krev meir arbeidstid. Skal me erstatte fôrimporten med utmarksbeite og eigenprodusert gras, trengst gjerding, dagleg tilsyn og så små buskapar at dyra er i stand til å nyttiggjere seg beita.

Fiskeopptak skjer på tre nokså ulike måtar: med sjarkar og andre mindre båtar som tek fisken når han nærmar seg land for å gyte, med stortrålarar som sopar fiskebankane reine for fisk – og for korallrev og annan botnvegetasjon – og med fiskeoppdrett der ein produserer fiskekjøt med tilført fôr. Den førstnemnde måten er den mest berekraftige, men også den mest arbeidskrevjande. Den krev beredskap, mange små båtar og mange fiskemottak.

I eit fornuftig samfunn med større sjølvforsyning enn no bør me auke talet på årsverk i landbruk og fiske frå dagens 70 000 og til minst 120 000. Då er me på same sysselsetjingsomfanget som tidleg på 1990-talet, men med ein million fleire munnar å mette.

Bergverksdrifta kan reduserast ein del, me treng korkje koldrift på Svalbard eller rutil frå Naustdal med gigantutslepp i Førdefjorden. Men det er ei så gjennomrasjonalisert næring at utslaga samla sett ikkje blir store om talet på årsverk går ned med 40 % eller 2000.

Produksjon av olje og gass og tenester knytte til dette bør over tid vekk. I første omgang reknar eg ei halvering, frå 60 000 til 30 000. Dette er alt i gang, heldigvis for miljøet, men dessverre for dei oljearbeidarane som må leve med styresmakter med skral evne til å fordele landets arbeidsoppgåver.

Industrien er framleis ei viktig sysselsetjing, med ein kvart million årsverk. Men det meste av arbeidskrevjande produksjon er alt avvikla. I staden kjøper me varene utanfrå. Stordelen av den attverande industrien er gjennomrasjonalisert, slik at innsparing med datateknologi, robotar, betre logistikk og liknande tiltak gir liten effekt.

Det er grunn til å frykte at eit annleis Norge vil bli ramma av boikott-tiltak. Det er også eit moralsk/politisk spørsmål, om me skal kjøpe skor og klede produserte av barn og underbetalde vaksne, maskinutstyr til prisar berre litt ut over materialkostnadene etc. Legg me ei fair trade-tenking til grunn for handel med industrivarer, vil mykje måtte endrast. Dersom me skal bruke varene, skorne, mobilane, bilane og vaskemaskinane i lengre tid framfor å kaste og kjøpe nytt, treng me reparatørar. Statsstøtte til skomakarar og fjernsynsreparatørar er fornuftig politikk.

Det er altså mange usikre faktorar, men liten tvil om at me står overfor eit vekstbehov. Eg reknar med ein moderat vekst på 10 prosent, 25 000 årsverk.

Mykje av kraftverka og straumnettet treng fornying og ekstra vedlikehald i den perioden med meir uroleg vêr som me er på veg inn i. Til dømes har store område i Sør-Sverige fleire gonger dei siste åra vorte ramma av langvarige straumbrot etter uvêr. Liksom dei treng me både opprusting og beredskap. Det er også slik at nye metodar for å produsere energi, jordvarme, vindkraft, bølgjekraft og solvarme krev meir satsing. Difor trengst 5000 fleire årsverk.

Like sterkt er behovet for vedlikehald og opprusting når det gjeld vatn og avlaup. Det har å gjere med klimaendringar og med lang tids forsømming. Det må også nemnast at dei tunge og energikrevjande grave-maskinane og anna utstyr bør erstattast med lettare og meir arbeidskrevjande utstyr. Dei neste tiåra treng me minst 5000 fleire årsverk.

I bygg og anlegg må me framom alt endre arbeidsinnsatsen. I eit rasjonelt samfunn set me stopp for bygging av store hus, luksushotell og kjøpesentra. Fordi det meste av bygginga skjer med prefabrikkerte og ofte importerte element, blir det likevel ikkje stor arbeidsinnsparinga. Men me bur i eit land som skrik etter vedlikehald både av private og offentlege bygningar. Til dømes står mange gamle og verneverdige hus i forfall. Dei innspara årsverka bør brukast til vedlikehald, som ofte er arbeidskrevjande. Same vurderingane må leggjast til grunn for anleggsverksemd. Klimaendringane rammar vegar, jernbaneliner, kraftverk og demningar, og opprusting er nødvendig.

Kategorien varehandel og reparasjon av motorvogner omfattar to svært ulike arbeidsfelt. Netthandel er mindre arbeidskrevjande enn butikkhandel. Men det me kan kalle IKEA-modellen, sparar arbeidskraft først og fremst fordi folk bruker av si tid til å handle, reise til kjøpesentret, finne fram til varene i eit enormt lager, skanne dei sjølv og betale på terminal, laste inn varene i bil, køyre dei heim og montere dei. Den lokale møbelhandlaren som gav råd, monterte sofaen og køyrde den heim til kunden, er borte. For kunden verkar det som eit framsteg berre til han resonnerer over at stadig meir tid utanom arbeidet er bunden. Med mindre bilbruk går reparasjonsbehovet ned, men dette blir motverka av at bilane skal halde i tjue og ikkje ti år. Samla reduksjon 50 000 årsverk.

Dei neste yrkeskategoriane nedover tabellen, transport, varedistribusjon, hotell og serveringsstader, finansverksemd og liknande, kan reduserast noko fordi luksusforbruket og profitten må ned. Norge greier seg med færre advokatar og eigedomsmeklarar og finansanalytikarar. Opp mot dette kjem at dersom persontransport skal over frå privatbilisme til buss og bane, trengst fleire stillingar der.

Når det gjeld offentleg administrasjon og forsvar, er mi oppfatning at administrasjon, til dømes i kommunane, kan skjerast noko ned. Høvelen bør brukast på konsulentar og direktørar og etatssjefar og ikkje på dei i kjeledress. Men i staden for eit forsvar basert på yrkessoldatar og bombefly ønskjer eg eit folkeforsvar basert på allmenn og allkvinneleg verneplikt, og dette er meir arbeidskrevjande. I sum kan desse endringane vege einannan opp.

I undervisning, særleg i barneskulen, trengst meir personell. Både Raudt og SV ønskjer no lengre undervisningstid i staden for aktivitetsskole, altså meir lærartid per elev. Den store posten blir likevel helse- og omsorgstenester. Vil me at sjuke og pleie-trengjande eldre skal takast godt vare på, trengst meir folk. I svært liten grad kan det helsearbeidarar kallar det kliniske blikket, erstattast av robotar og datautstyr, dataskjermar og kamera. Me treng pleiarar som går rundt på romma og observerer og snakkar med pasientane framfor slike som sit i eit fellesrom med blikket på dataskjermen.

Tek me miljøkrava på alvor, bør me også erstatte mykje av medisinbruken med pleie. Fordi sjukehus har strenge effektivitetskrav, gjeld det å sende pasientane heim snarast råd etter opphald, med antibiotika-sprøyter eller –tablettar og oppmoding om å vere i ro. I staden treng me ei føre var-haldning, der pasientane får vere på sjukehuset til dei er friske og medisinbruk av ulike slag blir halden nede. Og når barn er sjuke og ikkje kan i barnehage eller skule, bør arbeidslivet vere såpass romsleg at foreldre kan vere heime med dei til dess dei blir friske att, framfor dei harde medisinkurane.

Saman med behovet for mindre stressande arbeid for sjukehuspersonell gjer samfunnets behov at det trengst minst 10 prosent fleire årsverk, 56 000, i sektoren.

Samla innsparing

Så kan me ta i bruk eiga rekneevne eller kalkulator. Innsparingspotensialet utgjer, dersom me legg min gjennomgang av ulike sektorar til grunn, vel 60 000 årsverk. I tillegg kjem 100 000 ledige som me vil ha inn i arbeid og fordelte på ulike oppgåver.

For at desse planøkonomiske trekka innanfor ei kapitalistisk ramme kan gjennomførast, trengst dramatiske endringar i politikken. Det trengst politikarar som i Venezuela eller Bolivia, som er harde nok i hønna til å stå imot pengemakta.

Vurderingane over gir altså ei samla innsparing på 165 000 årsverk, nesten 6 prosent. Om alt blir gjennomført og me tek det ut som redusert arbeidstid, inneber det nesten ein halv time stuttare normalarbeidsdag.

Framleis står ein av sju arbeidstimar att. Omrekna til dagens årsverklengd utgjer det 375 000 årsverk, eit arbeidsomfang tilsvarande alle noverande arbeidsplassar i industri og transport. Og sekstimarstilhengjarane må forklare kvar dei vil hente dei som skal utføre desse årsverka.

Det finst måtar, men neppe innanfor dei måla venstremiljøet har. Éin er å importere arbeidskraft. Me kan til dømes importere helsepersonell frå Baltikum. Det er ein tradisjonell kolonimåte, at overklasselanda dreg av stad med dei best utdanna og kvalifiserte arbeidarane.

Ein annan måte er å importere alt av varer, ikkje berre det meste som no. Men det er korkje solidarisk eller påliteleg.

Ein tredje er at me baserer oss endå meir på det moderne samfunnets arbeidssparande svar, antibiotika mot bakteriesjukdommar, pestisidar mot plantesjukdommar, meir fossilt brensel, stordrift og transport framfor tiltak der folk er osv. Då vil me bidra endå meir enn i dag til oppvarminga og framtidas problem.

Den fjerde måten er å skjere hardare i arbeidsoppgåver. Den store effekten får me med å flytte omsorgsansvar, for barn, sjuke og eldre, frå det offentlege og attende til familiar og privatpersonar. Då vil helse- og omsorgssektoren skrumpe inn til eit globalt gjennomsnittsnivå. Alt tyder på at det vanlegvis blir kvinnene som får ekstraarbeidet og -ansvaret.

Ein femte måte er å gjere arbeidslivet lengre, med at dei unge i staden for dagens normalskolegang til og med vidaregåande går ut i arbeid i tidlege tenår, og med at pensjonsalderen blir høgare.

Ein sjette måte er å redusere vedlikehald og utbetring, forsking og utvikling. Om dei styrande ser bort frå rasfare ved klimaendringar, frå risiko for å miste straum og vatn og vegsamband ved meir uroleg vêr og frå forfallet av offentlege bygningar, kan arbeidsinnsats sparast. Til dess ting dett i hop.

Sluttord om politikk

Hovudoppgåva for det politiske venstre kan ikkje vere å ordne behagelege arbeidsliv for norske innbyggjarar. Hovudoppgåva må vere å arbeide for ei framtid som er berekraftig og solidarisk, og der dei av oss som treng omsorg fordi me er små, sjuke, gamle eller uføre, får det. Finst det rom for seks-timarsdag innanfor ei slik framtid, er det sjølvsagt bra. Men finst ikkje det rommet, må me velje ei slik framtid framfor stuttare arbeidsdag.

Mitt alternativ er å slå ring om normalarbeidsdagen og å krevje stuttare dagar for småbarnforeldre og arbeidsfolk dei siste åra før pensjonsalder. Det er å leggje vekt på at arbeidsplassane skal vere slik at folk trivst der, og å byggje på den stoltheita arbeidsfolk flest kjenner fordi me har spesial-kompetanse, anten det handlar om å pleie sjuke, manøvrere bussar, kople vassrøyrer, undervise barn, ta vare på husdyr eller fange torsken som kjem inn til kysten for å gyte. Og å byggje på det fellesskapet me arbeidsfolk med ulike typar spesialkompetanse opplever oss imellom.

Alternativet er også hardare kamp mot det fritidsranet som foregår når kommunar blir slått saman, lokale skular og sjukehus og bibliotek og forsamlingshus og helsestasjonar og aldersheimar blir stengde i bygd og by og kjøpesentra erstattar nær-butikkar. Når det skjer, må folk i staden bruke fritida til å kome på arbeid eller køyre ungar til barnehage eller kveldsaktivitetar eller reise lange vegar til foreldremøte eller til møtet med den kommunale etaten eller til legen eller for å besøke sine kjære på aldersheim eller sjukehus.

   

 

Næring

Prosent

(2014)

Utøvarar,

tusen

Foreslått

endring

1

Landbruk og fiske

2,6

70,3

+ 50

2

Bergverksdrift

0,2

5,1

– 2

3

Råolje og gass inkl. tenester

2,3

63,2

-31,6

4

Industri

9,2

253,7

+ 25

5

Elektrisitet, gass og varmtvatn

0,5

13,3

+ 5

6

Vatn, avlaup og renovasjon

0,6

14,9

+ 8

7

Byggje- og anleggsverksemd

7,9

217,7

0

8

Varehandel og rep. av motorvogner

14,2

369,6

– 50

9

Røyrtransport

0

0,5

0

10

Utanriks sjøfart

1,9

34,3

0

11

Transport utanom utanriks sjøfart

4,4

120,4

– 20

12

Post og distribusjonsverksemd

0,7

19,3

– 5

13

Overnatting og servering

3,2

88,9

– 20

14

Informasjon og kommunikasjon

3,2

88,9

– 20

15

Finansiering og forsikring

1,8

50,6

– 20

16

Omsetning og drift av fast eigedom

0,1

26

– 10

17

Fagleg, vitskapleg og teknisk tenestyting

4,6

126

0

18

Forretningsmessig tenestyting

4,8

132

– 40

19

Offentleg administrasjon og forsvar

7,1

195,6

0

20

Undervisning

7,3

201

+ 10

21

Helse- og omsorgstenester

20,4

559,9

+ 56

22

Kultur, underhaldning og anna tenestyting

3,5

96,7

0

 

I alt

 

2747,9

 
 

Arbeidsledige/unødvendig uføre

 

100

 
 

Innspara årsverk i alt

 

2847,9

– 64,6

Tabell 1. Prosent og tal årsverk (i tusen) i ulike sektorar i Norge og foreslått endring (i tusen årsverk). Kjelde for kategoriar og tal utøvarar: NOS: Statistikkbanken, tabell 09174.