Amerikanske soldatar, livshistorie frå Libanon, og ein ny norsk nettportal (boktips)

Av

2013-02

Support our Troops – Hvorfor unge amerikanere verver seg til krig

Boka av Sarah Salameh er ei bok eg har venta på sidan eg første gong høyrde Sarah fortelja om feltarbeidet ho gjorde i USA i 2008. Spesielt fascinert blei eg då ho fortalte om ungdommar som vurderte både å tenestegjera i fredskorpset og i dei amerikanske militære styrkane, men som valde det siste fordi det var meir usjølvisk. Boka er basert på ei masteroppgåve i antropologi, men språket er lettlest og historiene er spanande. «Suppose they gave a war and nobody came?», var spørsmålet som blei stilt under Vietnam-krigen og som blei besvart med avvikling av den allmenne verneplikta. Dei verva soldatane skulle bli meir lojale.

Salameh reiste til ein liten amerikansk by ved the Great Lakes, prega av nedgangstider og økonomisk krise. Fabrikken er bytta ut med vervekontor. Ho snakkar med vervarane, ho snakkar med dei som blir verva, med soldatane og familiane deira, mødrer og koner som venter på at dei skal komma tilbake. Og soldatane er lojale, men kjenner seg samtidig brukt opp av myndigheitene, når dei risikerer å bli sendt ut gang på gang. Dei vervar seg stort sett ut frå naud, dei ønskjer sikre inntekter og støtte til utdanning i eit samfunn som har mista arbeidsplassane sine. Men dei har også gått på forteljinga om at «dei der borte» må hjelpast. Som offiserspira Kate (17 år) seier: «USA gjør verden til et bedre sted – en ammunisjonsrunde om gangen.»

Boka gir eit innblikk i det amerikanske samfunnet, og god bakgrunnskunnskap og analyse om kva som gjer at USA klarer å senda stadig nye ungdommar ut i verda på tokta sine.

Gresshoppen og fuglen

Romanen den libanesiske forfattaren Hanan al-Shaykh har skrive om mor si. Al-Shaykh, er ein av dei internasjonalt mest kjente arabiske forfattarane. Ho fekk sitt gjennombrot med romanen The story of Zahra om den libanesiske borgarkrigen. Romanen hennar handlar ofte om kvinner. Men det var ei livshistorie ho har bruka lang tid på å ta tak i, historia til hennar eiga mor. Grunnen var at mor hennar hadde gått frå faren og dermed ho og søstera då dei var små, etter eit langvarig forhold til ein annan mann. Dei vaks dermed opp hos den strengt religiøse og verdsfjerne faren. Og sårheita frå å bli vald bort haldt seg langt inn i vaksen alder. Mor hennar bad ho lenge om at ho skulle skriva livshistoria hennar. Ho var så sint på at eit trestykke og litt bly kunne vera sånn ein mektig fiende. Ein analfabet kan ikkje fortelja ved hjelp av ein blyant.

Mor til forfattaren må ha vore eit vakse born mesteparten av livet. Ho øydsla bort pengar, ho let tilfeldige innfall styra, og var sterkt påverka av romantiske filmar og songar. Men ho fekk ikkje vera born lenge nok, på grunn av fattigdom, skilsmisse og daud i familien blei ho forlova som 11-åring til svogeren sin som då var blitt enkemann etter syster hennar sin daud. Ho blei gifta til han som 15-åring. Då ho gifta seg, var ho allereie djupt forelska i Mohammed, ein ung mann som også elska ho tilbake. Romansen mellom dei gjekk føre seg i mange år før ho til slutt tok mot til seg og bad mannen sin om skilsmisse.

Det er vanskeleg å omtala denne romanen utan at han verkar som ein melodramatisk kioskroman. Men styrken i boka er at den fortel om ei kvinne skada av fattigdom og tvang, men også om ei kvinne som lagar poesi utan å kunna skriva og som frå barnsbein av er ein ustyrleg opposisjonell mot rammer og tvang frå familie og ektemann. Det er hennar stemme me får høyra i boka, og det er ein overraskande og underhaldande stemme.

Radikalportal.no

leverer daglege kommentarar frå norske og utanlandske skribentar. Breidda på både redaksjonen og skribentane er spanande, noko som gjer at kommentarane gir ny innsikt og skapar diskusjon. Verdt å følgja med på framover.

Ingrid Baltzersen