Alle som ein ut på gatene!

Av KOE

2011-04

Inga «nasjonal redning» før troikaen og regimet deira er kasta!

Me er midt i ein storm av raske politiske endringar. Folket er katalysatoren. Det er det greske folket som isolerte, delegitimiserte og marginaliserte regjeringa til Papandreou. Folket har levert eit drønnande NEI til unntaksregimet til troikaen frå IMF/EU/ECB og avtalane med dei internasjonale bandittane. Dei eineståande demonstrasjonane dei siste 48 timane med generalstreik, og den historiske endringa av nasjonaldagen til «NEI til ny okkupasjon» var ikkje dei siste krampetrekningane, men dei seinaste stormbølgene frå det folkelege raseriet.

Då Papandreou såg han var komme til eit politisk dødpunkt, freista han utpressing gjennom folkerøysting over den siste usle underordningsavtalen diktert av EU-toppmøtet 26. oktober. Han var ikkje trygg på at folkerøystinga ville bli gjennomført – men han trudde han med det kunne presse a) det politiske etablissementet til å bøye seg, b) visse utanlandske faktorar med støtte frå andre, c) det greske folket. Ettersom det greske folket har vist seg klare til å kaste regjeringa og troikaen på alle vis, har den reelle sjansen for eit rungande NEI til underordninga og den nye okkupasjonen i folkerøystinga skremt opp hovudkvartera i Europa og i Hellas.

Det som skjedde i går på G20-toppmøtet i Cannes, er ei ny svart side i historia om den greske herskande klassen si underordning, i samsvar med dei svartaste tradisjonane med å selje ut folket og landet sine interesser, heilt frå den tida den greske staten vart skapt.

Det som skjedde i går, kan truleg bare samanliknast med den USA-kontrollerte borgarkrigen og den post-sivile krigstilstanden. Merkel og Sarkozy har på direkte sending kunngjort kva slags folkerøysting det greske folket får lov å gjennomføre og kva slags folkerøysting som ikkje er lov – slik truar dei massene i Hellas som ekte mafiabossar, med svolt om dei skulle sette seg opp mot avgjerda deira. «Statsminister» Papandreou, den ynkelegaste statisten i Cannes, venta i sitt hjørne til Merkel- Sarkozy kunngjorde avgjerda si, og dukka opp bare for å ratifisere ordren frå dei europeiske utpressarane.

I klartekst kan ein omsette utpressinga til Merkel-Sarkozy slik:

Me avgjør skjebnen dykkar. De skal halde munn og lystre. De er i unntakstilstand, og folket har ingen rett til å gi uttrykk for meininga si – de er eit folk under tilsyn og formyndarskap frå utlandet. De skal opprette ei «nasjonal samlingsregjering» som skal tjene oss, elles kastar me dykk ut av eurosonen når me er ferdige med å skvise dykk. Det er unødvendig å seie at de uansett må halde fram å betale.

Framfor denne utpressinga, kva svarte det lydige politiske systemet, dei lydige partia og media? Svaret var: «Me vil støtte troikaregimet med ei ‘nasjonal samlingsregjering’.» Me venta ikkje anna av eit system som ikkje kan overleve utan dominansen frå utpressarar og ågerkarlar. Me venta ikkje anna av eit system som har knytta skjebnen sin til å tjene sine utanlandske herrar.

Men folket vårt er i stand til å endre ting. Til å kaste det elendige regimet. Det betyr å kaste troikaen og avtalane med dei internasjonale gangsterane, og til å gjøre slutt på det rotne politiske systemet. Ved å samle dei veldige kreftene sine for ei anna politisk, økonomisk og sosial løysing for landet. Ei slik løysing krev at det straks blir fullstendig stopp i betalingane til «kreditorane», og starten på ei stor kampanje for å omstrukturere produksjonen så det greske folket blir i stand til å stå på eigne føter utan å leve under utanlandsk formyndarskap og utpressing. Slik kan folket vårt finne vegen til ekte demokrati, sjølvstende og frigjøring. Det er vegen til verkeleg redning, overleving og fridom for folket og landet.

Når folket vårt har lagt ut på denne vegen, vil dei ikkje vere redde for brot med alle desse faktorane og mekanismane som held Hellas som eit fanga og audmjuka land, og som har omdanna landet til eit postmoderne europeisk protektorat, drukna i misere og slaveri. På denne måten vil Hellas sende ei melding om sjølvrespekt og motstand til folk i heile verda. Eurosonen som er drukna i evig konkurranse og konkursar kan ikkje overleve gjennom å øydelegge alt det folkelege og demokratiske krefter har oppnådd. Euroen var lenge ein mektig reiskap for å overføre rikdom til dei få og mektige, reiskap for svarte og antifolkelege val, men er no brukt som eit udiskutabelt religiøst dogme som samfunnet må kostnadene betale for. Men ingen doktrinar står over det at folket skal overleve med sjølvrespekt!

Det er ein provokasjon mot det greske folket og den uttrykte viljen deira når den borgarlege verda samlar seg om koloniale låneavtalar slik Merkel og Sarkozy gav ordre om i Cannes i går. Maskene har falle: herr Samaras som leiar «opposisjonen» på høgrefløya og som fram til i går var «mot avtalen», erklærer seg i dag klar til å gå inn i ei regjering som skal underordne seg alle avtalane, troikaen og den siste koloniale låneavtalen. Dette er ikkje «nasjonal frelse» men eit samordna opplegg for å likvidere landet og heile samfunnet.

Inga regjering bygd på «nasjonal einskap», «frelse», «konsensus» eller kva dei måtte kalle det vil bli akseptert av folket så lenge dei som lager ei slik «løysing“ ønskar at unntaksregimet og troikaen framleis skal dominere. Det blir ingen einskap om dei vil ha folket ned på kne og landet underlagt utanlandske herrar! (…)

Det greske folket bad aldri om ei «løysing» gjennom val, heller ikkje om folkerøysting på vilkår diktert av Papandreou eller EU (…), heller ikkje ei «nasjonal samlingsregjering » underlagt troikaen. Av den grunn er danninga av den nye pro-troika «nasjonale samlingsregjeringa» eit skrikande feilspor og eit antidemokratisk kupp. Folket har talt klart: Dei har slåst i gatene for å kaste regjeringa som fell frå kvarandre i dag. Dei har slåst for å fjerne heile det rotne politiske systemet og gjøre slutt på den herskande klikken og avtalane og troikaen. Dei har kravd ekte demokrati og sjølvstende.

Ingen må undervurdere dette klare folkelege kravet! Bak det vil folket halde fram kampen, fram til alle troika-tjenande regjeringar er kasta. Rolla til venstresida er ikkje å kreve val, men å bidra til denne kampen, å bidra til å bygge ein brei folkeleg front for å redde landet.

Det blir inga «nasjonal redning» før me kastar troikaen og regimet hans.

  • Stans i betalingane, produktive omstruktureringar, demokrati – NO!
  • Sosial og politisk samling for ei politisk, økonomisk og sosial løysing for landet.
  • NEI til den nye okkupasjonen – for ei radikal folkeleg endring.

(Erklæring frå Kommunistorganisasjonen i Hellas, KOE, 3. november 2011)