Reis kampen blant arbeiderkvinnene

Av Redaksjonen

1974-02

Kvinnene i Norge treng sjølvstendige masseorganisasjonar for sine interesser og krav. Det trengst ein debatt om vegar og mål for å nå fram til dette. Vi må vite kva som er kvinnene sine fremste krav – og kva forkvinner som må vere grunnstammen i organisasjonane.


Etter det andre landsmøtet i Kvinnefronten har det blussa opp ein diskusjon i ein del blad om kva som må til for at ein organisasjon for kvinnene sine interesser skal kunne reknast som progressiv. Diskusjonen er først og fremst sett i gong av dei som kom i mindretal på landsmøtet. Dei er usamde i at det strekk til med ei plattform som peikar ut dei viktigaste områda der kvinnene er undertrykte, det som samlar det store fleirtalet av norske kvinner, og peikar på kampoppgåvene utfrå det. Dei meiner ei slik kvinnerørsle må erklære seg som ein kamporganisasjon mot det kapitalistiske samfunnet og kalle seg sosialistisk, om den skal kunne skilje seg frå den borgarlege kvinnerørsla og peike på den rette vegen å gå i kvinnefrigjeringa. Elles vil den spreie illusjonar om det kapitalistiske samfunnet og forfalle til perspektivlaus reformisme. Når dette synet ikkje vann fram på landsmøtet, har dei tilmed funne det for godt å hevde at fronten har vorte anti-sosialistisk – og anti-feministisk.

Kva slag plattform Kvinnefronten har vedteke, kan de lese ute i dette bladet. Vi har prenta plattforma som dokument, saman med den prologen Johanna Schwarz skreiv og las opp for landsmøtet. Plattforma vart vedteken med 156 mot12 stemmer av møtet. Vi må vel tru at delegatane var representative for dei 4 000 medlemmene i fronten. Vedtaket tyder dermed på at plattforma vart sett på som ei dekkande oppsummering av dei røynslene medlemmene har gjort seg den tida organisasjonen har vore til.

Det trengst ein diskusjon om vegar og mål!

Kvinnefronten er ein ung organisasjon og den treng sikkert meir røynsler før den har treft det rette på alle område og utvikla ein politikk og ein praksis som gjer den i stand til å bli ein verkeleg masseorganisasjon.

Likevel må det vere lov å seie at dei resultata som er nådd er betydelige. Utviklinga i organisasjonen har hatt svært mykje å seie for heile kvinnerørsla i Norge. Så vidt vi kan sjå, har den nyfeministiske rørsla lagt av seg dei mest anarkistiske slagorda sine mot manns-samfunnet», og byrja å bli meir opptekne av kvinnene sine rettar og interesser andsynes samfunnet som heilskap. Eldreorganisasjonar som dei demokratiske kvinnelaga har fått mod på seg til å styrkeaktiviteten sin.

Desse organisasjonane og den borgarlege kvinnesaksforeninga har slått kreftene sine saman om aksjonar og demonstrasjonar. Eit resultat av dette er at 8. mars, som for berre eit par år sidan for så godt som alle berre var ein dato som andre datoar, no er blitt ein kampdag for kvinnene som vert følgd opp i presse, radio og fjernsyn og som allereide samlar meir folk i demonstrasjonar enn det DNA greier å samle i sine tog når dei skal feire klassesamarbeidet 1. mai.

Både Kvinnefronten og dei andre kvinneorganisasjona er derfor tente med at det kjem i gang ein diskusjon som mange kan bli kjende med om vegar og mål for kvinnerørsla. Nå står det ikkje i vår makt å setje vilkår for ein slik diskusjon, sjølv om det kunne vere freistande å seie at resultata av den ville bli mest til bate for kvinnerørsla om den vart førd ut frå dei kommunistiske prinsippa om einskap – kritikk – einskap. Best hadde det vore om den fekk former som strekar under det ein ers amde om og ikkje sår tvil om den gode meininga til korkje fleirtal eller mindretal.

Dei ville åtaka som ein del av kritikarane har retta mot AKP(m-1) etter landsmøtet i Kvinnefrontet, har i alle høve ikkje noko med sakleg debatt å gjere. Open anti-kommunisme av dette slaget tener korkje Kvinnefronten eller den allmenne kvinnerørsla. Det styrkje rheller ikkje politikken til dei som kjem med slike åtak. Ein fremjer ikkje si eiga sak ved å mistenkleggjere motstandaren.

Det er sikkert dei som er usamde i den politikken Kvinnefronten legg fram i plattforma si. Vi skal ikkje seie for visst kva dette gjeld. Kan hende kan nokon meine at den tek opp saker som ikkj ebeint fram rører ved kvinnene si stilling som kjønn, eller at mannen sitt ansvar for kvinneundertrykkinga og dei føremonene han måtte hauste av den, blir for mykje tona ned? Er det slikt som ligg i skuldinga om anti-feminisme?

I så fall trengst det utan tvil ein diskusjon om kva feminisme er. Det finst dei som freistar å smi i hop marxistisk-feministiske strategier for kvinnekampen. Dei vil ta «det beste» frå tradisjonellmarxisme og smi det saman med «detbeste» frå den feministiske verdsåskodinga. Dette er ei vonlaus oppgåve. Det let seg ikkje gjere å få antagonistiske motseiingar til å gå saman til eitt. Den proletære linja for kvinnekamp står i motsetnad til ei borgarleg linje som feminismen. Den er i strid med marxismen å hevde at overbygnaden, ideologien, er like grunnleggjande som basis, at kamp for haldningsendringar har same forrang som kampen mot monopolkapitalen.

Men til no har det kunna sjå ut som om kritikarane har vore samde i mest alt, unnateke dette at fronten ikkje erklærer seg for sosialistisk. Når dei gjer så mykje ståk om dette siste, men legg så lite vekt på å få fram det det er semje om, då er ein freista til å mistenkje dei for å vere i simplare ærend. Dei må skulde seg sjølve om nokon vil tru dei er ute og veiftar med «raude» flagg mot raude flagg av omsyn til sine eigne parti. Det ville ikkje vere så underleg om partia i SV kunne trenge eit raudt forheng framfor seg, no når dei så openlyst er på skli til høgre for å kome på talefot med høgresosialdemokratiet til Bratteli, Steen og Aspengren, desse som Rolf Dahl i SV sitt faglege utval har vore ublyg nok til å kalle den eine av «hovedgruppene i arbeiderbevegelsen».

Kva meiner AKP(m-1)?

Det er kjent nok at AKP(m-1) arbeider for ein sosialistisk revolusjon og ser på seg sjølve som eit redskap i kampen for proletariatet sitt diktatur. Da vi tok opp kvinnespørsmålet i Røde Fane sist gong – i nr. 2/1972 – slo vi og fast at det berre er sosialismen som kan frigjere kvinna og gjere slutt på produksjonstilhøva som held fleirtalet av kvinnene utanfor samfunnsmessig arbeid og gjer dei sosialt og økonomisk bundne til mannen. Vi slo og fast at vi ser på kvinna som ei sjølvstendig kraft for revolusjonen og at ingen revolusjon kan vinne fram utan at kvinnene i det arbeidande folket er mobilisert. Dette synet finn ein og i AKP(m-l)s program frå 1. landsmøte, som er tilgjengeleg for alle.

Det skulle og vere kjent at det ikkje er noko prinsippspørsmål for oss om kvinnene sine masseorganisasjonar stiller seg på sosialismens grunn eller ikkje. Etter vårt syn er dette noko som må avgjerast ut frå situasjonen – og av kvinnene sjølve.Vi ser stoda i kvinnerørsla i Norge slik at det ikkje vil hjelpe henne framover om det byggast opp ein organisasjon for dei sosialistiske kvinnene særskilt. Situasjonen i dag er den at dei norske kvinnene står utan ein organisasjon som organiserer verkeleg store massar av kvinner, tek opp deira interesser underkapitalismen og kjemper for dei.

Kvinnefronten – og dei andre organisasjonane – har enno svært få kvinner med. Det er ein veldig kampoppgåve å vinne fram med sjølve den tanken at kvinnene som gruppe treng sin organisasjon. Det krev mykje arbeid å fostre fram ideen om at det trengst organisert kamp frå det arbeidande folket sine kvinner for å få sine rettar igjennom og at det nyttar å slåst.

Skal Kvinnefronten og dei andre organisasjonane vinne fram med dette, da trengst det først og fremst at dei står fram som talerør for kvinnemassane sine krav og interesser, og som organisasjonar der jamne kvinner sjølve kan ha eit ord med i laget. Dersom ein når fram med dette, vil dette føre til stor framgang for kvinnene. Først da kan dei bli ei kraft som monopolkapitalen og staten må ta omsyn til. Eierklæring for sosialisme hjelper lite til å løyse dei oppgåvene dette stiller oss framfor.

«Sosialisme» – garanterer ingenting

Ei parole som «Kvinnenes frigjøring – arbeiderbevegelsens sak», som nokre vil fremje, går det kan hende an å tolke i mange leiar. Men den tener i alle høve ikkje målet med å fremje ideen om at kvinnefrigjering først og fremst er dei store kvinnemassane si sak. Og vi ser den som svært så ubrukbar, så lenge stoda er slik at, nokon kunne tru det var klasseforrædrane og monopolkapitalens eigne politikarar i arbeidarane sine organisasjonar som kan hjelpe kvinnene fram til frigjering.

Det er liten grunn til å nære noko redsle for at ein slik organisasjon vil kunne bli kuppa frå høgre fordi om den ikkje set sosialistmerket på seg. Dei som er fiendar av kvinnene sin kamp for frigjering, dei vil døme rørsla etter dei krava og den kampen som fremjast –i alle fall.

Sosialistmerket vil heller ikkje gje nokon garanti for at rørsla vel den rette vegen i denne kampen. Det finst menn og kvinner som kallar seg for sosialistar som meiner at kvinnene ikkje vinn på å føre fram sine eigne krav eller organiserer seg særskilt, av di dette er å akseptere kvinneundertrykkinga. Det finst dei som meiner at kvinnene sin kamp for eit nytt, sosialistisk samfunn er ein annan enn den arbeidarklassen står for – og at kvinnekampen må ha front også med den. Det er dei som kallar seg sosialistar somm einer at kvinnene sitt arbeid med oppseding av borna og arbeid i heimen er det mest verdfulle som finst for dei, og vender seg mot kvinnenes kamp for rett til arbeid. Der er kort sagt slik at sosialistar, kvinner som menn, også treng å sjå røynsler frå kvinnekamp og kvinneorganisering for å få avklare sitt syn på vegen til kvinnefrigjering.

Ein bør også merke seg at mellom dei som går til åtak på Kvinnefronten frå «venstre» og krev å få «dei sosialistiske perspektiva» med, finst og dei same som ivrar mest for å dra Kvinnefronten til høgre ved å få fronten til å leggje ein feministisk politikk til grunn.

Interessene til arbeiderklassen sine kvinner – grunnlaget for kvinnefrigjeringa.

Den oppgåva Kvinnefronten har teke på seg, er å organisere kvinnene på grunnlag av deira objektive interesser, forme ut ein politikk som samsvarar med krava til det store fleirtalet av kvinnene, og arbeide for einskap mellom kvinnene og kvinnene sine organisasjonar så langt dette er mogeleg på dette grunnlaget.

Korleis dette skal gjerast, og kva for problem som må løysast på vegen, det er det ingen som kan gje noko fullgodt svar på i dag. Vi kommunistar vil delta aktivt i dette arbeidet, stø det med dei kreftene vi har og kjempe for stønad til det frå andre grupper og parti.

I dette nummeret av Røde Fane legg vi fram tre artiklar som summerar opprøynsler AKP(m-l) har gjort seg i kvinnearbeidet dei siste par åra. Vi legg framsynet vårt på kva som er rota til kvinneundertrykkinga i dag ,korleis klassemotsetnadene kjem fram mellomkvinnene, og kva som er viktig å merke seg i historia til den norske kvinnerørsla, særleg kampen mellom den feministiskeo g den proletære linja. Vi trur desse røynslene er overmåte viktige når det gjeld dei nye kvinneorganisasjonane si evne til å gjere problemene og interessene til arbeidarkvinnene og kvinnene i andrelag av det arbeidande folket til grunnlaget for frigjeringskampen, og å fri kvinnekampen for borgerleg ideologi og politikk.

– Det skal ikkje gå to år til vi tar opp kvinnespørsmål i bladet på ny denne gongen. Det er viktige emne som ikkje er tekne opp her, som vi kjem attende til i nummera frametter. Vi har under arbeid artiklar om kvinna sin stilling i familien og kampen mot vanvørdnad av kvinnene frå arbeidarklassen sine menn. Vi kjem seinare til å ta opp kva perspektiv «oljealderen» kjem til å gje for kvinnekampen, og vil og fremje ein debatt om husmora sin stilling. Det kjem meir stoff om feminismen. Og – ikkje minst – vi oppmodar de som les dette nummeret til å la oss få høyre meininga dykkar om dei synspunkta vi legg fram denne gongen.