Om å bruka naturen (debatt)

Av Ottar Flatland

2013-04A

Ottar Flatland er bonde med mjølk- og kjøtproduksjon i Flatdal i Telemark. Han har vore tillitsvald i Tine og Nortura, er medlem av landsstyret i Rødt og sit i partiets klima- og næringspolitiske utval.

I ein artikkel om gruvedrift skriv Per- Gunnar Skotåm i Rødt! nr. 3 2013 om «en tiltagende strømning på den revolusjonære venstresida som har fjernet seg fra sin tilknytning til produksjonen og hvor man gjerne vil ha industrisamfunnets produkter, men ikke vil vite av produksjonen». Eg meiner han har rett, og at det er sjølvsagt at menneskeleg aktivitet set spor etter seg i naturen. Og det er ikkje nødvendigvis slik at det som endrar naturen, er skadeleg for naturen.

Eg tek utgangspunkt i Marx’ samfunnsmessige ontologi: Alle menneske har behov, altså ønskje om noko som ikkje er umiddelbart tilgjengleg, og krefter, gjennom arbeid, forstått som evna til å tilfredsstille desse behova. Og produktivt arbeid skaper nytteverdiar.

Menneska bruker krefter, eller arbeid, i

forskjellige sosiale relasjonar, og under forskjellige økonomiske system, på å bearbeide naturen for å tilfredsstille materielle behov, som mat og andre bearbeidde produkt. Til alle tider har menneska bruka, påverka og omforma naturen. Dette er kjerna i menneskeleg aktivitet og grunnlaget for sivilisasjonar ut over jakt- og fangstnivå. Og sjølve grunnlaget for ein moderne velferdsstat er at det er nytteverdiar å fordele. Men fyrst må desse verdiane skapas gjennom arbeid og naturressursar. Gruveindustrien, og vidareforedling av produkt frå denne, er eit viktig grunnlag for denne verdiskapinga.

Går ein ute i den norske naturen, vil ein kunne sjå spor og formasjonar etter kolproduksjon og jernutvinning. I mitt nærområde i Telemark kan ein og sjå restar og gråbergsrøysar etter forskjellig gruvedrift frå 1500- talet og fram til midten av 1900-talet. Hadde desse inngrepa i naturen skjedd i dag, ville det truleg blitt protestar og ramaskrik om sår i naturen og giftig avrenning. Men no blir dette sett på som ein naturleg del av kulturlandskapet. Slik er det og med slagghaugane ved Røros. Og ser me på dei enorme gråbergfjella etter gruvedrift ved Bjørnevatn i Sør-Varanger, vil dei fleste sjå desse som flotte monument for menneskeleg aktivitet og skaparkraft.

Uavhengig av økonomiske og politiske system vil det vera eit mål å skape ein meirverdi gjennom arbeidet. Så kan det vera forskjellar mellom ein kapitalistisk og ein sosialistisk økonomi kva for miljøkrav ein skal stille til produksjonen. Men ein kjem ikkje utenom ein viss påverknad av naturen, med inngrep og avfall, inkludert gift. Alle stoff er potensielt giftige, avhengig av konsentrasjonen. I realitetanes verden må ein definere kva som er akseptabelt av konsentrasjon og mengde, og så må ein leva med det.

Noreg er rikt på metall og mineral, men har i dag mest ingen gruveindustri. Ønskjer me å bruke desse produkta, bør me også ta ansvaret for å framskaffe dei. Derfor er det og viktig at ressursane blir kartlagde.

Partiet Rødt skriv i sitt arbeidsprogram at partiet vil arbeide for: «Strenge miljøkrav til eventuell nyåpning av gruver, og at ingen gis tillatelse til å dumpe gruveavfall i hav, innsjøer eller andre steder i naturen». Kvar skal ein då gjera av avfallet/gråberget ? I praksis betyr dette at Rødt er mot all ny gruvedrift.

Matproduksjon

Reiser ein gjennom norske bygder seint på hausten, vil ein sjå ei blanding av pløgde åkrar, grashausta jorde og rekkjer og stablar av rundballar pakka i kvit plast. Det bør få oss til å tenkje på at det er jorda me lever av. Gjennom massive inngrep, omforming av naturen og ei effektiv mekanisering er 2–3 % av befolkninga i stand til forsyne resten av befolkninga med mat. Landbruket er det største naturinngrepet me har her i landet, men det er eit nødvendig inngrep for å utnytte ressursane og for å gje folket mattryggleik. Det er i denne sammenhengen me og må sjå på rovdyrproblematikken. Skal landet auke matproduksjonen, for eit aukande folketal, basert på beiting av lokale grasressursar, må me vera villige til å redusere rovviltet til eit nivå som gjer at beitedyra kan utnytte beitet.

Det er og verdt å nemne at det massive naturinngrepet som jordbruket står for, har resultert i eit kulturlandskap som dei fleste meiner er vakkert og verneverdig, og at det har ein verdi i seg sjølv.

Andre naturinngrep

I tillegg til bergverk og landbruk vil eg og nemne vasskraftutbygging og samferdsel. Vil samfunnet ha vassbasert fornybar energi, må me også tola dammar, neddemming og kraftliner. Og vil samfunnet ha vegar og jernbane, må me også akseptere svære naturinngrep langs desse traséane.

Eit moderne velferdssamfunn vil måtte byggas på produksjon og verdiskaping. Natur og arbeid er grunnlaget for dette. Vil ein ha omelett, må ein knuse egg, og vil ein ha industrisamfunnets produkt, må ei ha produksjonen. Partiet Rødt framstår i dag som eit idealistisk parti for restriksjonar og bandlegging. Partiet har ambisjonar om å vera eit arbeiderparti i eit land med materiell velstand og høgt offentleg velferdsnivå. Då må partiet ha ei anna tilnærming til politikken, særleg næringspolitikken, og bli eit radikalt parti for produksjon og verdiskaping, sjølvsagt på sine vilkår.