Ukategorisert

Å bygge sosialisme for det tjueførste hundreåret

Michael A. Lebowitz er professor emeritus i økonomi ved Simon Fraser University i Canada. Han har brukt store delar av forskinga si på å undersøke problema knytta til å bygge eit sosialistisk alternativ. Heilt spesielt har han vore seks år frå 2004–2010 i Venezuela som direktør for programmet Transformative practice and human development ved International Center Miranda (CIM) i Caracas.
Lebowitz har blant annet skrevet bøkene The Contradictions of Real Socialism (Monthly Review Press, 2012), og Sosialisme skapes ikke i himmelen! (Rødt Forlag, 2007)
Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen.
 – Kapitalismen har vore i krise i mange år no, og dei kapitalistiske statane svarer på krisa med såkalla innstrammingstiltak. Ser me på dynamikken til kapitalismen dei seinaste femti åra, så var svaret på krisa på 1970-tallet det som no er kalla «nyliberalismen». Om ny vekst er svaret på krisa, kan me seie at nyliberalismen på 70-tallet hadde suksess. Men gjeld det same dagens «innstrammingstiltak »?

– Eg trur me må sjå på somme av premissa i spørsmålet. For det første meiner ikkje alle marxistar at kapitalismen som eit heile er i krise, i motsetning til kapitalismen i spesielle område. For det andre, om kapitalismen er i total eller partiell krise, kva er årsaka?

Eg byrjar med vekta Karl Marx la på overakkumulasjon. Kapitalen har ein tendens til å akkumulere og ekspandere utan å bry seg om antagonistiske tilhøve der han jobbar. Marx sa at den grunnleggande motseiinga i utvikla kapitalisme er tendensen til overproduksjon. Med andre ord har kapitalen ein tendens til å vekse for mykje, og når det skjer, får han problem med å omgjøre latent meirverdi (som han drar ut av arbeidarane) til verkeleg meirverdi – han har med andre ord eit realiseringsproblem. Og om kapitalen ikkje kan gjøre latent meirverdi til profitt, korfor produsere han?

Så skjer dei ned produksjonen, det skaper arbeidsløyse som gjør problemet større og meir rotfesta. Legg til øydelegginga av det Marx kallar fiktiv kapital (verdiar som til dømes aksjekursar) som bare har minimale band til den reelle underliggande økonomien, og som sprekk dramatisk når det blir problem i realøkonomien. Kapital blir øydelagt i slike kriser, og det gir grunnlag for å fornye syklusen. Kriser er ikkje permanente, sa Marx.

Eit av dei første tydelege teikna på overakkumulasjon er auka konkurranse mellom kapitalistane. Dei konkurrerer for å realisere den profitten som ligg latent i varene dei sender ut på marknaden. Men alle kapitalar er ikkje like. Problemet overakkumulasjon ligg ikkje like tungt på alle kapitalistar. Gamle kapitalar svir meir enn dei nye og ekspanderande som særleg har bidradd til overakkumulasjon.

Erfaringane stadfestar teorien om overakkumulasjon. Intensivert konkurranse byrja seint på femtitallet. Som økonomisk analytikar i kvitevare- og elektroindustrien i USA kunne eg sjå dette: Mot slutten av femtiåra var industrimagasina fulle av diskusjonar om problema importen frå Europa skapte. «Kjøp amerikansk» blei slagordet i bransjen, og eg er viss på at det vart kopiert i andre bransjar i USA. Dei spesielle vilkåra etter andre verdskrigen som gav grunnlaget for den såkalla «gylne åra», var borte. Det same gjentok seg så for europeisk og japansk kapital. Multinasjonale selskap utanfor USA vaks mykje raskare. Etter det kom den enorme veksten i produksjonskapasitet i land som Kina, India, Brasil, Russland og Sør-Afrika (altså BRICS-landa).

Effekten av overakkumulasjonen har ein merka særleg i USA, EU og alle dei gamle kapitalistiske sentera. Men er det krise for kapitalismen totalt? Ikkje om du ser på Kina, India, Brasil og mange andre nye kapitalistsenter. Me ser ei tydeleg internasjonal restrukturering av kapitalismen (synleg i skiftet frå G7 til G20). Det er sjølvsagt krise i desse gamle kapitalistsentera. Det er ikkje nødvendigvis krise for kapitalistiske selskap, fordi dei kan flytte til nye senter der det er lågare lønn og ny produksjonsteknikk (og gammal utan vern for arbeidarane), og dermed oppnå svært profitabel produksjon. Dei same selskapa som produserte i gamle kapitalistsenter, kan i aukande grad produsere utanfor og sende tilbake komplette produkt eller halvfabrikata til ferdigstilling i dei gamle sentera.

Det er eit vanleg mistak å sjå kapitalisme ganske enkelt som kapitalismen i dei gamle sentera. Særleg analytikarar i dei gamle sentera gjør det. Men om me skal analysere stoda for kapitalismen i dag, må me undersøke verdskapitalismen, ikkje ein del av han. Ein finger kan ikkje representere ti.

I denne samanhengen (med spesifikke kriser), korleis svarer kapitalen og kapitalistiske regjeringar i den gamle verda? Ver meir konkurransedyktige. Øydelegg fagforeiningane, ta bort det sosiale sikringsnettet, reduser forventningane, og tving folk til å jobbe meir for mindre. Og for å oppmuntre kapitalen til å bli og ikkje dra frå den gamle verda, reduser skattane og gi fleire insitament til å investere her.

Det var dette som skjedde under nyliberalismen. Men eg skil eigentleg ikkje mellom nyliberalismen og innstrammingspolitikken. Begge er del av det same svaret frå dei gamle sentera. Innstrammingspolitikken bygger vidare på eksisterande nyliberal politikk, på grunn av presset frå budsjettunderskota. På mange vis er dei resultatet av den opprinelege nyliberalismen som skapte låge lønningar, arbeidsløyse og fallande produksjon, og lågare skatt for kapitalen og høginntektsgruppene.

Politikken held kort sagt fram. Kampen går vidare – kampen mot arbeidarane i den gamle verda for kapitalens del. Kan den politikken skape vekst? Nyliberalisme og innstramming kunne teoretisk skape vekst i eitt land om dei var aleine om politikken. Dei ville tene på kostnad av dei andre. Men me må alltid hugse problemet med å forveksle delen med heilskapen: Det som er sant for ein, er ikkje nødvendigvis sant for alle samtidig. Om alle fører same politikken, vil hovudeffekten vere at stoda blir verre. Så korfor blir då nyliberalisme og innstramming fremma som hovudlinje? Korfor går den internasjonale kapitalen som dominerer den gamle verda inn for denne politikken i alle land? Ganske enkelt fordi det er ein måte å kue arbeidarane på i dei enkelte landa.

– Somme maulege svar på krisa i dag er å ta opp att den keynesianske velferdsstaten, der auke i skatten og statleg pengebruk skal føre til auka økonomisk aktivitet og heva levestandard. Men når me veit at kapitalen stadig lettare kan flytte, og at keynesianismen som økonomisk politikk for velferdsstaten bare kom til gjennom press frå ein organisert arbeidarklasse, korleis kan me i dag sjå for oss ei tilbakevending til den keynesianske modellen?

– Den keynesianske modellen med å auke etterspørselen gjennom statleg pengebruk fungerte godt som teori så lenge folk brukte den ekstra inntekten i sitt eige land, der politikken blei sett ut i livet. Det var ei nasjonal løysing for nasjonal kapital. Den fungerte til ein viss grad i dei såkalla «gylne åra» fordi økonomien var nasjonalt basert. Truleg kunne ein få til det igjen om det samtidig vart gjennomført omfattande proteksjonisme.

Men handelsbalansen og utanlandsgjeld ville med dagens forhold gi eit land store problem om dei freista gjennomføre ein slik politikk aleine. Somme vil meine at keynesianisme ville fungere om alle land tok han i bruk samtidig – det vil seie ein internasjonal keynesianisme eller reflasjonspolitikk*. Det kunne fungere om me snakkar om det relative tilhøvet mellom kapitalen i den gamle verda. Men det er ikkje sannsynleg at kapitalen i dei nye sentera ville gjennomføre ein slik politikk samtidig. Ein slik politikk kunne gi ei lette kortsiktig om han fekk følgje av proteksjonistiske tiltak, eller motstykket – kraftig devaluering.

Kapitalistiske regjeringar kan prøve slike tiltak i desperasjon i framhaldet av den noverande krisa. Men det underliggande problemet med verknadene av overakkumulasjon i dei gamle sentera ville stadig vere der, og det vil alltid vere insentiv til at enkeltland kan bryte ut og stø seg på meir innstramming for å bli meir konkurransedyktige, eller devaluere (igjen ei løysing der delen blir forveksla med heilskapen).

Kort sagt trur eg ikkje keynesianske tiltak vil løyse problemet for landa som tar verste støyten av denne restruktureringsprosessen. Så kva er alternativa? Utan at arbeidarane kjempar mot kapitalens åtak, vil kapitalen vinne fram slik han har gjort siste tida. Det er krise for kapitalen i desse sentera, men ikkje krise for kapitalismen. Ei krise for kapitalen krev ein arbeidarklasse som er klar til kjempe for å gjøre slutt på kapitalismen, og eg meiner at alle slike kampar må ha ein visjon om ein alternativ sosialistisk modell.

– Når me snakkar om sjansane for å bygge sosialismen i dag, hevdar kritikarar og motstandarar at med erfaringane frå den «eksisterande sosialismen» (i dei tidlegare sosialistiske statane i Aust-Europa og Sovjetunionen) er dette alternativet etter deira meining fullstendig uttømt. Faktum er at desse samfunna var prega av mange motseiingar. På den eine sida skapte dei ei brå modernisering i ein del av verda som elles ville vore perifer, og for visse delar av befolkninga betydde det betre levestandard. På andre sida, trass i at det herskande sjiktet hevda seg representere interessene til arbeidarklassen, så var desse landa oppfatta som djupt udemokratiske. Fortroppspartiet vart sett som reiskap for å utbytte ein del av befolkninga (arbeidarklassen) som dei sa seg representere. Kva for strukturelle forhold førte til det?

– Etter Sovjets suksess med rask industrialisering, var det ei alminneleg oppfatning (au i Jugoslavia fram til 1950) at det bare var éin modell for sosialisme, og alle land som ville bygge sosialisme, måtte følgje den modellen.

Denne modellen bygde på fortroppar i produksjonen. Kjerna i modellen er postulatet om at fortroppen veit alle svara. Bare fortroppen (som orkesterdirigenten) kan sjå heilskapen, bare fortroppen kjenner planen, i motsetning til individuelle spelarar som har spesifikke roller og inga kjensle av heilskapen. Derfor er det ansvaret til fortroppen å levere sosialismen til det underordna folket, å gi ei gåve frå dei som veit til dei som ikkje veit.

Men for å gjøre det må fortroppen kreve same disiplin som orkesterdirigenten. Befalingar ovanfrå og hierarki gjennomsyrer den modellen, ikkje hovudvekt på utvikling av menneskelege evner. Det er ein prosess som krev initiativ og deltaking nedanfrå, og ganske visst høve til å delta i spontane aktivitetar.

I boka mi, Contradictions of ‘Real Socialism’: the conductor and the conducted, ser eg dette som ei grunnleggande motseiing i det som vart kalla «reelt eksisterande sosialisme» – det arbeidande folket var ute av stand til å utvikle nødvendige evner for å utvikle ein sosialistisk økonomi. Og eg meiner det same vil bli resultatet overalt der ein følger denne modellen – enten økonomien er underutvikla eller utvikla.

Ser me på Sovjetunionen der modellen vart skapt, trur eg det er viktig å forstå at ingenting var uunngåeleg. Det fanst alltid val. Til dømes understreka Lenin behovet for å bygge kooperativ på landsbygda i 1923. Synet hans var at det var absolutt naudsynt for å bygge sosialisme. Han døydde kort etter, og det blei gjort svært lite i den retninga.

Generelt trur eg ein alltid står framfor val når ein prøver å bygge sosialisme: Det er eit val mellom å gi ordre ovanfrå, og legge til rette for at folk kan utvikle sine evner nedanfrå (slik det dramatisk skjer med utviklinga nabolagsråd og kommunar i Venezuela).

Sjølvsagt er det objektive avgrensingar i spesielle tilfelle. Visst så i tilfellet Sovjetunionen var det problemet med borgarkrigen, ein øydelagt økonomi, og sjølvsagt relativt tilbakeståande økonomi, og truslane frå imperialismen. Særleg førte truslane frå imperialismen til at ei sakte, organisk utvikling vart ein luksus. Men eg trur at med større forståing for økonomien på landsbygda kunne ein unngått den massive øydelegginga som vart resultatet av

kollektiviseringa.
– Jugoslavia stod for eit unntak i forsøka på å bygge sosialisme. Etter konflikten med Sovjetunionen starta Jugoslavia sin «veg til sosialismen», kjenneteikna av eksperiment med marknader og sjølvstyring. Forsøka på å innføre sjølvstyring for arbeidarane er det mest interessante for dei som freistar bygge eit samfunn som ikkje er basert på kapitalens despoti. Men bare å nemne «sjølvstyring » i tidlegare Jugoslavia i dag blir møtt med ein viss kynisme. Kva for strukturelle vilkår gjorde sjølvstyring til ein lite framgangsrik måte å organisere økonomisk aktivitet? Korleis skal venstresida i dag svare på slike innvendingar?

– Når det gjeld Jugoslavias erfaringar med marknadstilpassa sjølvstyring, er det viktig å peike på det enorme samfunnsmessige potensialet som ligg i eit samfunn bygd på sjølvstyrte arbeidarar, i å utvikle folks evner, sjølvkjensle og sjølvrespekt.

Men me må au vere klare på det feilaktige i å prøve bygge sosialisme utan hovudvekt på å bygge eit samfunn basert på solidaritet. Den jugoslaviske sjølvstyringsmodellen med vekt på individuelle og separate selskap som freista å maksimere inntekta til sine individuelle medlemmer er absolutt ikkje oppskrifta på å bygge eit sosialistisk samfunn. Slik eg påstår i boka mi, The Socialist Alternative: real human development, fostrar hovudvekt på eigeninteresse trekk som kjenneteiknar kapitalisme og ikkje sosialisme.

Dette er noko Che Guevara forstod då han studerte den jugoslaviske modellen. I 1959 sa han at konkurranse mellom arbeidarane forvrengte sosialismens sjel. Og etterpå skreiv han i Man and Socialism in Cuba at ønskedraumen om at ein kan oppnå sosialisme ved å stole på vareproduksjon og individuelle materielle interesser er ei blindgate, og at «det er vanskeleg å finne ut akkurat kor du gjekk feil».

Eg synest det er ei god framstilling av det som skjedde med marknadstilpassa sjølvstyring i Jugoslavia, men i dag bør me kunne slå fast kor dei gjekk feil. Det er vesentleg å sjå kva som var positivt (både faktisk og potensielt), og kva som er problematisk med modellen. Den sosialistiske visjonen som vart eit mål i Venezuela – ideen om sosialisme som eit organisk system kjenneteikna av (a) samfunnsmessig eige av produksjonsmidla, (b) samfunnsmessig produksjon organisert av arbeidarane, og (c) produksjon for sosiale behov og formål (det Chavez kalte «den grunnleggande sosialistiske trikanten») – kan opne diskusjonen igjen på ein måte som kan

appellere til mange som er kyniske.
– I dag er Venezuela eit synonym for «sosialisme i det 21. hundreåret». Det er vel kjent at du på eit punkt i karriera di deltok i forsøket på å bygge sosialisme i Venezuela. Ut frå den erfaringa, korleis ser du på sjansane for å bygge sosialisme i periferien av kapitalismen generelt, det vil seie i den posisjonen der Serbia er i dag? Korleis ser du for deg vegen mot det målet, det vil seie kva for spesifikke verktøy må sosialistar bruke? Og for det andre, korleis ser du for deg måten ein må bygge systemet – korleis skil det seg frå såkalla «reelt eksisterande sosialisme», og kva er grunnlaget for å påstå at den nye sosialismen kan unngå dei motseiingane som førte til at «den gamle» snubla?

– Å vere i periferien er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg til å identifisere ulike samfunn. Store delar av befolkninga i Latin-Amerika lever med ein enorm nedarva fattigdom, eit enormt underskot. Effekten av nyliberal politikk frå 80-tallet, og USAs rolle i å halde oppe slike utruleg urettferdige samfunn var viktige faktorar i mobilseringa av massane mot oligarkia i dei ulike landa.

Men tilhøva i Serbia og andre delar av den europeiske periferien er ganske annleis. Desse svake økonomiane har påført arbeidarane harde slag på grunn av kapitalens forsøk på å løyse sine kriser. Men Serbia og andre land med erfaringar frå å bygge sosialisme har noko Latin-Amerika manglar – minna om tiltrekkande element i dei gamle samfunna, og rettferdskjensle og rettvise som kan bli grunnlag for å mobilisere folk. Og det er startpunktet for å svare på det kapitalistiske åtaket.

Men eg trur det er viktig å organisere grundig på grasrota, med komitear på lokalnivå slik som i den anti-fascistiske frigjøringskampen. I Venezuela er ei av dei viktigaste politiske og teoretiske nyvinningane opprettinga av nabolagsråd for grovt rekna 100–200 familiar i byområde (og 20 på landsbygda), og desse råda er det Hugo Chavez kalla «celler i den nye sosialistiske staten». I den grad du styrkar folk på lokalnivå, og folk ser desse institusjonane som kjelde for å fastlegge sine behov, då bygger du eit solidarisk samfunn som kan hindre at dere tar opp att historia.

(Intervjuet er oversatt frå engelsk fra nettsida til LINKS: http://links.org.au/node/3355 Det kan også leses på serbisk: http://pe.org.rs/osvrti/michael-a-lebowitz-socijalizam- za-21-vek/)

*Reflasjonspolitikk innebærer at staten og/eller sentralbanken fører en stimuleringspolitikk for å motvirke deflasjonstendenser, lav økonomisk vekst eller økonomisk tilbakegang. Typiske tiltak kan være å øke pengemengden, senke renten og gjøre opp statsbudsjettet med underskudd. (Torstein Dahle)

 

Ukategorisert

Stemmerett i 100 år – og enno ikkje i mål

Beatrice Halsaa er Beatrice Halsaa ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo.
Magnhild Folkvord er journalist i Klassekampen, og er aktuell med boka Fredrikke Marie Qvam Rabaldermenneske og strateg. Se omtale på side 94.
– Kvinnestemmerettsforkjemparane kravde stemmerett for kvinner på same vilkår som menn. I kva monn har stemme-retten gitt kvinner makt i samfunnet på line med menn?

– Det er fleire svar på spørsmålet. Stemmerett er ein rett blant mange rettar kvinner har kjempa for, som alle har konsekvensar for maktforhold mellom kjønn. Den må sjåast i samanheng med rett til arbeid, utdanning, pensjon og så vidare. Med stemmeretten følgjer også retten til å stilla til val. Begge delar er svært viktig. Men både nominasjonsprosessar og valordning gjer sitt til at stemmerett for kvinner ikkje er nokon garanti for at kvinner blir valde inn i folkevalde organ, seier Halsaa.

– Kva har stemmeretten gjort for endring i viktige kvinnespørsmål?

– Det ser svært ulikt ut om du ser Noreg utanfrå eller innanfrå. I eit internasjonalt perspektiv har kvinner i Noreg fantastiske livsvilkår, og Noreg blir sett opp til. Dette er dels som følgje av stemmeretten og andre politiske høve, dels på grunn av økonomisk velstand ikkje minst knytt til oljen. Men vi som ser Noreg frå innsida, er og opptekne av kva som ikkje er gjort. Det er ikkje så mykje som manglar når det gjeld formelle rettar for kvinner, men det er mykje av dårlege praksisar. Det gjer at likestillinga ikkje verkar slik mange hadde venta, seier professoren.

Politikk for likestilling

Halsaa minner om likestillingsmeldinga – Politikk for likestilling (NOU 2012:15), eit resultat av det offentlege likestillingsutvalet sitt arbeid under professor Hege Skjeie si leiing.

Skjeie-utvalet oppsummerte at den norske politiske toppleiinga er solid mannsdominert, med to unntak: regjeringa og gruppeleiarane i Stortinget. Regjeringa har i praksis vore kjønnskvotert etter 1986. Kven som er gruppeleiarar, er prega av kven som er partileiarar, og i seinare tid har det vore kvinnelege partileiarar i dei fleste partia. Men i andre topposisjonar er det ein tydeleg tendens til å vurdera menn som dei best skikka, også i lokalpolitikken. Av 429 ordførarar er 96 kvinner – etter valet i 2011. I snitt blir ei kvinne vald i to av ti tilfelle, konkluderte Skjeie-utvalet.

Ei undersøking i 2001 viste at kvinnedelen i den norske makteliten var 17 prosent. I 2011 var dette talet auka til 25 prosent. Innafor politikken var forandringa i den same perioden svært lita: frå 39 til 41 prosent.

– Dei fleste blir overraska når dei ser konkret på korleis makt blir fordelt mellom kjønna. Dei tala ein kjem fram til da, stemmer ikkje med glansbiletet av likestillingslandet Noreg, seier Halsaa.

Ho meiner biletet av Noreg som et likestillingsparadis heng saman med internasjonale likestillingsindeksar som målar likestilling på ein måte som gjer at Noreg kjem høgt samanlikna med andre land.

– Eg er einig med likestillingsutvalet i at fordeling av maktposisjonar i politikken er viktig, saman med økonomisk fordeling. Eit anna overordna spørsmål er vald mot kvinner – diskutert som sårbarhet i likestillingsutvalet. Eg veit ikkje om det har blitt mindre vald mot kvinner enn før – valdtekt, seksuell trakassering, vald i nære relasjonar – men eg veit at problemet framleis er stort. Frykta for vald rammar alle kvinner, og pregar måten foreldre oppdrar barn og unge på. Unge jenter må åtvarast om kor dei kan ferdast og korleis dei skal te seg. Det har blitt meir offentleg merksemd om dette, og mange tiltak til hjelp for dei som blir utsette for overgrep. Men framleis er trugsmålet der, og det gjer noko med kvinners rett til å røra seg fritt. Eg går til dømes ikkje åleine gjennom Slottsparken når det er mørkt – og det irriterer meg, seier Halsaa med ettertrykk.

Ho trur ikkje at likestillingslandet Noreg er betre enn andre land når det gjeld vald mot kvinner. Vi har fått mykje forsking om seksualisert vald, men har som samfunn i liten monn makta å bruka den til å førebyggja vald, noko russevaldtektene denne våren viser tydeleg.

– Kva er gjort av forsking som kan gi betre innsikt?

– Øystein Gullvåg Holter har funne ein positiv samanheng mellom likestilling i familiar og valdsbruk (sjå NOU 2012:15). Det kan gi eit visst håp på lang sikt, men det endrar ikkje situasjonen her og no.

Modige jenter

Av lyspunkt når det gjeld jenters framtid, nemner Halsaa endringar i kjønnsrollene. Ho viser til Harriet Bjerrum Nielsen og Monica Rudberg si forsking som har dokumentert at det er færre stille og forsagte jenter i skolen.

– Eg trur ikkje songen «Varför har tjejer så svaga röster?» kunne vore skriven i dag, seier Halsaa. Ho meiner det no er mange unge kvinner som har bra med sjølvtillit. Ho nemner også dei mange unge jentene og kvinnene i leiarposisjonar, både i ungdomsorganisasjonar og i fagrørsla, og kvinner på topp både i NHO og i LO.

– Men om kvinner blir leiarar, er det nokon garanti for at det blir ein annan politikk?

– Nei. Det er det ikkje. Det eine er at kvinner i liten monn har hatt del i den økonomiske makta. Og i det politiske systemet er parti og ideologisk tankegods viktigare enn kjønn når politikken skal utformast. Men det partipolitiske landskapet har likevel forflytta seg som følgje av kvinners deltaking. Tema som likestilling, likelønn, kvinnediskriminering, omsorgspermisjon, barnehagar, vald mot kvinner og seksuell trakassering har blitt politiske tema. Ein rad «kvinnespørsmål» har prega alle partia, sjølv om dei har ulike svar på kva som bør gjerast. Også mannsrolla og maskulinitet er tema for politisk debatt.

Halsaa meiner også det er viktig å hugsa at personane i politikken framleis har mykje å seia.

– Det trengst heile tida personar som står for noko og som tør å ta politiske konfliktar. Personar som Hambro, Gerhardsen og Brundtland har sett preg på norsk politikk. Enkeltmenneske som til dømes Inger Louise Valle, Kirsti Kolle Grøndahl, Mona Røkke og Astri Gjertsen har vore viktige for likestillingspolitiske reformer.

Kapitalistisk verdsøkonomi

– Skal vi vurdera maktfordelinga i samfunnet i eit større perspektiv, må vi også sjå på kva for institusjonar som pregar samfunnet i sterkast grad. Det er ikkje politikken aleine som rår. Vi lever i ein kapitalistisk verdsøkonomi, og Noreg har gitt frå seg mykje makt til internasjonale organ, slik som EU. Det ser ut til å vera solid politisk støtte til dette økonomiske systemet som legg føringar utanfor nasjonal kontroll.

Halsaa merkar seg det EØS-kritiske vedtaket på LO-kongressen som ein viktig siger for dei som vil regulera marknadskreftene meir. Men det er grenser for kor mykje politisk styring det er råd å bruka mot EUs såkalla fire fridommar – fri flyt av personar, varer, tenester og kapital. Og det er usemje også i LO om tolkinga av LO-vedtaket.

 – Er det rett å seia at marknadsøkonomien slår verre ut for kvinner enn for menn?

– I Noreg som i andre land er arbeidsmarknaden sterkt kjønnsdelt, eller segregert. Kvinner og menn arbeider i ulike sektorar og yrke. Offentleg sektor er til dømes blitt meir kvinnedominert, mens fleire store mannsyrke i privat sektor er blitt meir mannsdominerte. Menn dominerer framleis i leiarstillingar. Lønn blir fastsett gjennom forhandlingar i lønnsoppgjera, og der er det semje om at offentleg sektor ikkje skal være lønnsleiande – på grunn av marknadsøkonomiske vurderingar. Det inneber at lønnsskilnader følgjer skilje i den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Framlegget om eit løft for kvinnedominerte yrke i offentleg sektor, i form av ein kvinnepott eller likestillingspott (sjå NOU 2008:6 Kjønn og lønn) vart aldri følgt opp. Dermed slår marknadsøkonomien verre ut for kvinner.

– Noreg er innvevd i ein global økonomi, og norske kvinner og menn er med på å utnytta kvinner i andre land gjennom dei økonomiske strukturane vi inngår i. Det er eit tankekors at dess rikare vi blir, dess ivrigare ser det ut til at vi blir etter å kjøpa billege klede og andre varer produserte av folk som arbeider under elendige lønns- og arbeidsvilkår i land langt borte. Misbruk av au pair-ordninga er eit døme på konsekvensar av at kvinner i arbeid har tatt over ein mannleg modell.

Halsaa ser ingen grunn til å vera optimist når ein ser korleis folk i Noreg møter dei store utfordringane i verda.

– Eg kan ikkje sjå at dette blir tatt på alvor av institusjonar og personar med makt til å setja i verk tiltak. På 1970- og 1980-talet var det tendensar til økofeminisme, og ei viss mobilisering kring omgrepet berekraft. No ser dette ut til å vera noko som framfor alt går føre seg på individnivå. I dette perspektivet har ikkje kvinnestemmeretten gitt oss mykje nytt av verdi eller ført til betre praksisar.

Patriarkatet lever

– Er full kjønnsbalanse i politikken ei realistisk målsetting?

– Det er ei rimeleg målsetting, og eg ser ingen grunn til at det ikkje skulle vera eit mål. Men vi skal ikkje bruka den talmessige fordelinga som absolutt mål for kvinners rettigheiter. Eg trur ei jamnare fordeling av posisjonar i politikken vil komma, mellom anna fordi kvinner har god utdanning og andre ressursar, men eg veit ikkje når. Eg trur med andre ord ikkje likestillingsutviklinga på dette feltet vil snu. Men om kvinner skal få meir makt, må menn gi frå seg makt, heilt konkrete maktposisjonar, og det er ikkje gjort over natta. Og balanse i politikken borgar ikkje for kjønnsbalanse i andre institusjonar. Ser ein på kunstfeltet, til dømes, er ikkje kvinner i nærleiken av balanse.

– Stortingsdebatten på 1890-talet kan tyda på at stortingsrepresentantane den gongen var meir redde for kjønnsmessige enn for klassemessige endringar i maktfordelinga – det var lettare å få til allmenn stemmerett for alle menn utan omsyn til skatteevne, enn i det heile å gi kvinner stemmerett. Korleis ser dette ut i dag?

– Den gongen var det eit større prinsipielt sprang å anerkjenna at kvinner var menneske på lik line med menn – menneske med fulle rettar – enn det var å anerkjenna at menn i arbeidarklassen var menneske med same rettar som menn frå borgarskapet hadde. I dag er det omvendt – det er lett å snakka om kjønn og om likestilling mellom kjønn – som mange trur er ein realitet, men det er vanskelegare å snakka om klasse og om maktforhold mellom klasser. Som om økonomisk ulikskap er meir abstrakt?

– Dei mest patriarkalske på 1890-talet argumenterte
som om politisk makt til kvinner var
eit trugsmål mot samfunnet. Slik snakkar ingen
i dag, men er det likevel noko att av ei meir eller
mindre irrasjonell mannsmakt som set grenser for
kvinners makt?

– Ja, sjølv om kvinner har vunne sin rett til å delta i politiske institusjonar, er det framleis døme på at dei blir vurderte etter andre standardar enn menn. Sjølv om ingen snakkar om at kvinner med makt er eit trugsmål mot samfunnet, kan det fortsatt vere mange som meiner det, særleg er kvinner med ein tydeleg feministisk identitet utsette. Dei harde åtaka mot feministar som uttaler seg i media er eit døme. Seksuell trakassering set grensar for kvinners makt, usynleggjeringa av kvinnelege kunstnarar i galleri og museum er eit anna; mangel på anerkjenning av kvinner som religiøse leiarar er eit tredje døme på at det er mannsmakt som rår i mange institusjonar.

Humaniteten og demokratiet

– Kva må til for å mobilisera kvinner til å bruka stemmeretten i større monn no til dags?

– Det er viktig å følgja med på, og engasjera seg i nominasjonsprosessane i partia, dei avgjer kven det vil vera mogeleg å stemma på. Generelt er det ein fallande tendens i oppslutninga om etablerte kanalar for politisk deltaking, det gjeld ikkje berre Noreg. Det er ingen grunn til å tru at partia slik vi kjenner dei i dag skal vara evig, vi må rekna med at dei politiske kanalane endrar seg over tid både i form og innhald. Men om vi finn andre måtar for å få fram meiningsytringar på, som kan sikra mangfald og representativt demokrati i same grad som partia gjer, det veit vi ikkje, seier professoren.

Ho minner om at i gode tider, når dei fleste har det trygt og rimeleg bra økonomisk, kan det vera ein tendens til å slappa av i forhold til demokratiske pliktar, det kan sjå ut til at det ikkje er så mykje ein treng å slåst for, og så lar ein vere å engasjera seg.

– Spørsmålet er korleis dette endrar seg når eit land blir utsett for økonomisk krise. Førebels gjeld ikkje det Noreg. Men kor godt skodd er vi til å møta slike endringar? Kor mykje solidaritet greier vi å ta vare på? Kanskje må vi bu oss betre på å slåst for humaniteten og demokratiet, seier Halsaa.

 

Ukategorisert

To amerikanske helter (leder)

Avatar photo
Av

Redaksjonen

Redaksjonen består av: Ingrid Baltzersen (ansvarlig redaktør), Yngve Heiret og Daniel Vernegg (bokredaksjon), Anja Rolland (nettansvarlig), Erik Ness, Jokke Fjeldstad, Stian Bragtvedt, Kari Celius, Unni Kjærnes, Mathias Bismo, Per Medby, Peder Østring, Hannah Eline Ander, Emil Øversveen, Tore Linné Eriksen, og Tonje Lysfjord Sommerli

Bradley Manning ble dømt for lekkasjene til Wikileaks. En merkelig historie siden det han lekket, er brudd på demokratiske spilleregler og dokumentasjon på USAs drap på åpen gate, blant annet av en Reuterjournalist.

Edward Snowden oppholder seg nå, paradoksalt nok i Russland, som i likhet med USA heller ikke er så nøye med å respektere menneskerettighetene.

Da han søkte Norge, fikk han umiddelbart avslag. Dette illustrerer den vedvarende norsk underdanigheten overfor verdens supermakt, og en dobbeltmoralsk holdning til praktiseringen av menneskerettighetene.

Overvåkningen av norske borgere gjennom det avslørte PRISM-programmet til NSA krenker norsk suverenitet.

Den politiske støtten og forsvaret av menneskerettighetene er det eneste som kan dempe USA, litt.