Den jugoslaviske (eller «sør-slaviske») løysinga på det «nasjonale spørsmålet» i denne sørausteuropeiske regionen har alltid vore skjør. «Å feile … i å halde ved lag den (sameinte, føderale) staten … var alltid mauleg gjennom heile statens historie», skriv Lenard Cohen og Paul Warwick. Kroatia, Bosnia-Hercegovina, og Kosovo – dei tri blodigaste områda på 1990-tallet – hadde alle vore «område med høg etnisk oppdeling» og «vedvarande sentra for politisk kriminalitet». I den korte historia til Jugoslavia «var etnisk einskap meir eit påfunn i partierklæringane, aktivt ombytte av menneske, og institusjonell reorganisering, enn eit resultat av ekte politisk utvikling eller forbetra samhald mellom dei ulike delane av befolkninga.» [4]
Det skrøpelege byggverket vart halde saman av Titos styre, saman med vestleg støtte til det uavhengige Jugoslavia i eit elles Sovjet-dominert område. Titos død i 1980 løsna den autoritære sementen. Kollapsen til Sovjet-blokka eit tiår seinare tok frå Jugoslavia støtta frå Vesten som sameina stat. Som den siste USA-ambassadøren til Jugoslavia skal ha instruert Beograd då han kom i april 1989: «Jugoslavia kunne ikkje lenger glede seg over den geopolitiske tyngda Sambandsstatane hadde gitt dei under den kalde krigen.» [5]
Økonomien i Jugoslavia hadde store problem på 1980-tallet. Arbeidsløysa var faretruande høg og stabil. Regional ulikskap var framleis regelen. Inntekta per hovud i Slovenia var seint på 1980-tallet minst det doble av snittet for Jugoslavia som eit heile, i Kroatia var han meir enn ein firedel høgare, og i sjølve Serbia grovt rekna likt snittet. Men Montenegro hadde bare 74 prosent av snittet i Jugoslavia, Bosnia-Hercegovina 68 prosent, Makedonia 63 prosent, og Kosovo 27 prosent. [6] Kva meir er, lånte Jugoslavia tungt utanlands på 1970-tallet, og landet samla på seg stor utanlandsgjeld opp i heile 19,7 milliardar dollar i 1989. [7] Med hyperinflasjon rasande opp til meir enn 1 000 prosent det same året, [8] vart Jugoslavia pressa av IMF til å gjennomføre ein klassisk «sjokkterapi» som trua solidariteten i befolkninga.
Økonomisk nedgang vart følgt av minska tillit til det føderale systemet og veksande utfordringar frå republikkane. Men som Susan Woodward merkar seg, var det ikkje «dei arbeidslause men dei med arbeid som frykta arbeidsløyse» som tok føringa, og dei med eigedom som frykta «dei ville tape verdiar og status». Det var i dei to rikaste republikkane i nordvest, Slovenia og Kroatia, men særleg i Slovenia at framstøyten for autonomi klarast fekk eit anti-føderalt uttrykk. [9] Sjølv om mindre enn 30 prosent av befolkninga i Jugoslavia budde i Slovenia og Kroatia, stod dei for halvparten av den føderale skatteinngangen – før dei stansa å betale skatten. Dei raste opent mot desse pliktane. Dei lengta etter nærmare band til Vest-Europa, og gjorde opprør. [10]
I det Robert Hayden kallar den «nye overherredømmedoktrina for republikken» midtsommars 1989, avviste Slovenia føderasjonen. Det vart gjort framlegg om tillegg til grunnlova i Slovenia som kolliderte med den tilsvarande føderale. Blant dei var eit berykta tillegg som definerte «Slovenia» som «staten til den suverene slovenske nasjonen» – ei endring som avisa Borba (Beograd) på leiarplass hevda ville «dele Jugoslavia». I februar 1990 felte konstitusjonsdomstolen (eit føderalt organ) dom i disfavør av påstanden frå Slovenia om at lovene til republikken stod over dei føderale. Det inkluderte «spørsmålet om utskilling» som retten sa «bare kunne avgjørast i fellesskap av alle republikkane.» Retten slo au fast «at presidentskapen i Jugoslavia ville ha både rett og plikt til å erklære unntakstilstand i Slovenia om større fare trua eksistensen til eller den konstitusjonelle ordninga i republikken, fordi slike tilstander au ville true heile landet». Slovenia «forkasta rettens jurisdiksjon», legg Hayden til.
I april 1990 heldt både Slovenia og Kroatia dei første fleirpartivala i Jugoslavia sidan seint på 1930-tallet. Ein koalisjon av seks parti kalla DEMOS som gjekk til val på sjølvstende fekk 55 prosent av røystene i Slovenia. I Kroatia fekk den høglytt nasjonalistiske og separatistiske Kroatiske Demokratiske Unionen (CDU) til Franjo Tudjman 70 prosent. Nyhetsmeldingane viste veksten i nasjonalistisk politikk i Slovenia og Kroatia, saman med markante drag med etnisk sjåvinisme som skilte desse vestleggjorte republikkane frå dei andre mindre utvikla partane. Hayden merkar seg at det slovenske parlamentet 2. juli 1990 erklærte Slovenias «fullstendige suverenitet» og at «republikkens lover stod over dei til føderasjonen». Så 25. juli gjorde det kroatiske parlamentet likeins, og gjorde Kroatia til «ein politisk og økonomisk suveren stat» (Tudjman). Til sist i september – framleis tri månader før dei eigne vala i republikken, der Milosevic fekk 65 prosent på ei plattform om å bevare Jugoslavia, i eksplisitt opposisjon til separatistpartia som hadde komme til makta i Slovenia og Kroatia, og som skulle bli slått grundig i Serbia – vedtok Serbia ei ny grunnlov som på same vis gjorde eigne lover overordna føderale institusjonar. «Om slovenarane kan gjøre det, så kan me», sa eit medlem av den serbiske presidentskapen. Med desse utfordringane til den føderale autoriteten frå alle dei tri mektigaste republikkane, så var «samanbrotet til den Jugoslaviske staten uunngåeleg», konkluderer Hayden. [11]
I kontrast til den vanlege framstillinga er det klart at dei nasjonalistiske kreftene på den tida var sterkare i Slovenia og Kroatia enn i Serbia. Den avgjørande historieskapande skilnaden er at dei nasjonalistiske partia som vann aprilvala i 1990 i Slovenia og Kroatia samtidig vedtok separatistiske program. Ikkje bare utfordra dei føderale institusjonar som eit heile, dei freista au kutte banda til dei – dei siste verkelege banda som var igjen frå Tito-æraen.
Hadde vestlege makter støtta den føderale staten, kunne Jugoslavia halde saman – men det gjorde dei ikkje. I staden for oppmuntra dei Slovenia, Kroatia, og seinare Bosnia-Hercegovina til å gå ut, dei insisterte au på at den føderale staten ikkje måtte bruke makt for å hindre det. Diana Johnstone minnest eit møte i januar 1991 i Beograd mellom USAs ambassadør og Borisav Jovic, ein serbar som sat i den kollektive presidentskapen i Jugoslavia. «Sambandsstatane vil ikkje godta nokon form for maktbruk for å avvæpne dei paramilitære», fekk Jovic vite. «Bare ’fredelege’ middel var akseptable for Washington. Sambandsstatane forbaud den jugoslaviske hæren å bruke makt for å bevare føderasjonen, det betydde at dei ikkje kunne hindre at føderasjonen blei løyst opp med makt» [12] – ei forunderleg pålegg til ein suveren stat. Liknande åtvaringar vart au kommunisert frå EU. Me kan freiste førestille oss korleis Sambandsstatane ville sjå ut i dag om dei problema dei stod framfor i den føderale strukturen i 1860 og retten til delstatane hadde vore handtert på like skadeleg vis av mykje sterkare utanlandske makter.
Kjerna i dei mange borgarkrigane var heile tida eit enkelt spørsmål: I kva for stat ønskar folket i Jugoslavia å leve – i SFRY eller ein etterfølgarstat? [13] Men for ganske mange jugoslavar var svaret dei vart tvinga på utanfrå, motsett av deira eige ønske, og motsett av den jugoslaviske konstitusjonen. Ein av måtane det vart gjort på, var EUs utnemning av ein meklingskommisjon i september 1991 – Badinter-kommisjonen – for å vurdere lovspørsmål i tvistane i Jugoslavia. Arbeidet til kommisjonen gav «ein pseudo-legalt glans til det opportunistiske samtykket [frå EU] til den øydelegginga av Jugoslavia Tyskland hadde kravd», skriv Diana Johnstone. [14] På alle hovudsakene den serbiske republikken stilte spørsmål ved, gjekk kommisjonen mot Serbia. Jugoslavia «var i ein oppløysingsprosess», sa den berykta Rapport nr 1 frå kommisjonen då det vart offentleggjort 7. desember 1991. På same vis meinte Rapport nr 2 at «den serbiske befolkninga i Kroatia og Bosnia-Hercegovina … (har ikkje) rett til sjølvstyre», sjølv om dei «har alle rettar minoritetar og etniske grupper har etter internasjonal lov…» Og Rapport nr 3 erklærte at «dei (tidlegare) interne grensene mellom Kroatia og Serbia og mellom Bosnia-Hercegovina og Serbia… (har) blitt grenser beskytta av internasjonal lov». [15] Verdt å legge merke til godkjenner kommisjonen republikkane retten til å gå ut frå tidlegare Jugoslavia, og slik gav dei sjølvbestemmelsesretten til dei administrative delane av tidlegare Jugoslavia, men kommisjonen tok sjølvbestemmelsesretten frå folka i Jugoslavia, og slik nekta dei tilsvarande rettar til dei nye minoritetane som no var stranda i utbrytarrepublikkane. Utbrytarrepublikkane sjølve kunne bli velsigna med utanlandsk godkjenning, eller som Serbia og Montenegro i resten av tiåret, kunne godkjenninga haldast tilbake, og folka der reelt sett bli overlatt som statslause.
Frå eit konfliktløysingsstandpunkt var dette katastrofale avgjerder, ettersom republikkane hadde vore administrative einingar innanfor Jugoslavia, og tri av dei (Kroatia, Bosnia-Hercegovina og Serbia) hadde store etniske minoritetar som gjekk sterkt mot grunnlaget Jugoslavia vart oppløyst på, og som hadde vore i stand til å leve saman relativt fredeleg på grunnlag av at rettane deira var garanterte av ein mektig føderal stat. Når først dei føderale garantiane var fjerna, var det provoserande å nekte folk retten til å velje kva for etterfølgarstat dei ønska bu i; og di meir etnisk miksa ein republikk eller jamvel kommune var, di meir provoserande var kravet utanfrå om at dei gamle interne republikkgrensene var ukrenkelege. [16] Men Badinter-kommisjonens avgjerder var heilt fornuftige ut frå ein heilt anna synsvinkel: Det å skissere opp ei ramme for avviklinga av Jugoslavia som var i samsvar med krava frå utbrytarkreftene i Slovenia, Kroatia, og Bosnia-Hercegovina og deira vestlege støttespelarar, mens dei ignorerte rettane (og ønskene) til dei eksisterande «nasjonane» som var spesifiserte i den Jugoslaviske grunnlova, og rettferdiggjorde utanlandsk innblanding i borgarkrigane som forsvar for dei nyleg sjølvstendige statane.
Særleg Tyskland oppmuntra Slovenia og Kroatia til å bryte ut, noko dei gjorde 25. juni 1991. Formell godkjenning fekk dei 23. desember, på dagen eitt år etter at 94,5 prosent av slovenarane hadde slutta seg til sjølvstende i ei folkerøysting. Godkjenning frå EU følgde 15. januar 1992, og frå USA tidleg i april, då Washington godkjente Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina på ein gong. Enno meir provoserande – mens FN gav alle tri utbrytarrepublikkane medlemskap 22. mai, heldt dei tilbake godkjenninga av etterfølgarstaten til det avvikla Jugoslavia i nye åtte og eit halvt år. Den føderale republikken Jugoslavia, sett saman av Serbia og Montenegro, ofte omtalt som «rest»-Jugoslavia, fekk ikkje medlemskap før 1. november 2000, nesten fire veker etter arrestasjonen av Milosevic. Med andre ord, dei to republikkane i SFRY – som sjølv var ein av grunnleggarane av FN – som avviste avviklinga av den føderale staten, hadde sjølv blitt fråtatt retten til å følge etter SFRY så vel som å ta over medlemskapen i FN i innpå eit tiår. På dette høgste nivået for det «internasjonale samfunnet», vil det vere vanskeleg å finne eit meir ekstremt tilfelle av realpolitikk sett ut i livet, men det var ein realpolitikk som garanterte eit valdeleg resultat – og utbytte til seierherren.
Sambandsstatane byrja ein langt meir agressiv politikk mot Jugoslavia i 1993, der Washington ivrig freista å redifinere NATOs oppgaver og å utvide NATO austover. I leitinga etter ein vasall blant dei stridande, bestemte Washington seg for dei bosniske muslimane og Alija Izetbegovic. For å nå desse måla saboterte Clinton-administrasjonen ei rekke fredsforsøk mellom 1993 og Dayton-avtalen frå 1995. [17] Dei oppmuntra dei bosniske muslimane til å avvise alle busettingar til dei hadde forbetra den militære stillinga si; dei hjalp til å væpne og trene muslimane og kroatane for å endre styrkeforholdet mellom partane; [18] og endte opp i Dayton med ein avtale som påførte dei krigførande vilkår som kunne vore på plass alt i 1992, bortsett frå eitt manglande ledd: Eit vestleg-styrt nykolonialt regime, heilt og fullt med NATO som militær handhevar, var ikkje mauleg i 1992. [19] I det tolvte året etter Dayton er Bosnia framleis okkupert av utanlandske styrkar, sterkt oppdelt, udemokratisk, og på alle måtar ein mislykka stat. [20]
Ein liknande prosess gjekk føre seg i Kosovo, der ei etnisk albansk sjølvstenderørsle blei tatt over av ein ultranasjonalistisk fløy, Kosovo Liberation Army (KLA), der leiarane på same vis som dei bosniske muslimane snart forsto at dei kunne sikre seg støtte frå Sambandsstatane og NATO og militær intervensjon ved å provosere fram vald frå jugoslaviske styresmakter og å melde desse hendingane til rett adresse. I året før NATOs 78-dagars bombing våren 1999 var «KLA derfor ansvarleg for fleire dødsfall i Kosovo enn dei jugoslaviske styresmaktene hadde stått for», sa den britiske forsvarsministeren George Robertson til det engelske parlamentet. [21] På same vis som dei bosnisk-muslimske og kroatiske styrkane før storoffensivane våren og sommaren 1995 fekk KLA hemmeleg trening og forsyningar frå Clinton-administrasjonen, [22] ein godt bevart løyndom for folk i Vesten som den gongen fekk meldingar om «dei villige bødlane til Milosevic» som marsjerte for å gjennomføre folkemord i Kosovo.
I prinsipielle spørsmål har verken EU eller Sambandsstatane vore konsekvente når det gjeld retten til å bryte ut. I 1991–92 oppmuntra dei republikkane Slovenia, Kroatia og Bosnia-Hercegovina til å bryte ut av Jugoslavia. Den føderale staten vart nekta å bruke makt til å hindre dei i å gjøre det, og folk som budde innanfor desse republikkane, fekk lov å bryte ut av dei. Og så seint som i juni 2006, aksepterte EU, Sambandsstatane og FN Montenegros rett til å bryte med sin serbiske partnar; og etter det har FNs spesialutsending til Kosovo Martti Ahtisaari støtta at den serbiske provinsen Kosovo har rett til å bryte ut av Serbia ein gong for alle – «for å bli overvaka av det internasjonale samfunnet i ein startperiode». Mens han har kalla det NATO-okkuperte Kosovo «eit unikt tilfelle som krev ei unik løysing», har Ahtisaari forsikra at Kosovo ikkje vil «skape presedens for andre uløyste konfliktar». Med resolusjon 1244, seier Ahtisaari, «gav Tryggingsrådet svar på handlingane til Milosevic i Kosovo ved å nekte Serbia å delta i styringa, sette Kosovo midlertidig under FN-administrasjon og skisserte ein politisk prosess som skulle fastlegge framtida til Kosovo. Alle desse faktorane tilsaman gjør tilfellet Kosovo ekstraordinært». [23]
FNs spesialutsending er grundig ført bak lyset. Kosovo er ein NATO-okkupert provins sør i Serbia, etter NATOs ulovlege krig våren 1999. Kosovos status burde ikkje vere annleis enn Kuwaits 3. august 1990: Det er eit territorium som er hærtatt i strid med FN-charteret, og sjølvstendet til området skulle framfor alt bety at Serbia fekk tilbake suvereniteten. Men som med dei etterfølgande krigane og okkupasjonane Sambandsstatane gjennomførte i Afghanistan og Irak, så fordømte Tryggingsrådet verken NATOs aggresjon i 1999 eller kravde tiltak for å bøte på det – av den enkle grunn at tri av dei fem faste medlemmene i rådet stod bak det. Og i 2007 viser ikkje FNs spesialutsending den minste interesse for at Serbia gjekk til fredsforhandlingar som ein pressa erobra stat. I staden for å kreve at NATO skulle gi provinsen tilbake til landet han blei erobra frå, så ikkje bare aksepterer FN aggresjonen som eit fait accompli, men seier au han er legitim av «humanitære» årsaker. Ahtisaaris løysing er eit døme på «maktpolitikk gjennom mellommenn». [24] Det einaste «ekstraordinære» er kva for statar som starta krigen. (Om bløffen med den «humanitære» årsaka til NATOs krig, og dei inhumane verknadene av både krigen og okkupasjonen, sjå del 9 og 10.)
I sum gjekk Sambandsstatane og NATO inn i stridane i Jugoslavia svært tidleg, og var ytre nøkkelfaktorar i å starte etnisk reinsing, i å halde ho gåande, og i å arbeide fram mot ei valdeleg løysing på konfliktane som ville sørge for at Sambandsstatane og NATO framleis var viktige i Europa, og for å sikre NATO ei dominerande rolle på Balkan.
Notar:
4. Lenard Cohen og Paul Warwick, Political Cohesion in a Fragile Mosaic (Boulder: Westview Press, 1983), spesielt kap. 7; her 1; 152; 157.
5. Warren Zimmermann, «The Last Ambassador», Foreign Affairs, mars/april 1995.
6. Dijana Plestina, Regional Development in Communist Yugoslavia (Boulder: Westview Press, 1992), tabell 6.1, 180. For å sjå kva talla representerer, sjå note 9, xxvii.
7.World Development Report 1991 (New York: Oxford University Press, 1991), tabell 21, «Total external debt»,245.
8. Susan L. Woodward, Balkan Tragedy (Washington, D.C.: Brookings Institution, 1995), spesielt figur 3.3, 54.
9. Susan L. Woodward, Socialist Unemployment (Princeton: Princeton University Press, 1995), spesielt 345-70, her 361. Sjå au «Unemployment Rate by Republic or Province», 384.
10. Som Dijana Plestina oppsummerer studien sin: «(Ø)konomisk regionalisme, det å vere opptatt av dei økonomiske interessene til sin eigen region, forklarer betre enn nokon annan faktor dei mislykka forsøka til det sosialistiske reimet I Jugoslavia på å minske økonomisk ulikskap mellom regionane.» Regional Development in Communist Yugoslavia, 173. Ho legg til at i 1990 hadde skilnaden i inntekt per capita mellom Slovenia og Kosovo nådd så høgt som 8:1.
11. Robert M. Hayden, Blueprints for a House Divided (Ann Arbor: University of Michigan Press, 1999), 27–52.
12. Diana Johnstone, Fools’ Crusade (New York: Monthly Review Press, 2002), 24.
13. Logikken i den konstitusjonelle krisa som leia fram til den valdelege oppløysinga av Jugoslavia, er best eksemplifisert med den ofte siterte, ofte feilframstilte og kanskje forfalska ironiske kommentaren tillagt ein makedonsk politikar:”Korfor skal eg vere i minoritet i din stat når du kan vere ein minoritet i min?”
14. Johnstone, Fools’ Crusade, 36-40.
15. Kanskje er rapporten frå Meklingskommisjonen (eller Badinter-kommisjonen) lettast tilgjengeleg i dei elektroniske arkiva til European Journal of International Law 3, no. 1 (1992), og 4, no. 1 (1993), http:// www.ejil.org.
16. I følge den jugoslaviske folketellinga i 1981, var 90,5 prosent av den slovenske befolkninga på 22,4 mill. slovenarar; det var 85,4 prosent serbarar i Serbia; 75,1 prosent kroatar i Kroatia og 11,5 prosent serbarar; 68,5 prosent montegrinarar i Montenegro; 67 prosent makedonarar i Makedonia; og i Bosnia-Herzegovina 39,5 prosent muslimar, 32 prosent serbarar, og 18,4 prosent kroatar. Den autonome regionen Kosovo hadde 77,4 prosent albanarar; og Vojvodina 54,4 prosent serbarar og 19 prosent ungarar.Sjå Cohen og Warwick «Political Cohesion in a Fragile Mosaic», appendix A, «The Ethnic Composition of Yugoslavia», tabell A.1, 164.
17. Sjå dei uvurderlege memoarane til David Owen Balkan Odyssey, (New York: Harcourt Brace and Company, 1995).
18. Om hemmeleg hjelp til dei kroatiske og muslimske styrkane, sjå rapporten frå Komiteen for internasjonale tilhøve (også kjent som «Iranian Green Light Subcommittee») den endelege rapporten frå øvste underkomite som granska USAs rolle i iranske våpenleveransar til Kroatia og Bosnia, Representanthuset i USA (Washington, D.C.: U.S. Government Printing Office, 1997); og Cees Wiebes,Intelligence and the War in Bosnia, 1992–1995 (London: Lit Verlag, 2003), særleg 157–218.
19. NATO var den einaste militære handhevaren av Dayton-avtalen frå januar 1996 til desember 2005, då dei fekk følge av EUFOR, European Union Force.
20. Sjå David Chandler, Bosnia (Sterling, VI: Pluto Press, 1999); David Chandler, Empire in Denial (Ann Arbor: Pluto Press, 2006).
21. George Robertson, Testimony before the Select Committee on Defense, U.K. House of Commons, 24. mars 1999, pkt. 391.
22.Om hemmeleg hjelp til KLA, sjå td Ian Bruce, «Serbs used CIA phone to call in convoy raid», The Herald (Glasgow), 19. april 1999; Tom Walker & Aidan Laverty, «CIA aided Kosovo guerrilla army», Sunday Times, 12. mars 2000; «NATO Faces Combat With KLA Forces Which the US Trained and Armed», Defense and Foreign Affairs Strategic Policy, februar 2001; Peter Beaumont og andre, «‘CIA’s bastard army ran riot in Balkans», The Observer, 11. mars 2001; James Bissett, «We created a monster», Toronto Globe and Mail, 31. juli 2001.
23. Martti Ahtisaari, Report of the Special Envoy of the Secretary-General on Kosovo’s future status (S/2007/168), 26. mars 2007, pkt. 5; pkt. 15.
24. Sjå Johan Galtung og andre, «Ahtisaari’s Kosovo proposal», Transnational Foundation for Peace and Future Research, 11. mai 2007.