Russland, tilbake til gammal stordom? (Økonomi)

Av Vladimir Popov

2007-04

Å vere ein stat inneber at offentlege styresmakter har monopol på minst tri område: valdsbruk, skatteinnkreving, og å lage pengar. Alle tri monopol vart underminerte i Russland på 1990-tallet, i ein slik grad at sjølve eksistensen til staten stod i fare.

 

Vladimir Popov er russisk økonom. Han har mellom anna skrive boka Three drops of water (2002) om Kina.
Denne artikkelen heiter på engelsk «Russia Redux?», og han stod første gong i New Left Review 44.
Han er omsett til norsk av Gunnar Danielsen.
Les også svaret til Tony Wood.


Våren 2008 vil Russland få ny president og nytt parlament. Jamvel om Putins popularitet er ekstremt høg – om det var val i morgon, ville han vinne i første runde med over 50 % av røystene – så hindrar grunnlova han i å ta ein tredje periode. Det har vore mykje diskusjon i pressa om kven som kan ta over etter han – Dimitri Medvedev, første visestatsminister, blir oftast nemnd – men det er liten tvil om at Putin sjølv vil peike ut etterfølgjaren sin. Det er til og med mauleg at Putin held fram som leiar for det herskande partiet, leiar for regjeringa, eller begge. Overføringa av makta vil dermed sannsynlegvis gå glatt, og kontinuiteten til det noverande regimet vere sikra. Men ei gransking av dei sosiale og økonomiske tilhøva i Russland avslører ei rad med problem som etterfølgaren til Putin vil arve, og stille han framfor vanskelege oppgaver.

Etter å ha mista 45 % av produksjonen i åra 1989–1998, byrja den russiske økonomien å vekse frå 1999: BNP voks med 6 % det året, 10 % i 2000, og 4–7 % i 2001–2006. Hovudstimulansen bak kom frå devalueringa av rubelen i 1998, og seinare frå høgare prisar på verdsmarknaden på olje og gass (figur 1); men Putin kan i det minste krediterast for ikkje ha øydelagt denna veksten. Inflasjonen fall frå 84 % i 1998; då prisane bråsteig etter valutakrisa i august 1998 og devalueringa av rubelen; til 10–12 % i 2004–2006.

Samanlikna med andre land er ikkje dei russiske resultata så imponerande. Mange andre tidlegare sovjetrepublikkar – Aserbajdsjan, Kviterussland, Estland, Kasakhstan, Latvia, Litauen, Turkmenistan, Usbekistan, og ifølgje enkelte vurderingar Armenia – nådde eller passerte verdiskapinga frå før tilbakegangen (1989) i 2006, mens Russlands BNP framleis bare var 85 % av 1989-nivået (figur 2). Russlands Human Development Index (som tar omsyn ikkje bare til BNP per hovud, men venta livslengd og utdanningsnivå) er framleis lågare enn den frå Sovjetunionen, og ligg jamvel under Cubas, der venta livslengd er 77 år, mot 65 i Russland. Kina, med venta livslengd på 72, nærmar seg Russlands HDI-plassering raskt (figur 3).

Men Russland er i det minste meir stabilt i dag enn i dei urolege 1990-åra. Statsbudsjettet har gått frå underskott til overskott, nedgangen i statlege inntekter og utgifter vart stoppa (figur 4), offentleg gjeld både innanlands og utanlands har minka (figur 5), og utanlandske valutareservar auka til over 250 milliardar dollar ved utgangen av 2006 (figur 6). I 2004 laga regjeringa eit stabiliseringsfond for ikkje-budsjettert profitt frå drivstoffeksport; sommaren 2006 var det over 80 milliardar dollar i fondet. Men mange analytikarar har peika på at med veksten i drivstoffprisane på verdsmarknaden dei siste åra kunne ein venta akselerert økonomisk vekst framfor den nedgangen som faktisk skjedde i 2001–2006 samanlikna med 2000.

Grunnen til lågare veksttakt i 2001–2006 var overvurderinga av den reelle valutakursen (figur 6) – den typiske hollandske sjuka (forklaring 1) som Russland utvikla nok ein gong. Første gongen var i 1995–1998, då det førte til valutakrisa i august 1998, og no ser det ut til at historia gjentar seg sjølv. Optimistar meiner at Russland ulikt 1998 no har store reservar av utanlandsk valuta (over 250 milliardar dollar), men pessimistar peikar på at om oljeprisane fell og kapitalen byrjar flykte med 5 milliardar dollar i veka, som han gjorde i august 1998, då ville reservane bli tømt svært raskt. Ei framtidig devaluering kan enten ta form av ei valutakrise eller ei «mjuk landing», men det er liten tvil om at ho vil komme til slutt.

I tillegg er den noverande veksten ikkje basert på fast grunn: lønningar og inntekter dei siste åra har systematisk vakse raskare enn produktiviteten (figur 7), slik at forbruket sin del av BNP har vakse på kostnad av investeringane. Som resultat, mens privat og offentleg konsum i Russland alt har overstige nivået frå før tilbakegangen, så ligg investeringane framleis under 40 % av nivået dei siste åra Sovjetunionen eksisterte (figur 8). Den totale sparinga i Russland er høg – over 30 % av BNP – men dei har blitt kanalisert via straumen av privat kapital og akkumuleringa av utanlandsreservar; dei totale investeringane når derfor bare snaue 20 % av BNP.

Det er ein annan viktig brist i den noverande veksten: regjeringa har ikkje brukt ikkje-budsjetterte inntekter frå olje- og gasseksport i 2000–2006 til å reparere alvorleg skadde statlege institusjonar eller til å bygge opp att viktige allmenne gode, slik som lov og orden, utdanning og helsestell. I staden har regjeringa senka skattane, og dermed tillatt profittane frå naturressursane å hope seg opp som privat- og forretningsinntekt, og har samla opp eit budsjettoverskott. Statens utgifter som del av BNP har knapt auka i det heile tatt, men står på det ekstremt låge nivået frå 1999 – mindre enn halvparten av nivået frå Sovjetunionen (figur 4).

Sosiale utviklingstendensar

Den uunngåelege labiliteten dei kommande åra vil påverke den politiske og sosiale utviklinga sterkt, men kanskje meir yteevna til statlege institusjonar. Ein sterk, effektiv stat har makt til å gjennomføre sine lover og reglar, same kva dei måtte vere. Tallet på brotsverk og mord og storleiken på den svarte økonomien er naturlege mål på styrken i dei statlege institusjonane. Sterke statar kan vere meir eller mindre demokratiske: både Kina og sentraleuropeiske land, med mordratar på omlag 2 per 100.000 innbyggarar, har ein sterkare stat enn Russland, med rundt 25–30 mord per 100.000.

Å vere ein stat inneber at offentlege styresmakter har monopol på minst tri område: valdsbruk, skatteinnkreving, og å lage pengar. Alle tri monopol vart underminerte i Russland på 1990-tallet, i ein slik grad at sjølve eksistensen til staten stod i fare. Fiaskoen til regjeringa blei omfattande og mykje meir synleg enn fiaskoane i marknaden. I 1998, like før valutakrisa, var betalingssystemet i ferd med å bryte saman: byttehandelen var over 50 % av dei totale transaksjonane og selskapa samla seg gjeld (handel, skatt og lønnsforsinkingar), låg etter med betalingar til det offentlege, partnarane og dei tilsette. Etter at den økonomiske veksten tok seg opp att i oktober 1998, forsvann manglande betaling og byttehandel raskt, men det finst ingen garanti for at det ikkje vil dukke opp att om styresmaktene grip til stram pengepolitikk.

Skatteinngangen auka litt etter å ha falle dramatisk i 1992–1998 (figur 4), men mest fordi veksten tok seg opp att, og ikkje pga betre skattemoral. Regjeringa har ikkje blitt meir dugande dei siste åra: ulike mål for korrupsjon, styringseffektivitet og i kva grad staten er i stand til å handheve lovverket, som uunngåeleg blir subjektive, er samstemte om at det manglar tydeleg framgang (figur 9–12). Låg pengebruk totalt betyr at staten ganske enkelt ikkje kan sørge for nok offentlege gode.

Men verst av alt er at omfanget og forma på kriminaliteten i Russland framleis er omfattande. Brotsraten steig gradvis i Sovjetunionen frå midten av 1960-tallet, men etter samanbrotet til USSR steig han til ukjende høgder – på få år vart tallet på brotsverk og mord dobla, og var likt med eller verre enn dei høgaste i verda (figur 13) (forklaring 2). Midt på 1990-tallet var tallet på mord 30 per 100.000 innbyggarar, mot 1–2 i Vest- og Aust-Europa, Canada, Kina, Japan, Mauritius og Israel. Bare to land (ikkje medrekna nokre krigsherja statar i utviklingslanda, der det likevel ikkje finst statistikk å stole på) hadde høgare mordrate – Sør-Afrika og Colombia – mens Brasil og Mexico har 50 % lågare tall enn Russland. Jamvel mordraten i USA, den høgaste i utvikla land – 6–7 personar per 100.000 – bleiknar mot dei russiske talla.

Når mordraten når 40–50 per 100.000, slik han gjorde i Colombia på 1990-tallet, står landet framfor eit fullstendig samanbrot i den autoriteten staten har, og oppløysing med kaos og krigsherrar. Den uhøyrde auken i brotsverk på 1990-tallet, dei sjokkerande, men ustraffa morda på høgt profilerte politikarar, forretningsmenn og journalistar, fekk politi og rettsvesen i Russland til å stå fram som moralsk bankerotte, og staten var nær ved å miste monopolet sitt på å bruke vald.

Den russiske raten for død pga ytre årsaker (uhell, mord og sjølvmord) var på byrjinga av det tjueførste hundreåret skyhøge 245 per 100.000 innbyggarar. Det er høgare enn i noko anna av dei 187 landa dekka av statistikken i 2002 (tabell 1). Det svarer til 2,45 dødsfall per 1000 i året, eller 159 per 1000 over 65 år, som er venta gjennomsnitts levealder i Russland i dag. Sagt annleis, om det held fram slik vil 1 av 6 russarar fødde i 2002 få ein unaturleg død. Ganske visst var 1980-talla på mord, sjølvmord og ulykker ganske høge i Russland, Ukraina, Kviterussland, Latvia, Estland, Moldova og Kasakhstan – fleire gonger høgare enn i andre tidlegare sovjetrepublikkar og austeuropeiske land. Men dei kunne grovt sett samanliknast med andre land med same utviklingsnivå. På 1990-tallet steig talla raskt, og oversteig langt talla i resten av verda.

Det viktigaste som er oppnådd dei siste åra, er forbetringa i sosiale kår som resultat av økonomisk vekst og politisk stabilitet: tallet på mord nådde ein topp i 2002 og fell i 2003–2006: sjølvmordsraten sank i 2001–2006 (figur 13); dødsraten slutta vekse i 2004 (figur 14); etter å ha vore den lågaste på 50 år i 1999 byrja fødselsraten å vekse, tallet på ekteskap auka og skilsmisseraten sank. På andre sida er ein nær 60 % auke i brotsverk i 2002–2006 sannsynlegvis eit uttrykk for betre registrering av brotsverk. Sant nok er forbetringane svært marginale, og synlege bare dei to eller tri siste åra, men i det minste er det strimer av håp som tidlegare var heilt fråverande.

Attreising av staten?

Seieren til Yedinstvo, «maktpartiet», i parlamentsvala i 1999 var mellom andre ting ein seier for dei som ikkje hadde noko (subsidierte regionar) over dei som hadde (givarregionane), som hadde slått kreftene saman i Primakov-Luzhkov-blokka «Otechestvo–Vsya Rossiya». Putin freista avgrense dei allmektige regionane ved å endre dei føderale skattereglane, og peika ut provinsguvernørar under presidenten i sju samansette regionar, og med eit reformert føderasjonsråd, det øvre kammeret i det russiske parlamentet, som representerte interessene til alle 89 regionane. I 1999 byrja Putin ein ny krig mot Tsjetsjenia, og avslo forhandlingar med separatistane som i dag stort sett er slått. Han starta rettssaker mot «oligarkane» – innanfor grensene til lova. Ei rad med pampar vart skulda for skattejuks og finansfiffel; enkelte emigrerte, enkelte blei arresterte. Den einaste tv-kanalen utanfor regjeringskontroll – NTV – vart stengt (elles på heilt legitimt grunnlag: «oligarken» Gusinsky nekta å betale gjelda han hadde til det statseigde Gazprom, tilsynelatande hadde han funne ut at talefridommen ikkje var verdt så mange pengar). Mikhail Khodorkovsky endte i fengsel for bedrageri (førte oljeprofittar ut av landet ved hjelp av konsernintern prisfastsetting – transfer pricing), og selskapet hans, Yukos, vart slått konkurs av regjeringa; eigedelane til selskapet vart tatt som dekning for skatten som skulle vore betalt til statskassa. Eit anna oljeselskap, Sibneft, vart kjøpt på den opne marknaden av Gazprom, det auka den statlege delen av oljeindustrien frå mindre enn 15 % i 2004 til over 30 % eit år seinare.

Men forbetringane av sosiale indikatorar har vore viktigast av alt som er oppnådd. Økonomisk vekst og låg inflasjon aleine kan ikkje hindre at landet går i oppløysing om sosial ulikskap og kriminalitet veks. Bygging av maktapparat og intensivert sentralisering vil ikkje hindre at staten kollapsar om ikkje lov og orden blir fastare handheva, og den svarte økonomien avgrensa. Putin har nettopp vorte kritisert for personleg å ha skaffa seg meir makt utan samtidig å få meir orden som resultat. Men no ser det ut til at ein kan sjå dei første teikna på ei verkeleg stabilisering.

Putins popularitet kan forklarast primært ved at han har klart å stoppe det samanbrotet i staten som kom pga reformene frå 1990-tallet. Alle andre problem blir små mot trusselen om sosial og nasjonal oppløysing. Fleirtallet av borgarane i Russland er klare til å tilgi Putin for den hardhendte taktikken i kampen mot «oligarkane» og jamvel med mindre viktige forretningsmenn, for «utreinskingane» i Tsjetsjenia, og for avgrensingar i demokratiet og talefridommen – alt for å styrke lov og orden og hindre det grenselause anarkiet frå 1990-tallet.

Meiningsmålingar gjennomført mot slutten av vala i februar 2004 stilte spørsmål om kva russarane først og fremst venta seg av den nye presidenten. 58 % ønska at han skulle attreise Russland som ei stor og respektert makt; 48 % ei rettferdig inntektsfordeling for vanlege menneske; 45 % styrke lov og orden; 43 % gjøre slutt på krigen i Tsjetsjenia; 41 % gi tilbake pengane vanlege menneske mista under reformene; 39 % å styrke statens rolle i økonomien. Prioriteringar som «halde fram med reformene» og «halde fram politikken med nære band til vestlege land» samla bare 11 og 7 %. «Er du uroa for at Putin kan opprette eit jernhardt diktatur med støtte frå 'maktsentra'?» I januar 2000, før Putins første valseier, sa 34 % ja til spørsmålet, mens bare 26 % stod for det synet i januar 2004. Tilsvarande brydde 57 og 67 % seg ikkje.

Framtidsutsikter

Kor går Russland? Framtida byr på mange farar. Den noverande kursen på rubel (tilhøvet mellom prisane innanlands og på verdsmarknaden) er for høg. Den har vakse dei siste fem åra og i 2006 gjekk han over nivået frå 1998 før krisa. Derfor kan eit fall i energiprisane på verdsbasis føre til ei ny valutakrise og avbryte den økonomiske atthentinga, trass i store valutareservar. Innanlandske drivstoff- og energiprisar er framleis mange gonger lågare enn verdsprisane, det skaper insentiv for ineffektiv energibruk. Russland har ein av dei høgaste ratene på energibruk målt mot BNP i verda. Ulikt dei austeuropeiske landa og mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane der prisane på drivstoff og energi alt har nådd eller nærmar seg verdsprisar, så er restruktureringa av russisk økonomi framleis langt frå fullstendig. Det Russland skulle gjort dei siste åra, var å devaluere rubelen sakte, og på same tid auke dei innanlandske prisane på olje, gass og elektrisitet, det ville gi næringslivet kompensasjon for aukande energikostnader gjennom sterkare konkurranseevne pga den nedsette rubelen. Men ein slik politikk er ikkje ein gong på presidentens teiknebord i dag.

Ein fare nummer to er for rask nedgang i skattane, som styresmaktene alt har sett i verk (inntektsskatt, næringsskatt, og dei samla sosiale skattane). Kritikarane av slike tiltak, medrekna Pengefondets Moskva-kontor, peikar heilt rett på at det noverande budsjettoverskottet er basert primært på høge energiprisar, og at regjeringa derfor igjen kan bli sittande utan pengar om desse prisane fell. Ikkje minst er det ikkje rett tidspunkt å redusere skattane når faktisk talt alle offentlege gode – helsestell, utdanning, forsvar, lov og orden – er langt verre stilt enn privat sektor.

Andre farar står att: korrupsjon, ineffektiviteten i statsapparatet, store sosiale skille. Men allment er Russland i betre stand i dag enn for sju år sidan då Putin tok makta. Russland treng no meir enn noko anna å styrke lov og orden og å bygge opp att statlege institusjonar. Det er au behov for demokrati, men først seinare, når lov og orden er på plass att. Det er sjølvsagt ein fare for at leiarane vil bruke politisk sentralisering til å bygge seg ein maktpyramide og til å eliminere opposisjonen så dei kan leve i fredfull luksus på vår rekning – og kanskje sette i verk tilfeldige eventyrtiltak. Det har hendt i Russland før. Men ein må velje det minste av to vonde. Å styrke lov og orden er bare mauleg i eit sentralisert system. Utan sentralisering er det ikkje sjanse for at det skal skje; uhemma kaos og lovløyse vil herske. Det ser ut til å vere det valet Russland står framfor i dag.

Forklaringar

1. «Hollandsk sjuke» er eit økonomisk fenomen der eit lands eksport av ein naturressurs fører til avindustrialisering. Ein viktig del av sjuka er at verdien av landet sin valuta aukar i verdi, slik at konkurranseutsett sektor blir mindre og mindre konkurransedyktig. Importen stig, eksporten minkar og produktiviteten fell. Fenomenet vart først observert i Nederland på 1960-talet, da store reservar med naturgass i Nordsjøen byrja å bli utvinna. Det finst no mykje forsking på temaet. Nemninga Dutch disease, som er det engelske ordet for fenomenet, skal første gongen ha vorte nytta av The Economist i artikkelen «The Dutch Disease» i nummeret utgjeve 28. november 1977. Mange fryktar og/eller ser teikn til at oljeutvinninga i Noreg skal føre til hollandsk sjuke. Handlingsregelen for oljeformuen er eit virkemiddel som til dels er innretta mot å avgrense dei moglege negative verknadene av sjuka.» (Nynorsk Wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Hollandsk_sjuke). [Attende]

2. Kriminalstatistikken blir vanlegvis sett som ikkje samanliknbar mellom ulike land pga stor variasjon i prosent registrerte brotsverk. Men mord blir registrert ganske nøyaktig gjennom både kriminal- og dødsstatistikk (demografisk). Den første er strengare enn den siste, ettersom han bare registrerer lovstridige drap, mens demografiske tall dekker alle mord, medrekna «lovlege» – dødsstraff og «utilsikta skade» i krig, antiterroristoperasjonar eller andre politiaksjonar. Begge ratar for himmelhøgt i Russland på 1990-tallet og er framleis svært høge. Gapet mellom desse to indikatorane blei større mellom den første og andre krigen i Tsjetsjenia (1994–1996 og 1999–2002). Sjå figur 13. [Attende]

Figurar

Figur 1 Figur 2
Figur 1: BNP-vekst og inflasjon i Russland 1900-2005 (i prosent) Figur 2: BNP-endring i land i det tidlegare Sovjetunionen
Figur 3 Figur 4
Figur 3: FN sin levekårsindeks 1990-2002 Figur 4: Den russiske staten sine inntekter og utgifter
Figur 5 Figur 6
Figur 5: Russland si gjeld til utlandet i milliardar dollar Figur 6: Valutakurs og valutareserve
Figur 7 Figur 8
Figur 7: Årleg vekst i løner, inntekter og produktivitet Figur 8: Vekst i realinvesteringar og totalkonsum 1991-2005
Figur 9 Figur 10
Figur 9: Korrupsjonsindeks 1980-2005 Figur 10: Verdsbanken sin korrupsjonsbekjempingsindeks
Figur 11 Figur 12
Figur 11: Rettstryggleiksindeks Figur 12: Verdsbanken sin indeks over effektiviteten i det offentlege
Figur 13 Figur 14
Figur 13: Mord, død forvalde ved vald, sjølvmord og kriminalitet per 100.000 Figur 14: Dødelegheit og forventa gjennomsnittleg levealder 1950-2006
Tabell 1
Antall døde av ytre årsaker per 100.000 innbyggjarar (2002)
  Totalt Ulukker Sjølvmord Mord Andre
Russland 245 158 41 33 11
Sierra Leone 215 148 10 50 7
Burundi 213 64 7 18 124
Angola 191 131 8 40 13
Kviterussland 172 120 38 13 0
Estland 168 124 29 15 0
Kasakhstan 157 100 37 20 0
Ukraina 151 100 36 15 0
Elfenbeinskysten 148 86 11 27 24
Colombia 134 36 6 72 19
Niger 133 113 6 14 0

«Andre» døde er pga uidentifiserte eksterne årsaker, krigar, politioperasjonar eller avrettingar. Totaltala kan vere ulik summen av kolonnane pga avrunding. Kjelde: Verdas helseorganisasjon