TISA-avtala og folkestyret

Av Liv Signe Navarsete

2015-03

Me veit ikkje sikkert kva TISA-avtala vil bety for Noreg. Men bygd på mellom anna lekkasjar om avtala, ser det ut til at det kan bli naudsynt å forme ei ny brei allianse i forsvar av samhaldsNoreg.

Liv Signe Navarsete, er stortingsrepresentant og utanrikspolitisk talskvinne for Senterpartiet.

Då eg blei spurd om å skrive i tidsskriftet Rødt!, gjekk mine tankar tilbake til EU- kampen i 94, og den særs dyktige leiaren av Nei til EU, Kristen Nygaard. Kristen var heile tida klar på korleis ein skulle vinne EU-kampen: Alle, utanom rasistar, var velkomne til å delta i Nei til EU. Mykje av Nei-rørsla si suksess var tufta nettopp på at ein greidde å få til dømes miljø-, arbeidar- og bygderørsla til å spele kvarandre gode. På tvers av partigrenser samla ein seg om verdiane folkestyre, miljø og solidaritet. Fellesskapen om desse verdiane gjorde at fleirtalet i Noreg stemte nei til EU i 94. Takka vere visdomen til folket, har Noreg i dag eigen valuta, Stortinget har full styring over statsbudsjettet, og me har full råderett over norsk skog, jord, fisk og fossefall.

Då Rødt! no spurde meg om eg ville bidra til deira tidsskrift, takka eg, i Kristen Nygaard si ånd, ja til dette.

I stortingsmeldinga «Handel og globalisering» omtalar regjeringa moderne handels-avtalar mellom anna på følgjande måte: «Kjerneområda for forhandlingane flyttar seg frå tollspørsmål og grensehandtering til tilhøve innanfor grensene, inkludert reguleringar, standardar og støtteordningar».

Som stortingsmeldinga eg har sitert frå ovanfor slår fast, har fokuset i dei nye handelsavtalane endra seg. Handelsavtalane dreier seg ikkje lenger om reduserte tollsatsar. Dette er naturleg, då dei gjennomsnittlige tollsatsane i verda i dag er låge. Mindre enn 4 prosent. Innanfor handelen med tenester finst det ikkje tollsatsar av tyding. Fokuset vert no dreia mot det mange ser på som det største hinderet for fri flyt av varer, kapital, folk og tenester, nemleg tilhøve innanfor nasjonalstatanes grenser. Det store spørsmålet er kva måtar TISA vil verke på tilhøva i Noreg, enten det handlar seg om reguleringar, standardar og støtteordningar.

Kva er TISA?

TISA er ei internasjonal avtale som omhandlar handel med tenester, der det er forhandlingar mellom 24 partnerar (inkludert EU) og 52 land. Noreg er eit av landa som sitt ved forhandlingsbordet. TISA skal fjerne såkalla «handelshindringar» som kan ligge i nasjonale lover og reguleringar. Dette vil, i følgje Høgres utanriksminister Børge Brende, minske risikoen for «vilkårleg» handsaming i dei ulike landa.

Kva risiko for «vilkårleg handsaming» er det Brende her peikar på? Jau, det er risikoen for at folkevalde politikarar skal ta politiske avgjerder som reduserer multi-nasjonale selskap sin profitt, i dag eller i framtida.

Det er hevda frå regjeringa at TISA ikkje vil ha noko følgje for Noreg i dag, sidan vår tenestemarknad allereie er «opna». Alt det me i dag veit, både ut i frå kven som er initiativ-takarane bak TISA, frå regjeringa sine uttalte politiske målsetningar og omtale av avtala, frå historiske erfaringar og frå lekkasjar frå forhandlingane, tyder på at me ikkje burde ta denne påstanden for god fisk.

Hemmeleghald om TISA

TISA-forhandlingane vert i dag forhandla i løynd, med Noreg si regjering som ein aktiv pådrivar. Ikkje ein gong folkevalde vert gitt informasjon om forhandlingane i særleg grad. Det er ikkje eit sunnheitsteikn for vårt demokrati at eg som stortingsrepresentant har fått meir informasjon frå Wikileaks, enn frå Noreg si eiga regjering.

Ein av USA sine leiande forhandlarar kring handelsavtalar, Ron Kirk, blei i forbindelse med forhandlingane om TPP-avtala (Trans Pacific Partnership) spurd for ei tid attende om kvifor ein ikkje kunne offentleggjere utkasta til avtaletekstane ein forhandla om. Kirk svarte at dei hadde erfaring i at å offentleggjere avtaleutkast til handelsavtaler gjorde det vanskelegare å få vedteke avtalane. Hemmeleghald ga USA både forhandlingsstyrke og gjorde det lettare å få deira forhandlingspartnarar til å gå med på ting dei «elles ikkje ville». Kirk kunne også slå fast at førre gong USA offentleggjorde ein avtaletekst før forhandlingane var ferdige, blei det «umogleg» å få avtala vedteken. Lærdomen var klar: for å kunne binde landet sitt til ei overnasjonal avtale, må ein syte for at folket får vite minst mogeleg. Det er vanskeleg for folk å seie nei til noko ein ikkje veit kva er.

Ei offentleggjering av avtaleteksten i TISA-avtala ville med all sannsyn ha skapt mykje debatt. Motivasjonen som ein del har for å støtte avtala, er like fullt nokså klar: Samuel Di Piazza, leiar av ein paraplyorganisasjon for amerikanske tenestebedrifter, har slått fast at TISA vil gjere at medlemslanda må «modifisere eller eliminere» innanlandske reguleringar. Han spår ei, i han sine augne, lys framtid etter at TISA-avtala er signert: «Framtida under TISA er ei framtid utan offentleg leverte eller regulerte tenester, og den frie marknaden sine prinsipp kan styre investering i og levering av tenester på ein internasjonal arena.»

Klausulane i avtala

Det er ein stor skilnad mellom forhandlingane om TISA, og forhandlingane om tidegare handelsavtalar. Så langt har det vore praksis for slike forhandlingar at regelverket i avtalane har vore avklara, før ein har forhandla om opning av ulike nasjonale marknader. Dette har endra seg med TISA. I TISA-forhandlingane forhandlar ein både om sjølve regelverket i avtala og om opning av ulike marknader på ein gong. Kvifor er dette skummelt? Jau, det medfører at ikkje ein gong byråkratane som forhandlar på Noreg sine vegne, er klar over korleis reglane vil sjå ut, når ein samstundes forhandlar om kva sektorar som skal opnast for fri konkurranse med private, utanlandske føretak. Når ein ikkje har blitt samde om reglane, er det svært vanskeleg å føreseie konksekvensane av opning for konkurranse innan ulike sektorar.

Dette var bakgrunnen for at Sp og SV i vår fremja krav i Stortinget om at utkastet til rammeverket for TISA, regelverket i avtala, skulle offentleggjerast. For oss er det essensielt at regelverket i TISA gjerast tilgjengelig for demokratisk debatt, før landa set i gang og avsluttar forhandlingar om opning og liberalisering av ulike sektorer.

Det er hevda frå regjeringa, på ulike vis, at TISA ikkje omhandlar offentleg sektor. Det kan høyrast tilforlateleg ut. Då er det naudsynt å vite korleis offentleg sektor definerast i TISA. Dei siste lekkasjane om TISA frå Wikileaks viser at ei offentleg teneste er definert som «ei kvar teneste som ikkje leverast på kommersiell basis, og heller ikkje i konkurranse med ei eller fleire tenesteleverandørar». Kva for tenester er det som ikkje leverast av nokon private aktørar i dag? Det er veldig få. Både innan skule, helse- og eldreomsorg har me i dag private aktørar i Noreg. Det betyr at ingen av desse sektorane er automatisk beskytta frå TISA-avtal sitt press om deregulering og liberalisering. Dei einaste tenestane som er automatisk beskytta frå TISA, vil då vere politi, Forsvaret, brannvesen og domstolar.

Lekkasjar tyder og på at TISA er basert på eit prinsipp om «negativ listing», prinsippet nokon referer til som «list it or loose it». Tidlegare handelsavtalar har basert seg på positiv listing. Det vil seie at berre dei tenestemarknadene som spesifikt førast opp, er underlagt reglane i avtala. I TISA er det motsett. Alt som ikkje vert skrive opp som spesifikke unntak, er underlagt avtala sitt regelverk. Professor ved University of Auckland, Jane Kelsey, har peika på farane ved dette. For om ein ikkje tek spesifikt unntak for ein sektor, vil også alle undersektorar blir underlagt fri konkurranse. Eit døme ho har vist til, er forsyninga av vatn. Om Noreg ikkje tek unntak for denne tenesta, vil alt frå reinsing av vatn, kjemisk handsaming, vedlikehald av røyrleidningar og et utal andre område vere open for fri, internasjonal konkurranse.

Trass i streng løyndom, veit me at TISA-avtala er tenkt å innehalde to omdiskuterte klausular, nemleg dei sokalla frys- og skralle-klausulane. Det er utbreidd frykt for at klausulane vil hindre Noreg i å reversere tidlegare konkurranseutsetting av ein gitt marknad, sjølv om ein skulle sjå uheldige resultat av ei slik liberalisering. Vidare fryktar ein at Noreg vil binde seg til at framtidige regelendringar alltid skal skje i ytterlegare liberaliserande retning. Dei som har brukt ei skralle, veit korleis den fungerer. Den brukast for å hindre at til dømes ein bil eller eit tre fell tilbake til sin opphavlege posisjon. Skralla kan berre skruast i ei retning. I TISA betyr dette ei einvegskøyring mot høgre, med meir makt til internasjonale selskap på kostnad av folkestyret.

Dei siste vekene har det vore mykje debatt kring regjeringa sitt forslag om ny modell for framtidige investeringsavtalar. Her føreslår regjeringa at Noreg skal inngå avtalar der Noreg tillèt utanlandske selskap å saksøkje Noreg for politiske vedtak som reduserer selskapas framtidige profitt. Me har i dag mange døme på effektane av slike avtalar. Tobakksgiganten Phillip Morris saksøkte både Australia og Uruguay for å ha pålagt åtvaringar mot røyking på sigarett-pakkane. At Uruguay hadde lukkast med å nesten halvera talet på røykarar i landet, medverka sjølvsagt til å redusere Phillip Morris sin profitt. Søksmål var resultatet. Eit anna døme er at det franske selskapet Veolia saksøkte regjeringa i Egypt for å heve minsteløna i landet. Eit tredje er når El Salvador blei saksøkt av eit australsk-canadisk gruveselskap for ikkje å gi ny lisens til gruveutvinning. At landets borgarar fikk øydelagd sitt drikkevatn, meinte ikkje gruveselskapet var legitim grunn til fatte politiske avgjerd som førte til at selskapet reduserte sin profitt.

Kvifor er dette relevant for TISA? Jau, fordi TISA-avtala truleg vil innehalde ein paraplyklausul. Denne medfører at reglar som gjeld i ei avtale, også skal gjelde i andre avtalar. Så om Noreg har gitt selskapa i noko land rett til å saksøkje landet vårt, skal også selskapa i dei andre TISA-landa få denne retten. Dette kan potensielt få store konsekvensar for Noreg. Då me innførte røykelova, svara Phillip Morris med å saksøkje Noreg. Men Phillip Morris måtte gjere dette i norske domstolar, og tapte saka. Gjennom dei framtidige investeringsavtalane kan selskap som Phillip Morris fremje sin sak, og få utanlandske handels-juristar til å dømme Noreg.

I vår kom den største lekkasjen av forhandlingsdokument frå dei kontroversielle TISA-forhandlingane. Lekkasjen viste kor ille hemmeleghaldet kring forhandlingane er. The European Federation of Public Service Unions – altså den europeiske unionen for tenestesektoren – som er stor, slo frå lekkasjane fast at TISA vil avgrense regjeringa si rett til å regulere høgare standardar innanfor klima, helse, utdanning, avfallshandtering og kraftverk. TISA kan gjere det vanskelegare å regulere energisektoren, telekommunikasjon og dataflyt over landegrensene. Og i ei tid der mange land prøver å kome til hektene etter finanskrisa, vil det verte vanskelegare å regulere nett den sektoren – finanssektoren.

Public Services International, ein paraplyorganisasjon for fagforeiningar som representerer meir enn 20 millionar offentleg tilsette i meir enn 150 land, har på liknande vis åtvara sterkt mot TISA. Det burde vore naturleg for fleire på Stortinget å lytte nøyare til desse organisasjonane, som snakkar på vegne av så mange menneskjer.

Regjeringa sine uttalte ambisjonar

I si eiga regjeringsplattform skreiv regjeringa følgjande om offentlege tenester:

Regjeringa meiner i utgangspunktet at produksjon av velferdstenester skil seg lite frå andre tenester. Bruk av konkurranse stimulerer til verdiskapning, betre tenester og effektivisering. Det er derfor heilt naudsynt at konkurranse blir eit gjennomgåande element i offentlig verksemd.

For Høgre og FrP må TISA-avtala fortone seg som ein draum. Dessa partia ynskjer å selje ut større deler av Noregs eigedom. Eit døme på dette finn med i debatten om Flytoget. Flytoget har dei siste åra tent inn milliardar av kronar som har gitt rom for fleire sjukeheimar, skular og vegar i Noreg. Likevel ville regjeringa selje Flytoget, gjerne til utanlandske eigarar. Høgre sin stortingsrepresentant, Linda Hofstad Helland, fortalde i vinter at det var viktig for Høgre å selje unna Flytoget raskt. Då fikk ein nemleg hindra at eit eventuelt regjeringsskifte i 2017 stoppar privatiseringa. Helland slo fast at regjeringa skulle «skvise så mye tannkrem ut av tuben» at ei ny regjering ikkje fikk gjere om att på regjeringa si privatisering av felles eigedom. Med TISA-avtala trong ikkje Høgre lenger å frykte valet i 2017. Noreg vil uansett risikere å verte overstyrt av utanlandske juristar, slik at vi får meir privatisering og marknad, og mindre samhald.

Kva tenar Noreg på TISA-avtala?

Eit heilt grunnleggjande spørsmål å stille, er kva Noreg vil vinne på TISA. Her må bevisbyrde liggje på dei som vil signere på TISA-avtala. Eg har mellom anna stilt utanriksministeren fylgjande spørsmål fleire gonger: Kan statsråden gje meg eitt einaste døme på ei bedrift som er nekta marknadstilgang til nokon av TISA-landa, og som no vil få denne marknadstilgangen? Dette grunnleggjande spørsmålet har eg framleis ikkje fått eit klart svar på.

Historiske erfaringar

I debatten om TISA møter me mykje av det same som i debatten kring EØS-avtala, ein kombinasjon av latterleggjering og skjønnmaling. Før EØS-avtala fekk me garantiar: Norske arbeidsreglar ville ikkje verte påverka. Differensiert arbeidsgivaravgift var ikkje på nokon måte trua. Konsesjonslovene for vasskrafta var ikkje relevant for EØS. Importmonopolet til Vinmonopolet hadde heller ikkje noko med EØS å gjere. Reguleringar av utanlandsk eigarskap i finanssektoren i Noreg kunne me fint styre som me ville. Felles for alle løfta ovanfor er at dei har vorte brotne. Har nokon av dei som gav desse garantiane, nokon gong teke ansvar for det i etterkant? Dessverre er svaret nei. I dag høyrer me representantar frå dei same partia gi garantiar for offentleg kontroll med tenestemarknaden etter at ein TISA-avtale vert innført.

Ein viktig lærdom frå EØS-debatten er at den starta altfor seint. Konsekvensane av avtala hadde ikkje vunne å kome godt nok fram i lyset. Det kan me ikkje late skje igjen. Fredag 12. juni i år handsama Stortinget eit forslag frå Senterpartiet og SV der me sette frå, krav om at avtaleutkastet til TISA-forhandlingane skulle offentleggjerast. Dette forslaget vart røysta ned mot Sp, SV og MDG sine stemmar. Dei representantane som røysta nei til at rammeverket i TISA vert lagt fram, tok då på seg eit stort ansvar. Dei tok på seg ansvaret for at dei vil setje seg inn i, og på kort tid forstå, alle moglege konsekvensane av TISA-avtala når ho vert lagd fram for Stortinget. Når den ferdigforhandla avtala blir lagt fram, vil det vere for seint for Stortinget å endre avtala. Då vil me truleg berre stå framfor to val – ja eller nei. Og dette valet vil truleg måtte bli teke med ei klar tidsavgrensing for vedtak i Stortinget.

Å lytte til folket

Leiar av Fagforbundet, Mette Nord, har sagt at kampen mot TISA-avtala blir like viktig som EU-kampane i 1972 og 1994, og har kravd folkerøysting om avtala. Dersom lekkasjane viser seg å vere sanne, kan dette bli naudsynt. Det norske folk har tidlegare vist at dei både kan og vil vinne kampen for nasjonalt sjølvstende.