Til Kurdistan for å lære

Av

2013-02


Erling Folkvord har vært mange ganger i Kurdistan, og er aktiv i solidaritetsarbeidet. Har god kontakt med kurdiske organisasjoner og blant annet truffet Abdullah Öcalan før han ble fengslet.

Kurdistan er området der dei fleste er kurdarar. Stormaktene delte opp Midtausten etter første verdskrigen. Tyrkia, Iran, Irak og Syria fekk kvar sin bit av Kurdistan. Truleg bur drygt to millionar kurdarar i Syria. Rojava er namnet på den kurdiske landsdelen. Mange av kurdarane i Syria bur utafor Kurdistan, mellom anna i Aleppo og Damaskus. Fleire hundre tusen var statslause fram til for få år sia. Samtidig har Rojava både etniske og religiøse minoritetar, slik som arabarar, armenarar og jezidiar.

Frigjort område i Syria

New York Times skreiv nyleg at Det demokratiske Unionspartiet (PYD) er den sterkaste fraksjonen i Rojava og at dei «har ein godt trent milits». Den amerikanske avisa siterer og ein syrisk-amerikansk samfunnsforskar i Washington. Han seier PYD har ein «ultranasjonalistisk kurdisk ideologi».1

Den siste påstanden går på tvers av det vi såg og høyrde i Rojava. PYD sine representantar fortel at dei i juni 2012 tok kontroll over store delar av det kurdiske området i Syria. Dei har oppretta kurdiske styringsråd på fleire nivå. Det høgste rådet har ansvar for heile det frigjorte området. Så er det liknande råd for kvar by og kvar landsby. Dei vi snakka med, la vekt på at dei ikkje-kurdiske minoritetane skal vere representert i desse råda. Vi veit ikkje i kor stor grad dette er gjennomført, men frå PYD høyrde vi ikkje eitt ord som likna på nasjonalistisk kurdisk ideologi.

Innringa av fiendar

Den frigjorte delen av Rojava grenser i nord mot Tyrkia. På vestsida er grensa uklar mot Den frie syriske hæren (FSA) sitt område. Grensa er like uklar i sør mot området der Assad-regimet framleis har eit grep. Den austlege naboen er Irak, dels den Bagdad-styrte delen av landet og dels den kurdiske regionen. Assad-regimet held framleis flyplassen i Qamishli, den største byen i Rojava. Desertørar har fortald at denne sivile flyplassen no er ein militærbase.

Kurdistans regionale regjering (KRG) i nordlege Irak er einaste naboen som ikkje er fiendtleg innstilt. Derfor er det muleg å få inn ein del varer og hjelpeforsyningar. Ein liten båt med påhengsmotor er einaste lovlege persontransporten over grenseelva Tigris. Den godt orienterte tolken vår i Rojava fortalde at KRG ikkje let journalistar krysse grensa på den måten. Derfor har få utlendingar vori i området etter frigjeringa.

Leiaren i PYD var på Oslo-besøk i fjor haust. Han la vekt på at partiet vil unngå krigshandlingar. Dei har bygd opp sjølforsvarsstyrker, men trur ikkje på å nedkjempe Assad-regimet militært. PYD arbeider langsiktig for fredeleg samkvem med arabarar og dei andre minoritetane. Dette er ein annan metode i kampen mot Assad enn det FSA og ulike islamistiske grupper har satsa på.

Den frie syriske hæren (FSA)

Sere Kaniye er ein av dei kurdiske byane tett inntil grensa mot Tyrkia. Her var det bakkekampar fram mot slutten av februar 2013. Styrkar frå FSA overtok den frigjorte byen nokså lett. Dei brukte syriske stridsvogner som kom over grensa frå Tyrkia. Sannsynlegvis hadde FSA erobra stridsvognene frå Assad-hæren lenger vest. Så hadde FSA kryssa grensa til Tyrkia, køyrd austover før dei kryssa grensa på nytt, og sette stridsvognene inn i kampane i Sere Kaniye. Dei kurdiske sjølvforsvarsstyrkene gjenerobra storparten av byen etter harde kampar. Assad sine fly bomba utkanten av Sere Kaniye tre–fire dagar før vi var der

Det lokale Styringsrådet kontrollerte i slutten av mars det meste av Sere Kaniye. Byen var prega av allsidig varemangel, men alt verka velorganisert. Åpne butikkar, litt handel, folk i gatene. Lett å kome i snakk med folk både ute i byen og der vi ba om å få kome innomhus på besøk. Den FSAkontrollerte delen av byen var annsleis: Nesten folketomt. Dei fleste butikkane var stengt. Søppel i gatene. Dei få menneska vi såg, verka nærmast apatiske.

Vi besøkte ei FSA-avdeling ved grenseovergangen til Tyrkia. Svara var ikkje eintydige da vi hadde eit møte med nokre av dei:

– Vi er humane.

– Vi ønskjer ikkje å leve med våpen i hendene.

– Det er ingen radikale islamistar her.

Men ein av dei sa og:

– Så lenge Assad har makt, vil radikale grupper vekse fram og vi vil ikkje vere i stand til å kontrollere dei.

Vi spurde om korleis dei ser på Det syriske nasjonalrådet (SNC). Ein lege som sa han til dagleg organiserer naudhjelp frå Istanbul, svara:

– Dei som er utanlands, representerer ikkje oss. Dei er enkeltpersonar, og dei vil vere med på å dele kaka i Syria. Alt dei har gjort, har mislyktest.

Svaret var klart nok, og det stikk motsette av eit av hans eigne medieutsagn om SNC nokre veker tidlegare. Den avdelinga vi møtte, hadde ein bil med FSA-symbol. Ei stridsvogn utafor var dekka av ein presenning.

Det er ikkje godt å vite om desse folka er FSA. Eller kven som er FSA. Ein PYDleiar sa til New York Times at kven som helst som skaffar seg våpen, kan seie: «Eg er Den frie syriske hæren.»

Eit skolebygg nokre få hundre meter frå grensa, er eitt av fleire bevis på at Tyrkia fører krig i Rojava. I rakettgjennomslaga i betongveggane var armeringsjerna bøygd slik at prosjektilet berre kan ha komi frå den tyrkiske sida.

Tyrkia etter Öcalans Newroz-tale

Den tyrkiske hæren har ikkje tatt pause i den snart 30 år lange krigen mot den kurdiske frigjeringsrørsla. I dei første to vekene etter Newroz retta Tyrkia artilleri- og flyangrep mot både den kurdiske delen av Tyrkia og mot det geriljakontrollerte området i kurdisk del av Irak.

Eksekutivrådet i KCK (Samanslutninga av kurdiske samfunn) sa 30. mars at statsminister Erdogan sin språkbruk om ein eventuell fredsprosess berre er ei gjenspeiling av den kolonimaktstenkjinga som dominerer den tyrkiske staten . KCK krev at Tyrkia kvittar seg med denne tilnærminga.

Det lovlege Freds- og demokratipartiet (BDP) i Tyrkia, har same oppfatning. BDP ønskjer fredelege, politiske forhandlingar. Dette må føre fram til at den kurdiske befolkninga får alle demokratiske og kulturelle rettar. Det betyr å omdanne Tyrkia til ein moderne demokratisk republikk, som daverande PKK-leiar Abdullah Öcalan sa i forsvarstalen sin før han vart dømt i 1999. Statsminister Erdogan har på si side handplukka 63 personar til det avisa Hurriyet omtalar som ein kommisjon av «kloke personar» («wise people»).2 Dette ser mest ut som eit utspel for å gi inntrykk av politisk kursendring.

I millionbyen Amed (på tyrkisk: Diyarbakir) møtte vi både offensive BDP-politikarar og ei offensiv befolkning. BDP brukar i dag omtrent same ord og uttrykk som leiarane i geriljaen. Ein av BDP-leiarane som presiserte at Tyrkia må stanse krigen og ta konkrete steg for å kome kurdarane i møte, føyde til at sonen hans er geriljasoldat. Etter fire år med massearrestasjonar sit rundt 10 000 av BDP sine tillitsvalde, medlemmar og sympatisørar i tyrkiske fengsel. Menneskerettsorganisasjonen IHD rapporterer at utanomrettslege avrettingar og drap utført av ukjend gjerningsmann framleis er vanleg. I dei fire siste åra døyde 333 personar i den kurdiske landsdelen på dette viset.

BDP-tillitsvalde seier dei arbeider på lang sikt. Dei lar seg ikkje stoppe verken av massefengsling eller tyrkiske bombefly. BDP har tvert om vori i stand til å trappe opp både sivilt massearbeid og innsatsen i kommunestyra og i nasjonalforsamlinga.

Kvinnekvotering

Både i Rojava (dvs. i kurdisk del av Syria) og i Tyrkia møtte vi ei ny form for kvinnekvotering. 40 prosent kvinner i styrande organ er ikkje nok. I tilleg har både PYD i Rojava og BDP i Tyrkia innført eit to-leiar system. Tolken vår brukte det engelske ordet co-chairs. Partiorgana har to likestilte leiarar, ein mann og ei kvinne.

Det er vanskeleg å tenkje seg eit kraftigare og meir provoserande brot med den innarbeidde kvinnerolla som så mange kurdiske menn er godt fornøgd med.

Tyrkiske Belgin Akaltan kommenterte nyleg dette i Hürriyet , ei av dei største avisene i Tyrkia:

Akkurat på dette punktet i historia, skulle eg ønskje at eg var ei kurdisk kvinne. Korfor? Fordi framtida ser betre ut for dei enn for oss. (…) Berre sjå deg rundt: Dei har ei kvinne ved sia av ein mann i nesten alle initiativ, i kvart einaste utval og i kvar einaste politisk og sosial rørsle. (…) Dei har ein identitet; dei er stolte, dei har ein visjon.» Ho skriv at tyrkiske kvinner sin identitet er knust, men er og litt optimistisk: «Kanskje får vi til å sette saman bitane, hand i hand med våre kurdiske søstre.3

Solidaritetsarbeid

Den kurdiske frigjeringsrørsla under KCK/ PKK-paraplyen ser ut til å ha ulik, men veksande oppslutning i statane som i 90 år har styrt kvar sin del av Kurdistan. Dei kurdiske organisasjonane oppfordrar vener i utlandet til å mobilisere og skape press mot både regjeringar og nasjonalforsamlingar.

I Tyrkia-allierte Norge er folkeopplysning ei første, men langvarig oppgåve. Vi bør rette kritikken mot den raud-grøne regjeringa som mellom anna held handa si over våpensal til Tyrkia.

Eg vil og oppfordre fleire til å besøke Kurdistan for å bli kjent og for å lære. Den PKK-inspirerte frigjeringsrørsla er ulik revolusjonære organisasjonar i Europa. Dei har kampevne og folkeleg oppslutning som er milevis forbi det som finst i Europa.

Notar:

  1. New York Times 6. februar 2013.
  2. Hurriyet Daily News 3. april 2013.
  3. Hurriyet Daily News 30.-31. mars 2013.