Den nye folkebevegelsen (bokomtale)

Av Terje Valen

Bokomtaler Nr 3 2005

Stiftelsen Manifest har gitt ut boka Den nye folkebevegelsen – kan venstresiden lykkes i 2005-2009? Magnus Marsdal, KK-journalist og leiar for Attac i Noreg er redaktør for boka. Dei kallar boka for debattbok 1, så vi kan kanskje vente oss fleire av same slag.

Magnus Marsdal (red):
Den nye folkebevegelsen – kan venstresiden lykkes i 2005-2009?
Stiftelsen Manifest


Marsdal har saman med Kleiv Fiskvik, leiar for LO i Oslo, og Ingrid Fiskaa, sentralstyremedlem i SV og leiar for Fredsinitiativet, skrive ei innleiing. Marsdal har skrive første innlegg i boka, Kleiv Fiskvik har skrive andre innlegg, Ingrid Fiskaa det tredje og Marsdal og Bendik Wold har skrive siste innlegg. Til slutt i boka er det eit vedlegg kalla "Ny kurs 2005", der Attac Norge, LO i Oslo, Press, Utdanningsforbundet i Oslo, Sykepleierforbundet i Oslo, Latin-Amerikagruppene, Fellesrådet for Afrika og For Velferdsstaten kjem med ei oppmoding til alle politiske parti før valet 2005 om at "Verden trenger ikke mer markedsliberalisme".

Formatet er hendig. Du får boka ned i ei baklomme og i innerlomma på ei vanleg jakke.

Den viktigaste praktiske bodskapen i boka er at vi må kvitte oss med Bondevik-regjeringa og stemme på det såkalla raudgrøne alternativet ved stortingsvalet til hausten, dvs ei samling av DNA, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. Dei som skriv boka danna derfor ved årsskiftet 2004/2005 ein skipnad dei kalla "2005-alliansen", som skal bli oppløyst dagen etter valet. (Fiskaa sitt innlegg, side 65 og side 67.)

Samstundes må vi bruke kampen for ei ny regjering til å skape ei ny folkerørsle – "Den nye folkebevegelsen". Ingrid Fiskaa formulerer det slik: "Stortingsvalet er ein sjanse til å mobilisere alle som ønskjer ein ny politisk kurs i Noreg. Og kanskje kan vi i prosessen skapa ei meir varig folkerørsle. Ei folkerørsle mot marknadsliberalismen." (Side 63-64.) Det er altså ein del av opplegget å bruke mobiliseringa for det "raudgrøne" alternativet til å skape ei folkerørsle.

Grunnen til at vi treng ei slik folkerørsle, er at vi ikkje kan stole heilt på partia i den raudgrøne alliansen. DNA har ei stygg historie i høve til nyliberalistiske tiltak og leiinga i SV kan vere så oppsett på å få vere med i regjering at dei ikkje legg noko særlig press på DNA. Den antiimperialistiske profilen til partiet (særleg leiinga) er sterkt falma og innsatsen i den store pensjonskampen var ikkje mykje å skryte av osb. Senterpartiet er det ikkje så mykje snakk om i boka. Det ser ut som om dei er meir med på "kjøt og flesk", som det heiter.

Dei viktigaste innlegga er skrive av den opposisjonelle DNA-mannen Kleiv Fiskvik og Ingrid Fiskaa, som er sentralstyremedlem i SV. Fiskvik meiner at DNA nok har blitt pressa frå høgre og at partiet har hatt veike personar som statsrådar når partiet har hatt statsmakta, men at partiet no har trekt lærdom av sjukehusreforma og privatiseringa av Statoil slik at "Arbeiderpartiets linje i privatiseringsspørsmålet synes nå å ha svingt i riktig retning, men det er nødvendig å innrømme og rette opp tidligere feil på dette området" (side 43). "En ny flertallsregjering fra 2005, med vilje til å gjenopprette tapte skanser på de områdene som gjelder mest, vil kunne rive unna mye av grunnlaget for frustrasjon, hjemmesitting og stemmer til Fremskrittspartiet. Skal dette bli mulig, må det etableres en ny økonomisk politikk og en finans- og pengepolitikk med politisk styring. Det må bli slutt på den politiske ansvarsfraskrivelsen for viktige beslutninger som berører folks hverdag." Dessutan "må vi ha stortingsflertall i mer enn en periode". "Og derfor må også alliansene vi utvikler mellom grunnplansbevegelsene utvikle langsiktige perspektiver." (Alt frå side 49.)

Alt dette byggjer nok opp om illusjonar om DNA sin politikk, etter mi meining. Men Fiskvik viser til ein metode for å bringe folk sin krav inn i valkampen som blei brukt i Oslo, Trondheim og Moss under kommunevalet 2003. Då gjekk fagrørsla ut med eigne politiske krav som dei målte partia etter, og oppmoda medlemmene sine om å stemme på dei partia som dei meinte best kunne fremme kravet deira. Det førte til at ein allianse av DNA, SV og RV fekk mange stemmer, og i Trondheim og Moss vann denne alliansen fleirtalet frå dei partia som sit med regjeringsmakta. No vil Fiskvik bruke same oppskrifta i stortingsvalet. Men det han skriv no har ein veikskap, han nemner denne gongen ikkje at det er viktig å stemme på RV, dersom ein verkelig vil dreie politikken på Stortinget til venstre. Det er tross alt RV som kan stø og vil stø alle dei konkrete krava som blir lagt fram i boka. Noko vi ikkje kan seie om noen av dei aktuelle regjeringskameratane. Skal dei få eit press på seg for å ikkje å halde seg på den gamle syndefulle og vaklevorne vegen sin, så treng dei noen skarpe RV-representantar på tinget, som verkelig kan køyre fram grasrotkrava når dei andre ser ut til å falle tilbake til gamle synder.

Ingrid Fiskaa set opp regjeringsalternativa slik: "Stortingsvalet 2005 handlar om viktige politiske vegval: Skal Noreg vere eit haleheng til Bush, eller ta klart stilling mot åtakskrig og okkupasjon? Skal meir av fellesskapet sine ressursar overlatast til Børsen og den globale finanskapitalen, eller skal offentleg utdanning og helsevesen styrkast? Skal over 700.000 menneske vera utstøytt frå arbeidslivet, eller skal arbeid til alle vera jobb nummer ein?" (Side 62.)

For at ikkje partia etter valet glømmer dette er det "på tide å organisere motmakt" slik at alternativa kan bli utforma "i opne demokratiske rom" og slik at vi kan "minna dei folkevalde på kvar dei får mandatet sitt frå".

Ut frå dette er "Stortingsvalet – ein sjanse til å mobilisera alle som ønskjer ein ny politisk kurs i Noreg", og då kan vi kanskje samstundes "skapa ei meir varig folkerørsle – ei folkerørsle mot marknadsliberalismen".

Så set ho opp fem bod for den nye folkerørsla ho håpar på. Den må einast om "ein felles analyse", dvs. peike ut fiendar og venner. Den må "ha ein strategi", dvs. ta initiativet sjølv. Dessutan treng vi "konkrete mål og alternativ", dvs. "visse stegsom fører oss i retning meir folkestyre, økonomisk rettferd og fred". Så må folkrørsla vere inkluderande, dvs. at "alle skal kunna vere med". Og for det femte må vi "gripa sjansen når han dukkar opp", og han er dukka opp i og med stortingsvalet 2005. (Sidene 70-72.)

Marsdal skriv om "Kjempesjansen 2005" der han tar utgangspunkt i det merkelige uttrykket "Norges lange flate". Han tar fram trekk ved den rådande politikken og seier at samleordet er "modernisering". "Modernisatorane vil ta frå deg pensjonsrettar du tok for gitt. Dei kan ta frå oss stillingsvernet vi har i arbeidslivet. Dei kan riva ned einskapsskulen til fordel for eit klassedelt og delprivatisert system", mens du på den andre sida kan sleppe dette.

Så seier han et det to vilkår for å få dette til. Det eine er regjeringsskifte og det andre er ei folkerørsle som pressar den nye regjeringa til å legge om politikken grunnleggande. Det er samarbeidet mellom fagrørsla og dei nye rørslene som vil kunne sikre dette.

Elles har han ein merkelig uhistorisk og mangelfull analyse av korleis dei såkalla nye rørslene oppstod. Han seier: "Siden The Battle of Seattle i 1999 har virkelig elitenes dagsorden blitt utfordret av nye bevegelser nedenfra." I sin iver etter å legge vekt på det nye ser han då bort får den svære rørsla mot atomprøvene på slutten av 1950-talet som i følgje NRK førte mellom 10.000 og 15.000 ut i gatene i Oslo i protestdemonstrasjon. Og han ser bort frå dei store antiimperialistiske rørslene frå 1950-talet av og, først i høve Algerie, så i høve Vietnam. Han ser også bort frå dei enorme rørslene mot den nyliberale politikken rundt 1995, med opprøret i Frankrike i desember der fleire millionar gjekk gatene og i Spania, Italia og Tyskland på same tida. Det var desse rørslene som sette fart i krinsen rundt Le Monde Diplomatique slik at dei etter kvart danna Attac. Han ser og bort frå dei svære kampane i den fattige verda som gjekk heile tida, sjølv om vi ikkje høyrte så mykje om det i våre media. Verst er det kanskje at han ser for bort frå utviklinga av den største politiske rørsla i Noreg i siste halvdel av 1900-talet, nemlig den store rørsla mot EEC, EF og EU med høgdepunkt rund 1972 og 1994. Den siste store rørsla mot EU – rundt 1994, var verkelig eit stort opprør mot det nyliberale EU og eit mønster for dei såkalla nye rørslene som kom seinare.

Det siste innlegget frå Marsdal og Wold er eit brev til Kristin Halvorsen der dei konkluderer med kva ho må seie til Stoltenberg for at den norske politikken skal bli god og der dei truger det "raudgrøne" alternativet med at det vil bli eit valskred i retning Frp dersom ei ny regjering ikkje følgjer opp krava frå grasrota. "Du skal fortelle, som sant er, at Norge ikke trenger å kutte i pensjonene til folk flest. Og at en regjering der SV inngår aldri kommer til å svekke Folketrygden. Du skal fortelle at en ny flertallsregjering vil styrke, ikke svekke, de ansattes rettigheter i Arbeidsmiljøloven. Du skal fortelle dem at nå skal de folkevalgte ta tilbake styringen over helsevesenet. … Du skal fortelle befolkningen at den hardhendte underfinansieringa av våre velferdskommuner umiddelbart tar slutt under en regjering der SV inngår. … Du skal fortelle folk at Norge, med en regjering der SV deltar, kommer til å gå over på de fattige landenes side i kampen mot de nyliberlistiske tvangstiltakene fra Verdensbanken og Pengefondet." "Og så kan du legge til at hvis det er ett land i verden som har økonomisk handlefrihet til å bryte med den nyliberalistiske konsensusen, er det det finansielt bunnsolide Norge." (Side 90-91.)

Konklusjonen er at "SV må være villig til å gå i spissen for opposisjonen mot nyliberalismen, også når den kommer fra Jens Stoltenberg." (Side 91)

Elles er LO i Oslo sitt krav til eit nytt fleirtal og ei ny regjering lagt fram, saman med krava til Attac Norge, LO i Oslo, Press, Utdanningsforbundet i Oslo, Sykepleierforbundet i Oslo, Latin-Amerikagruppene, Fellesrådet for Afrika og For Velferdsstaten. (Sidene 53-58 og side 96.)

Dei største politiske veikskapane i boka er dei tre store illusjonane og den store mangelen. Den eine illusjonen er at ja til EU-partiet DNA kan endre den grunnleggande nyliberale linja si. Den andre er at SV kan påverke DNA til å gjøre dette. Den tredje er at ei folkerørsle blir skapt som eit vedheng til den parlamentariske prosessen og at han kan skapast utan å nemne Nei til EU.

Den store mangelen er sjølvsagt at Raud Valallianse er totalt oversett. Dette er forståelig for folk som berre er hekta på regjeringsmakt. Men det er ikkje forståelig for folk som vil ha inn eit parti på Stortinget som verkelig står for alle dei konkrete krava som blir lagt fram av LO og dei andre organisasjonane, og som heilt sikkert vil reise desse sakene utan noko press frå ei folkerørsle, fordi partiet sjølv er ein del av folkerørslene og derfor er eit talerøyr for desse.

Til RV er det berre å seie: Bruk denne boka, vis at det er RV som står for og støttar dei konkrete krava som er sett fram og som vil vere den beste sikringa for at dei blir fremma i Stortinget og ikkje skusla bort i alle slags kompromiss om taburettar og regjeringskabalar.

Terje Valen