Svart Mamba (omtale)

Av Ingrid Baltzersen

2012-01 Bokomtaler

Nadifa Mohamed:
Svart Mamba
Vigmostad & Bjørke, 2011

Nadifa Mohamed er ei britisk-somalisk dame på rundt 30 år som har skrivd ein biografisk roman om den store reisa far hennar foretok på slutten av 30-talet. Faren Jama, som også blir kalla svart mamba, veks opp som gategut i den jemenittiske byen Aden. Ti år gamal drar han frå heimbyen i Somalia for å finna faren sin, ein odyssé som tar han forbi viktige historiske hendingar og byar i området. Jamaa finn etter kvart ut at faren er ein del av den mest meiningslause krigsinnsatsen i opptakten til 2. verdskrigen, som kanonføde for småpengar i Mussolini sitt felttog i Aust-Afrika. Han deltar også ei stund der sjølv, som gutunge under  italienske offiserar, men drar vidare for å nå den store draumen om kjappe pengar i europeisk teneste.

Det er tragisk å lesa om forsøket på å komma gjennom den tids Schengen-grense, og faren for å enda som mange tusen gjer kvart år skylt i land på stranda eller tørka til beinrester i ein ørken. Men som me skjønner så kjem jo Jamaa alltid vidare, sidan han over 40 år seinare skal bli far til forfattaren.

På omslaget blei eg redd for at boka var ei melodramatisk tåreperse. Det er ei dramatisk historie. Men forfattaren klarer å framstilla gledane i det ofte korte og meininslause livet til mange av dei Jamaa møter, utan å verken rettferdiggjera eller glorifisera lidinga.

Ingrid Baltzersen