Rulletrapper og tredemøller: Derfor ender farga i USA sist

Av Meizhu Lui

2012-02

Einslege farga kvinner har ein utruleg situasjon: Dei har bare ein penny for kvar dollar farga menn har, og bare ein brøkdel av ein penny samanlikna med einslege kvite kvinner. Det viser at rase trumfar kjønn.

Meizhu Lui har kinesisk immigrantbakgrunn, er restaurantarbeider og fagforeningsleder, og var med å starte Freedom Road Socialist Organization. Hun er hovedforfatter i boka The Color of Wealth, The Story Behind the US Racial Wealth Divide.

Etter at ein afro-amerikanar vart valt til president – ei fantastisk historisk hending – skryt media av at me no har eit «postrasistisk » samfunn. Det er ikkje lenger grunn til å uroe seg over raseskilnader proklamerer dei. Det følger logisk av den glade historia at dersom farga menneske skulle vere verre stilte økonomisk enn kvite, så er det deira individuelle feil. Kvite kan trekke på skuldrene og gå. (Det er ikkje vanskeleg å oversjå desse «andre», fordi svært få kvite bur i område med meir enn 10 prosent frå dei andre gruppene.)

Farga menneske er verkeleg verre stilte. Regelen «dess mørkare dess verre» er framleis sann i dag: Afro-amerikanarar ender framleis på sisteplass, og kvite vinn over alle andre grupper medrekna asiatisk-amerikanarar, latinos og indianarar. For eksempel var arbeidsløyseprosenten blant afroamerikanarar tosifra og dobbel så høg som for kvite, og tri av fire indianarar i somme reservat var utan arbeid før det offisielt var krise.

Somme seier problemet er at farga menneske er dårlegare utdanna. Men det er meir sannsynleg at høgskoleutdanna afroamerikanarar er utan arbeid enn kvite som bare har eksamen frå vidaregåande. Asiatar er ofte framstilte som betre stilte enn kvite, men høgskoleutdanna asiatar er oftare arbeidslause enn høgskoleutdanna kvite. Arbeidsløysa blant latinos er litt lågare enn for svarte, men høgare enn for asiatar og kvite. Det siste tiåret er arbeidsløysa blant svarte menn grovt rekna tridobla, akkurat som for kvite menn, men det betyr at det prosentvise gapet mellom dei to arbeidsløysetalla har eksplodert. Mens nokre få farga som Obama har poppa til toppen som kork, så har lagdeling og ulikskap på grunnlag av rase blitt intensivert.

Dette er endå tydelegare når me ser på formue eller finansiell eigedom. Formue er eit viktigare mål enn inntekt. Inntekt set deg i stand til å overleve, mens formue set deg i stand til å komme deg fram i livet. Det du eig – som sparepengar, eigedom, bustad, investeringar og forretningseigedom – minus det du skyldar –avgjør om du kan klare deg ei tid som arbeidslaus eller alvorleg sjuk (i USA er arbeidsløysetrygda tidsavgrensa, og det er føderale ordningar bare for eldre). Det avgjør au om du kan bruke pengane dine til å skape meir pengar, halde barna dine på høgskole, og sjå fram til eit trygt liv som pensjonist.

Om du stilte alle kvite familiar opp etter formue og såg på familien i midten, ville den familien i 2007 hatt ein nettoformue på 100 000 dollar utanom bustaden. Den afro-amerikanske medianfamilien hadde bare 5000 dollar, som ein femøre samanlikna med krona til den kvite familien. Nittifemtusen dollar meir for kvite enn svarte er ein pen sum. Einslege farga kvinner har ein utruleg situasjon: Dei har bare ein penny for kvar dollar farga menn har, og bare ein brøkdel av ein penny samanlikna med einslege kvite kvinner (viser altså at rase trumfar kjønn). Ettersom me ser på menneska i midten, betyr det at nær halvparten av svarte kvinner og latinos-kvinner lever med gjeld, utan pengar til å betale for skoleturar for barna sine.

Korfor taper farga menneske kappløpet?

Me kan ikkje forstå dagens økonomiske skilnader utan å sjå på fortida, fordi formue samlar seg over generasjonar. Mens inntekt er som eit foto, er formue som film. Underordningsmekanismane som blei brukt mot ulike ikkje-kvite grupper i USA, var ulike – tjuveri av jord, fornekting av menneskeverd, utanrikspolitikk, borgarrettar – men alle vart aktivt hindra då dei prøvde å skaffe seg levelege kår.

Indianarane: Rike på jord og skitfattige

Før dei kvite kom, hadde indianarane fri bruksrett til all jord. Tjuveri og kontroll av jorda er grunnlaget for all kvit kapitalistisk formue i USA, ei umåteleg overføring av ressursar frå indianarar til anglo-amerikanarar.

Stammefolk definerer ikkje rikdom som finansiell eigedom i individuell eige, men som kollektivt disponert jord. Ulykkelegvis kolliderte ideen om at naturressursar er eigd i felleskap av alle naturen sine skapningar, med den europeiske kapitalistiske ideen om at jordstykke skulle eigast individuelt, og brukast til å skape privat og kortsiktig profitt. Då europeisk immigrasjon steig i USA etter revolusjonen, trakta dei stadig meir etter jorda til indianarane. I 1830 vart Indian Removal Act vedtatt, og stammefolk vart tvinga lengre og lengre vestover, forviste til område som var «reservert» for dei – vanlegvis dei minst fruktbare områda. Det siste store territoriet til indianarane – Dei store slettene – vart gitt som gave frå styresmaktene til kvite. Etter indianarkrigane vart Homestead Act vedtatt i 1862, og regjeringa gav bort millionar av mål til kvite busettarar som alle fekk 640 mål jord gratis.

Likevel eig stammane framleis millionar av mål. Men dei kontrollerer ikkje si eiga jord. Juridisk er jorda «forvalta» av den føderale regjeringa, på same vis som med juridisk verge for barn. Styresmaktene skulle dekke behova til urfolka, og styre reservata til beste for dei. «Forvaltings»-ansvaret vart brote konstant. Når det for eksempel vart funne olje og andre verdfulle mineral i reservata, vart retten til det som låg under bakken, gitt til selskap eigd av kvite. Utan å ta med jord som vart tatt med våpenmakt, er det rekna med at feilforvalting aleine har snytt stammane for 28 milliardar dollar. Ikkje rart dei framleis er skitfattige.

Afro-amerikanarar: Ei særmerkt form for formue

Afro-amerikanarane var i seg sjølve finansiell eigedom, kom som avlingar stabla i lasteromma på skip, klare til å bli selt og innrekna i bøkene til eigarane saman med husdyr og utstyr. Då slavehandelen vart ulovleg i England og andre europeiske land, vart kvinnene endå meir verdfulle for platasjeeigarane fordi dei kunne produsere rikdom: fleire slavebarn. Slaveeigarane deltok ofte sjølve i denne verdiproduksjonen. Som andre trekkdyr var afrikanske kvinner bare avlsdyr, og kven som leverte sperma, var irrelevant. Det som vart stole og gjort til rikdom, var ikkje mindre enn menneskeverdet til dei afrikanske folka. Det ubetalte arbeidet deira skapte også superprofitt for eigarane, og gjorde plantasjeeigarane i sør til dei rikaste i USA. Det er rekna på at om dei var blitt betalt lønn som til kvite arbeidarar, ville det sirkulert 1,4 billionar dollar i dei svarte samfunna i dag.

At eigedom var viktig for eit liv i fridom, vart slått fast straks etter borgarkrigen i 1865. Frigitte afrikanarar vart lova «160 mål jord og eit muldyr». Dei første få åra byrja unionshæren faktisk å fordele jord til nyleg frigitte slavar. Men etter bare sju år kom det til ein politisk hestehandel med politikarar frå sør, og storparten av jorda vart gitt attende til dei tidlegare sørstatseigarane. Afro-amerikanarar vart tvinga til å bli «forpaktarar » som likt bøndene i føydalsamfunn fekk beholde litt av arbeidsresultatet sitt som naturaliainntekt. Men utan eiga jord og utan rettar vart dei evig gjeldsbundne, og ute av stand til skaffe seg økonomisk fotfeste.

I alle periodar etter det vart svarte halde utanfor offentlege ordningar som gav økonomisk støtte til kvite. Trygdesystemet i USA garanterte for eksempel inntekt til pensjonerte arbeidarar. Men husarbeid og arbeid i jordbruket – dei to viktigaste yrka for svarte – var ikkje dekka av ordninga. Etter andre verdskrigen investerte ein store skattepengar gjennom GI Bill of Rights for å skape ein middelklasse. Soldatane fekk huslån med låg rente og gratis høgskoleutdanning, to nøkkelområde for å ha økonomisk trygge kår. Men svarte soldatar vart viste bort av det store fleirtallet høgskolar og bankar som nekta å ha noko med afroamerikanarar å gjøre.

Den vanlege påstanden i USA er at folk blir rike ved å jobbe hardt. Om det var sant, ville afro-amerikanarane vore dei rikaste i USA i dag.

Latinos: Frå bakgården til sjefen

Uro for USAs plass i den globale økonomien har avgjort skjebnen til latinos både på utsida og innsida av grensene til USA. På tida til revolusjonen i USA var Spania største kolonisten og jordeigaren på det amerikanske kontinentet. Mexico vart fritt frå Spania i 1821, og var like stort som USA. Tri år seinare lova Monroe-doktrina dei nyleg sjølvstendige latin-amerikanske nasjonane «vern» mot innblanding frå europeiske makter. I røynda lét doktrina USA intervenere i heile verdsdelen for å verne sine eigne økonomiske interesser. I 1848 starta USA krig mot Mexico for å skaffe seg meir territorium, og for å oppfylle det dei såg som sin «innlysande skjebne» (manifest destiny) – sin gudegitte rett – til å ekspandere «frå hav til skinnande hav», som det heiter i America the Beautiful som blir sunge med stor glød i barneskolen. Mexico tapte krigen, og vart tvinga til å gi frå seg halvparten av territoriet til USA. Som ein meksikansk-amerikansk tjenestemann sa seinare: «Eg gjekk ikkje over grensa. Det var grensa som gjekk over meg!»

På nittenhundretallet forsterka politikken til styresmaktene det økonomiske gapet mellom meksikanarar og kvite. Under andre verdskrigen, då gardsbruka i USA hadde behov for fleire arbeidarar, oppretta den føderale regjeringa Bracero-programmet. Det ga USA lov å henta meksikanske arbeidarar for å jobbe under minimumslønn og på dårlege vilkår, og så bli sparka ut når det ikkje var behov for dei. Handels- og immigrasjonspolitikk blir framleis brukt for å halde oppe USAs kontroll i sin eigen «bakgård», og samtidig nekte dei som blir «verna» frå å få litt av gledene som finst i sjølve «hagen» til Onkel Sam. I dag er sentral- og sør-amerikanarar også inkluderte i USAs ekskluderande politikk, den einaste inkluderinga dei kan vente seg.

Asiatisk-amerikanarar: Evige utlendingar

Ulikt dei andre tri gruppene kom asiatane i hovudsak til USA frivillige, som immigrantar som prøvde å forbetre sin økonomiske status. Men asiatar har aldri vore rekna som råstoff ein kan lage «verkelege» amerikanarar av, fordi dei ikkje tilfredstiller krava til å vere «kvite». The Naturalization Act frå 1790 avgrensa retten til borgarskap til «kvite». Asiatane visste ikkje om dei var kvite eller ikkje – men dei ønska vere det! Rettane og fordelane med borgarskap var openbare. Og etter tur gjekk kinesarar, japanarar og folk frå India til retten for å bli rekna som kvite, men tapte.

Utan borgarskap var det ei rad med lover som avgrensa høvet asiatar hadde til å skape seg rikdom. Kinesarane slo seg saman med irar og andre i strømmen til California for å grave gull. Men Foreign Miners Tax som bare blei kravd inn frå kinesarar, var laga for å skyve dei ut av gruveindustrien. Skatten dekka 25 prosent av delstatsbudsjettet til California på 1860-tallet, men kinesarane hadde ingen rett til hjelp frå offentlege ordningar. The Chinese Exclusion Acts vedtatt i 1882 sette ein stoppar for kinesisk immigrasjon, og kinesarane blei dei første som blei nekta tilgang til denne immigrantnasjonen. Rett til statsborgarskap fekk dei først etter andre verdskrigen, då Kina og USA var allierte mot Japan.

I dag er asiatane den gruppa som totalt sett ligg nærmast dei kvite økonomisk. Men som Wen Ho Lee – den kinesiskamerikanske kjernefysikaren som urettmessig vart skulda for spionasje i 2002 – fann ut: Asiatar er framleis definert ut frå rase og merka som evige utlendingar, ikkje «verkelege » amerikanarar.

Løpet er manipulert

To menneske kan løpe like fort, men om den eine er i rulletrapp og den andre på ei tredemølle, er det openbart kven som vinn.

Ut over hardt arbeid må assistanse frå styresmaktene til for å sette fart i økonomisk mobilitet. Gjennom heile historia har gaver i form av jord og offentlege subsidiar hjelpte kvite familiar til å komme seg fram.

Den økonomiske kollapsen i dag rammar farga hardare enn kvite på grunn av hardnakka diskriminering på alle økonomiske område. Regjeringas manglande evne til å regulere arbeidsmarknaden og finanssektoren for å sikre alle grupper lik behandling er ein del av problemet. Men i tillegg har «nedtrapping» av offentlege tiltak retta mot fattige og skattekutt for næringsliv og rike blitt løysinga politikarane har på krisa i våre kapitalistiske samfunn. Å fjerne offentleg hjelp til dei som tradisjonelt blir sett utanfor, gjør vondt verre. Etter turen i den økonomiske rulletrappa vil kvite som kjem på øvste nivå skru av for å sikre seg at farga stadig vil komme sist.

Men kvantitet blir til kvalitet. I 2042 vil majoriteten av folket vere ikkje-kvite. Om USA held fram som i dag, vil det skape ein apartheid-nasjon, med ein politisk og økonomisk maktstruktur for ein kvit minoritet. For progressive og sosialistar må viktigaste oppgava framleis vere å fjerne raseskillet, og sameine den multinasjonale arbeidarklassen i USA.

(Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen)