Befolkningspolitikk – eit globalt perspektiv

Av Olav Randen

2009-04

Det at verdas folketal nærmar seg eit stabilt nivå, er eit av dei store framstega i vår tid. 2 barn per par bør bli ei global rettesnor.
Men denne målsetjinga når berre fram om kunnskapar om historie og respekt for andre levemåtar og kulturar ligg i botnen.
Den moralistiske kritikken av at folk i den tredje verda får så mange barn, står i vegen for ein fornuftig befolkningspolitikk.
Olav Randen er geitebonde og driver forlaget Boksmia, www.boksmia.no

Eg vel å ta utgangspunkt i eit intervju med biologiprofessor ved Universitetet i Bergen Harald Kryvi i Dagbladet, 9. mai 2009. Professoren hevda blant anna:

  •  at den uhemma befolkningsveksten er årsaka til temperaturauke og miljøøydeleggingar,
  •  at i Afrika finst ei rekkje land der kvar kvinne får i snitt fleire enn åtte barn,
  •  at Kina er det einaste landet i den tredje verda som fører ein aktiv politikk for å redusere fødselstal,
  •  at fattige land, til skilnad frå rike land, er overbefolka og difor må ta seg saman og fø færre barn,
  •  at vestlege land har eit folketal som er tilpassa ressursgrunnlaget,
  •  at med ein folketettleik som Bangladesh ville Norge ha 370 millionar innbyggjarar.

Eg vil i det følgjande vise at dei fem første punkta er kunnskapslaust vrøvl. Det sjette, som eg ikkje bruker meir plass på, innber til dømes 500 000 innbyggjarar på Jostedalsbreen og 250 000 på Svartisen. Eller om me flytter fokuset til eit anna område, nesten 2 milliardar på Grønland.

 

Bak ligg ein tanke om at Norge og Vesten må stengje grensene for innvandring frå den tredje verda eller iallfall bli meir restriktiv. Med det vil desse overbefolka landa bli tvinga til å ta skeia i ei anna hand og gjennomføre eigne tiltak for å redusere folkeveksten. Kvifor kjem det så mange innvandrarar til Norge, spør intervjuaren, og får dette svaret: «Jo, fordi det er altfor mange innbyggere der de kommer fra. … Det sies at Afrika produserer for lite mat. Vi kan imidlertid snu problemstillingen: Kanskje er det for mange munner å mette?»

 

Det opinionsdannande og statssubsidierte Dagbladet oppfatta altså professoren som ein autoritet, dei presenterte reportasjen som forskingsformidling, dei inviterte til nettmøte med professoren etterpå, og dei fleste debattantane der tykte han var ein modig og klok mann.(1) Hendinga viser at me har behov for å analysere og diskutere slike spørsmål. Og med ein viss rett blir me ytst ute på venstresida kritiserte for at me, med vårt fokus på undertrykking av dei fattige, ikkje har gått inn i desse spørsmåla. La oss altså gå inn i dei.

 

Verdas befolkningsutvikling

 

I mange land er kunnskapane om folketal og fordeling av befolkninga usikre. Dei offisielle opplysningane, til dømes slik dei kjem fram i talmaterialet til FNs befolkningsdivisjon, må altså sjåast på som omtrentlege. Når det blir hevda at verdas folketal nådde 6,8 milliardar 1. juli 2009, er det altså omtrent sant, men datoen kan ha vore nokre månader før eller nokre månader etterpå.

 

 

År: 0

1000

1500

1800

1900

1950

1980

2009

Prognose 2025

Prognose 2050

0,3

0,31

0,54

0,98

1,65

2,52

4,44

6,8

8

9,1

Tabell 1. Folketal i verda på ulike tidspunkt i milliardar.(2)

Av dei 6,8 milliardane bur 5,6 milliardar, 82 prosent, i utviklingsland. Folketalet aukar no med 79 millionar i året, eller 150 i minuttet. I førre tiår var auken 90 millionar i året.

 

FNs befolkningsdivisjon opererer med åtte ulike prognosar for folketalet framover, avhengig av kva føresetnader dei legg til grunn. Den lågaste ligg på i underkant av 8 milliardar menneske i 2050, den høgaste på vel 11. Medianprognosen, som eg kjem til å leggje hovudvekta på i det følgjande, byggjer på at den nedgangen i fødselstal som me har sett i mange land dei siste tiåra, held fram og når stadig fleire land. I så fall vil folketalet bli 9,15 milliardar i 2050. Då vil det vekse med vel 30 millionar i året.(3) Dei siste par åra har likevel folketalet vakse raskare enn prognosen skulle tilseie, så mykje tyder på at han er i lågaste laget.

 

I tillegg til uvissa om fødselstal knyter det seg sjølvsagt uvisse til levealder. Globalt er aldersgruppene over 60 dei som veks snøggast, og prognosane byggjer på at denne veksten skal halde fram. Men pandemiar og andre sjukdommar, krigar og naturkatastrofar kan redusere levealderen. I den mest aidsherja delen av verda, sørlege Afrika, har levealderen gått ned frå 61 til 53 år dei siste 20 åra. Også usunt levesett, til dømes med mykje stillesitjing og/eller alkohol, kan føre til nedgang i levealder. Levealderen blant menn i Russland har gått ned dei siste åra og er no i underkant av 60 år. Eit nytt begrep er teke i bruk for å skildre det som skjer i Russland og tidlegare sovjetrepublikkar no, hypermortalitet.

 

Me må ta mange atterhald mot prognosane. Avgjerdene om å setje barn til verda blir påverka av mange forhold, og små endringar i fødselstal i ei befolkning kan få store konsekvensar. Det same gjeld dei andre faktorane bak folketalet i eit område, inn- og utflytting og dødstal med ulike årsaker. Med desse atterhalda er prognosane viktige analysereiskapar.

 

Folketalet i dei fleste samfunn gjorde sprang oppover då dei gjekk over frå sankar-, jakt- og fiskesamfunn og til landbrukssamfunn. Dette skjedde på ulike tidspunkt i ulike delar av verda og kunne ta mange hundre år. Folketalet gjer eit nytt sprang oppover når samfunn går over frå landbrukssamfunn til moderne industrisamfunn. Også dette skjer gjennom ein lang periode.

 

Dei førindustrielle landbrukssamfunna var prega av sakte og ujamn vekst. Dei fleste par fekk barn frå inngått parforhold og så lenge kvinnene var i fødedyktig alder. Barnetalet varierte mellom fire og åtte, ut frå kvinnene sin alder ved inngåing av parforhold og kor stor del av kvinnene i fødedyktig alder som inngjekk parforhold og fekk barn. Dødstala blant spedbarn og småbarn var høge, vanlegvis på mellom 10 og 20 % og stundom endå høgare, slik at folketalet likevel voks sakte. Ved epidemiar, massesvolt, krigar og naturkatastrofar gjekk folketalet attende.

 

Me kan bruke Norge midt på 1800- talet, då me tok til å få brukande statistikk, som døme.(4) Gjennomsnittsalderen for inngåing av ekteskap var 29 år for menn og 27 år for kvinner. Dei fleste var altså godt vaksne då dei gifte seg. I gjennomsnitt fødde kvinnene om lag 4,5 barn. Frå inngått ekteskap og så lenge dei var fruktbare hadde dei fleste kvinner barnefødslar med to–tre års mellomrom. Dette låg nær eit europeisk gjennomsnitt og nær snittet i mange utviklingsland i dag. I land der barnetalet er høgare, er kvinnene yngre når dei får sitt første barn. Ein av grunnane til at avstanden mellom barnefødslane var såpass stor, er at amming utsette neste graviditet. Nesten 2 % av barna var dødfødde. Mellom 10 og 15 % av dei levandefødde døydde det første leveåret, mange også som småbarn. Men trass barnedøden hadde befolkninga eit svært høgt tal barn. Meir enn kvar tredje innbyggjar var under 15 år. Gjennomsnittleg levealder var snautt femti år, og fire år høgare for kvinner enn for menn.

 

Forholda minner til dømes om Kenya i dag. Kenya har ein gjennomsnittleg levealder på 56,9 år. Fødselstalet per kvinne er 4,96. Når det ligg høgare enn i Norge midt på 1800-talet, er det i hovudsak fordi normalalderen for ekteskapsinngåing er lågare. Intervallet mellom fødslane er nokså likt. 6,4 % av dei levandefødde døyr det første året, 10,3 % før fylte fem år. 42,8 % av innbyggjarane er under 15 år, og 4,1 % over 60. Tilsvarande tal i Norge i perioden 1846–50 var 33,6 og 8,6. Folketalet veks med 2,64 % i året, vel ein prosent meir enn Norge midt på 1800-talet.

 

Vekstperioden, som Norge kom inn i for alvor på tidleg 1800-tal, er knytt til framstega med industrivekst, større matproduksjon (i Europa framom alt potetdyrking), meir allsidig kosthald, effektive medisinar og betre hygiene, frå det enkle som innlagt vatn og handvask til kunnskapar om mineralar og vitaminar i mat. Levealderen går opp, aller mest fordi færre spedbarn døyr, men framleis er barnetalet per kvinne høgt. Norge var i denne perioden til eit stykke ut på 1900-talet, lenger i bygd enn i by og lenger blant småkårsfolk enn blant rikfolk. Eg kan ta eigne besteforeldre som døme. Det eine paret gifte seg då kvinna var 26 år. Dei fekk seks barn, som alle voks opp. Det andre paret gifte seg då kvinna var 19 år. Dei fekk ti barn, men to av dei døydde tidleg.

 

I mange land i vår tid skjer veksten raskare, og perioden varar i stuttare tid enn i tidlegindustrialiserte land. Handvask med varmt vatn, vaksinering mot tuberkulose og tilgang til malariamedisinar er døme på framsteg som kan gjere at dødstal og spesielt spedbarndødstal går snøgt nedover.

 

Det landet som har høgast fødselstal per kvinne i perioden 2005–2009, er Niger med 7,15. 6 land har mellom 6 og 7 barn per kvinne, Afghanistan, Timor-Leste, Somalia, Uganda, Tsjad og Den demokratiske republikken Kongo. 20 land ligg mellom 5 og 6 og 18 land mellom 4 og 5. Til saman har desse landa 15 % av verdas innbyggjarar. Ikkje i noko land blir det fødd meir enn 8 barn per kvinne, slik Dagbladets demografiekspert hevda. Mange av desse landa har svært høge spedbarndødstal og låg levealder. Afghanistan (43,8 år) Zimbabwe (44,1 og Zambia (45,2) er dei landa som har lågast forventa levealder. I Afghanistan døyr 15,7 % av barn det første leveåret og 23,5 % før dei fyller fem år. Ei afghansk gjennomsnittsmor må altså føde fire barn for at tre skal leve til skolealder.

 

Stabiliseringsperioden er neste periode, og der går barnetalet per kvinne ned mot reproduksjonsnivået, nivået der den kvinnelege befolkninga rekrutterer sitt eige tal (på ca. 2,1 fødslar per kvinne, høgare enn to fordi det blir fødd fleire gutar enn jenter, og høgare i land med låg levealder fordi mange jenter og unge kvinner døyr). Faktorane bak er mange, høgare alder for familiestifting, at kvinner er ute i arbeid, tilgang til barnehagar, samfunnsansvar for dei eldre, meir bruk av prevensjonsmiddel, abortar, endra kulturelle og religiøse holdningar etc. Det eine universelle trekket er at dei fleste par ønskjer etterkommarar, men ikkje nødvendigvis mange etterkommarar. Viss dei kan føle seg nokolunde sikre på at barna veks opp, vel dei å få færre barn. Det andre universelle trekket er at para og kvinnene i større grad enn før – og i dei fleste kulturar – kan velje sjølve kor mange barn dei vil ha.

 

I denne perioden veks folketalet framleis snøgt av to grunnar. Levealderen går opp, og landa har som følgje av vekstfasen føreåt ei overvekt av yngre innbyggjarar og difor av unge mødrer.

 

Iran kan vere eit døme. Landet har dei siste tre tiåra hatt ein nedgang i fødselstal frå 6,5 til 1,83 per kvinne. I 1950 utgjorde folketalet 17 millionar, i 2009 74 millionar og ifølgje prognosane 87 millionar i 2025 og 97 millionar i 2050. Folketalet veks fordi landet framleis har ein stor del yngre innbyggjarar som får barn, og fordi gjennomsnittleg levealder stig. I løpet av eit par generasjonar vil landet få ei anna aldersfordeling med mange eldre, slik at dersom fødselstal et held seg under to, vil folketalet stabilisere seg eller minke sakte.

 

Ei rekkje land har dei siste tiåra teke steget over frå vekst- til stabiliseringsperioden, på det viset at dei har nådd eller nærmar seg to barn per kvinne. Særleg gjeld det land med betra økonomi og sosiale forhold. Asiatiske døme kan vere Bangladesh (6,63 barn i 1975–80, 2,36 i 2005–2010), Dei sameinte arabiske emirata (frå 5,66 til 1,95), India (frå 4,89 til 2,76) og Iran (frå 6,5 til 1,83). Kina har ein nedgang i same perioden frå 2,93 til 1,77, eit tal som gir grunn til å spørje om fokuset på Kinas eitbarnpolitikk er sterkare i Vesten enn i Kina. Afrikanske døme kan vere Algerie (frå 7,18 til 2,38), Botswana (frå 6,37 til 2,9), Sør-Afrika (frå 5 til 2,55) og Tunisia (frå 5,69 til 1,86). Dei fleste søramerikanske land er inne i same utviklinga, Brasil såleis frå 4,31 til 1,9 og Venezuela frå 4,47 til 2,35.

 

Dei fleste europeiske land og Kina har kome over i eller nærma seg ein fjerde periode når det gjeld folketal, stabilitetsperioden. Dei har eit fødselstal på eller under to per kvinne og har fått eller er i ferd med å få jamnt minkande alderspyramidar, der altså ikkje yngre vaksne lenger utgjer ei overvekt. Kina har framleis mange yngre vaksne og ein stigande levealder og kan difor vente ein viss folketalsvekst, fram til omkring 2025. Ein del europeiske land har eit stabilt eller litt minkande folketal. Italia til dømes har no 59,9 millionar innbyggjarar og vil etter det prognosealternativet eg har teke utgangspunkt i, ha 57,1 millionar i 2050. Tyskland vil få ein nedgang frå 82 til 71 millionar viss dagens fødselstal blir framtidas fødselstal.

 

Om medianprognosen til FNs befolkningsdivisjon held, vil folketalet stige med vel 30 millionar i året rundt 2050. I løpet av hundreåret vil den stabiliseringa me har sett i industriland, bli universell, og folketalet vil stabilisere seg rundt 10 milliardar.

 

Overbefolka område?

 

Er det slik at fattige land, og særleg Afrika, er overbefolka, medan vår del av verda har eit folketal tilpassa naturgrunnlaget? Me kan jamføre Italia og Angola. Angola er utan særleg tvil det mest ressursrike av dei to landa. Angola har fire gonger så stort areal, rike naturressursar som dyrkbar jord, fossefall, fisk, olje og jernmalm og – til dess våre utslepp øydelegg det – eit gunstig klima. Angola har 10 innbyggjarar per kvadratkilometer, Italia 193. Når Angola har så få, er det fordi Vesten har halde landet nede og henta naturverdiar og slavar derifrå. Viss noko av desse landa skal kunne seiast å vere overbefolka, må det vere Italia.

 

Eit land som Nederland er sjølvforsynt med landbruksvarer og eksporterer i tillegg mykje. Men dei hentar krøtterfôr og gjødsel i andre land. Importen er så stor at Nederland legg beslag på fem gonger eige landbruksareal.

 

Ser me på forureining, blir biletet det same. Det er Europa og USA som står for dei store klimautsleppa. Me kan ta Norge som døme. Me ligg på det dobbelte av verdssnittet i klimautslepp. Reknar me inn utsleppa med dei varene me importerer, ligg me på mellom tre og fire gonger snittet. Om me korrigerer for at me frå naturens side er forsynte med vasskraft (som me kunne ha eksportert mykje av og såleis redusert utsleppa i andre land), blir våre økologiske fotavtrykk endå større.

 

 

 

1750 1900 2009 Prognose 2050

 

 Innbyggjartal

%

Innbyggjartal

%

Innbyggjartal

%

Innbyggjartal

%

Verda

791

100

1650

100

 

6829

100

9150

100

 Afrika

 106

 13,4

133

 8,1

1010

 14,8

1998

 22,8

 Asia

 502

 63,5

 947

 57,4

 4121

 60,3

 5231

 57,2

 Europa

 163

 20,6

 408

 24,7

 732

 10,7

 691

 7,6

 Latin-Amerika og Karibia

 16

 2

 74

 4,5

 582

 8,5

 729

 8

 Nord-Amerika

 2

 0,3

 8,2

 5

 345

 5,1

 448

 4,9

 Oseania

 2

0,3

 6

0,4

 35

0,5

 51

0,6

Tabell 2. Folketal i verdsdelane på ulike tidspunkt.(5)
 

Tabellen over viser fordelinga av folket på verdsdelar på tre tidspunkt og i tillegg FNs medianprognose for 2050. I perioden frå 1750 til i dag har folketalet i verda vorte nidobla. Folketalet i Afrika har vorte nesten tidobla, i Asia åttedobla og i Europa mellom firedobla og femdobla. I dei andre verdsdelane var utgangspunktet lågt, og veksten har vore formidabel. Tyder ikkje dette på ein uhemma vekst i andre verdsdelar, medan europearane har teke ansvar og dempa veksten i sine befolkningar, og med det også vil få ein stadig mindre del av verdas innbyggjarar? Er det ikkje slik at viss andre hadde vist det same ansvaret som våre europeiske formødrer og -fedrar og noverande innbyggjarar, hadde verdas folketal no og framover vore på eit handterbart nivå?

 

Kunnskapane om tidlegare tiders folketal er naturleg nok usikre, og meir usikre til lenger attende me går. La oss likevel prøve å gå bak tala:

 

For det første hadde Europa, særleg Vest-Europa, ein veldig vekst i sitt folketal i perioden før 1750. Truleg var folketalet i verdsdelen i år 1500 om lag 62 millionar. (6) Veksten hadde å gjere med betre medisin- kunnskapar, meir allsidig mat, industrialisering og betre økonomi på grunn av koloniar og verdshegemoni.

 

For det andre vart folketalet i andre verdsdelar halde nede og redusert av europearane.(7) Då Columbus oppdaga Amerika, var det truleg om lag 70 millionar innbyggjarar der, altså noko fleire enn i Europa. Med si overlegne eldkraft og like overlegne bakteriekultur nedkjempa og utrydda dei europeiske kolonisatorane amerikanarar, slik at den opphavlege befolkninga i verdsdelen minka med minst 90 %. Utryddinga av indianarane er det truleg største folkemordet i verdshistoria. Då indianarane døydde unna og difor ikkje i tilstrekkeleg omfang kunne drive slavearbeidet i gruvene og på plantasjane, valde kolonisatorane ein ny metode for å skaffe arbeidskraft, å hente inn afrikanske slavar, med det resultatet at Afrika også fekk stagnasjon i folketalet i ein lang periode. 10–15 millionar afrikanarar vart importerte, og like mange miste livet under fanging og transatlantisk overfart.

 

Slik har Europa dei siste hundreåra teke i bruk ikkje berre sin eigen verdsdel, men også Amerika, Afrika, Oseania og delar av Asia. Dei har utrydda innfødde, dei har utnytta både naturressursar og arbeidskraft i desse verdsdelane til eigen bate, og dei har befolka verdsdelane med sine innbyggjarar.

 

Vår blodige og brutale fortid og notid gjer at me innbyggjarar i Europa og etterkommarar etter europearar i andre verdsdelar minst av alle bør kritisere dei andre for at dei legg beslag på for mykje av verdas ressursar eller er for mange. Utan våre europeiske herjingar dei siste hundreåra hadde verda truleg vore ein langt betre stad å leve.

 

Kva med Norge? I 1750 var folketalet rundt 626 000. Det har vorte nesten åttedobla. Reknar me inn dei 800 000 norske som utvandra (nettotal), dei fleste til Nord- Amerika, der dei har bidrege til å desimere indianarbefolkninga og overteke deira landområde, kjem me til at folketalet har vorte 12- eller 13-dobla frå 1750 til i dag. Folketalet i verda har vorte nidobla i same perioden.

 

Hadde me hatt nokolunde pålitelege innbyggjartal frå seinmellomalderen, ville dei truleg vise ei fordeling av innbyggjarane mellom verdsdelane som ikkje er så ulik fordelinga etter prognosane for 2050.

 

Islamsk dominans?

 

I dei fleste land i den vestlege verda finst miljø og i mange land parti som hevdar a) at barnetalet er ekstremt høgt i muslimske land fordi leiarane der aktivt bruker fødslar som ledd i ein langsiktig strategi for å vinne verdshegemoni, og b) at muslimars innvandring til europeiske land, saman med låge barnetal i desse landa, vil føre til at vår del av verda vil bli islamisert, somme seier i løpet av 30 år, andre i løpet av 100 år.

 

 

1975-1980

 2005-2010

 Indonesia (88 %)

4,73

2,19

 Pakistan (96 %)

6,80

4,00

 India (13 %)

4,89

2,76

 Bangladesh (90 %)

6,63

2,36

 Egypt (90 %)

5,66

2,89

 Nigeria (50 %)

6,89

5,32

 Iran (99 %)

6,50

1,83

 Tyrkia (98 %)

4,72

2,13

 Algerie (98 %)

7,18

2,38

 Marokko (99 %)

5,90

2,38

Tabell 3. Endringar i fødselstal per kvinne i løpet av 30 år i dei ti landa med flest muslimar. Prosenten i parentes viser kor stor del av innbyggjarane som er muslimar.(8) India har 165–170 millionar muslimar av eit folketal på 1,2 milliardar. Fødselstala for India seier difor ikkje så mykje om barnefødslar blant landets muslimar.

Tabellen over viser at fødselstalet går raskt nedover i muslimske land. Unntaket blant dei ti største er Nigeria, som framleis har eit barnetal på over fem per kvinne. Dette kan ikkje tilskrivast religionen, det ser me til dømes av at talet ligg om lag jamhøgt med i hovudsak kristne Etiopia. Hovudforklaringa er i staden det utviklingssteget landet står på. Dei er framleis i den demografiske vekstfasen, ikkje i stabiliseringsfasen.

 

I enkelte mindre land med islam har barnetalet gått endå meir nedover enn tabellen viser, i Tunisia såleis frå 5,69 til 1,86 i same perioden, i Libanon frå 4,31 til 1,86 og i Ghadaffis Libya frå 7,38 til 2,72. Blant arabarlanda er det to unntak der nedgangen er mindre, borgarkrigsherja Jemen og dei palestinske sjølvstyreområda. Afghanistan og fleire afrikanske land er også unntak og stadfester det eg tidlegare har skrive om at ei usikker framtid med aids, okkupasjon eller borgarkrig normalt gjer at barnetalet held seg høgt. Ikkje i nokon annan del av verda ser me ein så rask nedgang i fødselstal som i majoriteten av muslimske land. Miljøa og partia som snakkar om den veldige veksten i barnetal i muslimske land, er altså ikkje oppdaterte – eller utan evne til å forstå samfunnet.

 

Neste påstand er at innflytting av muslimar, saman med låge fødselstal i vestlege land, vil føre til islamsk overtak i vestlege land. Det blir peika på henting av ektefellar i fråflyttingslandet, familiegjenforeiningar og høge barnetal blant innvandrarar. Somme hevdar at talet på muslimar veks eksponentielt, altså som renter på renter. Flytter først ein muslim inn i landet, vil denne flyttinga føre til at fleire kjem.

 

Realiteten er i staden at folk flyktar når det er krig og krisar, og at flyttestraumen frå eit land normalt avtek og tilbakeflyttinga tiltek om forholda betrar seg. Statistikk frå ulike vestlege land viser også at første generasjon innvandrarar frå ikkje-europeiske og såleis muslimske land får fleire barn enn innfødde mødrer, men barn av innvandrarar får vanlegvis eit barnetal som ligg nær normalnivået i landet dei har kome til.(9)

 

Det må også føyast til at fødselstalet veks i mange vestlege land no og nærmar seg reproduksjonsnivået. I Storbritannia voks fødselstalet frå 1,6 i 1975–80 til 1,84 i 2005–2009, i USA frå 1,79 til 2,04 og i Sverige frå 1,66 til 1,87.(10) I Norge har talet vakse frå 1,78 til 1,96 frå 2001 til 2008.(11) Me ser ikkje tilsvarande vekst, iallfall ikkje enno, i Aust-Europa.

 

Påstandane om muslimsk babyboom og muslimsk overtaking av vår del av verda saknar altså feste i røyndommen. Det er ein del av ein skremselskampanje som har sterke likskapstrekk med kampanjen mot den gule fare sist på 1800-talet, med kampanjen mot jødane i mellomkrigstida og under andre verdskrig og med kampanjane mot sigøynerar og taterar. Det handlar ikkje berre og kanskje ikkje først og fremst om å bremse innvandring, det handlar primært om å sikre vestleg verdsherredømme, om å dele verda inn i aksepterte og ikkje-aksepterte menneske og i neste omgang å mobilisere mot dei ikkje-aksepterte.

 

To barn per kvinne

 

Det finst knapt noko alternativ til å ha to barn per par som målsetjing. Eller skrive på ein annan måte: Høgare barnetal vil innebere kamp mellom land og folk og ikkje vere berekraftig.

 

Men å krevje at fattige land skal innføre strenge befolkningsrestriksjonar er å fråta dei høvet til ei utvikling som vår. Ikkje berre har dei vorte og blir haldne nede økonomisk og kulturelt av den rike delen av verda, me blandar oss i tillegg inn i privatlivet til folk om me forkynner at dei to milliardane menneske som lever for under to dollar om dagen, skal redusere sitt barnetal fordi dei opptek for stor plass på kloden. For dei framstår denne innblandinga som tiltak for å halde på det imperialistiske jerngrepet om dei og hindre at dei skal få sin rettkomne del av klodens ressursar.

 

Vår oppgåve må vere ei anna, å hjelpe landa til at dei snøgt kan gå over frå fase to til fase tre og fire i befolkningsutvikling.

 

Det inneber at det er om å gjere å stogge krigshandlingar og redusere fattigdom, svolt og helseproblem. Land som Afghanistan (6,63 barn per kvinne), Irak (4,15), Sudan (4,23), Jemen (5,3) og Somalia (6,4) er alle merkte av krig, iallfall dei to førstnemnde frå Vestens side, og uvisse om framtida. I ein slik situasjon vel par å få mange barn for å sikre seg etterkommarar også om dødstala blant barn og yngre vaksne skulle bli høge. Det er, særleg i samfunn der familien må ta seg av dei eldre, ei så å seie universell tenking at eit par ønskjer seg minst to etterkommarar, og av dei helst ein son. Er risikoen stor for at dei fødde mister livet som barn eller ungdommar, vil dei ha fleire.

 

Det gjeld ikkje berre krigssituasjonar. Dei landa som har størst del av innbyggjarane under sveltegrensa og under fattigdomsgrensa, som har høgast del hiv/aids og som er mest herja av andre sjukdommar, har også dei høgaste eller blant dei høgaste tala barnefødslar per kvinne.

 

Me kan til dømes spørje: Korleis hadde barnetalet og difor folketalet i aidsherja land utvikla seg dersom den rike verda i staden hadde kasta kreftene inn i å bekjempe aids? Med forsking for metodar for å drive sjukdommen attende, med aktiv informasjonsverksemd, med subsidierte i staden for patenterte og dyre vaksinar, med støtte til grunnleggjande helsetenest og teststasjonar for hiv, med utdeling av kondomar, med støttetiltak til fattige slik at ungjentene ikkje treng bli prostituerte, med gratis sprøyter til narkomane etc. Det er sjølvsagt uråd å svare absolutt, men jamfører me land med mykje aids med land som lykkast i å halde sjukdommen nede eller drive han attende, ser me at bekjemping av aids er eit vesentleg tiltak for å stabilisere ei befolkning. Land som Senegal, Uganda og Tunisia, som alle har gjennomført vellykka tiltak mot aids, har også hatt ein sterk nedgang i fødselstal dei siste åra. Det sannsynleggjer at folketalet hadde vore lågare og ikkje høgare om aids hadde vorte nedkjempa.

 

Av dette følgjer at det viktigaste tiltaket me i Vesten kan kome med for befolkningsregulering i fattige land, er å hjelpe dei vekk frå krig, svolt, fattigdom og sjukdommar. Hjelp til sjølvhjelp i matproduksjon, sjukepleiarar og medisinar i staden for soldatar og bomber altså.

 

Det finst mange tenlege, målretta hjelpetiltak. Eit døme er skolelunsj i verdas fattigaste land. Det vil for det første betre kosthaldet til barna og difor auke sjansane for at dei lever opp. For det andre vil det gjere at fleire foreldre sender barna til skole og difor at dei lærer å lese og skrive. For det tredje vil det gjere at jentene blir i skolen lenger og difor at tenåringsekteskap med påfølgjande svært høge barnetal kan unngåast. Gratis skolelunsj i dei 44 landa med lågast inntekter vil koste om lag 6 milliardar dollar i året.(12)

 

Andre døme på billige og effektive tiltak der vår del av verda kan gjere ein innsats, er kamp mot analfabetisme, hjelp til informasjonsverksemd, gratis tilgang til kondomar og bygging av helsestasjonar for mor og barn. Alt dette er tiltak som både betrar fattigfolks helse og bidreg til å redusere fødselstala. Det er altså vinn–vinn-situasjonar.

 

Ein tredje gevinst er også viktig: Innbyggjarane vil vanlegvis få det betre. Eit land med mykje sjukdom og låg levealder er eit kostbart land å drive, om innbyggjarane skal ha tilgang på offentlege basistenester. Aidspasientane eller dei krigsskadde fyller opp sjukehusa og legg beslag på det landa har av legetenester. Overvekta av unge gjer at landet må bruke svært mykje pengar på utdanning. Når mange yngre vaksne døyr av aids eller i krig, inneber det samtidig at kostnader med å føre desse fram til vaksenlivet, har vore bortkasta. Landet er inne i ein vond sirkel som det er uråd å kome seg ut av.

 

Men éin gevinst vil utebli om bistandsarbeidet blir lagt om i denne leia, profitten dagens bistandsmidlar gir dei rike lands næringsliv.

 

Eksemplet Iran

 

Det er ikkje, for å vende tilbake til Dagbladets påstått sakkunnige, slik at Kina er det einaste utviklingslandet som fører ein aktiv befolkningspolitikk. Når fødselstalet går ned i land etter land, er det blant anna fordi styresmakter ser reduserte fødselstal som ønskeleg og gjennomfører tiltak for å få fødselstala ned. Iran er kanskje det mest oppsiktsvekkjande dømet. Landet hadde i 1975–80 eit fødselstal per kvinne på 6,5. Då Ayatollah Khomeini overtok leiinga i landet i 1979, avvikla han alt av familieplanlegging og propaganderte for store familiar og mange soldatar for islam i krigen mot Irak. Fødselstalet auka til 8, og folketalet voks nokre år med meir enn 4 % årleg. Rundt 1990 tok styresmaktene til å innsjå problema dette medførde, overbefolkning, økologisk forfall, arbeidsløyse og veldige samfunnskostnader til helsestell og undervisning. Dei vedtok ei nasjonal lov om familieplanlegging. Blant tiltaka var pålagd familierådgiving for nye par, bygging av 15 000 lokale helsestasjonar, frivillig sterilisering av menn og gratis tilgang til prevensjon. Like eins starta dei målretta arbeid for at kvinner skulle lære å lese, med det resultatet at leseevna blant iranske kvinner auka frå 15 % i 1970 til over 70 % i år 2000. Og dei tok i bruk fjernsyn og aviser for å oppmode folk til å redusere barnetalet. I løpet av vel eit tiår gjekk fødselstalet per kvinne dramatisk nedover og er no på 1,83. Arbeidet med å få ned fødselstala har også gitt gevinstar i form av betre økonomi, mindre press på naturressursar og helseinstitusjonar, fleire kvinner i arbeid og meir ressursar til skolesatsing.(13)

 

Spørsmålet er korleis andre land kan lære av det iranske eksemplet. Neste spørsmål er korleis me i den rike verda kan bidra til denne lærdommen. Svaret er iallfall ikkje å drive kampanjar mot islam, å hevde som sosiologen Sigurd Skirbekk i avisdebatt med underteikna (14) at muslimar set så mange barn til verda fordi dei har eit anna forhold til sex enn me i den kristne kulturkrinsen, å hevde som George W. Bush at Iran er ein del av vondskapens akse eller å unngå kontakt med landet. Svaret er analysar, kunnskapar, respekt for andre og økonomiske bidrag til å gjennomføre tiltak av liknande slag.

 

Ei verd med stabilt folketal

 

Mykje tyder på at verdas folketal vil flate ut på rundt ti milliardar, slik at verdssamfunnet – med alle atterhald for sjukdommar, krigar, naturøydelegging og framtidas samfunnsendringar – kan gå inn i ein periode med etter måten stabilt folketal. Ti milliardar er eit svært høgt tal i høve til ressursgrunnlaget på vår vesle klode. Tre eller fem milliardar hadde vore langt lettare å handskast med for klodens framtidige innbyggjarar.

 

Sjølv om talet på menneske blir nær grensa for det kloden har ressursar til, vil ei stabilisering av folkesetnaden vere eit stort framsteg for menneskeheita. Det vil gjere arbeidet med forvaltning og utnytting av våre knappe naturressursar oversynleg og handterbart. Det vil kunne medverke til å flytte fokuset frå vekst og privat profitt og over til stabil og berekraftig samfunnsdrift. Eit slikt fokusskifte vil gjere det langt vanskelegare å forfekte ein marknadsøkonomi basert på undertrykking og alles kamp mot alle. Det vil gjere det tilsvarande lettare å arbeide for ein planøkonomi, eit globalt samarbeid og ei verd tufta på samarbeid og rettferdig fordeling. Difor er ei stabilisering av folketalet den viktigaste framoverretta endringa for menneskeheita i vår tid.

 

Noter:

  1. http://www.dagbladet.no/2009/05/09/magasinet/ befolkning/forskning/6120221/
  2. un.org/esa/population/publications: The World at Six Billion. Prognosetala frå UN: World Population Prospects, The 2008 Revision. Highlights.
  3. UN: World Population Prospects, The 2008 Revision. Database og Highlights. Når tal blir nemnde i det følgjande utan kjeldeoppgiving, er denne databasen kjelda.
  4. NOS: Historisk statistikk 1994.
  5. Utrekna ut frå un.org/esa/population/publications: The World at Six Billion, FNs befolkningsdatabase, sjå note 3.
  6. Europa, demografi i Encyclopædia Britannica med kjeldetilvisingar.
  7. Sjå til dømes Cappelens verdenshistorie, bind 15 Imperialismen, artiklane om Afrika og Amerika. Tal frå Mexico frå Sven Lindqvist: Utrota varenda jävel, Bonniers 1993, side 159, med kjeldetilvisingar.
  8. Opplysningar henta frå PewResearchCenter:Mapping the Global Muslim Population. Oktober 2009. Talmaterialet elles, sjå note 3.
  9. Sjå til dømes Lappegård, Trude: Mellom to kulturer. Fruktbarhetsmønstre blant innvandrerkvinner i Norge. Rapporter 2000/25 frå Statistisk Sentralbyrå.
  10. Walker, Martin: The World`s New Numbers. The Wilson Quarterly, besøkt 28.09.2009.
  11. Statistisk årbok 2008, tabell 71, SSBs infosider om befolkning.
  12. Tal frå Lester R. Brown. Plan B 3.0, side 139.
  13. Lester R. Brown, sjå førre fotnote, side 140. Janet Larsen: «Iran´s Birth Rate Plummeting at Record Pace», i Lester R. Brown, Janet Larsen og Bernie Fischlowitz-Roberts: The Earth Policy Reader, New York 2002.
  14. Klassekampen 26.4.07