Masseprotestane i Brasil i juni og juli 2013

Av Alfredo Saad Filho

2013-04

Alfredo Saad Filho underviser i utviklingsstudiar ved SOAS – University of London, og er medforfatter av boka Om Kapitalen av Marx, utgitt av Rødt! i 2009. Artikkelen ble første gang trykt i The Bullet nr 851, http://www.socialistproject.ca/bullet/851.php. For en mer detaljert avnalyse av opprørene i Brasil, se siste utgave av Critical Sociology.
Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen.

Massedemonstrasjonane som starta i juni, var dei største og viktigaste protestane i Brasil på tretti år, og dei har skaka opp heile det politiske systemet i landet. Den eksplosive veksten, omfanget og den uvanlege breidda overraska alle – venstresida, høgresida og styresmaktene.

Det som skjedde

MPL – Movimento Passe Livre (Rørsla for gratis transport) – er ein radikal venstreorientert organisasjon utan partitilknytting, og har eksistert i mange år. Sjette juni leia MPL ein liten demonstrasjon som kravde omgjort ein takstauke frå 3 real til 3,20 real på kollektivtransporten i Sao Paulo. Media kritiserte MPL for å hindre trafikken, og for urealistiske krav, og demonstrasjonen vart angripe av politiet. Stadig fleire dukka opp i demonstrasjonane dei følgande dagane, og politiet svarte med aukande brutalitet, banka opp demonstrantar og forbipasserande, og skada mange journalistar.

På to veker eksploderte demonstrasjonane i omfang, og spreidde seg over landet. Over ein million menneske slutta seg til i hundrevis av byar, og det er framleis aksjonar nesten kvar dag, som den store landsomfattande aksjonen venstresida leia 11. juli. Deltakarane er i hovudsak unge arbeidarar, studentar og frå middelklassen. Det er aksjonar med basis i fattigområde eller arbeidarar med særeigne krav (bussjåførar, lastebilsjåførar, helsearbeidarar osv).

Midt i juni bytta media brått side og støtta aksjonane. Storstilte forsøk på å ta over leiinga av rørsla vart sett i verk straks, media tilbaud full dekning og mobilisering av folk til gatene, og – svært viktig – støtta ei mangedobling av krava, og mindre radikale krav, ein kakofoni som konsentrerte seg om allmennpolitiske spørsmål, særleg offentleg ineffektivitet og korrupsjon, alt for å drukne venstresida og delegitimere regjeringa.

Frå då av blei demonstrasjonane meir prega av kvit middelklasse. Dei hadde med parolar om ei rekke spørsmål, som offentlege tjenester (for); FIFA-cupen 2013 og verdscupen 2014 (mot); rettar for homofile og legalisering av narkotika (i hovudsak for, men dei fleste kjerker er mot); abort og religiøse spørsmål (alle tenkelege standpunkt); offentlege utgifter, privatisering og statlege monopol (uklare standpunkt); president Dilma Roussef og Arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores, eller PT) (sterkt mot); nytt militærstyre (ein ønskedraum for ultrahøgre); og særleg korrupsjon (der alle var lykkeleg samstemte mot). Alle kunne stille med eigne krav, og om dei var individualistiske og antipolitiske vart det endå betre TV. Det var spesielt merkeleg å sjå folk frå middelklassen vere indignerte over offentlege tjenester dei ikkje bruker og heller ikkje har tenkt å bruke.

Som demonstrasjonar andre stader siste åra vart demonstrasjonane i Brasil i hovudsak organisert gjennom sosiale media og fjernsyn. Uvanleg nok hadde dei ofte ingen klare leiarar og ikkje talspersonar. Ofte organiserte grupper av folk seg på Facebook og Twitter, møttest ein eller annan stad, og marsjerte ei rute som ofte var ukjent, etter vedtak gjort av ukjente personar meir eller mindre der og då.

Politiets framferd førte ofte til opptøyar, då drog politiet seg tilbake, dels for sitt eige omdømme; andre gonger gjekk politiet til åtak på demonstrantane utan å bry seg med urostiftarane. Infiltrasjon frå politiet og ytre høgre var tydeleg og omfattande. Av ein eller annan grunn vart somme demonstrasjonar erklært «parti-fri», og militante venstreorienterte og fagforeiningsfolk vart trakasserte og banka opp av bøllar som ropte «landet er mitt parti». Demonstrasjonane vaks framleis i omfang i denne perioden, og vart samtidig både meir radikaliserte og fragmenterte. Då dei føderale styresmaktene til slutt pressa Sao Paulo og Rio de Janeiro til å omgjøre takstauken ved å tilby dei skattekutt saman med truslar om at dei aleine måtte ordne opp i kaoset, var demonstrasjonane alt ute av kontroll.

Seint i juni gjorde venstresida eit samordna forsøk på å ta tilbake leiinga i rørsla. Samtidig freista presidenten å ta initiativ ovanfrå til politiske reformer, større løyvingar til offentlege tjenester, og betre helseomsorg. Demonstrasjonane har etterpå krympa i omfang om ein ser bort frå den landsomfattande streiken 11. juli.

Tri lærdommar

Første lærdommen frå aksjonane er at dei stadfesta at store delar av over- og middelklassen og media stadig og ustanseleg avviser tidlegare president Lula da Silva, president Dilma Rousseff og PT. Hatet dei så tydeleg har vist i demonstrasjonane og mediadekkinga, er ikkje grunna i snevre økonomiske interesser. Lula har på truverdig vis stått på at eliten i landet aldri har tjent så mykje pengar som dei gjorde i hans presidenttid, og det gjeld truleg framleis under Dilma. Uansett er delar av borgarskap og middelklasse sinna fordi dei har mista privilegium når andre har fått større rettar under demokratiseringa av landet i regjeringstida til PT. Til stor irritasjon har den brasilianske eliten forstått at dei ikkje lenger kan styre brasiliansk politikk aleine.

Omfordelinga av inntekt og utvida sosiale tiltak dei siste ti åra har komme millionar av menneske til del, marginale som dei har vore. Men perverst nok har forbrukslån gitt mange fattige høve til å handle på kjøpesenter, ta fly over heile landet, og kjøpe seg ein liten bil. Venstresida bør kritisere ein del av desse draumane, peike på at dei er samfunnsmessig uønska, ikkje miljømessig berekraftige, at det ikkje finst tilhøyrande infrastruktur, og at dei ofte var resultat av styresmaktenes tiltak for storkapitalen. Men i dag er dei uttrykk for ambisjonane og krava frå titalls millionar menneske. Resultatet er at vegar og flyplassar er fulle, og dei tidlegare brukarane (frå eliten) klagar bittert over mangelen på plass til alle desse fattige, og no med ei kjensle av rett.

Mens storkapitalen gjorde det godt økonomisk siste tiåret, gjaldt det ikkje middelklassen. Det er knapt med såkalla «gode jobbar» i privat og offentleg sektor, høgare utdanning er ikkje lenger garanti for «god» inntekt, og ungdommen finn det vanskeleg å gjøre det betre enn foreldra økonomisk. Middelklassen er desperat etter økonomisk vekst, men er framleis ideologisk knytt til det nyliberalistiske prosjektet som fører til mindre vekst. Dei er også skremt av den påstått «radikale» regjeringa, trass i PTs ekstraordinære moderasjon, og livredde for at Brasil skal bli eit nytt Venezuela.

Andre lærdommen frå protestane er at den «venstreorienterte» nyliberalismen dei gunstige økonomiske vilkåra har gitt PT høve til å innføre, saman med auka statleg legitimitet etter valet av Lula, kan avvæpne høgresida og skille den radikale venstresida frå fleirtallet av folket. Lula avslutta andre valperioden i 2010 med oppslutning opp i 90 prosent, og Dilma Rousseff hadde 60–70 prosent heilt til nyleg. Ingen president har hatt slik oppslutning etter tri år. Ingen parti til venstre for PT har hatt framgang, og heilt til nyleg har opposisjonen til høgre vore håplaust desorganiserte. Ein kort periode hadde PT noko nær politisk hegemoni i Brasil. No er PT og landet låst fast i politisk forvirring.

Tredje lærdommen er at PT har heva både forventningar og inntekt. Dei fattige som har fått det betre vil forbruke meir, større delar av folket vil inkluderast i samfunnet, og alle vil ha betre sosiale tjenester. Middelklassen vekslar mellom å vere likegyldig og fiendtleg til dei fattige, men vil gjerne ha fordel av gode offentlege tjenester ein gong i framtida. Men dei er absolutt mot å betale høgare skatt for å få det til. Dei hevdar dei betaler for mykje som det er, at store delar av statsinntektene forsvinn i korrupsjon, og at «deira» skattepengar gjennom statlege tiltak har gått til fattige parasittar som ikkje har gjort seg fortjente til det. Samtidig ser media og middelklassen fullstendig bort frå det faktum at nær halvparten av statsbudsjettet går til å betale offentleg gjeld – i praksis eit velferdsprogram for dei rike – og at det gir mindre pengar til sosiale tiltak og føderale overføringar.

Desse enorme krava til staten kjem i kjølvatnet av oppløysinga av den tradisjonelle arbeidarklassen, og demoraliseringa og desorganiseringa av fagforeiningar og partia på venstresida. Det har skjedd etter den demokratiske overgangen, overgangen til nyliberalismen, og vala av Lula og Dilma. Resultatet er at mens middelklassen er forvirra, sinna og desorganisert, så er arbeidarane ulykkelege av ulike grunnar, marginaliserte, og også desorganiserte. Det er ein oppskrift for ustabile politiske tilhøve, og stiller venstresida framfor store vanskar.

Venstresidas dilemma

Det var veljarbasen til Lula som røysta inn Dilma Rousseff, i hovudsak dei fattige, med støtte av storkapitalen. Men Dilma hadde eit handikapp: ho har alltid vore teknokrat, aldri hatt politiske verv, og hadde ikkje nokon eigen politisk base. Og ikkje minst var økonomien nøydt til å bli verre i hennar regjeringstid, etter boomen midt på 2000-tallet og den uvanleg framgangsrike opphentinga i Brasil etter verdskrisa i 2008.

Den økonomiske nedturen vil nødvendigvis skape sosiale og politiske spenningar på grunn av eksisterande misnøye og motstridande ønskemål, og statens minkande evne til å gjøre noko, for eksempel fordi heile venstresida kontrollerer mindre enn 1/3 av seta i kongressen. Det gjør det uråd for PT å styre utan alliansar med udisiplinerte parti på høgrefløya og tvilsame enkeltpersonar, alt mens fiendtlege media og eit høgreorientert rettsapparat følger kvilelaust med.

Handlingsrommet for å halde styr på desse motseiingane har krympa dei siste månadene. Inflasjon, stigande underskot i økonomien, svekka valuta på grunn av lågare råvarepriser, minka eksport, mindre vekst i Kina, og kapitalflukt på grunn av kvantitativ lette* i USA, UK og eurosonen. Det har ført til at sentralbanken i Brasil har heva renta, statseigde bankar låner ut mindre, og dei føderale styresmaktene og statseigde selskap har kutta budsjett og offentlege investeringar. Økonomien har stagnert, og det har blitt vanskeleg å redusere forskjellar utan direkte å ramme etablerte privilegium. Desse vanskane har blitt større av ustanselege mediekampanjar som seier regjeringa har mista grepet, at korrupsjonen er verre enn før, og at økonomien er ute av kontroll. Oppslutninga om Dilma har stupt.

La oss gå attende til demonstrasjonane. Sjølv om dei hadde samansette, overlappande og motsetningsfylte årsaker, kan me no sjå fire politiske implikasjonar:

For det første forvirring, som er forsterka av fråveret av ein organisert arbeidarklasse. Under nyliberalismen har restruktureringa av kapitalen endra samansettinga av arbeidarklassen, øydelagt dei tradisjonelle representasjonsmekanismene medrekna fagforeiningane, organisasjonar og venstreorienterte parti, og stort sett øydelagt arbeidarane si kjensle av å vere eit kollektiv. Brasil har i dag ein arbeidarklasse oppdradd under nyliberalismen, pulverisert, utan erfaringar med kollektiv kamp, hekta på direkte nettbasert kommunikasjon, og motvillig til tradisjonelle reiskapar som parti og fagforeiningar. Klassen har fått snevrare ambisjonar, med lite støtte til ambisjonar om å endre samfunnet: måla blir avgrensa innanfor den ramma nyliberalismen har sett opp. Det gjør det vanskeleg å utforme og slåst effektivt for klassekrav, både fordi måla er blitt meir uklare under nyliberalismen, og fordi arbeidarane i utgangspunktet er mot kollektiv handling.

For det andre uttrykker protestane at dei misnøgde samlar seg, medrekna dei som er mot at fleire får bli ein del av samfunnet. Det har skvisa middelklassen. Frå arbeidarane og dei fattige kjem krav om meir omfattande rettar, betre offentlege tjenester og forbetra levekår. Begge grupper protesterer au saman på grunn av det dei oppfattar som dysfunksjonelle og korrupte statlege institusjonar som høgreorienterte media har sett søkelyset på med stort velbehag, som om det var nytt og skapt av PT. Desse motsetningsfylte krava kunne kanskje vore handtert om den brasilianske økonomien var i vekst. Det er han ikkje, noko som gjør alle klagar viktige, og alle restriksjonar strammare.

For det tredje er det politisk forvirring til høgre for regjeringa, og politisk vakuum til venstre.

For det fjerde er fellesnemnaren for mesteparten av krava og misnøya frå aksjonane i juni og juli staten – ikkje bare statens politikk i dag, men strukturen på den brasilianske staten. I den forstand dreier aksjonane seg direkte og indirekte om å kontrollere staten, og sekundært om å kontrollere den statlege politikken.

Om rørsla hadde vore sameint, om ho hadde hatt ein klar arbeidarklassekarakter, og om ho hadde vore leia av venstresida, kunne Brasil gått mot ei revolusjonær krise. Men det skjer ikkje: det finst ikkje noko revolusjonært parti som er i stand til å mobilisere og leie arbeidarklassen, inga oppfatning om at staten ikkje lenger må dominerast av klasseinteressene til borgarskapet, og ikkje noko felles program for sosial, økonomisk og politisk forandring.

Oppsummering

Protestaksjonane i Brasil uttrykker djup frustrasjon og jamvel desperasjon, fordi det har blitt uråd å kanalisere misnøye gjennom tradisjonelle former for sosial representasjon. Dei er enten stramt kontrollerte av eliten, eller gjort makteslause av dei nyliberale reformene. Men misnøye utan organisasjon er oftast fruktlaus, og spontane masserørsler med blanda klassebasis styrt av ufokusert sinne kan destabilisere utan å vere konstruktive.

Behovet for organisering, delegering av makt og kompromiss i rørsla, og med institusjonar på utsida peikar mot reorganisering av arbeidarklassen for å bøte på den fysiske oppdelinga, og den kulturelle oppdelinga nyliberalismen har tvinga på folk krev kollektivisme i praksis. Det betyr å snakke og handle saman, meir enn å samhandle gjennom nettbaserte media. Twitter og Facebook er gode måtar å utveksle avgrensa bitar med informasjon, men dei lar ein ikkje utveksle idear og bygge tillit.

Venstresida i Brasil har på modent vis takla ufordringane frå aksjonane, og forsøka frå media og det ekstreme høgre på å overta. Venstresida har konsentrert seg om å forsøke samordne program, særleg ved felles handling og nasjonal samordning av aksjonar, organisasjonar og parti, til å foreslå spesifikke mål rundt ei politisk plattform, som avgrensing av arbeidstida. Dei vil ha statleg investering i helse, transport og utdanning, ta offentlege tjenester ut av marknaden, demokratisere media, og ha reform i politiet. Poenget no er å finne plattformer som kan føre arbeidarane og dei fattige saman, og marginalisere og splitte middelklassen og høgresida. Det må leggast press på regjeringa samtidig som ein radikal arbeidarklasse må jobbe med statlege institusjonar slik at han nedanfrå kan stå sterkare i utforming og gjennomføring av politikken.

Venstresida må halde fast ved ein slik arbeidsmåte i staden for umoden (og heldigvis marginal) radikalisme med åtak på regjeringa, der dei på grunn av utilstrekkeleg tyngde uunngåeleg vil ende som underordna i destabiliseringskampanjene leia av høgresida, middelklassen og høgrepressa. Det er ikkje tvil om at venstreorienterte regjeringar fører meir progressiv politikk og tar meir omsyn til folkerørsler enn høgreorienterte. Om dagens regjering mista grepet og vart handlingslamma, er det svært usannsynleg at det ville legge grunnen til ein sosialistisk revolusjon i Brasil. Det er ikkje noko ideologisk, organisatorisk, sosialt, materielt eller internasjonalt grunnlag for at det skal skje no. I staden ville det nesten utan tvil legge til rette for at høgresida vinn presidentvalet neste år, og bidra til demoralisering og desorganisering av venstresida i Brasil.

Etter mykje nøling svarte den føderale regjeringa nettopp med å søke støtte frå venstre, og la fram eit program for politiske reformer og utvida offentlege tjenester med konkrete forbetringar for arbeidarklassen og dei fattige. Venstresida må gå i dialog med regjeringa, og stå fast på at ei parlamentarisk linje for å få gjennom desse reformene er nøydt til å slå feil. I staden må regjeringa gå saman med venstresida og arbeidarane sine organisasjonar for å presse gjennom demokratiske reformer, medrekna offentleg finansiering av politiske parti, bryte opp mediamonopola, og forbetra utdanning, helseomsorg og offentleg transport.

Ein skuffande men sakleg konklusjon er at Brasil ikkje er i ei revolusjonær krise, og at det er usannsynleg at dei politiske aksjonane i dag skulle utløyse noko slikt. Likevel er det utan tvil den viktigaste folkerørsla i Brasil på tretti år. Poenget no er å føre kampen vidare på gatene, arbeidsplassane og skolane, gjøre rørsla breiare og meir radikal, få fram arbeidarklassen med sine spesifikke krav, nedkjempe høgresida og desorganisere og få med delar av middelklassen. Alt mens ein pressar fram progressive konstitusjonelle og politiske endringar. Får ein til det, blir det politiske styrkeforholdet i landet endra, og konkrete langsiktige forbetringar for arbeidarane og venstresida i Brasil.

* Kvantitativ lette: Når renta ikkje kan senkast lenger for å stimulere økonomien, kan ein auke pengemengda. (Wikipedia.)

 

Alle bilder: CC-lisens Flickr/Semilla Luz