Sekstimarsdagen (bokomtale)

Av

Nr 4 2008

Magnhild Folkvord, Ebba Wergeland: Sektimarsdagen: den neste store velferdsreformen, Gyldendal 2008

Folkvord har jobba med sekstimarsdagen for Kvinnefronten sidan 1980-åra, og er til dagleg journalist i Klassekampen. Wergeland er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har vore ei stemme i både offentleg og fagleg debatt om blant annaarbeidsmiljø og sekstimarsdagen.

Boka startar med kapittelet «Det er ikkje pengane, men viljen det står på». Økonomane bak ei utgreiing om sekstimarsdagen, lagt fram mot slutten av 1980-talet, konkluderte mellom anna med at ei slik reform kunne gjennomførast utan nedgang i reallønna i løpet av ein femten års tid – med ein prislapp på fem til femten prosent av bruttonasjonalprodukt. Hadde det vore politisk vilje til det, kunne me hatt sekstimarsdag i dag! Ei ny utgreiing i 2008 kom fram til at sekstimarsdag ikkje er urealistisk, og ikkje vil få katastrofale følgjer for landet – sånn til dømes NHO ynskjer å få oss til åtru.

Kapittelet «Mindre vekst, betre fordeling » tar føre seg kva konsekvensar forbruket vårt har for klimaet, og kva potensielle konsekvensar sekstimarsdag kan ha for miljøet. Styreleiaren i Worldwatch Institute Norden får ordet; han meiner at arbeidstidsforkorting – til dømes sekstimarsdag – er eit vesentleg tiltak for å redda kloden, fordi ein må redusere lønnsarbeidet for åredusere forbruket.

To kapittel er via til sekstimarsdag med eit kjønnsperspektiv. Då kravet om sekstimarsdag vart reist igjen på 1970- og 1980- talet, var det blitt eit kvinnekrav, og eit av målsetjingane var auka likestilling. I dag jobbar me i gjennomsnittleg 30 timar i veka – tilsvarande sekstimarsdag, sjølv om dei fleste jobbar meir. Det som dreg snittet ned, er deltidsarbeidande kvinner som sjølv tar den økonomiske rekninga. For nokon er det ufrivillig – for andre er det opplevd frivillig. Samstundes har det skjedd ei endring i mannsrolla – og farsrolla. Frå å vera forsørgar, skal mannen no også vera omsorgsperson – og då passar det ikkje godt med lange dagar. Boka stiller difor spørsmålet: Kviforkrev ikkje fedrar sekstimarsdag?

Boka tar føre seg arbeidet og kampen for arbeidstidsreduksjon, frå slutten av 1800-talet med krav om åttetimarsdag (lovfesta i Noreg i 1919) og frå tjueåra med depresjonen og massearbeidsløyse og parola «Så lenge det er éin som er arbeidslaus, er arbeidsdagen for lang». Mange bedrifter hadde sekstimarsskift. Eit av desse var Kelloggs-fabrikken i Michigan, USA, som starta med sekstimarsdag i 1930 og fortsette med sekstimarsdag sjølv etter krigen – men då som valfritt – fram til dei siste sekstimarsarbeidarane slutta i 1985. Eit eige kapittel er via den første varige sekstimarsordningatil i dag.

Sjukefråværet skulle målast i dei tidligaste sekstimarsdagsforsøka. Oslo-forsøket vart kalla mislykka fordi sjukefråværet ikkje gjekk ned, til tross for at deltakarane fekk mindre muskelplager, vart mindre trøytte, og sov betre. Boka har via eit kapittel til oppklaring av forvirring rundt dette, og gir gode forklaringar på kvifor sjukefråværetkan auke med sekstimarsdag.

Det har vore fleire forsøk på sekstimarsdag enn det som vert kjend gjennom pressa. Boka gir omfattande plass til å fortelje om gjennomføring og erfaringar frå både arbeidarane og arbeidsgivarane av dei ulike forsøka– både i Noreg og Sverige.

Over fleire kapittel blir ulike potensielle konsekvensar av sekstimarsdagen diskuterte: vil kortare dag gi ein hardare dag – med høgare tempo og mindre pausar? Kan prisen for arbeidstidsforkortinga bli at grensene for normalarbeidsdagen blir uthula og forsvinn? Vil sekstimarsdag bli problem eller løysing for eldreomsorga? Kan sekstimarsdagen vera løysinga for den minkande delen deltidsbønder? Forfattarane brukar også eit kapittel på kva ein bør tenke på dersom sekstimarsdag blir føreslått i di verksemd – eller dersom du ynskjer å jobbefor sekstimarsdag i verksemda.

Boka avsluttar med kapittelet «Brutto nasjonal lykke (BNL)». Når folk har ein økonomi over eit visst minstenivå, fører ikkje nødvendigvis meir pengar til meir lykke. Dei siste femti åra har vesten opplevd ei dobling av realinntekta – men folk har ikkje vorte lykkeligare. Bhutan har erstatta brutto nasjonal produkt med brutto nasjonal lykke. Gevinsten av lykke kan ikkje lesast av bruttonasjonalproduktet – det fortel mest om marknadsproduksjonen. Nårgår BNP ut på dato også i Noreg?

Ein av intensjonane var å gjere boka lett og lettlest, slik at boka faktisk blir lest og brukt og ikkje berre blir ståande i bokhylla. Det har dei i yttarste grad fått til. Boka er i pocketformat, under to hundre sider, og kan lesast over alt: på bussen, på toget, i lunsjpausen eller saman med ein kopp te på senga. Forfattarane har eit godt språk og ei god framstilling – noko som gjer innhaldet lett å få tak i. Det er ein lek å lese! Boka bør ikkje berre lesast av fagforeiningsfolk, miljøaktivistar eller feministar – den bør lesast av menn så vel som kvinner, av alle som ein gong skal jobbe, har jobba eller er i jobb. Til den som ikkje alt har skaffa boka: sytfor at den er under juletre!

Magnhild Nilsen