Omstart

Av Cathrin Larsen

2006-01

For om lag ti år sia vart livet så tøft at Cathrin Larsen (40) berre ville sova. No startar ho livet på nytt.

– Plutseleg sat eg med nåla i armen. Eg var utruleg naiv, trudde ikkje eg skulle bli avhengig av heroin, men eg vart hekta med den første sprøyta. Med den fekk eg fred i hovudet for første gong i livet.

Den 40 år gamle firebarnsmora ser tilbake på eit rusmisbruk som starta for snart ti år sia, og som ho no er på god veg ut av. Etter tre år med eit substituttmedikament har ho nyleg starta med metadonbehandling, og det er tid for å tenkja framover, på eit liv utan rus.

Men det er ikkje lett å skjønna kva som har skjedd utan først å sjå bakover. Cathrin gifta seg tidleg med ein mann ho møtte da ho var 15 år. Ekteskapet vart ikkje godt, men det tok mange år å komma seg ut av det.

Først da ho begynte på vaksenopplæring i 1996 fekk ho den sjølvtilliten som skulle til for å krevja skilsmisse.

– Eg lengta så etter å læra noko nytt, det var så moro, seier ho, og fortel om korleis ho jobba nattevakt i 75 prosent stilling, gjekk på skole og i praksis hadde eineansvar for fire ungar.

– Eg var nesten aldri sliten, korleis klarte eg det, undrar ho i dag, og minnest korleis ho gjekk til advokat for å ta ut separasjon og skifta alle låsar i huset.

Men etter at separasjonen var eit faktum, kom ho til eit punkt da det vart meir enn ho makta.

– Eg fekk ikkje hjelp av nokon, familien svikta meg, ingen var der.

I denne tida møtte ho Kim som framleis er kjærast og sambuar. I første omgang var det rusen som gav fellesskap. Cathrin ville berre vekk frå alt, ville berre sova.

– Eg har trykt i meg store overdoser fordi eg ønskte å forsvinna frå verda. Alt var så jævleg. Ungane var vekk, alt eg eigde var vekk.

– Hadde det ikkje vore for Kim, hadde eg ikkje komme meg opp. Vi har gått vegen saman, saman kom vi fram til at vi ville ut av rushelvetet.

Ho hadde prøvd å be om hjelp frå barnevernet med det same ho begynte å rusa seg, men da kom det ingen. Men etterkvart kom ungane til fosterheim. Cathrin har likevel klart å halda kontakten med ungane gjennom dei vanskelege åra.

– Eg har vore open mot ungane, har aldri skjult noko for dei. Eg trur eg har klart å gi dei sjølvtillit, trur ikkje ein kan skryta for mykje av ungar, seier ho. Og ho skryter gjerne av dei til andre også, særleg er ho stolt av den eldste dottera, som no er vaksen.

– Ho har klart å halda oss saman. Og ungane har fått meg til å vakna, den eldste dottera har rista i meg, og sonen min har stilt krav til meg.

Det var berre nokre veker sia både Cathrin og Kim begynte med metadon, da vi møttest for å snakka om fortid og framtid. Dei måtte krangla seg til å få gjennomføra avrusing i lag, i behandlingsmiljøa er det motstand mot å la par gjennomføra behandling i lag, det skal vera ein risiko for at dei skal "dra kvarandre ned".

– Korleis kan dei vita det? Vi drar kvarandre opp, slår Cathrin fast.

Og no er tåka i ferd med å letta.

– Eg får med meg så mykje meir, kjenslene er sterkare. Eg konstaterer at hovudet er i orden, seier ho. Og no er ho klar for å tenkja vidare, ta opp att den tråden som glapp da ho sette nåla i armen. Ho vil gå meir på skole, og ser fleire utdanningsvegar som kan vera aktuelle. Vernepleiarutdanning er noko ho har lyst på, lærarutdanning kan også vera noko å tenkja på.

– Dei erfaringane eg har gjort i mitt eige liv, er nyttige i alt arbeid med menneske. Eg veit kva det er å ha eit problem. Ungdom som er i ferd med å skeia ut, vil lettare høyra på oss som har prøvd, og vi kan knepa. Eg vil gjerne hjelpa andre til ikkje å gjera det same som eg har gjort.

Kva tenkjer du om framtida, til dømes fem år framover?

– Da er eg ferdig med ei utdanning, og er i jobb, seier Cathrin fast. Men om det blir som vernepleiar eller lærar, det er ho førebels ikkje heilt sikker på. Men eit arbeid med ungar eller ungdom må det gjerne bli. Ho har også erfaring frå før med å arbeida med multihandikappa ungar, og lærte seg teiknspråk da ho heldt på med det.

Cathrin trur ikkje ungane kjem til å flytta heim, og ho vil dei skal halda fram å ha kontakt med fosterheimen.

– Eg er glad dei har hatt det godt, og godtar at dei er glad i fosterforeldra, sjølv om eg må vedgå at det har kosta mykje å komma dit at eg kan seia det. Innimellom har eg vore sjalu på fosterforeldra som har hatt alle gledene med mine ungar.

Cathrin og kjærasten bur i ein småby der mange veit kven dei er, og at dei har vore ein del av rusmiljøet i byen. Men ho har ingen tankar om å flytta vekk.

– Så lenge vi klarer oss, viser folk oss den respekten vi fortener. Nokre vil alltid vera idiotar, men det forandrar seg ikkje om eg flyttar. Eg må også stå ved fortida mi, det nyttar ikkje noko anna enn å vera dønn ærleg.

Men ho er også klar over at det er mykje som skal på plass for å til "det nye livet".

– Det er ein kjempestor overgang. Folk tenkjer ikkje over kor mykje som skal på plass for å få det til. Vi har ikkje venner som lever eit "vanleg" liv, og vi har ikkje mykje til felles med dei fleste på vår eigen alder. Skulle vi fortelja om den bilen vi stal for å rømma frå purken? Dei ville tru vi var galne – men det var vi vel også, seier ho med ein smil. Ho har tru på at skolegang skal gi grunnlag for nye kontaktar, da har ein iallfall skolearbeidet felles.

– Eg merkar når folk er skeptiske, sjølv om dei prøver å skjula fordommane sine. Da er det betre at dei spør direkte.

Når Cathrin tenkjer framover, har ho eit sterkt ønske om å kunna ta oppatt kontakten med foreldre og søsken.

– Dei har snudd meg ryggen. Eg er redd far min skal døy før eg får fortalt han kor glad eg er i han, seier ho.

– Og så håpar eg at ungane mine skal ha det bra, at dei ikkje skal oppleva det eg har opplevt, og eg håpar dei vil forstå at eg måtte gi dei opp, at det var til deira eige beste. Og eg håpar dei skal få leva i ei fredeleg verd. Mormor var aktiv i Nei til atomvåpen, eg var sikker på at eg skulle døy i ein atomkrig. Eg blir framleis skremd av situasjonen i verda. Bush er livsfarleg, korleis kunne dei velja han til president for fire år til? Han er like galen som Saddam, seier Cathrin og ristar på hovudet.

Ho ønskjer seg ei verd der det ikkje er så mange grenser, og tenkjer på kvinnene i Afghanistan.

– Telta deira minner meg om Smiths venner, seier Cathrin, og forklarer at ho sjølv var innom den rørsla tidlegare i livet. Der var det trygt å vera så lenge ho følgde alle strenge reglar, men da ho valde å skiljast, var det ikkje meir støtte å få.

Ho ser eit håp for norsk politikk med Stoltenberg som statsminister.

– På tide at vi får noko anna enn ,politikken til Bondevik, han og Bush er altfor like. Eg trur Stoltenberg veit noko om rusmisbruk, og håpar det skal bli lettare å få metadon for dei som treng det, seier ho, og understrekar med det same at det er ikkje nok berre å gi folk metadon om dei skal komma seg ut av rusmisbruken. Ho er heller ikkje overtydd om at sprøyterom er eit bra tiltak.

– Dersom dei ikkje gjer meir enn å opna eit sprøyterom, kan dei like gjerne dela ut heroin.

Kan du tenkja deg eit samfunn heilt utan rus?

– Det burde vera mogeleg. Men det verkar som folk treng ein sikkerheitsventil for å komma seg vekk frå kvardagen, men dei som brukar rus, øydelegg seg sjølve og liva sine. Det er ei sinnssjuk verd vi lever i. Folk vil ha så mykje. Kanskje må vi tilbake til eit samfunn utan pengar?

Kjem du til å bruka metadon for resten av livet?

– Må eg, så gjer eg det. Så langt har eg ikkje merka biverknader. Men kanskje ser eg annleis på det om fem år, det veit eg ikkje enno.

Tankane om framtida er mange, og på lang sikt er det mykje som er uvisst. Men Cathrin har også ein draum at ho og Kim skal få høve til å reisa på ferie.

– Eg har aldri hatt ferie, heller ikkje da eg budde i lag med ungane. Kanskje det kan bli ein tur til Hellas, og ei strand der?

Men ho håpar også på høve til å reisa lenger, sjå noko heilt anna, og ikkje berre for å liggja på ei strand, men gjerne for å jobba. Kanskje til Afrika eller til Latin-Amerika? Kanskje kan ho jobba med kvinner, læra bort noko nyttig?

– Alt er mogeleg no. Når vi har klart det vi har klart, kan vi også jobba i Guatemala, seier Cathrin.

Magnhild Folkvord