Klimaendringar og kapitalisme

Av Michael Roberts

2013-04

Michael Roberts jobbar som økonom i City of London, og bloggar på http://thenextrecession.wordpress.com. Heile rapporten til IPCC kan du lese her.
Artikkelen er omsett av Gunnar Danielsen.

Hundrevis av klimaforskarar samarbeider i IPCC-rapporten for å lage ein omfattande analyse av klimaet på Jorda i dag, og utsiktene for framtida. IPCC-rapporten seier menneskeleg aktivitet, i første rekke bruken av fossilt brensel, er hovudårsaka til den globale oppvarminga frå midten av 1900-tallet. Det vurderer dei som ekstremt sannsynleg», eller minst 95 prosent sannsynleg. Det har gått frå «svært sannsynleg» (90 prosent) i tidlegare rapportar frå 2007 og «sannsynleg» (66 prosent) i 2001.

IPCC seier kortare periodar er påverka av naturlege variasjonar, og det er i hovudsak ikkje uttrykk for langsiktige klimaendringar. Så dei som seier den globale oppvarminga ikkje er menneskeskapt, eller ikkje blir verre, kan ikkje støtte seg på mindre temperaturauke i atmosfæren dei siste femten åra. IPCC seier vidare at temperaturen sannsynlegvis ville stige mellom 0,3 og 4,8 °C sist i det 21. hundreåret. Havnivået vil sannsynlegvis stige mellom 26 og 82 cm på slutten av hundreåret, etter ei stigning på 19 cm på 1800-tallet. I verste fall kan havnivået vere 98 cm høgare i år 2100.

IPCC meiner ei dobling av karbondioksidinnhaldet i atmosfæren vil gi ei oppvarming på mellom 1,5 og 4,5 °C, og senkar botnen frå 2,0 °C i 2007-rapporten. Men det nye spennet er likt det frå andre rapportar før 2007. Rapporten seier verda vil bli utsett for meir hetebølger, flom, tørke og stigande havnivå frå smeltande is som vil sette kystområde og lågtliggande øyer under vatn etter som drivhusgassane bygger seg opp i atmosfæren.

IPCC vedgår at dei framleis er usikre på årsaka til at temperaturauken er mindre dei siste femten åra. Men dei står fast på at det ikkje er grunn til å tvile på den langsiktige utviklinga. Halvtanna tiår er alt for kort periode til å dra sikre konklusjonar. Temperaturauken har gått frå 0,12 °C per tiår etter 1951 til 0,05 °C per tiår dei siste femten åra. Dette bruker klimaskeptikarane til å diskreditere klimaforskarane. Professor Stocker sa:

Folk vel alltid 1998, men det var eit veldig spesielt år fordi ein sterk El Niño gjorde det uvanleg varmt. Etter det har det vore ei rekke mellomstore vulkanutbrot som har kjølt ned klimaet.

For å forklare nedgangen seier rapporten at siste femtenårsperioden vart skeiv fordi 1998 var eit uvanleg varmt år med El Niñoeffekt – oppvarming av havoverflata – i Stillehavet. Rapporten seier oppvarminga grovt sett har svingt med tilfeldige klimavariasjonar og verknaden av faktorar som vulkanutbrot der aske skyggar for sola, og sykliske nedgangar i solutstrålinga.

Men dei som nektar for menneskeskapte klimaendringar og global oppvarming, er framleis ikkje overtydde. Professor Judith Curry frå Georgia Institute of Technology i Atlanta sa:

No har IPCC kasta hansken. Om nedgangen varer utover femtenårsperioden (det har den alt), er dei i trøbbel.

Men Rajendra Pachauri som leiar IPCC svarte kvasst at ein nedgangsperiode måtte vare mykje lenger – «tri eller fire tiår» – for å vise ein ny trend. Rapporten spår at nedgangen i temperaturauke ikkje vil vare, og seier at temperaturen mellom 2016 til 2035 sannsynlegvis vil vere mellom 0,3 til 0,7 °C høgare enn i 1986–2005.

Skeptikarane eller fornektarane utgjør ein liten prosentdel av dei som forskar på klimaendringar. Ei samanfatting av 11 944 fagfellevurderte* vitskaplege avhandlingar offentleggjorte mellom 1991 og 2011, skrivne av 29 083 forfattarar, konkluderer med at 98,4 prosent av dei som tok stilling støtta at den globale oppvarminga var menneskeskapt (antropogen). 1,2 prosent var usamde, og 0,4 prosent var usikre. Nyare studiar gjort etter den arbeidskrevjande IPCCrapporten stadfestar at Jorda er varma opp i eit tempo som bare kan forklarast med menneskeleg aktivitet. Konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren er faktisk gått over 400 ppm for første gong på 4,5 millionar år.

Ein studie av den globale temperaturen dei siste to tusen åra gir nytt grunnlag for den såkalla hockeykølle-grafen som prov på at menneska har skapt den globale oppvarminga. Grafen vart først publisert seint på 1990-tallet av paleoklimatologen og professoren Michael Mann frå USA og kollegaane hans. Grafen viser at temperaturen grovt sett har vore stabil i om lag 900 år, som handtaket på kølla når ho ligg nede. Så stig kurven bratt i det 20. hundreåret, som bladet på kølla, etter at den industrielle revolusjonen førte til vekst i utsleppa frå fossilt brensel.

Ein ny omfattande rapport laga av 78 forskarar frå 24 land tar for seg temperaturendringane på fastlandet. Rapporten viser at ein nedkjølande tendens på alle kontinent dei siste 1000–2000 åra vart snudd av det forfattarane kaller «markant oppvarming» på slutten av 1800-tallet:

Den førindustrielle nedkjølingstendensen kom sannsynlegvis av naturlege årsaker som heldt seg ved lag, og gjorde oppvarminga i det tjuande hundreåret vanskeleg å forklare utan verknaden frå drivhusgassane.

Middeltemperaturen på dei sju kontinentale regionane viser at perioden 1971–2000 var varmare enn nokon gong på 1400 år.

No er det mauleg at alle desse vitskapsfolka har misoppfatta, og at den lille minoriteten fornektarar har rett. Vitskapen har tatt feil før. Men alle nye studiar ser ut til å stadfeste fleirtallsynet. Skeptikarane seier grunnen er at desse «globale oppvarmarane» er partiske, og at dei har blitt ein akademisk «industri» som forsvarer spådommane av eigeninteresse. Men om ein skal sjå etter eigeninteresse, er det lettare å sjå dei som finansierer arbeidet til skeptikarane. Det er dei store selskapa bak fossilt brensel innanfor kol, olje og gass, på same vis som dei som nekta for at røyking skapte kreft, vart finansierte av dei store tobakksselskapa.

Men om kapitalintessene innanfor fossilt brensel ikkje vinn vitskapen, så vinn dei opinionskampen. Trettisju prosent av veljarane i USA trur framleis at global oppvarming er ein bløff. Med veksande energi-etterspørsel over heile verda veljer folk påstanden om at krise ikkje truar, og godtar at det ikkje er behov for handling – i det minste ikkje enno. Så det er bortimot null sjanse for at me får utsleppsreduksjonar som held CO2– konsentrasjonen under 450 ppm, og dermed redusert risiko for temperaturauke over 2 °C. Dei 25–40 prosent utsleppskutt i høginntektsland som trengst fram til 2020 for ei slik utvikling, kjem ikkje til å skje.

Etter mitt syn er bevisa for global oppvarming, og at ho er menneskeskapt, stadig meir overveldande. Og dei mauleg katastrofale effektane av høgare temperatur, stigande havnivå og ekstremvêr vil vere enormt øydeleggande, særleg for dei fattigaste og mest sårbare menneska på planeten. Men industri og menneskeleg aktivitet treng ikkje å skape slike resultat om menneska organiserte aktiviteten sin på planlagt vis med omsyn til naturressursane og totalverknadene på miljø og helse. Men det ser ut til å vere uråd under kapitalismen.

Marx og Engels sette søkelyset på dei miljømessige og økologiske verknadene av den kapitalistiske produksjonsmåten i den tidlege industrialiseringsperioden i Europa. Som Engels formulerte det, er kapitalisme produksjon for profitt, og ikkje for menneskelege behov. Dermed tar kapitalisten ikkje ansvar for verknadene profittakkumulasjonen har på samfunnet:

Fordi individuelle kapitalistar driv produksjon og varebytte for umiddelbar profitt, tar dei bare omsyn til dei mest umiddelbare resultata. Så lenge den enkelte fabrikkeigaren eller kjøpmannen sel ein produsert eller kjøpt vare med ønska profitt er han fornøgd, og bryr seg ikkje om kva som seinare skjer med varen og dei som kjøper han.

Dette profittpresset fører til økologisk katastrofe:

Kva brydde dei spanske plantasjeeigarane på Cuba seg, dei brente ned skogane i fjellsidene og fekk nok gjødsling av aska til ein mannsalder med svært lønnsame kaffibuskar – kva brydde dei seg om at tungt tropisk regn etterpå vaska bort det ubeskytta øvste delen av jordsmonnet, og etterlot seg nakent fjell.

Marx oppsummerte effekten den kapitalistiske produksjonen har på naturen:

Framsteg i det kapitalistiske landbruket er ikkje bare eit framsteg i kunsten å plyndre arbeidaren, men også i å plyndre jorda. Alle framsteg som gjør jorda meir fruktbar ei gitt tid, er eit framsteg i å øydelegge dei varige kjeldene til denne grøderikdommen … Den kapitalistiske produksjonen kan derfor bare utvikle teknologi og samspelet mellom dei ulike prosessane i samfunnet samtidig som han undergraver kjelda all rikdommen har opphav i – jorda og arbeidaren.

Og det er prov frå vår tid på at klimaendringar og global oppvarming er resultat av kapitalistisk akkumulasjon. Jose Tapia Granados og Oscar Carpintero (http://deepblue.lib.umich.edu/bitstream/handle/2027.42/93589/Tapia&Carpintero_Dynamics_of_climate_change.pdf?sequence=1) har vist at det er syklisk samsvar mellom CO2-auken i atmosfæren og veksten i den globale økonomien. Det er eit sterkt prov på at verdsøkonomien er knytt til oppbygginga av drivhusgassar, og dermed til den globale oppvarminga.

I eit anna dokument bruker Granados multivariable analysar av verknadene av verdsøkonomien, vulkansk aktivitet og ENSO**-aktivitet på CO2-nivå. Det viser at den årlege auken i CO2 er klart knytt til veksten i global økonomi. År der BNPveksten ligg over snittet, er år med CO2-vekst over snittet, og motsett. Auken i dei globale utsleppa av CO2 er sterkt korrelert til den absolutte veksten i den globale økonomien.

Det kan godt vere ein del av forklaringa på mindre global oppvarming frå 1998, ettersom verdsøkonomien har vekse mindre sidan då. Ein kraftig nedgang i venta utsleppsvekst skjedde i 2009 som følgje av den store resesjonen. Når den kapitalistiske produksjonen stoppar, gjør den globale oppvarminga det same. Det er sjølvsagt ikkje slutten på historia. Granados held fram:

Men sjølv i 2009 då økonomien trekte seg saman med 2,25 prosent, gjekk ikkje utsleppa tilbake, dei stoppa bare å vekse, for så å vekse igjen året etter då økonomien hadde komme seg på eit vis. Det viser kor avhengig verdsøkonomien er blitt av fossilt brensel dei siste åra. Ved tidlegare tilbakeslag i verdsøkonomien – midt på 1970-tallet, tidleg 1980-tallet, tidleg 1990-tall, og seint på 1990-tallet – minka utsleppa ikkje bare i mange land, men som me har vist, på verdsbasis. Oppfatninga om at økonomisk vekst vil redusere karbonintensiteten i verdsøkonomien (globale utslepp mot verdas BNP) samsvarer ikkje med det faktum at karbonintensiteten i verdsøkonomien har auka dei siste åra. I 2010, etter krisa, vaks VBNP med 5 prosent, mens utsleppa vaks med 5,9 prosent. Og snittveksten i globale CO2-utslepp var 3,1 prosent per år i perioden 2000–2011, mens dei hadde lagt på 1 prosent i åra 1990–2000, og 2 prosent per år i åra 1980–1990.

Storparten av veksten kjem frå framveksande økonomiar, der den økonomiske veksten har vore raskast. Kina var ansvarleg for 24 prosent av dei globale utsleppa i 2009, mot 17 prosent for USA og 8 prosent for eurosonen. Men kvar enkelt kinesar slepp ut bare ein tredjedel av det ein amerikanar gjør, og fire femtedelar av ein innbyggar i eurosonen. Kina er eit relativt uøkonomisk framveksande land, målt som utslepp i forhold til resultat. Men dei slepp framleis ut mindre per hovud enn høginntektslanda, fordi befolkninga er relativt fattig. Etter som dei framveksande landa utviklar seg, vil utsleppa per person stige og nærme seg dei i høginntektslanda, og heve det globale snittet. Det er grunnen til at dei globale utsleppa per person steig med 16 prosent mellom 2000 og 2009, som var ein periode med rask vekst i dei framveksande økonomiane. Den europeiske klimakommissæren Connie Hedegaard sa:

Om legen din var 95 prosent sikker på at du hadde ein alvorleg sjukdom, ville du straks finne deg ein kur.

Men kva er løysingane? Skeptikarane seier ingenting skal gjørast, og at tiltak vil hindre «dei fattige» i å få tilgang til energi – mens dei i røynda ikkje vil legge hindringar i vegen for profitten til dei store selskapa innanfor fossilt brensel. Leiarane i denne kapitalistiske verda vil ikkje føre ein politikk som held utsleppa under det «sikre» nivået på 450 ppm. Dei leitar intenst etter nye energikjelder som både skal vere reinare og billegare. Men det klarer ikkje kapitalismen. Investeringar i fornybare og andre lågkarbonkjelder er ikkje tilstrekkeleg, og teknologisk sett skuffande. Havvind er ein teknologi som ikkje er lønnsam. Kjernekraft blir dyrare og ikkje billegare å bygge, slik det viser seg i nye anlegg i Finland og Flamanville i Frankrike.

Så kva med å endre framferd? Leiaren i IPCC meinte einaste måten å redusere storskala bruk av fossilt drivstoff på er å «prise» karbonutsleppa:

Utan pris på karbonutslepp som er høg nok til å tvinge kraftselskap og produsentar til å redusere bruken av fossilt drivstoff, er det liten sjanse for å unngå svært skadeleg temperaturauke.

Men vil den nyklassiske økonomiske løysinga prising endre framferda til energiselskap og produsentar? Og kva for regjering vil «forstyrre» energimarknaden på ein slik måte? EUs plan som skulle auke prisen på karbonutslepp, har slått sørgeleg feil.

Ei alternativ løysing frå systemtru økonomar er karbonskattar. Skattlegge dårlege saker som sigarettar kan ha ein viss effekt, men høge tobakksavgifter rammar også inntekta til dei fattigaste. Det som verkeleg trengst er ein grundig oversikt over tilgjengelege ressursar i verda, og innsats gjennom offentlege investeringar for å utvikle teknologiar som kan fungere (som CO2-fangst, transport som ikkje er basert på fossilt drivstoff, produsert lokalt med lågt økologisk fotavtrykk osv) – og sjølvsagt eit skifte frå fossile til fornybare kjelder. Det dreier seg heller ikkje bare om karbon og andre gassutslepp, men om å rydde opp i den naturen som alt er øydelagt. Alle desse oppgavene krev offentleg kontroll og eige av energi og transport, og offentlege miljøinvesteringar til beste for alle.

Ingenting tyder på at det vil skje. Neste år får me ein rapport frå IPCC om sannsynlege framtidige skadar frå den globale oppvarminga. Gå ut frå at den vil slå fast at katastrofar ikkje bare nærmar seg, men alt er her i form av flom, tsunamiar, tørke og andre «naturlege» mareritt.

 

 

* Fagfellevurdering: Avhandlinga er vurdert av andre innanfor same fagfelt før publisering.

** ENSO: El Niño – sørleg oscillasjon (EN SO) – er eit globalt fenomen som oppstår i havet og atmosfæren. El Niño og La Niña er store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. … Effekten er stor på klimaet på den sørlege halvkula, og vart først skildra i 1923 av Sir Gilbert Thomas Walker, som har gjeve namn til Walkersirkulasjonen, ein viktig del av EN SO-fenomenet. Den atmosfæriske delen av fenomenet vert kalla den sørlege oscillasjonen (SO) og omhandlar månadlege eller sesongbaserte svingingar i lufttrykket mellom Tahiti og Darwin i Australia. (Wikipedia)