Marxismen i Russland – ei vidareføring av russisk radikal tenkjing også før Marx?

Av Jan Erik Skretteberg

2006-02

I denne teksten vil eg freista syna likskapar og ulikskapar og freista gjera greie for korvidt bolsjevismen kan reknast som ein logisk etterfølgjar av dei ulike sosialistiske tankeretningane tidlegare i den russiske soga. For å gjera dette vil eg først gje eit stutt oversyn over soga til sosialismen i Russland i den aktuelle tidbolken, før eg peiker på korleis dei skil seg frå kvarandre. Til slutt vil eg grunngje kvifor eg meiner bolsjevikane spelte på arven frå dei tidlegare sosialistiske grupperingane. Dei vann kampen om statsmakta i 1917 av di dei hadde lært av dei politiske feila dei sosialistiske føregjengarane hadde gjort og samstundes utvikla marxismen til å bli handgripeleg for ein klasse som skulle erstatta ein annan ved makta. 

Jan Erik Skretteberg studerer slaviske språk ved universitet i Oslo og er aktiv i AKP og NKS


Jamvel om sosialismen kan seiast å ha hatt hovudutviklinga si i Vest-Europa, var også dei sosialistiske retningane i Russland skjellsetjande i den sosialistiske verdsrørsla, også før revolusjonen i 1917. I kva grad og på kva vis skil bolsjevismen seg frå dei andre sosialistiske tankeretningane i Russland frå sosialismen fekk gjennombrotet sitt kring 1870 fram til revolusjonen og bolsjevikane si konsolidering av makta etter sigeren i borgarkrigen rundt 1920?

Sosialismen i Russland

Sosialistiske tankeretningar spelte ei rolle for den russiske intelligentsiaen heilt frå Marx og Engels gav ut Det kommunistiske manifest i 1848. Skriftet kom ut på russisk (omsett av Mikhail Bakunin) på byrjinga av 1860-talet og narodnikane nytta Marx' analyser av kapitalismen i kampen sin mot den russiske utviklinga i retning ein vestleginspirert kapitalisme bygd på industriutvikling. Narodnikane likevel ikkje til marxistane og ynskte å byggja ein slags russisk bondesosialisme med miren, det russiske landsbyfellesskapet, som fundament. Grunnen til dette var at Russland ikkje såg ut til å slå inn på den industrielle revolusjonen på same viset som i Vest-Europa; i staden måtte ein ta utgangpunkt i den veldige massa russiske bønder. Bøndene hadde framleis dårlege levekår eit drøyt tiår etter opphevinga av liveigenskapen i 1861, samstundes hadde dei óg ein kollektiv tradisjon. Som narodnikane sa; dei var ikkje korrumperte av den private eigedomsretten.

Etter at narodnikane sin "gå til folket"-kampanje vart mislukka på slutten av 1870-talet stod Folkeviljen (Narodnaja volja) fram som den viktigaste sosialistiske grupperinga i Russland. Gruppa hadde sitt utspring frå narodnikane og arbeidsmetoden var å nytta individuell terror som politisk verkemiddel. Slik måtte Aleksander II bøta med livet i 1881. Resultatet av dette drapet vart ikkje gnisten til eit folkeleg opprør, slik Folkeviljen vona. Tsarregimet knuste gruppa og avretta dei fleste leiande figurane, mellom anna bror til Lenin etter at styresmaktene avslørte ein konspirasjon for å ta livet av Aleksander III.

Somme av frontfigurane frå Folkeviljen fekk fart att på dei revolusjonære strøymingane i Russland på 1890-talet, denne gongen gjennom eit politisk parti – Det sosialrevolusjonære partiet (Partija sotsialistov-revoljutsionerov), eller SRarane. Partiet tok del i Den andre arbeidarinternasjonalen og arbeidde for lokalt sjølvstyre, sosialisering av jorda, ålmen røysterett og størst mogeleg sosial likskap. Den leiande krafta i dette partiet var Aleksandr Kerenskij, som skulle leia den provisoriske regjeringa etter februarrevolusjonen i 1917. (1)

Det allrussiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet (Rossijskaja sotsial-demokratitsjeskaja rabotsjaja partija) (RSDRP (2)) vart skipa i løyndom i Minsk i 1898. Dette var Russlands første marxistiske parti. Alt i 1903 vart partiet i realiteten splitta. Det sentrale spørsmålet var om partiet skulle vera eit elite- eller eit masseparti. (3) Grunnlaget for denne splittinga var Lenins teoriar om eit parti av yrkesrevolusjonærar av arbeidarar og intellektuelle som kan gjennomføra ein sosialistisk revolusjon åleine. (4) Mindretalsfraksjonen ville ha eit masseparti som søkte støtte hjå venlegsinna innstilte delar i borgarskapet. Fleirtalsfraksjonen (bolsjevikane) si line vann, jamvel om mindretalsfraksjonen (mensjevikane) gjekk inn for å samarbeida med borgarskapet etter februarrevolusjonen i 1905.

Etter bolsjevikane si maktovertaking i oktober 1917 starta maktkampen mellom bolsjevikane og mensjevikane. Ved utbrotet av borgarkrigen i 1918 var mensjevikane mellom barken og veden. Dei støtta ikkje bolsjevikane, men hadde heller inga interesse av ein kontrarevolusjon. Situasjonen resulterte i eit kompromiss fram til avslutninga av borgarkrigen. Då trongen til einskap var borte etter at borgarkrigen var slutt, starta forfølginga av mensjevikane. Politisk opposisjon hadde vorte kriminalisert – igjen.

Ulike avskuggingar av sosialismen i det før-revolusjonære Russland

Tidlegare i teksten skreiv eg at RSDRP var det første marxistiske partiet i Russland. Med dette meiner eg at det var det første partiet/den første gruppa som var tufta direkte på meir eller mindre ortodoks marxisme og grunngav eksistensen sin og legitimerte trongen til ein overgang til sosialismen tufta på Marx' lære. Narodnikane hadde drive ei omfattande brevveksling med Karl Marx då Marx levde (1818-83), men vart aldri rekna, korkje av andre eller seg sjølv, som marxistar.

Kva ligg denne ulikskapen i? Marx hevda at sosialismen (altså kommunismen, eller det klasselause samfunnet, sitt forstadium) berre kunne vera resultat av ei revolusjonær omdanning av samfunnet som måtte ta utgangspunkt i arbeidarklassen, som hadde dei beste representantane sine organisert innanfor eit kommunistparti. Dette grunngav Marx med at den utopiske sosialismen berre kunne enda opp i feilslåtte eksperiment basert på ei feil forståing av den historiske utviklinga. I staden, meinte Marx, måtte ein sjå på sosialismen som ein vitskap som måtte bryta med det borgarlege samfunnet ved å kutta over banda til det sistnemnde med eitt hugg; ein sosialistisk revolusjon.

Den veksande russiske arbeidarklassen var meir positive til ein marxistisk sosialisme og marxistiske slagord enn til ein séreigen russisk bondesosialisme. (5) Lenin skreiv i Hva må gjøres? frå 1902 at mange av dei grupperingane som kalla seg sosialistiske, berre "maskerer seg bak marxismen". (6) I det same verket utarbeider Lenin teorien om at det er arbeidarklassen som må vera den kjempande fortroppen i revolusjonen. Ved å halda seg innanfor råmene som økonomistane oppgav (berre den økonomiske kampen hovudsakeleg utvikla og fremja av Aleksandr Martynov (7)), meinte Lenin at det var umogeleg å utvikla det politiske medvitet til arbeidarklassen. Det einaste viset ein kunne gjera dette på, var å gå ut mellom arbeidarane og agitera. Ein måtte leia tenkjinga til dei som ynskte endring av samfunnstilhøva. Eit lag eliterevolusjonære måtte ta leiinga i arbeidarklassen.

Det teoretiske utgangspunktet for spørsmålet om makta etter den sosialistiske revolusjonen, var teorien om proletariatets demokratiske diktatur. I eit klassesamfunn som sosialismen framleis kom til å vera, ville staten framleis vera den viktigaste reiskapen for utøvinga av makt, hadde Marx skrive. I alle klassesamfunn var staten uttrykk for interessene til den herskande klassen, under sosialismen ville det seia arbeidarklassen. Kor som er var dette ein teori som berre seier noko om tilhøvet mellom klasseinnrettinga hjå dei som har makta, ikkje noko om styreforma.

Også terror tok Lenin avstand frå. Dette var nok ikkje berre grunna politisk analyse, men også røynslene frå broren Aleksandr som vart avretta i 1887 for å ha delteke i planleggjinga av eit attentat mot tsar Aleksander III. Kritikken mot terroristane (eller likviditorane) gjekk på at dei ikkje fulgte Marx' lære, og at historia synte at folket aldri ville vakna til kamp som eit resultat av terrorverksemd retta mot leiande representantar for klassestaten. Usemje om dette leia jo også til at dei sosialrevolusjonære (som var den viktigaste gruppa som dreiv med terrorverksemd etter Folkeviljen) vart splitta i 1906.

Bolsjevikane og mensjevikane – same parti, to ideologiar?

Skjellsetjande for den førrevolusjonære soga til dei russiske marxistane var splitten i RSDRP i 1903. Splittinga resulterte som nemnd i at partiet var delt i to fløyar; fleirtalsmennene (bolsjevikane) og mindretalsmennene (mensjevikane). Og det var ikkje berre innanfor partistrategi at ulikskapane mellom gruppene var store. Mensjevikane meinte til dømes at Russland ikkje var mogent for ein sosialistisk revolusjon, men at ein heller måtte la den borgarlege revolusjonen "mogna" samfunnet slik at overgangen til eit sosialistisk styresett skulle gå lettare etter ei tid. Følgeleg måtte statsmakta etter tsarens fall først liggja i henda på borgarskapet. Dette var meir ortodoks marxisme enn det Lenin utvikla i det teoretiske arbeidet sitt. Leiande mellom mensjevikane etter splitten var mannen som introduserte marxismen i Russland, Georgij Plekhanov. Tidlegare hadde Plekhanov vore med og skipa RSDRPs avis Gnisten (Iskra) i lag med Lenin i 1900 i tillegg til å ha teke initiativet til den første marxistiske gruppa i Russland, Arbeidets frigjering (Osvobozjdenie truda), i 1883. I denne perioden var dei marxistiske gruppene i Russland spreidde over ulike stadar av landet (mest i byane), slik at Plekhanovs gruppe (som dei andre gruppene) i liten grad klarte å oppnå politisk makt på noko vis. Dette overtydde Plekhanov at ei samling i eit parti var den einaste vegen å gå. Han valde å følgja mensjevikane si side i 1903. Han fordømte den bolsjevistiske propagandaen ved revolusjonsframstøytet i 1905 og ville heller at sosialistane skulle gå inn i allianse med dei liberale delane av borgarskapet for heller å gjennomføra den borgarlege revolusjonen i Russland. Utan ein revolusjon i to stadie, var sosialismen ikkje oppnåeleg i Russland, hevda Plekhanov. Lenin var usamd i dette. Det fanst ein russisk veg til sosialismen. Dette grunngav han med å peika på kapitalismens ujamne utvikling og at Russland, som det svakaste leddet i den kapitalistiske kjeda, kunne, trass i at det var økonomisk tilbakeståande, gjennomføra revolusjonen før vesteuropeiske, kapitalistisk utvikla og fullt ut industrialiserte land. Dette kunne gå i påvente av verdsrevolusjonen. Ja, ein revolusjon i Russland kunne til og med vera gnisten som utløyste dette.

I dette finn me kan henda også kimen til splittinga mellom bolsjevikar og mensjevikar. Lenin gjekk, i likskap med Marx, inn for eit disiplinert parti med demokratisk sentralisme som styringsprinsipp. Marx føresette kor som er at det kapitalistiske stadiet først var gått gjennom før brotet med den gamle samfunnsstrukturen kom. Dette hadde som fundament at kommunistane først hadde fremja politikken sin innanfor eit samfunn kor ein borgarleg revolusjon hadde trygga ulike typar politiske rettar som ytringsfridom. Spørsmålet er korvidt Russland allereie var industrialisert då revolusjonen kom i 1917. Viktig for at maktovertakinga skulle bli vellukka var også det at bolsjevikane gjennomførte dei sosialrevolusjonære sitt landbruksprogram med å nasjonalisera og redistribuera jorda. Slik reduserte ein motstanden og likesæla til bøndene andsynes bolsjevikregimet, jamvel om han langt frå forsvann.

Jamvel om RSDRP vart splitta, er det ikkje grunnlag for å hevda at det var to ulike ideologiar som vart resultatet. Grunnlaget for politisk kamp var det same – ein ynskte ei reell endring av samfunnstilhøva og basisen for dette var det same, nemleg marxismen. Lenin valde å vidareutvikla marxismen slik han meinte var meir riktig, også for at revolusjonen i Russland skulle vera gnisten som starta verdsrevolusjonen. Han gjekk inn for at det fanst ein séreigen russisk veg til sosialismen. Mensjevikane og Plekhanov var meir bokstavtru mot Marx' lære og tolka Marx slik at for dei var det riktig å gå inn for ein revolusjon i to etappar. Det var altså teoretiske ulikskapar mellom dei to gruppene, men ikkje ideologiske.

Var bolsjevikane ei vidareføring av tidlegare sosialistiske strøymingar i Russland?

Nistad hevdar at Lenin kan sjåast på like mykje som narodnik som marxist. (8) Dette grunngjev han med at Lenins partiteori har meir sams med arven frå narodnikane som med Marx' lære. Trua på ein eigen russisk veg til sosialismen kor ein kunne hoppa over det kapitalistiske stadiet er også eit argument for dette. Legg ein dette til grunn, er det ikkje vanskeleg å hevda at bolsjevikane i Russland var ei slags vidareføring av narodnikane. Men dette var også noko Marx sjølv opna for i si levetid, jamvel om Engels gjekk vekk frå dette etter at Marx var daud.(9) Samstundes var Lenin ein tenkjar som utvikla marxismen frå å vera ein politisk teori basert på eit vitskapleg grunnlag til å bli ein reiskap ein kunne mobilisera arbeidarklassen med for at maktovertakinga skulle bli mest mogeleg legitim og møta minst mogeleg motstand. Dette var eit originalt bidrag til marxismen som teori og ikkje ei vidareføring av nokon russisk tradisjon. Gjennom Hva må gjøres? konkretiserte Lenin marxismen slik at marxistane kunne føregripa hendingane og gå utanom utviklinga av kapitalismen.

Arbeidarklassen som klasse var også eit nytt fenomen i Russland, sidan landet låg merkbart bak Vesten kva galdt industrialisering. Slik vart også sosialismen og marxismen eit byfenomen. Den store fiendskapen mot bolsjevikane på landsbygda sette først inn etter at kollektiviseringa starta. At ein på landsbygda også var positivt innstilt til bolsjevikane i byrjinga hadde også samanheng med at den provisoriske regjeringa til Kerenskij frå februar til oktober 1917 ikkje klarte å gjennomføra lovnadene sine andsynes bøndene. (10) Dette var noko bolsjevikane utnytta til fulle i propagandaen sin.

Bolsjevikane skil seg frå andre sosialistiske grupperingar i Russland frå kring 1870 til 1920 ved at dei utvikla sosialismen til ein teori som var handgripeleg for arbeidarklassen. I dette ligg det ikkje at Lenin og bolsjevikane var like mykje narodnikar som marxistar, slik Nistad skriv i boka si (11), men ei politisk gruppe/parti som vidareførte marxismen til å bli ein reiskap for klassen som skulle ta over makta gjennom ein sosialistisk revolusjon.

Jamført med mensjevikane var det store teoretiske ulikskapar hjå bolsjevikane. Dette gjekk på strategi, partimodell og utvikling av sosialismen. Samstundes såg båe desse gruppene på samansvergingar og kuppframstøyt som feilslegne i kampen for sosialismen og meinte at berre arbeidarklassen kunne vera krafta bak ei reell samfunnsomvelting. Det kan her sjølvsagt bli drege fram som motargument at sjølve maktovertakinga i oktober 1917 var eit kupp, men det kan ikkje herska tvil om at breie lag av arbeidarklassen støtta dei enkle og handgripelege krava bolsjevikane hadde sett fram, samstundes som dei også, saman med bøndene, var skuffa over dei brotne lovnadene til den provisoriske regjeringa.

Politisk terror ville berre legitimera herskarklassen sine overgrep mot sosialistiske grupper. Det var ein lærdom Lenin hadde hausta tidleg i ungdomen då broren Aleksandr vart avretta av tsarveldet. Ein av hjørnesteinane i marxismen er at samfunnsutviklinga er styrt lovmessig og at dette er ei utvikling det ikkje er mogeleg å framskunda eller endra. Dette var på slutten av 1800-talet motstridande til hovudtendensen mellom russiske radikalarar og særleg mellom narodnikane. Dei sistnemnde sin agrarsosialisme basert på det russiske landsbyfellesskapet var på defensiven. Dette var noko marxistane nytta for å argumentera for tesene sine om ei historisk utvikling styrt av objektiv lovlydnad.

I eit Russland som var i rask endring såg bolsjevikane at det var opning for å vinna statsmakta ved å gå utanom ei langtrekt kapitalistisk utvikling, slik også Pjotr Tkatsjov (12) hadde argumentert for på 1870-talet. Framvoksteren av ein arbeidarklasse hadde så vidt funne stad i dei store byane. Lenins utvikling av marxismen gjorde det mogeleg å vinna makta i 1917.

Samstundes hadde også bolsjevikane ein arv frå tidlegare sosialistiske rørsler i Russland. Tkatsjov gjekk på 1870-talet inn for ein teori om at samfunnsendring berre kunne koma gjennom ei lita elitegruppe (jfr Lenins partiteori), som greip makta og deretter gjennomførte gjennomgripande endringar. Bolsjevikane hadde lært at denne kampen ikkje kunne vinnast gjennom terrorisme som verkemiddel og berre dersom ein hadde støtte/ikkje møtte motstand frå breie lag av folket. Terrororganisasjonane sine røynsler frå 1880-talet var kan henda den viktigaste kjelda til denne lærdomen. Like fullt vart Tkatsjov studert av Lenin og me finn att mykje av Tkatsjovs tenkjing i Hva må gjøres? og i Lenins politiske gjerning for øvreg, jamvel om Lenin og bolsjevikane må reknast som marxistar som stod på ein annan grunn og hadde ein annan strategi enn narodnikane.

Årsakene til dette kan vera at bolsjevikane avviste å følgja Marx og Engels' lære slavisk. I staden moderniserte dei og utvikla tenkjinga, slik at ho var mogeleg å overføra og tilpassa til Russland anno 1917. Det er desse røynslene me no må studera og læra av i kampen for å skapa eit anna samfunn no på 2000-talet, jamvel om tankane sjølvsagt ikkje er direkte overførbare til i dag.


Kjelder

  • Egge, Åsmund: Fra Aleksander II til Boris Jeltsin, Universitetsforlaget, Oslo 1994.
  • Lenin, Vladimir: Hva må gjøres? Brennende spørsmål for bevegelsen vår, Oktober, Oslo 1976 (Band 2 i serien Utvalgte verker i 12 bind).
  • Lenin, Vladimir: To slags taktikk for sosialdemokratiet i den sosialistiske revolusjonen, Oktober forlag, Oslo 1979 (Band 4 i serien Utvalgte verker i 12 bind).
  • Marx, Karl og Friedrich Engels: Det kommunistiske manifest: proletarer i alle land, forén dere!, Røde Fane, Larvik 1998. (Ligg også på nettet.)
  • Nistad, Bjørn: Russisk politisk idéhistorie fra opplysningstiden til i dag, Solum forlag, Oslo 2004.
  • Schapiro, Leonard: The Communist Party of the Soviet Union, Methuen, London 1970.

Noter

  • 1. Datoar før februar 1918 blir gjeve att etter den gamle tidrekninga, som låg omtrent to veker etter vestleg tidrekning. [Tilbake]
  • 2. Av praktiske omsyn vél eg å nytta dei russiske forkortingane i denne teksten. [Tilbake]
  • 3. Egge peiker på andre motsetnader som årsak til splittinga og konflikten om eliteparti vs. masseparti ein konsekvens av splittinga (side 66-69). Sidan teksten ikkje dreier seg om årsakene til splitten mellom bolsjevikar og mensjevikar, vil eg av praktiske omsyn nytta "den klassiske oppfatninga" av hovudårsaka til splitten. Eg tolkar også Nistad i den retninga (side 215). [Tilbake]
  • 4. Teoriar utvikla i Hva må gjøres? (Tsjto delat?) frå 1902, som eigentleg var retta mot økonomistane. Alle referansar til boka Hva må gjøres? i denne teksten, er til Lenins Hva må gjøres?, ikkje til Tsjernysjevskijs bok med same titelen. [Tilbake]
  • 5. Det må likevel bli sagt her at Marx sjølv på slutten av livet i eit brev til Vera Zasulitsj og også i forordet til den russiske 1882-utgåva opna for ein russisk variant av sosialismen. Dette var då Marx og Engels rekna Russland som spjutspiss for utviklinga av sosialisme i Europa. Nistad grunngjev dette med å peika på at Marx og Engels var tyskarar og nok hadde eit sérskild horn i sida til tsar-Russland (side 214). Engels gjekk like fullt etter Marx' død vekk frå denne lina. [Tilbake]
  • 6. Side 88. [Tilbake]
  • 7. Ein av dei leiande tenkjarane mellom økonomistane. Polemiserte mot Lenin og hans Iskra (Gnisten) i økonomistane si ujamnt utgjevne Rabotsjee Delo (Arbeidaranes sak) og vart seinare ein føregangsfigur mellom mensjevikane. Desse avisene freista ein forresten å slå saman for å samla dei russiske sosialdemokratane att etter splittinga i 1903. [Tilbake]
  • 8. Side 240-242. [Tilbake]
  • 9. Nistad side214. [Tilbake]
  • 10. Sjå Egge side 97 for ei nærare innføring. [Tilbake]
  • 11. Nistad side 242. [Tilbake]
  • 12. Tkatsjov vart kjend gjennom eit essay han skreiv medan han satt fengsla i St. Petersburg i 1870 kor han sammenfatta tankane sine om korlei eit samfunn bør sjå ut. Dette var eit samfunn tufta på full likskap mellom medlemene. [Tilbake]