Inkje opprør i Jordan

Av Hisham Bustani

Nr 4 2012

Det er to hovudproblem i Jordan som alle andre problem kjem frå. Det første er den eineveldige makta som dominerer alle statsinstitusjonar (altså regjeringa, parlamentet og rettsvesenet).

Denne eineveldige dominansen er lovleg sanksjonert av den jordanske grunnlova. Kongen har mellom anna utøvande makt, rett til å utnemna og avsetja statsministeren og andre ministrar, rett til å beordra utskriving av val og til å utnemna og avsetja senatorar.

Hisham Bustani er ein jordansk politisk aktivist og skribent. Han har vore medstiftar for Forum for sosialistisk tenkning og andre politiske initiativ i Jordan. Han argumenterer for å bygga ein felles arabisk identitet over dei kolonialistiske landegrensene i den arabiske verda. Bustani har også publisert tre novelle-samlingar på arabisk.
Omsett frå engelsk av Ingrid Baltzersen.

Grunnlova slår fast at kongen er statsoverhovudet og immun for ansvar, og at kritikk mot kongen er straffbart. Den nye «reformerte » grunnlova tok ikkje tak i desse problema, dei blei som før.

Denne eineveldige makta er kjelda for korrupsjon, manglande sivil fridom, dominansen av sikkerheitsapparatet over resten av samfunnet, og manglande respekt for verdigheita til innbyggjarane. Det har vore garantist for privatisering av offentlege institusjonar, og fjerninga av statlege sosiale sikkerheitsnett. Staten har blitt jordmor for ein politisk kompradorklasse, og regjeringa si politikk er lagt opp for å tena dei smale interessene deira.

Det andre problemet er at staten stør opp om eit sett av identitetsskilje: Ein «jordansk » identitet på den eine sida, og ein «palestinsk» på den andre. Den første blir delt opp i eit ubegrensa tal av regions- (nord, sør, sentral), klan- og familieidentitetar. Desse skilja legg til rette for manipuleringa av det sosiale fellesskapet, og avleiar frå ein felles kamp for fridom. I staden får ein mindre interne kampar over gode og privilegie gitt av den politiske makta. Når desse mindre konfliktane bryt ut, posisjonerer den politiske autoriteten seg både som meklar, og som garantist for kvar av fragmenta som kjempar mot kvarandre.

På trass av at desse problema står ekstremt tydeleg fram, har opposisjonsgruppene av mange grunnar bestemt seg for å ikkje ta tak i dei.

Det tredje problemet i Jordan er korleis opposisjonskoalisjonane nå nærmast dreper seg sjølv i forsøket på å bevisa sin jordanske autensitet med å kun ha på seg kvit og raud kuffiye (ikkje det kvite og svarte skjerfet som symboliserer Palestina), tar til seg beduinardialekt, propaganderer støtte til klanane (ein mekanisme dei politiske makthavarane også brukar), dei spelar songane til Omar al- Abdallat som hyller dei regionale skilja, dei speler kongehymnen, roper «lenge leve kongen », og har nesten berre talarar av austjordansk opphav. Alt dette hende ikkje i ein demonstrasjon til støtte for regimet, men i Ungdommen av 24. mars sin sitt-ned-demonstrasjon på Jamal ‘Abd el-Nasser-plassen 24. og 25. mars 2011. Demonstrasjonen blei oppløyst med bruk av ekstrem vald, noko som førte til at 57 år gamle Kahiri Sa’ad døydde og fleire hundre blei såra. All insisteringa på den «jordanske identiteten» beskytta ikkje desse demonstrantane, og dei fekk merkelappen «palestinarar» på trass av all innsatsen. Demonstrantane forstod ikkje at ein «jordansk identitet» impliserer lojalitet til regimet, og at den politiske makta, bøllene deira, og dei sosiale gruppene regimet kan mobilisera ser på alle opposisjonsmedlemmer som «palestinarar» sjølv om han eller hennar tipp-tipp-oldefar var fødd på Austbreidda (og dermed i det som no er Jordan). Eit klargjerande eksempel om dette var kravet frå parlamentsmedlemmen Muhammad al-Kuuz (som er av palestinsk opphav), om at demonstrantane (derav mange var jordanarar med opphav frå Austbreidda), skulle bli utvist til Palestina via Shaykh Hussein-brua. Frå synspunktet til dei politiske myndigheitene så er «jordanaren» lojalisten og «palestinaren» opposisjonen, uansett kva opphav dei har.

Ein «jordansk identitet» fører også til legitimeringa av dei postkoloniale arabiske «statane» (og dei fabrikkerte identitetane deira) som blei designa av kolonialismen for å ikkje ha noko sjølvstyre, og for å ikkje ha noko potensiale for frigjering i framtida. Dette er eit blindspor.

Det som skjedde 24. og 25. mars 2011 på Jamal ‘Abd el-Nasser-plassen i Amman, burde fungera som ei vekkarklokke for opposisjonen i Jordan, spesielt for ungdomsgruppene som arbeider på grasrotnivå, og som meiner at rørsla deira er uavhengig frå innflytelse frå toppen, eller som overvurderer evna si til å nøytralisera denne type innflytelse.

Følgjande punkt representerer ein mogleg utveg frå dette dilemmaet:

  1. Tvetydigheita i dei politiske krava frå opposisjonen må eliminerast gjennom at dei må formulerast vidare og konsoliderast til eit unisont krav: Ei ny grunnlov som gir makta tilbake til folket, og som beskyttar dei sivile rettane deira. Alle andre krav som handlar om korrupsjon, fattigdom og så vidare kan gå ut av dette kravet.
  2. Dei noverande «leiarane» av opposisjonen burde gå til side og stoppa den opportunistiske drifta si. Folket har tidlegare betalt dyrt for dette då opprøret i sør blei kooptert av «The National Charter Committee». Ein «politisk reform»-prosess omforma dei politiske partia som deltok frå å vera illegale og levande til å bli dovne og inaktive strukturar. Denne prosessen drap effektivt demokrati under fana til demokratiet.
  3. Ein må skapa eit breitt basert alternativ til identitetsskilja. Verken den «jordanske» eller den «palestinske» identiteten kan tas i bruk på nokon produktiv måte. Ein sekterisk eller rasistisk identitet kan ikkje bli tatt i bruk for å eliminera ein annan identitet av same type. Porteføljen over identitetar som den politiske makta i Jordan styrer over saman med dei palestinske fraksjonane, burde bli fullstendig forkasta. Palestina høyrer ikkje til palestinarane, det høyrer til alle som vil at det skal bli frigjort, og som har interesser som vil bli oppfylt gjennom frigjeringa. Dette er bevist gjennom historia, gjennom verkelegheita skapa av geografien i området, og av sosioøkonomiske forhold. Ei «jordansk nasjonalrørsle» og ei «palestinsk nasjonalrørsle» er umoglege å skilja i Jordan. Rørsla er ei felles, og er nøydd for å kjempa på begge arenaer. Einkvar gruppe som foreslår det motsette, forsøker å gjera splittinga djupare, ikkje å byggja bruer over ho.
  4. Ein må fornekta isolasjonistiske grupper, og fjerna dei frå opposisjonskoalisjonen. Nokre grupper har diskutert å konfrontera den isolasjonistiske jordanske identiteten med å skapa ein open og demokratisk jordansk identitet. Dette viste seg å vera eit mistak i demonstrasjonane på Jamal ’Abd el-Nasser-plassen. Den «jordanske » identiteten er allereie fylt med eit krav om fullstendig lojalitet til regimet. Opposisjonen kan ikkje ta tilbake og skapa ein ny versjon av denne identiteten.

«Den alternative opposisjonen» manglar dei grunnleggande forutsetnadane for å vera uavhengig av dei politiske myndigheitene, og har vald ein isolasjonistisk diskurs på nivået for identitet (overs. anm. altså nasjonal identitet) og omfanget av frigjering (overs. anm. altså oppdelt i statar). Denne isolasjonistiske diskursen utvatnar alle verkelege forsøk på å skapa ein identitet og dermed modna klassekonflikten.