Dårleg klima – verst for dei fattige

Av Ingeborg Gjærum

Nr 3 2007

Dei rike landa har skapt problemet, men det er dei fattigaste menneska i verda som merkar konsekvensane.        

Ingeborg Gjærum er nestleiar i Natur og Ungdom


Eg skal ikkje bruke mykje plass på det, men la oss berre kjapt gå gjennom: Kva er klimaendringar? Atmosfæren rundt jorda er lag av gass som fungerer som eit drivhus. Drivhusgassar som CO2 og vassdamp gjer at ein del av varmen frå solstrålane kjem inn, og ikkje slepp ut att med ein gong. Denne naturlege drivhuseffekten gjer at temperaturen på jorda held seg stabil på eit leveleg nivå. Slik skal det iallfall vere. Men noko er i ferd med å skje med klimaet.

Vi menneske brenner olje, gass og kol for å varme opp hus, drive bilar og fabrikkar og produsere straum. Det slepp ut enorme mengder CO2 som samlar seg i atmosfæren og gjer den naturlege drivhuseffekten sterkare. Frå den industrielle revolusjon og fram til i dag, har CO2-nivået i atmosfæren auka med ein tredel. Dermed stig temperaturen på jorda. Det kan høyrest ut som ein hyggeleg ting her i kalde Noreg. Men konsekvensane av klimaendringane er alt anna enn hyggelege.

Varme er energi. Når vi puttar meir energi inn i atmosfæren kjem det også meir energi ut – i form av meir ekstremt vêr. Vi merkar allereie at vêret endrar seg, og framtida vil by på meir flaum, sprengkulde, heitebølgjer og storm. Her i Noreg vil klimaendringane gje auka nedbør, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Temperaturen vil stige i heile landet, men særlig i Nord-Noreg. Mange stader vil vindhastigheten auke, og på kysten av Møre og Trøndelag må vi vente fleire stormar med stor skade. Som sagt: Ikkje særleg hyggeleg. Men antakeleg overlevbart. Her i rike Noreg har vi alle moglegheitar til å tilpasse oss eit tøffare klima. Godt for oss. Slik er det diverre ikkje overalt. Først og fremst er det verdas fattigaste som kjem til å kjenne klimaendringane på kroppen.

Då FNs klimapanel i vår ga ut sin fjerde hovedrapport, anslo dei at temperaturen kan auke med mellom 1,4 og 5,8 ºC før år 2100. Noreg og EU har begge ei målsetning om at den globale temperaturaukinga ikkje skal overstige to grader. Det er i og for seg ei ambisiøs målsetting. Både tidlegare sjefsøkonom i Verdsbanken, Sir Nicholas Stern, som i fjor ga ut ein rapport om dei økonomiske konsekvensane av klimaendringar, og det norske Lavutslippsutvalget meiner verda ikkje vil nå to graders-målet. Det er ikkje så vanskeleg å skjøne. Skal vi stanse temperaturaukinga på to grader, må vi kome fram til «global peak» – maksnivået av klimagassutslepp – innan ti til femten år. I 2050 må dei globale utsleppa vere halvert.

Det burde likevel ikkje vere eit alternativ å ikkje klare to graders-målet. For sjølv om vi klarer det, vil vi sjå dramatiske endringar i verda slik vi kjenner ho i dag. Og fyrst og fremst er det verdas fattigaste som vil merke endringane.

Isbjørnen er blitt det fremst eksemplet på klimaendringar. Triste bilete av ulukkelege isbjørnar på smeltande isflak utan nokon plass å gjere av seg, finnes no overalt. Symbolet på klimaendringar kunne like gjerne vore bilete av svoltne menneske i verdas fattigaste land.

Ei utrygg framtid

Høgare temperatur gjer at havet stig. Både fordi isen på jorda smeltar og havvatnet utvidar seg når det blir varmare. Mange øystatar og kystområde står i fare for å forsvinne. Ein halv meter høgare havnivå vil i følgje FN true 200 millionar menneske berre langs kysten av Asia og Afrika.

Stormar, tørke, flaum og orkanar sender millionar av menneske på flukt kvart år. Alt i 1998 meldte Røde Kors at det var fleire menneske på flukt frå naturkatastrofar enn frå krig. Talet vil auke. Med ei havstiging på ein halvmeter, vil seksten prosent av Bangladesh ligge under vann. Bangladesh er verdas tettest befolka land, og 17 millionar menneske vil bli ramma. Medan rike land som Nederland kan byggje seg diker og halde vannmassene ute, vil fattigfolk langs kystene drives på flukt.

Ofte er det fyrst og fremst naturkatastrofar som er tema når vi høyrer om konsekvensar av klimaendringar. For verdas fattigaste er det diverre minst like alvorleg med dei varige skadane auka temperatur vil gje. Varmare vêr og endringar i nedbørsmengda vil gjere matproduksjon vanskeleg mange stader i verda. I dag svelt 800 millionar menneske – klimaendringane kan gjere at det blir enda fleire i framtida. Det er venta at med ei auke i temperaturen på to grader, vil mellom 25 og 60 prosent fleire menneske rammes av sult.

Med ei auke i temperaturen på to grader vil så godt som alle områda i Uganda der det i dag dyrkas kaffe, vere øydelagte og ubrukelege for kaffeproduksjon. Dette er berre eit av eksempla på at klimaendringar svekker inntektsgrunnlaget for tusenvis av verdas fattigaste. Dei fattigaste landa, som ofte baserer seg på råvareproduksjon, er svært sårbare for endringar i ver og temperatur. Korleis skal desse landa utvekle seg og bli rikare dersom inntektsgrunnlaget deira forsvinn med temperaturaukinga?

Auka temperatur gjev auka sjukdomsspreidning. Malaria og andre farlege sjukdommar vil spreie seg til nye område. Klimaendringane kan gjere at 210 millionar fleire menneske får malaria kvart år. Ein rapport frå Christian Aid i Storbritannia seier at om FNs anslag om ei mogleg temperaturauking på 5,8 ºC slår til, kan 182 millionar menneske i Afrika sør for Sahara døy av sjukdommer direkte forårsaka av klimaendringar.

Kva no?

Den gode nyheita er at vi kan stoppe klimaendringane. FNs klimapanel meiner at dersom vi reduserer utsleppa av CO2 og andre klimagassar med mellom 50 og 85 prosent, og gjer det fort, kan vi unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane. I Noreg har vi mange ulike tiltak vi kan setje i gong for å få utsleppa ned. Handler vi no, kan dei norske utsleppa vere halvert innen 2020.

Den dårlege nyheita er at den norske regjeringa ikkje vil. Dei ga akkurat ut stortingsmeldinga Norsk klimapolitikk. Det er ei stortingsmelding som syner kva for ein miljøpolitikk Stoltenberg og Bjørnøy meiner Noreg bør føre frem mot 2020. Målsetningen deira er at norske utslepp i 2020 skal ligge på omlag det nivået dei låg på i 1990. Med den målsetningen vil ein nordmann antakeleg sleppe ut 40 ganger meir ein person frå Bangladesh i 2020.

Eg trur at dersom Noreg hadde stått overfor dei samme utfordringane som Bangladesh, ville norsk klimapolitikk sett annleis ut. Diverre. Men så lenge moglegheitane for dramatiske kutt i norske klimagassutslepp er tilstades, så lenge det framleis går an å gjere noko, må vi fortsette å kjempe. Det står om framtida til millionar av menneske.