Den store boka om Palestina

Av Tarjei Vågstøl

Bokomtaler Nr 4 2015

Odd Karsten Tveit:
De skyldige. Israel og Palestina – krigen, menneskene og spillet
Kagge, 2015, 1103 s.

Det spørst sjølvsagt korleis ein reknar på det, men det er neppe noka overdriving å seia at krigen i Palestina har vara i snart sytti år og to fredsprisar. No har den mest velkjende Midtausten-korrespondenten, Odd Karsten Tveit, skrive enno ei ny bok om han, ein murstein som forlaget marknads-fører som «den store boka».

Særleg med Alt for Israel (1996) og Krig og diplomati (2005) skildra Tveit konfliktane sett med norske augo, eller med eit særleg blikk for den rolla nordmenn har spela i konflikten. I denne boka flyttar han fokus noko: frå Noreg til Palestina. Med seg har han den same skrivestilen, ein dokumentarisk og kortfatta stil som følgjer hovudpersonane tett (men aldri intimt), men som også tillet han å gjera sidesprang for å forklara naudsynt historisk bakgrunn eller sine eigne betraktningar. Kjeldelista hans er uvanleg brei (og lang), og går frå faglitteratur, via nyhendeoppslag til personlege samtalar og fyrstehandskjelder. Det gjer at eg ikkje tvilar på at når han seier at noko har skjedd, eller nokon har sagt noko, så kan han gjera greie for kvar han har det frå.

De skyldige byrjar ikkje i 1948 (eller før), slik ein kunne venta seg. Ho byrjar eigentleg med «Seksdagarskrigen» i 1967 då PLO for alvor vart ein kraft for å etablere ein palestinsk stat. Vidare er ho delt inn i fem tematiske delar, med kvart sitt overordna tema: Jakta på Ali Hassan Salameh, krigen i Libanon, Oslo-avtalen, al-Aqsaintifadaen og krigane i Gaza. Dette tener fyrst og fremst som ei periodisering, fordi Tveit legg vekt å få med mest mogleg på tidslinja. Eg (og dette vil eg tru eg har felles med mange lesarar av Rødt!) har eit greitt overblikk over hovudlinjene i konflikten, men det er ikkje slik at eg alltid følgjer han frå dag til dag eller hugsar på alle dei gongane avtalar er brotne eller krigen har blussa opp. Då vert eg av og til usikker, som då den norske offiseren Ola Kaldager (indirekte) gav skulda Hizbollah for Qana-massakren i 1996 (DN Magasinet, 21.11.2015). Korleis var det no igjen? Då kan eg slå opp i registeret og sjekka Tveit si framstelling (side 652–54), som her stort sett byggjer på israelske kjelder. Diskusjonar om Israel og Palestina plar enda opp slik, med diskusjon om skuld og ansvar. Her er boka til verdifull, ikkje fordi forfattaren sjølv presenterer slike vurderingar, men fordi bakgrunnen for det som skjer vert presentert så grundig.

Eignar boka seg for lesarar med mindre kjennskap til konflikten? Eg er ikkje like sikker. Ein vert fort kvart presentert med veldig mange namn på personar og organisasjonar, og det verkar vera litt tilfeldig kor mykje bakgrunn som vert presentert, særleg i starten. Dette heng sjølvsagt saman med den tette, journalistiske skrivestilen: Det er ikkje plass til lange utgreiingar eller oppsummerande analysar. Skal ein ha glede av boka, må ein nesten berre hoppa på og følgja med på forteljinga slik Tveit fortel henne. Då reknar eg med at det meste fell på plass etter kvart.

De skyldige er det motsette av både ein politisk pamflett, ei debattbok og innføringsbok. Det er ei grundig dokumentarbok om krigen mellom Palestina og Israel, med hovudvekt på israelske, palestinske og amerikanske aktørar på høgt nivå.

Tarjei Vågstøl