Den sterkaste demokratiske krafta i Midt-Austen

Av Erling Folkvord

2015-04

Revolusjonen i det nordlege Syria har gått inn i det fjerde året. Folket bygger eit nytt styringssystem som kan gi håp for resten av Syria: Folkestyre nedafrå. Nye, og sterke tiltak for kvinnekvotering. Likestilling av alle livssyn. Samarbeid på tvers av kulturelle og språklege skiljeliner.

Erling Folkvord er RVs første og eneste stortingsrepresentant, sittet mange år i bystyret i Oslo og er aktiv i solidaritetsrabeidet med kurderne. Han har blant annet skrevet boka Kurdistan – om fortid, folk og framtid som kan kjøpes fra www.marxisme.no.

Regjeringane i Midt-Austen og i Europa har sia 2012 svara med humanitær blokade og politisk boikott. Terroristorganisasjonane Islamsk Stat (IS, ISIL) og Jabath al Nusra står fremst i krigen for å knuse revolusjonen i Rojava.

Rojava er det kurdiske ordet for Vest-Kurdistan. Det vil seie dei områda i Syria der fleirtalet er kurdarar. I dag er dette tre kantonar lengst nord i Syria, langs grensa mot Tyrkia: Cizîre lengst i aust med grense mot Irak og Tyrkia. Kobanê i midten med grense mot Tyrkia. Og Efrîn lengst vest som og grensar berre mot Tyrkia. I områda mellom dei tre kantonane er kurdarane ein av fleire minoritetar. På grunn av flyktninge-straumen inn i Rojava frå andre delar av Syria og ut til Irak og Tyrkia, finst det ikkje sikre opplysningar om folketalet. I november 2014 skreiv engelske Wikipedia at folketalet i Rojava var nesten dobla på grunn av krigen og at det da var 4,6 millionar.

Partiet for ei demokratisk løysing (PYD), som understrekar at dei ikkje er eit parti berre for etniske kurdarar, tok i 2012 initiativet til å opprette ei ordning med styringsråd. Dei nytta høvet da Assad-regimet flytta det meste av dei militære styrkane til andre delar av Syria. PYD, som vart stifta i 2003, bygger på same ideologi som PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). Før 2003 hadde PKK i meir enn eit tiår drivi politisk grasrot-organisering i landsbyane og etterkvart i byane i Rojava. På den tida var kurdisk språk og kurdiske namn forbode. Assad-regimet tok statsborgarskapet frå 120 000 syriske kurdarar i 1962.1 Alle etterkommarane vart og statslause. Sommaren 1998 møtte eg nokre av dei statslause på den kurdiske landsbygda. I dag er desse områda ein del av Rojava og ungane får undervisning på sitt eige morsmål. Samtidig har styringsrådet i Cizîre kanton godkjend både arabisk og assyrisk som offisielle språk. Rojava er eit dristig forsøk på å bygge folkestyre med like rettar for alle, uavhengig av etniske, religiøse og kulturelle skiljelinjer. Demokratisk konføderalisme er stikkordet.

Eigen bakgrunn

I dei siste 15 åra Assad-regimet styrte med hard hand, var eg i Rojava fleire gonger, både som turist og som gjest hos aktivistar i PKK-miljø. I lag med andre frå Rødt har eg etter 2012 vori to gonger i Cizîre-kantonen og ein gong i Kobanê. Gjester som ikkje kan språket, er alltid avhengig av vertskapet og ser i hovudsak det som vertskapet viser fram. Likevel meiner eg å ha litt kunnskap og eit visst grunnlag for å uttale meg om utviklinga dei siste tre åra.

Demokratisk konføderalisme.

Ein tyrkisk militærdomstol dømte den daverande PKK-leiaren Abdullah Öcalan til døden i 1999. Etter intern strid omgjorde tyrkiske styresmakter dette til fengsel på livstid. I fengslet har han mellom anna studert bøker som amerikanske Murray Bookchin (1921–2006) har skrivi om kommunalisme. Det blir sagt om Bookchin at han som tolvåring agiterte for kommunismen på store folkemøte. Da han var 18 år gammal, vart han ekskludert frå det amerikanske kommunistpartiet fordi han retta hard kritikk mot Stalin. Han var anarkist ein stor del av livet, men distanserte seg frå anarkismen på 1990-talet. Abdullah Öcalan har tatt til seg ein god del av Bookchin sine idear om kommunalisme. Demokratisk konføderalisme er nytenkjing som bygger både på PKK sine eigne erfaringar, idear frå Bookchin og på djup kunnskap om historia og den noverande situasjonen ikkje berre i Tyrkia, Irak, Syria og Iran, men og i resten av Midt-Austen.

Det interessante spørsmålet er sjølvsagt kva dette betyr i praksis. Får dei nye ideane følgjer for folk sin kvardag? PKK-veteranen Cemal Bayik trekte opp tydelege frontlinjer da eg stilte dette spørsmålet i 2004, året etter at USA invaderte Irak. Eg møtte han i Kandil-fjella i grenseområda Irak–Tyrkia–Iran. Mesûd Barzanî og Celal Talabanî som da styrte Den kurdiske regionen i Irak, førte i 2004 krig i lag med USA og mot det daverande Bagdad-regimet.

USA har sitt eige prosjekt for eit nytt amerikansk hundreår i Midt-Austen, sa Cemal Bayik. Vi ønskjer i staden å utvikle demokratisk konføderalisme, slik at folka i Midt-Austen kan bygge opp sine eigne styresett i kvar sine land. Desse to framtidsprosjekta for Midt-Austen går ikkje i hop. Viss USA vinn fram, lir vi nederlag. Viss vi og den demokratiske konføderalismen vinn fra, betyr det nederlag for USA.

I boka Demokratisk konføderalisme skriv Abdullah Öcalan mellom anna:

Dess sterkare deltakinga er, dess sterkare er demokrati av dette slaget. Medan nasjonalstaten står i motsetning til demokratiet, og til og med fornektar det, så er demokratisk konføderalisme ein vedvarande demokratisk prosess.2

Rojava er det første forsøket på å sette teorien ut i livet.

9. juli 2012

Etableringa av sjølvstyret i Rojava starta 9. juli 2012. Den dagen tok PYD-aktivistar kontroll over mange av dei statlege institusjonane i byen Kobanê. Sia den gongen har dei smått om senn utvida områda dei kontrollerer. PYD som tok initiativet i 2012, har gått i spissen for å skape eit styre-sett tufta på demokratisk konføderalisme. Ein sekulær administrasjon er underordna styringsråd som og er livssynsnøytrale. Styringsråda finst i dag på ulike nivå, frå landsbyen – eller frå grenda eller bygda som vi kanskje ville sagt på norsk – og opp til eit styringsråd for heile kantonen. Alle styringsråda og dei valde organa i PYD har delt leiarskap: Ei kvinne og ein mann. Kvar kanton har og ei folkevald forsamling. Det er ikkje eit felles styringsråd for heile Rojava.

Rojava er eit lappeteppe av livssyn, språk og kulturar, slik som resten av Midt-Austen. I styringsråda i Rojava møtest kurdarar, tyrkarar, turkmenarar, jezidiar, arabarar, armenarar, assyrarar og andre minoritetar. Alle har same rettar. Styringsråda skal ta samfunnsmessige avgjerder på så lågt nivå som muleg.

Etter ei stegvis oppbygging kunngjorde styringsråda i januar 2014 ei ny Grunnlov. Dette var rett før Geneve II-konferansen som skulle starte forhandlingar for å gjere slutt på krigane i Syria. Både syriske eksil-organisasjonar og væpna grupperingar i Syria vart invitert. Mange av dei og utanriksministeren frå Assad-regimet møtte opp. Norge og Vatikanet var mellom dei 40 statane på deltakarlista.

Rojava, som ba om å få delta, vart stengt ute. Konferansen var utan resultat.

Styringsråda ønskjer ingen ny stat og ser på Rojava som ein del av Syria. Her har dei eit heilt anna syn enn «president» Mesûd Barzanî i Den kurdiske regionen i Irak. Barzanî har varsla oppretting av ein kurdisk stat om få år. Ein av talsmennene hans sa i september 2015 at statsgrensene må endrast når dei noverande krigane er slutt. Eg skriv «president» Barzanî fordi han nektar å følgje Grunnlova. 19. august 2015 var siste dagen i den siste presidentperioden hans, men han gir ikkje frå seg denne maktposisjonen.

Kringsett av fiendar

Statsleiarane i mellom anna Tyrkia, Iran, Irak, Saudi Arabia, Israel og Assad i Damaskus fryktar demokratieksperimentet i Rojava. Og dei har grunn til å vere redde. Folkestyre etter Rojava-modellen er eit trugsmål mot den makta dei har i dag. Ei makt dei brukar til å utbytte og undertrykke eiga befolkning, og selje ut kontrollen over enorme naturressursar. Revolusjonen i Rojava er og eit trugsmål både mot IS-leiarane sin plan om eit moderne Kalifat i heile Midt-østen, og andre planer om nye islamistiske statsdanningar i Syria og Irak.

Dei tre kantonane i Rojava grenser inntil område i Tyrkia der kurdarane er i fleirtal. Slik sett er det logisk at president Erdogan i Tyrkia har engasjert seg så sterkt mot Rojava både politisk og militært. Han er kanskje den statsleiaren som på kort sikt har mest grunn til å frykte ein demokratisk «smitteeffekt» frå Rojava.

Dei tre kantonane har frå første dagen vori omringa av fiendar som samarbeider: Assad-regimet, staten Tyrkia, Jabath al Nusra, IS og liknande væpna grupper i Syria. Gruppa frå Rødt som i mars 2013 besøkte byen SereKaniye (på arabisk: Ras al-Ain), såg nokre av resultata: Barnefamiliar budde i ruinar etter flyåtak på bustadområde. Berre Assad hadde fly. Bygningar som var øydelagt av Den frie syriske hæren og liknande grupper. Ein granat eller ein rakett frå tyrkisk side av grensa hadde fått inn ein fulltreffar på ein av skolane i byen.

Berre Cizîre kanton lengst aust har vegsamband til anna enn fiendeland. Her er Dicle (Tigris) grenseelv mot Irak. Men «president» Barzanî i Den kurdiske regionen er i mange spørsmål alliert med Tyrkia. 4. november 2015 hadde han det foreløpig siste møtet med utanriksministeren i Tyrkia. Rojava, kampen mot PKK og handel med olje var nokre av punkta på dagsordenen. Etter møtet skreiv den tyrkiske avisa Sabah at regjeringa i Den kurdiske regionen «har ei aktiv rolle i nordlege Syria». Avisa refererte og kjelder som seier at Ankara kan ha bede om at Barzani sine peshmergas skal gå inn i «eit aktivt engasjement i regionen.» Om det blir slik, er det ikkje langt unna at Tyrkia har ein fot inne i Rojava. Den grønne flytebrua over grenseelva er derfor både usikker og ustabil. Ikkje fordi konstruksjonen er dårleg, men fordi Barzanî stenger brua når han finn det for godt. Barzanî skiftar mellom å vere fiende og ven.

Slaget om Kobanê

Terrororganisasjonen Islamsk Stat (IS, ISIL) er ein maktfaktor. DAESH er det arabiske namnet. Ulike leiarar har over mange år bygd opp denne rørsla steg for steg. Norske media oppdaga IS sommaren 2014 da dei på nokre få veker både tok full kontroll over byen Falluja og erobra Mosul, den nest største byen i Irak. IS rykka og raskt fram i Syria. 29. juni 2014 proklamerte Abu Bakr al-Baghdadi opprettinga av det nye, verdsomfattande kalifatet. Raqqa vart hovudstad for IS og Kalifatet. Fordi IS kontrollerte landområda mellom Cizîre og Kobanê kanton, vart vegen frå grensebyen Tal Abyad til Raqqa sjølve hovudvegen for tyrkisk støtte til IS. Ein stor del av framandkrigarane reiste denne vegen, gjennom Tyrkia og til Raqqa.

15. september 2014 starta IS offensiven mot Kobanê. Store styrkar rykka fram frå tre kantar. Forsvarsstyrkar med lite anna enn kalashnikovs mot ein IS-hær med stridsvogner og tungt artilleri. Styresmaktene i Kobanê organiserte evakuering av sivilbefolkninga i Kobanê kanton. Frå 3. oktober 2014 fekk forsvarsstyrkane viktig hjelp frå amerikanske fly som bomba IS tett inntil frontlinja i Kobanê. Nokre sivile vart verande i byen mens IS rykka fram frå kvartal til kvartal. Slaget om Kobanê vara i 134 dagar før forsvarsstyrkane kunne heise sitt eige flagg over ein frigjort, men øydelagt by. YPJ (Kvinnene sine forsvarsstyrkar) spela ei viktig rolle i kampane. Og IS-soldatane hadde ikkje erfaring med å slåst mot slike fiendar. YPJ-kommandant Nezrin Abdullah fortalde meg at leiinga i IS ga nye instruksar da dei såg at YPJ-soldatane drap IS sine menn: Ein IS-soldat som blir drepen av ei kvinne, kjem ikkje til paradis. Den døde skal ikkje gravleggast, men brennast. Elles kan liket forurense jorda rundt grava.

Styresmaktene oppga at 25 000 sivile, i hovudsak heimkomne flyktningar, budde i byen da Svein Olsen og eg var der i mai 2015. Før krigen var folketalet omtrent som i Trondheim.

Krig for ny oppdeling av Midt-Austen

Den britiske etterretningsofffiseren Mark Sykes og den franske diplomaten François Georges-Picot teikna i 1916 det nye kartet over Midt-Austen. Så snart den første verdskrigen var slutt, skulle dei europeiske stormaktene kontrollere kvar sin del av det knuste Osmanske riket. Tsar-Russland var for eksempel tiltenkt å overta Istanbul. Mangt var forandra før krigen var slutt. Bolsjevik-revolusjonen i 1917 kasta tsaren og regimet hans på den historiske skrap-haugen. General Mustafa Kemal som seinare vart Atatürk, hadde alliert seg med kurdiske klanleiarar og starta ein framgangsrik krig mot dei vantru som ville overta den delen av Det osmanske riket som i dag er staten Tyrkia. Men hovudtrekka i planen frå Sykes og Picot overlevde: Storbritannia og Frankrike ga seg sjølv retten til å kontrollere kvar sine delar av Midt-Austen.

100 år seinare er regionen framleis rik på naturressursar. Den amerikanske invasjonen i Irak i 2003 og dei sekteriske krigane etterpå har skapt eit maktpolitisk tomrom der det før var to stabile statar, Irak og Syria. Vi må rekne med at både Tyrkia, Iran og Saudi Arabia har ambisjonar om å kontrollere mest muleg av dette rommet. Dei som for tida styrer hovudstadane Bagdad og Damaskus har heller ikkje gitt opp.

Lista over utanlandsk innblanding i Syria er lang. Eg nemner berre nokre eksempel:

  • USA og mange allierte har deltatt i krigen sia 2011, med våpen, opplæring og milliardar dollar. Frå sommaren 2014 med meir og mindre målretta flyåtak mot IS i både Irak og Syria.
  • Russland, som er støttespelar for Assad-regimet, starta flyåtak i september 2015.
  • Tyrkia har i fleire år gitt allsidig hjelp til Jabath Al Nusra og IS. Mange kjelder fortel at IS har drivi trening av nye soldatar og fått pleie og rehabilitering for såra i Tyrkia. Ein tyrkisk statsadvokat hevdar å ha bevis for at Al Nusra i 2013 mottok råvarer ein må ha for å lage saringass frå Tyrkia.
  • Saudi Arabia og Qatar, som ideologisk står nær IS, har gitt IS og andre «eigne» islamist-grupperinger omfattande pengestøtte.

Dette er ein omfordelingskrig i Midt-Austen. Utanforståande statar fører krig, fram til no utan å sette inn eigne bakke-styrkar. Befolkninga i Syria blør.

Kva vil PYD?

Asya Abdullah og Saleh Muslim er likestilte leiarar i PYD. I eit intervju med svenske Arbetarkamp seier Muslim mellom anna dette om partiet:

PYD är inte ett klassiskt parti. Vi vilar i grunden på Abdulla Öcalans ideologi, men PKK växte fram under en period med andra förutsättningar och andra maktförhållanden i världen mellan kommunistiska blocket i öst och imperialismen i väst. PYD har bildats med en annan världssituation.

PYD vilar inte på samma marxist-leninistiska utgångspunkt som PKK. Vi har vuxit fram efter murens fall och har inte behövt förhålla oss till den problematiken. Vi är emot all form av diktatur, även om det kallas proletariatets. Vi vill ha en radikal folklig demokrati och folkmakt. Ett samhälle där befolkningen styr, vi har därför inget gemensamt med de ‘gammelkommunistiska’ staterna.

Vi står inför en situation der vi måste förhålla oss till två sidor samtidigt. Vi måste förhålla oss till situationen i övriga Kurdistans tre delar och till den arabiska befolkningen i Syrien. Att bygga broar och brödraskap med den arabiska befolkningen kommer vara viktigt.

Muslim seier dette om dei statane som har gått inn i krigen i Syria:

De är ute efter oljan och handelspartners. Mänskliga rättigheter är oviktigt för dem. Det är därför viktigare att världens folk står vid vår sida. Vi vill knyta tätare band med organisationer och partier internationellt.

Muslim forklarar og at PYD, til skilnad frå mange andre kurdiske parti, ikkje har staten Kurdistan som eit mål:

Jag tror att ett framtida Kurdistan kommer vara, vilket PYD målsättning är, en demokratisk konfederation, en kurdisk demokratisk konfederation, i ett nytt Mellanöstern.

Den traditionella nationalstaten är historia världen över, även i Europa. Mänskligheten skulle aldrig acceptera att bygga nationer som dagens nationer har byggts upp.

Den som tror att ideologi inte spelar någon roll är fel ute. Att arbeta politiskt utan ideologi är som att simma i ett hav, du simmar runt, runt utan någon riktning och utan att veta var du ska. Det slutar så småningom med att du druknar. Ideologi är det som ger dig en riktpunkt, sedan måste du staka ut vägen.3

PYD avvikla den sjette partikongressen i september 2015. Hovudparolen på banneret bak dirigentbordet peika framover, mot tida etter at krigane i Syria er slutt: «Frå fridomen i Rojava til eit demokratisk Syria». Målet er ikkje å utvide Rojava, men at folka i resten av Syria sjølv skal bygge eit liknande kanton-system.

Solidaritet eller boikott og blokade?

President Erdogan i Tyrkia krev oppretting av det han kallar ei «buffersone» langs grensa mellom Syria og Tyrkia. Ei slik sone under tyrkisk eller delvis tyrkisk kontroll vil omfatte dei tre kantonane og øydelegge demokratieksperimentet i Rojava. Fram til no har USA og NATO ikkje sagt ja til dette, i alle fall ikkje offisielt. Men regjeringane i NATO har innfridd ønskjet frå Tyrkia om humanitær blokade og diplomatisk boikott av Rojava. Berre underordna funksjonærar i Utanriksdepartementet møter utsendingar frå PYD eller frå styringsråda i dei tre kantonane når dei er på besøk i Norge. Dei fleste andre NATO- og EU-landa har til no følgt same praksis. Men no er det små teikn til forandring. Saleh Muslim opplyste 24. oktober at Rojava snart skal opprette offisielle kontor i Moskva, Berlin og Paris.

Tyrkia, NATO og EU prøver å svelte ut det samfunnet og den sivilbefolkninga som har klart å stanse IS si framrykking i den nordlege delen av Syria. Norge, med utanriksminister Brende og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide i front, gir i praksis støtte til den tyrkiske krigføringa både mot den kurdiske sivilbefolkninga og mot kurdiske forsvarsstyrker både i Tyrkia, Irak og Syria. Samtidig deltar den norske regjeringa i narre-spelet som hevdar at Tyrkia fører krig mot IS.

Det kortsiktige hovudspørsmålet i Kobanê kanton er enkelt: Åpning av ein humanitær korridor frå Tyrkia og inn i Kobanê. Byen ligg tett inntil statsgrensa. Den tyrkiske grensebyen Suruc er 15 minuttars bilkøyring unna. Mange i Tyrkia ønskjer å hjelpe til med å bygge opp Kobanê. NATO og Norge har dessverre nekta å legge politisk press på president Erdogan for at han skal åpne grensebommen. Dermed er det nesten uråd å frakte inn medisinar, medisinsk utstyr, byggematerialar, reint vatn, osv.

PYD og styringsråda i Rojava er mildt sagt i ein klemt posisjon. I dei nærmaste månadene må dei ta vanskelege taktiske avgjerder. Det gjeld særleg kven av dei andre aktørane i Syria som dei kan inngå taktiske alliansar med. Forsvarsstyrkane i Rojava er den viktigaste krafta i Syrian Democratic Forces (SDF) som vart oppretta i oktober 2015. Fleire arabiske grupper er med. SDF starta ein offensiv sørover mot Hasakah. SDF kunngjorde da at dei forventa amerikansk flystøtte. Dette kan vere del av framtidige åtak mot IS-hovudstaden Raqqa, som frå 16. november og vart bomba av franske fly. Samtidig vil kampen for frigjering, kulturelle og demokratiske rettar fortsette i dei tre andre delane av Kurdistan. Det vil seie i Iran, Irak og Tyrkia. Dei som slåst for frigjering har til dels ulike mål.

Eg meiner vi bør støtte den kompliserte kurdiske frigjeringskampen, utan å velje side i spørsmål som kurdarane må avgjere sjølve. PKK og PYD, som tilsaman no ser ut til å vere den sterkaste demokratiske krafta i Midt-Austen, vil møte åtak og trugsmål både frå IS-fascismen og frå dei statane som slåst for ei ny oppdeling av Midt-Austen.

Solidaritet med Kurdistan, som vart oppretta for eit år sia, er organisasjonen du bør bli med i, viss du vil støtte den vanskelege kurdiske frigjeringskampen. https://solidaritetmedkurdistan.wordpress.com/

Notar:

  1. Opplysning frå Gerard Chaliand: People without a country: The Kurds and Kurdistan. Utgitt 1980 av Zed Books, London. Eit offisielt tal finst ikkje.
  2. Engelsk utgåve: Democratic Confederalism, utgitt i 1911. Transmedia Publishing Ltd. – London, Cologne. Finst og i nettutgåve: http://www.freeocalan.org/wp-content/uploads/2012/09/Ocalan-Democratic-Confederalism.pdf
  3. Intervju 6. januar 2015 i Arbetarkamp, Rättvisepartiet Socialisterna. https://rsgoteborg.wordpress.com/2015/01/06/salih-muslim-vara-ideer-ar-att-bygga-upp-en-folkmakt/ Ein interessant artikkel finst og I Financial Times 23. oktober 2015: Power to the people: a Syrian experiment in democracy: http://www.ft.com/cms/s/2/50102294-77fd-11e5-a95a-27d368e1ddf7.html#ixzz3pT4K8UjU