Den arabiske våren: Fram og tilbake – endar i kaos?

Av Ingrid Baltzersen

2015-02A

Dei stabile udemokratiske og til dels diktatoriske regima i Midtausten har interessert forskarar og aktivistar lenge. Presidentar og kongar har styrt eigenrådig og brutalt i tiår etter tiår.

Kvifor møtte dei ikkje større folkelege protestar?

Ingrid Baltzersen er Midtøsten-viter og med i redaksjonen til Rødt!.
Då den «arabiske våren» starta i desember 2010 håpa mange på endring. Snart fem år etter ser ein at det stort sett har gått til det verre. Krigane, kuppa og revolusjonane syner fram underliggande skiljeliner i regionen, har gjort nye aktørar viktige, og skapa nye og til dels underlege alliansar.

Egypt – fram og tilbake like langt?

Egypt, umm ad-dunya, verdas mor, er det mest folkerike landet i Midtausten. Sjølv om den arabiske våren starta i Tunisia desember 2010 så var det protestane i Egypt våren 2011 som ga namn til fenomenet. Det udemokratiske og autoritære styret til president Hosni Mubarak falt etter at fleire år med veksande protestar breidde seg ut til å involvera millionar. Den store oppslutninga overraska nok også aktivistane som arrangerte demonstrasjonane. Då Mubarak gjekk av og nytt presidentval blei skrive ut, vann den blokka som var best organisert på førehand. Dei muslimske brørne har stor organisasjon over heile landet, og er kjende blant lokalbefolkninga. Dei driv mykje med sosialt arbeid, driver klinikkar, skular og hjelper til med å skaffa arbeid i Golfen. Aktivistane bak protestane dei siste åra i Egypt har vore ein blanding av middelaldrande politikarar frå venstresida og liberale parti som blant anna sto bak demokratirørsla Kifaya («Nok er nok»), oppretta i 2004, ny uavhengig fagrørsle som sto bak streikebølgjene frå 2008 og støttespelarane deira, som 6. april-ungdommen, og andre unge nye aktivistar. Dei har, også som ei medviten linje, ikkje hatt eit stramt program og konsolidert organisasjon. Dei var ikkje klare for å ta over landet.

Det var til gjengjeld Muslimbrørne, som vann presidentvalet med knapp margin mot ein kandidat frå det førre regimet. Mange av aktivistane på venstresida var redde for kva Muslimbrørne skulle finna på i regjering, og dei fekk innfridd frykta si då Mursi foreslo å auka sine eigne fullmakter. Muslimbrørne gjorde det ikkje enkelt for seg sjølv med politikken sin, noko som bidrog til oppslutninga rundt protestane som felte deira regjering. Hæren brukte protestane til å støtta eit kupp, og setta inn ein ny president, og til å brutalt forfølgja Muslimbrørne. Abdel Fattah al-Sisi vann presidentvalet i 2014 med 96 %, eit tal som til og med overstiger glansdagane til Mubarak.

Det første demokratiske valet i Egypt kom etter folkelege protestar, som med hjelp av hæren kasta det autoritære regimet til Mubarak. No sit den første demokratisk valde presidenten i fengsel, dømt til døden i ein summarisk rettssak. Likevel kan det vera grunn til å håpa for framtida til Egypt. Folket har sett at handlingane deira fører først til kaos, og så til ein ny versjon av det gamle autoritære regimet. Men dei har faktisk sett at handlingane fører til endring. Mange aktivistar har fått erfaring gjennom protestane, streikane og dei store politiske prosessane som har skjedd dei siste åra.

Libya – vestleg bombing ende i kaos

Muammar Gaddafi var ein eksentrisk og brutal statsleiar. Landet hans var eit av dei høgast økonomisk utvikla i regionen, på grunn av store oljeressursar. Men fordelinga av ressursane gjekk i favør av hans eigen familie og stamme, då protestane brøyt ut var ungdomsarbeidsløysa på mellom 40 og 50 prosent. 20 % av befolkninga var analfabetar, og prisnivået var høgt for den rundt halvparten av befolkninga som fall utanfor den oljedrivne økonomien1. I Libya gjekk protestane raskt over i væpna konflikt over kva stammer som skulle kontrollera ressursane. I vestleg media blei dette framstilt som ein kamp mellom det gode og det onde. Med ei flyforbodssone, som utvikla seg til bombing av regimestyrkane, sa NATO at dei skulle hindra massakrar. I røynda var det meir komplisert, sjølv om Gaddaffi i sin tale, der han talte for å utrydda «skadedyra» og viste til kjente massakrar, jo framsto som ond. Den militære involveringa som Noreg tok svært aktiv del i, støtta ei av sidene i ein borgarkrig, og bidrog til meir vald og kaos. Resultatet har blitt ein feila stat som er open for imperialistisk utnytting, der det finst ein milits for kvar gruppering.

Jemen – lokal konflikt blir tolka som shia/sunni-front

Frå å vera i utkanten av media, har no Jemen og Houthi-militsen blitt noko ein høyrer om jamleg. Som ein også ser i Syria, så blir shia/sunni motsetnaden bruka til å tolka inn ein lokal konflikt. Det blir gjort av media og folk flest, men blir sjølvsagt også brukt av Iran som kan visa støtte til nokre lokale «shiaer» og av militsen sjølv, for å skaffa seg økonomisk og politisk støtte mot eit regime som er støtta av Saudi-Arabia.

Den folkegruppa som blir kalla shiamuslimsk i Jemen, zaidiane, er ei særeigen jemenittisk sekt. Den religiøse læra deira liknar meir på sunniislam, men dei meiner at den religiøse leiaren skal vera etterfølgjar etter profeten Mohammad, noko som er sentralt i shiaislam. Dei politiske skiljelinene i Jemen har ikkje gått klart mellom zaidiar og sunniar, Houthi-militsen var ein del av opposisjonen som fekk kasta president Salih i 2011, og han høyrer sjølv til zaidi-trua. Houthiane har blitt skulda for å vera overløparar til den dominerande shia-trua, på grunn av samarbeidet deira med Iran.

Jemen er eit arkaisk samfunn, styrt av stammekonstellasjonar. Det at ein intern konflikt over kontroll og ressursar blir tolka inn i ein større konflinkt mellom shia og sunni aukar faren for eskalering. Spesielt sidan også dei interne aktørane har interesse av å tolka det på same måte, for å få støtte av større aktørar som Iran og Saudi Arabia. Dei har på si side interesse av å føra sin kamp om kontroll over regionen utanfor sitt eige territorium.

Islamsk stat i Irak og Levanten (ISIL)

I mai tok Islamsk Stat i Levanten (ISIL) oldtidsbyen Palmyra i Syria, og med det kontrollerer dei over halvparten av det syriske territoriet. 29. juni i fjor erklærte gruppa at dei hadde større ambisjonar enn Levanten, og at dei oppretta eit kalifat med Abu Bakr al-Baghdadi som kalif. Fleire grupperingar i regionen har sverga truskap til ISIL, blant anna grupper i Irak, tunisia og Libya. ISIL sine framrykk er skremmande, men mykje tyder på at dei er på veg til å gapa over for mykje. ISIL kontrollerer også store delar av Irak, og mykje av inntektskjeldene deira er oljeinntekter.

Kvifor har ISIL vunne så mykje så raskt? Delar av forklaringa kjem frå åtaket på Irak i 2003 og kaoset som følgde. I krigen som kom i kjølvatnet i det amerikanske åtaket van Al Qaida fram. Denne typen grupper har delvis blitt hjelpte av at sunnimuslimane i Irak føler seg diskriminerte av Nouri al-Maliki (2006-2014) sitt shiadominerte styre. ISIL spring ut av Al Qaida i Irak (AQI). Ein del av leiarskapen i ISIL er tidlegare offiserar eller medlemar av Baath-partiet, som møttest i fangenskap i løpet av amerikanarane sitt styre i Irak. Al Qaida i Irak har styrt område av Irak før, men på grunn av den brutale framferda deira reiste lokale stammer seg mot gruppa, i allianse med amerikanske styrkar, det såkalte Anbar-opprøret i 2006.

I Syria har ISIL og andre sunni-militsar utnytta det at president Bashar al-Assad framstiller konflikten som ein etnisk og religiøs konflikt. Dei har skaffa seg alliansepartnarar blant anna i Golfen, og dei får nye framandkrigarar som vil hjelpa saka. Spørsmålet er likevel kor lenge dei kan utøva ei så ekstrem krigføring og framleis ha støtte i lokalbefolkninga.

Rojava – autonom provins i skuggen av borgarkrigen

Det litt overraskande utfallet av den arabiske våren, er at den kurdiske frigjeringskampen har oppnådd å styra over delar av Rojava (Vest-Kurdistan) nord i Syria. Kurdarane har lenge arbeida for sjølvstyre i denne delen av Syria, men har blitt haldt brutalt nede av Assad-regimet. Kurdarane var ein av dei viktigaste gruppene i protestane og opprøret mot regimet, men i den påfølgjande krigen har dei blitt ståande aleine mot to frontar: Den islamske staten og regimestyrkane.

Kurdarane i Rojava presenterer eit prosjekt som er heilt annleis enn dei andre trendane ein ser i Midtausen. Dei har eit breitt demokrati, og legg vekt på at alle etniske og religiøse grupper skal vera inkluderte i sjølvstyret, og at kvinner og menn skal vera representerte i styre. Dette unike prosjektet må me støtta opp om.

Fram og tilbake – kva no?

Sjølv om omkvedet no er at ein er like langt som før, så har opprøra og krigane i Midtausten endra mykje. Den viktigaste lærdommen er at dei kreftene som var organiserte frå før, er dei som tar over når demonstrasjonane har gått over i val eller vald. Folkelege, spontane opprør kan vera med på å fjerna ein president, men dei kjem til kort når regimet slår tilbake. Lærdommen venstresida kan ta av dette, er å arbeida for å stå sterkare og betre organisert i neste runde, og å stø gode rørsler og god politikk der det finst.

Note:

  1. Afrol News 11. februar 2011 «Libya Economy Reveals Basis for Protests»