Født feminist (omtale)

Av

Nr 1 2014

Marta Breen:
Født feminist
Oslo: Gyldendal, 2013

Å lesa Født feminist av Marta Breen gjorde like stort inntrykk på meg som å lesa Under det rosa täcket av Nina Björk då den kom på 90-talet. Grunnen er nok at den på same måte set fingeren på ei verkelegheit eg kjenner igjen, og klarer å analysera den politisk, med referansar til forskning og teori.

Boka er lettlest og drivande, med utgangspunkt i eige liv. Breen brukar blant anna ein familieferie med småbarn, klasse-treff og minne frå oppveksten for å spør seg om 70-talet sine ideal berre var eit blaff. No når rosabloggarar dominerer nettet, barnehagar har blitt noko skummelt, og heile Noreg bakar klissete fargeglade cup-cakes.

Breen tar for seg forskjellen mellom ideala på syttitalet og liva våre sånn dei er i dag, spesielt forholdet vårt til ungar. Til tider kan syttitalsnostalgien bli vel idealistisk, noko forfattaren også innrømmer, men det fungerer likevel som eit bilete på at utviklinga ikkje har vore ei rett linje. Med sin bakgrunn som freelancejournalist og god kjennskap til kvinnebladene viser Breen korleis liva våre no er prega av problem me ikkje visste om ein gong for berre ti og tjue år sidan: cellulittar, uspanande seksualliv og tidsklemme. Og korleis me gjekk frå missekonkurranser, via ein periode der alle hadde omtrent like langt hår og praktiske klede, og tilbake til at tvskjermen er dominert av program som Top Model.

Skildringa av det som eg opplever som ein backlash, er deprimerande, men samtidig er kunnskap om stoda eit utgangspunkt for å gå vidare. Analysa som knyttar trongen til å bygga reir, baka og vera husmor til krisa i kapitalismen er interessant, og kan kanskje opna for nye alliansar og nye krav i kvinnerørsla. Breen set fingeren på to reaksjonar på krise, den eine er å kjempa mot og den andre er å tilpassa seg for å overleva.

Mi einaste innvending til boka gjeld avslutninga, der eg synst Breen går for langt i å tru at verkelegheita hennar frå medie-verda dekker erfaringa til alle kvinner. Ho skriv at:

internett og sosiale medier er våre standbukker (…) og mens våre mødre brukte mye tid på å lete etter sin egen stemme og dannet rene kvinneforaer for at alle skulle tørre å snakke i forsamlingen, slipper vi dette.

Sjølv om kvinner frå alle lag skriv om sminke og cupcakes i bloggane sine, så betyr ikkje det at dei har ei stemme som blir oppfatta som interessant eller verdig til å uttala seg om politikk. I ei tid der nettkommentarane florerer, blir politikarstanden meir og meir profesjonalisert, det å vera oppteken av korleis samfunnet heng saman og bør styrast, er noko ein overlèt til nerdane. Men eg deler håpet om ei tredje bølgje av feminisme i Noreg. Og ei ny tid treng ny analyse, noko denne boka er ein del av.

Ingrid Baltzersen