Debattbok for å forandre (omtale)

Av

2014-01

Jorun Gulbrandsen:
Den skreddersydde skoen og kommunismen
Rødt Forlag, 2014, 152 s.

«Denne bok er en kommunistisk bok. Den henvender seg til mennesker av alle religiøse og politiske retninger,» skreiv Robert Havemann i forordet til boka Dialektikk uten dogmer som kom ut i 1964. Det same kan seiast om boka som Jorun Gulbrandsen nyleg har gitt ut på Forlaget Rødt! Boka er eit oppgjer med den nyliberale ideologien om at grunnleggjande endring av samfunnet er uråd og uønskjeleg. Alle bør lese denne boka.

Og boka er nettopp ikkje dogmatisk, men full av konkrete eksempel, eksempel som viser korleis kapitalismen i dag både raserer miljø og driv fram imperialistiske kriger, undertrykkjer kvinner og avlar nasjonal sjåvinisme og rasisme. Men samstundes utviklar kapitalismen nye måtar å produsere på som inneheld moglegheiter for å organisere eit nytt samfunn. Boka innleier med å vise korleis ein sko kan lagast med ein 3D-printar. Proteser til erstatning for tapte eller skadde armar og bein kan også produserast med slik lag-på-lag-teknikk. Og dette kan gjerast lokalt.

Men kven skal ha makta over denne teknologien? Det vil det bli kamp om – klassekamp. Kapitalistar vil bruke ny teknologi til å kvitte seg med arbeidarar, for arbeidsfolk peikar 3D-printaren fram mot eit samfunn der den naudsynte arbeidstida er sterkt ned-korta og vi kan bruke tida til andre gjeremål. Kommunismen er såleis ikkje lenger noko uoppnåeleg, men noko vi allereie no ser konturane av.

Eit kapittel i boka tek for seg Det kommunistiske manifest, som Karl Marx skreiv allereie i 1848. Når vi les Manifestet, ser vi at det handlar om ei anna tid, det er noko gammalmodig over det, og Marx og Engels tok heller ikkje omsyn til at arbeidarklassen har to kjønn. Men samstundes slår det oss at svært mykje av det som står der, er minst like gyldig i dag. Vi kan ikkje bruke Manifestet til å finne oppskrifter for korleis vi skal utforme aktuell revolusjonær politikk i dag, men vi kan lære mykje av korleis Marx og Engels utforma eit program for samfunnsforandring ut frå si tids føresetnader. Det er ei stor utfordring å makte det same i våre dagar. Marx såg Paris-kommunen som førebilete. I dag finst det nye opprør, nye spirar til fellesskap der det blir gjort viktige erfaringar vi må ta med oss på vegen mot eit kommunistisk samfunn.

I boka har også politisk økonomi fått god plass. Det er ein teori som analyserer maktforholdet mellom kapitalistklassen og arbeiderklassen. Stendig større område av kvardagslivet vårt blir gjort til varer, og vi skal jamvel lære oss at systemet med vareproduksjon er «naturleg». Varer er ikkje det same som nyttige produkt. Dei har rett nok både bruksverdi og byteverdi, men det viktige for kapitalisten er byteverdien. For kapitalisten er det ikkje så viktig om det er sko, stolar eller eple som blir produserte. Poenget er at han må investere pengar i produksjon som skaper større verdi enn det han sette inn. Nøkkelen her er arbeidskrafta, som også er ei vare, men som har den fantastiske eigenskapen at ho kan produsere større verdi enn det som trengst for å reprodusere henne. Slik blir meirverdien skapt, Marx oppdaga nettopp dette.

For mange år sidan var eg til stades på ein lokal paneldebatt framfor kommunevalet. Eg spurte panelet om når vi kan rekne med at idretten kan frigjerast frå pengeinteressene. Ei kvinne, som var gift med ein av storkapitalistane i bygda, ropte straks høgt og tydeleg: «Hold kjeften på deg!» Dei som vil forstå meir av bakgrunnen for slike klare meldingar frå kapitalinteressene, kan lese forfattarens intervju med Gerd von der Lippe – «Idrett, kjønn og makt». I boka gjev Jorunn Gulbrandsen også brei plass til spørsmålet om kampen for kvinners stemmerett og samanhengen mellom denne kampen og kampen for norsk nasjonal sjølvråderettt, eit område forfattaren legg vekt på også andre stader i boka.

Ein artikkel er ikkje skriven av forfattaren, og det er Seher Aydar, leiar i Raud Ungdom, sin artikkelen om rasisme der ho mellom anna får fram korleis systemet og overklassen drar fordelar av at minoritetar blir syndebukkar for arbeidsløyse og utryggleik.

Det rike tilfanget av konkrete døme gjennom heile boka gjer at kapittelet om dialektikk ikkje blir hengande i lufta, noko det alltid er fare for når dette emnet skal handsamast på relativt liten plass. Når ein ser dialektikkapittelet i samanheng med resten av boka, kjem det fram at dialektikken set seg i gjennom både i natur og samfunn. Som heilskap er boka ein sterk appell til å studere og til å ta del i kampen for å endre samfunnet, ikkje berre ved å bryte ned det gamle, men nettopp ved å arbeide på det nye, som kommunisten Robert Havemann også sa i boka si frå 1964.

Harald Dyrkorn