Siste reise til Palestina?

Av Ingrid Baltzersen

2017-02

Knesset vedtok 6. mars ein ny lov som gjer det ulovleg å gi visum til personar som stør Boikott, Sanksjonar og De-Investering (BDS), eller er medlemmar i organisasjonar som gjer det. Denne lova gjeld også personar som ikkje vil besøka Israel, men områda som ligger under Den palestinske sølvstyremyndigheita (PA), fordi Israel kontrollerer inn- og utreise her. Allereie har palestinarørsla fått merka innstramminga, Palestinakomiteen har hatt fleire turar dei siste månadane der deltakarar har blitt sende tilbake. I Noreg har me ei sterk palestinarørsle, så me er mange som kan bli ramma av den nye lova.

Det å kunna reisa til Palestina har vore viktig for solidaritetsrørsla. Underteikna har vore turleiar for fleire studieturar, og ser korleis folk med mykje kunnskap og lang erfaring likevel blir sjokkerte når dei ser okkupasjonen i røynda. Dei kjem heim med sterke minne, både vonde men også gode. Dei har opplevd folk som held ut i motstand mot okkupasjonen, sjølv om det ser mørkt ut. Og dei har møtt den palestinske gjestfridommen. For palestinarane er det viktig å ikkje bli isolerte. Gjester er augevitne og ambassadørar for palestinasaka når dei kjem heim, og dei er inspirasjon og støtte i ein tung kvardag.

Israel har fleire gongar stramma inn på innreise. Eg var sjølv ramma av det nesten heile 00-talet. Då eg kom tilbake i 2012 var sjølve landskapet på Vestbreidda endra av muren og infrastruktur for den voldsamme auka av israelske koloniar, som hadde dobla befolkningstalet i perioden. Det er vanskeleg å fatta før ein ser det.

Eit gammalt jødisk uttrykk sa “Neste år i Jerusalem”. Opprettinga av ein stat for jødar i Palestina gjorde at det kom ein ny diaspora som i 70 år har måtta sei det same, fordi dei ikkje kan reisa dit. No får palestinaaktivistar kjenna litt på den kjensla palestinarane har, at dei ikkje kan reisa fritt. Den fundamentale forskjellen er likevel at dei er nekta å dra til landet dei kjem frå.

Israel har stramma inn fordi BDS nyttar. Me må svara på denne kriminaliseringa av politisk arbeid med fleire BDS-vedtak i kommunestyre, fagforeiningar og andre organisasjonar.

Ingrid Baltzersen, redaktør
Foto: Antony Drugeon