Aleksandra M. Kollontaj:
Diplomatiske nedtegnelser 1922–1930
Omsett av Dina Roll-Hansen og Steinar Gil.
Oslo: Res Publica, 2015, 842 s.
Aleksandra Mikhajlovna Kollontaj var verdas fyrste kvinnelege diplomat. Starten på hennar diplomatikarriere var i Noreg. No er dagboknotata hennar blitt utgjevne på norsk. I tida mellom 1922 og fram til 1945 var ho sovjetisk diplomat i Noreg, Mexico og Sverige. I denne perioden oppheldt ho seg i Noreg 1922–26 og 1927–1930. Tidlegare, i 1915–1917, hadde Kollontaj også hatt opphald i Noreg. Ho kjende altså godt til norsk arbeidarrørsle og det norske samfunnet før ho vart utnemnd til den sovjetiske handelsdelegasjonen i Noreg.
Då den norske staten godkjende sovjetregjeringa i 1924, vart ho leiande diplomat.
Dette er ei spanande bok!
I nesten heile epoken ho var diplomat, skreiv Kollontaj dagbøker. Desse dagbøkene finst ikkje i dag, eller rettare sagt: Vi veit ikkje kvar dei eventuelt er. Men Kollontaj overleverte ein registert tekst til det som tidlegare heitte Marx-Engels-Lenin-instituttet i Moskva som i dag er det «Russiske arkivet for sosial og politisk historie». Dagbøkene er tidlegare utgjevne på tysk, men i den utgjevinga er det mest frå tida i Sverige og Mexico. No er altså utgjevinga av dagbøkene frå tida i Noreg her, og notata i arkivet i Moskva er direkte omsett.
Sidan manuset er redigert i ettertid, kan ein stille kritiske spørsmål til kor haldbart manuset er som historisk kjelde. Kollontaj har tilført fleire avsnitt i ettertid, tankar og meiningar. Dette er ikkje eit uvanleg problem ein har når ein arbeider med historisk materiale. Det er svært sjeldan at vi kan garantere at det som står i dokumentet, er «sant». Likevel må ein prøve å spore etter proveniensen til dokumentet – i kva for kontekst vart dokumentet skapt i – og tolke det med dei opplysningane vi har.
Etter mi meining har redaksjonen her utvist kjeldekritikk til gangs. Det kan vi sjå gjennom det svært omfattande noteapparatet. Medlemmene i redaksjonen kan norsk og sovjetisk historie i mellomkrigstida ut og inn. Lurer ein på noko når ein les, så er det nesten garantert at det finst ei note for det. Eller motsett: Om du ikkje lurte på om det var 16. oktober 1922 at Kollontaj kom til Noreg, så kan notane fortelje deg at det var truleg 14. eller 15. oktober. Boka har også flotte fotografi av Aleksandra Kollontaj og eit personregister.
Ja, for sjølv om tittelen og innleiingskapittelet er noko tørt og ganske sakleg, så vert det avfyrt frå side 86. Krutet er det Aleksandra Kollontaj som står for, og eg let meg rive med av denne boka. Heldigvis er det dagboknotata som er størsteparten av boka! Men på sett og vis er det naudsynt å lese boka med denne leserettleiinga som forordet og innleiingskapitlet gjev – utan det manglar lesaren eit apparat for fortolkinga av dagbøkene.
Eit anna Noreg
Dette er historia om eit anna Noreg enn det vi kjenner i dag. Der dei fremste i eksportnæringa er sildesalslag som vil sikre seg marknadstilgang til den nye sovjet-russiske marknaden og der Sovjetunionen tilbyr russisk rug. Sild og fisk var viktig for Noreg, og Kollontajs strategi var å få sovjetrussiske styresmakter til å kjøpe norsk sild mot at norske styresmakter gav visse politiske innrømmingar. Anerkjenninga av sovjetregjeringa var fyrste steg. Men det var mykje frustrasjon for diplomaten Kollontaj der ho balanserer mellom innpåslitne sildeseljarar og treige telegram frå Moskva. Ho skriv oppgitt i dagboka: «Hvor lenge må jeg ennå holde på her med sildehandel og være løsrevet fra vårt partis skapende, levende arbeid og fra vår sosialistiske republikk?» (s. 213) Det er openbart at handelspolitikk kan ta på.
Også at Noreg vann fram med herredømmet over Svalbard gjennom Svalbard-traktaten, er mykje Kollontajs diplomtiske verk. Kollontaj forstod at norsk kontroll over Svalbard var eit viktig spørsmål i den norske ålmenta på tvers av partigrenser.
Det er glimt av norsk arbeidarrørslehistorie i dagbøkene. Kollontaj involverte seg ikkje direkte i arbeidarrørsla i den tida ho var diplomat. Sjølvsagt var ho svært oppteken av å forhindre splittinga av Arbeidarpartiet i 1923 og ho involverer seg kjenslemessig, men som diplomat kan ho ikkje blande seg direkte inn: «Alle mine tanker, alle bekymringer, hele jeg, er konsentrert om èn ting: Hvordan unngå en splittelse på Arbeiderpartiets kongress?» (s. 288) Ho prøver snakke Olav Scheflo og Arvid G. Hansen til fornuft, men utan hell.
Kollontaj lever fjernt frå husmorkvardagen som dei fleste kvinnelege medlemmer i DNA og NKP levde i mellomkrigstida. Ho omgås sjølvsagt NKP-toppar som Adam Egede-Nissen og Olav Scheflo, men ho er også på besøk hos Vigeland og hos Nansen.
I tida før Kollontaj vart diplomat, var ho derimot meir involvert i norsk arbeidarrørsle. I følgje ho sjølv var det ho som innførte 8. mars som internasjonale kvinnedag i Noreg i 1915. Kollontaj var ein kjent person allereie før ho kom til Noreg, og ho var ein leiande person i internasjonal arbeidarrørsle. Dei viktigaste norske kontaktane knyta ho i ungdomsrørsla, og ho fekk fleire langvarige vennskap med personar i norsk arbeidarrørsla, som til dømes Rachel Grepp i Arbeidarpartiet. Ole Martin Rønning (som også har æra for det omfattande notearbeidet i boka) forklarer at Kollontaj gav Rachel Grepp ansvaret for å ta vare på det av hennar private arkiv som fanst i Noreg etter at ho var ferdig med diplomatgjerninga. Kollontaj sine manus måtte for all del ikkje sendast til Stalins Sovjetunionen, og det var AP som fekk oppgåva, ikkje det sovjetiserte NKP.
Kollontaj stod for sine eigne meiningar og let seg ikkje kue av Stalins instrukser. Det er også dagbøkene eit bevis på.